Kjellargard søre gnr. 77 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kjellargard søre gnr. 77 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Kjellargard vart frådelt Kjellargard i 1863. Bonden i Kjellargard delte frå omlag 1/3 av garden for å få unna noko gjeld. Sidan har søre Kjellargard vore eigen gard.
    Men frå gamal tid var denne delen av Kjellargard brukt som engeteig og kårbruk/under framover til 1863.
    Eilev Kjellargard pantsette 1688 ein engeteig 'sunna bekken' på Kjellargard til Syver Kyrkjedeld. Frå 1711 og utover var 'gardplassen Kjellargard sunna groven' brukt av Torstein. Jfr. namnet Torsteinsdokken.
    I fylgje 1762-manntalet var det ingen andre enn bonden Vigger Eivindson på Kjellargard. Han held attende Kjellargard sunna bekken ved eit makeskifte i 1765.
    Kjellargard vart samla att 1780 av Sevat Olson Håheim Kjellargard.
    På skiftet etter sonen hans, Ola Sevatson f. 1782, i 1848 vart Kjellargard delt, og nordre delen kom sidan på andre hender etter at Sigrid Eivindsdotter hadde sete der i enkjesete. Sonen Sevat ville ikkje dele garden med broren Torkjell, men mora selde sin enkje-lut til Torkjell i 1854.
    Ola Sevatson f. 1836 samla garden att i 1859, men vart dermed sitjande i stor gjeld. Dermed delte han frå søre Kjellargard endeleg i 1863.
    Areal 1865: dyrka jord 2 1/2 mål; naturleg eng 20 mål, utslått 4 mål. Avling 1 1/2 tunne bygg og 1 tunne potet.
    Stølar: heimstøl: Torsteinstølen som er nedlagt. Langstøl er Fossestølen (sør-vest for Fjellstølen). På Fossestølen var også andre gardar i Vats. Dei andre deleigarane i Fossestølen vart utløyste, delvis ved salg og delvis ved utskifting i 1903.
    Søre Kjellargard har vore brukt under Aslegjerda frå 1952 og under Snogsrud frå 1971.

{4006} År: 1767

Eivind Eivindson Oleivsgard Torsteinsdokken 1733-1800
Foreldre: Eivind Viggerson Oleivsgard Kjellargard og Gunhild Olsdtr. Bøygard.
Gm Margit Olsdtr. Løken Kjellargard 1734-1775c
Foreldre: Ola Ellingson Løken d.e. og Sigrid Johannesdtr. Skrindo.
Gm Eli Embriksdtr. Kyrkjedelen Torpebråten 1740-1801
Foreldre: Embrik Syverson søre Kyrkjedelen og Birgit Sevatsdtr. Thon.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Eivind Eivindson Kjellargard Bjørøyen 28.09. 1766-1854
G 1795 m enkje Helge Olsdtr. Skjerping Bjørøyen. G 1802 m Haldis Johannesdtr. Helling. Sjå Bjørøyen, gnr. 1/1, Øyen, gnr. 2/1 og øvre Bjørøyen, gnr. 5/1.
   
   
2. Margit Eivindsdtr. Kjellargard 02.07. 1769-
3. Gunhild Eivindsdtr. Kjellargard 09.10. 1774-
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Eivindson Kjellargard 1777-

Eivind og Margit gifte seg i 1765. Eivind vart attgift med Eli Embriksdtr. og fekk ein son med henne.
    Eivind makeskifta 1767 til seg plassen Torsteinsdokken frå broren mot noko farsarv.
    I 1777 makeskifta Eivind Torsteinsdokken mot halve Gudbrandsgard, men dette vart omgjort då heimelen mangla på Gudbrandsgard. I 1780 skøytte Eivind plassen Torsteinsdokken til Sevat Olson Kjellargard for 204 rd.
    Eivind og Eli budde i Kyrkjedeld nokre år, kom så til Sveinsgarden og levde siste åra i Torpebråten. Fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632)

{4007} År: 1848

Sevat Olson Kjellargard 02.12. 1804-1892
Gm Sissel Olsdtr. Ellingsgard. G 1836 m Sissel Olsdtr. Helling. Foreldre: Ola Sevatson nordre Kjellargard og Sigrid Sevatsdtr. Thon.

Sevat var inderst i Kjellargard fram til kring 1844, sidan lottebrukar i Skjervheim. Så overtok han ein del i Kjellargard i 1848, medan mora og broren Torkjell hadde nordre garden. Sjå meir under bnr. 1 år 1848.

{4008} År: 1863


Amund Person Tuftedokken kjøpte søre Kjellargard i 1863. Amund selde garden til den neste eigaren i Tuftedokken, Ola Hermundson Kaslegard Fivilstølen i 1879. Sjå meir i Tuftedokken og på Fivilstølen.

{4009} År: 1879

Ola Olson Fivilstølen Kjellargard 25.03. 1847-1933
Foreldre: Ola Hermundson Kaslegard Fivilstølen Dokken og Anne Olsdtr. Fivilstølen.
Gm Liv Eiriksdtr. Langegard Kjellargard 21.02. 1848-1924
Foreldre: Eirik Embrikson Langegard og 1.g Gunhild Olsdtr. Sata.
*Barn
1. Anne Olsdtr. Kjellargard 06.06. 1878-1925
Ugift. Sjå neste hushald.
2. Gunhild Olsdtr. Kjellargard 07.02. 1880-1963
Ugift. Sjå neste hushald.
3. Mari Olsdtr. Kjellargard 13.10. 1891-1976
Sjå neste hushald.

Ola og Liv gifte seg 1877. Ola overtok garden hjå foreldra i 1879. Ola var skinnfeldmakar. Han var ein ivrig jeger, og skal ha vore den fyrste vatsingen som kjøpte seg bakladnings-hagle.