Kaslegard, søre gnr. 80 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kaslegard, søre gnr. 80 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Kaslegard eller 'Systugu' i daglegtale. Søre Kaslegard vart delt frå Kaslegard i 1820-åra.
    Nokre stadnamn: Per-åkeren og Luflåte.
    Areal 1865: dyrka jord 10 mål, naturleg eng 30 mål, utslått 12 mål. Avling 6 1/2 tunne potet og 5 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål, anna areal 20 mål som vert leigd bort, produktiv skog 100 mål, anna utmark 290 mål.
    Våningshus og driftsbygning bygde 1936. Vanleg buskap på garden i 1930-åra var 1 hest, 7 kyr og 10 sauer.
    Stølar: heimstølar Kaslestølen/'Uppå støle' i heimehamna og ein støl i Vestlien, båe nedlagde; langstøl på Hesthovdstølen.

{4101} År: 1831

Haldis Olbjørnsdtr. Kaslegard 20.06. 1802-1893
Foreldre: Olbjørn Viggerson Oleivsgard Kaslegard og Birgit Guttormsdtr. Bergsgard.
Gm Per Halvorson Rusto Kaslegard 1791-1874
Foreldre: Halvor Toreson Rusto eller Snorsrud i Hemsedal og Anne Persdtr. Ålrust, Hemsedal.

Haldis overtok søre Kaslegard med skøyte i 1831. Eigentleg skjedde delinga tidlegare, men så brann sorenskrivarkontoret på Nes, og tinglysinga vart omlag tre år forseinka.
    Då Per Halvorson vart enkjemann på nordre Kaslegard i 1827 kunne han ha løyst den garden etter takst. I staden gifte han seg opp att 1832 med Haldis som hadde fått søre Kaslegard hjå foreldra sine. Dei fekk ingen barn.
    Per skal ikkje ha vore nokon drivande bonde. Det vart det fortalt at han gret dei sumrane det vart stor avling. Han tykte det såg så over evne ut til å få avlinga i hus. Han vart kalla 'Kasle-Per'. Ein åker er kalla Per-åkeren.
    Per døydde som 'Peder Helgesen Kaslegard' i 1874. (Skrivefeil.)

{4102} År: 1856

Lars Embrikson Thon Kaslegard 16.12. 1818-1890.
Foreldre: Embrik Sevatson Thon og 2.g Guro Larsdtr. Espegard.
Gm Liv Embriksdtr. Langegard Kaslegard 16.11. 1816-1853
Foreldre: Embrik Embrikson Langegard og Liv Eiriksdtr. Trintrud.
Gm Guro Olsdtr. Torkjellsgard Kaslegard 05.04. 1828-1907
Foreldre: Ola Olson Torkjellsgard og Sebjørg Ellingsdtr. Skaro.
*Barn i andre ekteskap
1. Embrik Larsson Kaslegard 02.05. 1856-1864
2. Sevat Larsson Kaslegard 30.11. 1859-
Uviss lagnad.
3. Ola Larsson Kaslegard 27.06. 1862-1907
G 1891 Bergen m Marta Torsdtr. Eide frå Eivindvik. Barn: Leif 1892- ;... .... .
    Ola var landhandlar, og ved vigslinga vart det opplyst at dei skulle reise til Amerika.
    'Forlot pr.gj. for 30 år sidan uten at nogen har hørt til han. Til New York i 1911 ??
    Ola budde hjå Olaf Thoen Jende, Thief River Falls, MN.
   
4. Liv Larsdtr. Kaslegard Gjerden 19.03. 1866-1897
G 1894 m Ola Olson Arnegard, gnr. 40/1.

Lars og Liv gifte seg i 1844. Ingen barn. Lars og Liv var inderstar på Havardsgard. Lars protesterte mot skiftet etter Liv. Dei hadde skrive testamente som var innsendt til kongeleg stadfesting, men så kom skifte-retten fyrst. Dermed vart syskena til Liv arvingar.
    I 1855 fekk Lars dottera Guri med Anne Larsdtr., sjå Holeplass, gnr. 51/4.
    Lars vart attgift 1855 med Guro Olsdtr. Og i 1856 kjøpte han søre Kaslegard hjå Per Halvorson. Det gjekk ut med Lars på Kaslegard. Han selde garden til Botolv Arneson i 1857. Pris 500 spd.
    Lars og sønene reiste til Sogn og dreiv kramhandel. Truleg døydde Lars i Sogn. Guro budde i Ål i 1877, "han vites ikke, - trolig til Amerika".

{4103} År: 1857

Botolv Arneson Arnegard Kaslegard 09.02. 1815-1872
Foreldre: Arne Asleson Arnegard Sehl og Birgit Jakopsdtr. Rudningen under Trintrud.
Gm Haldis Knutsdtr. Logsengard Kaslegard 02.03. 1843-1926
Foreldre: Knut Knutson Logsengard Lofthus og Rønnaug Sandersdtr. Ovavoll.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Arne Botolvson Kaslegard 03.09. 1862-
Arne budde på Lofthus i 1885.
2. Knut Botolvson Kaslegard 11.07. 1865-1885
Knut døydde 20 år gamal.
3. Birgit Botolvsdtr. Kaslegard 17.06. 1867-
Birgit flytta til Kr.ania i 1886.
4. Sander Botolvson Kaslegard 10.10. 1870-
Sander var ugift tenar heime på Kaslegard i 1891.

Botolv og Haldis gifte seg i 1862. Haldis vart enkje i 1872, og attgift med Torstein Ivarson i 1873. Sjå neste hushald.

{4104} År: 1873

Haldis Knutsdtr. Logsengard Kaslegard 02.03. 1843-1926
Foreldre: Knut Knutson Logsengard Lofthus og Rønnaug Sandersdtr. Ovavoll.
Gm Torstein Ivarson KjellargardsJøta Kaslegard 28.08. 1846-1936
Foreldre: Ivar Torsteinson Anfinngarden med Ragne Ørjansdtr. Preinsrud/KjellargardsJøta.
*Barn i andre ekteskap
1. Ragne Torsteinsdtr. Kaslegard Nestegard 18.03. 1874-1956
Gm Embrik Larsson Nestegardhaugen 1852-1946. Barn: Helma 1904-1979 gm Clarence Colbo, gm Einar Langseth (ingen barn); Laurits 1911-1993 g 1942 m Mary Conley (2 barn). (1503)
    Ragne og Embrik budde i Ramsey Co. ND. Frå 1909 Mountain View, Pierce, Washington. (Oppl. Arne Nestegard)
2. Rønnaug Torsteinsdtr. Kaslegard 31.03. 1876-1953
Barn: Knut 1896-1920, sjå barnebarn.
    G 1902 m Ola Embrikson Torkjellsmoen (Toresgardsmoen) Kaslegard. Sjå neste hushald.
3. Borghild Torsteinsdtr. Kaslegard 21.09. 1878-1878
4. Borghild Torsteinsdtr. Kaslegard 11.12. 1879-____
Borghild var døvstum i 1900.
*Barnebarn
1. Knut Olson Kaslegard 29.05. 1896-1920
Foreldre: Ola Syverson Torkjellsmoen (ungkar) og Rønnaug Torsteinsdtr. Kaslegard.
    Knut vaks opp på Kaslegard.
   

Haldis var attgift med soldat Torstein Ivarson i 1873. Halvsyskena hans i Amerika sende han 100 $ i 1905.
    Torstein var ein flink bonde, og noko av ein hardhaus. Han spara aldri seg sjølv. I 1911 selde dei garden til svigersonen.