Fjellheim gnr. 82 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Fjellheim gnr. 82 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bruket Fjellheim vart frådelt Logsengard i 1918 og bygd opp av Lars og Knut Logsengard. Truleg ligg garden i nærleiken av den tidlegare husmannsplassen Syverhaugen eller Logsengardseie som vart nedlagt kring 1905.
    Tunet og mykje av jordvegen ligg nedanfor bygdavegen, ned mot Vatsfjorden
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål, produktiv skog 70 mål, anna utmark 40 mål. Leigd beite 22 mål. 49 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1922, påbygt 1946, nytt våningshus 1988, driftsbygning 1985.
    Støl: halve Raubu på vestsida av fjorden.