Settungsgard gnr. 83 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Settungsgard gnr. 83 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Settungsgard ligg mellom Logsengard og Brattegard. Namnet kjem av 'setting' eller 'settung' som tyder ein sjettedel. Settung var mykje brukt som eining for landskyld (jordleige) og var 1/6 av eit 'halvsåld' eller ein 'mæle' (eit kornmål). Ein settung var offisielt på 8,7 liter frå 1683. Men der var mange lokale avvik til ymse tider, slik at ei korntunne kunne innehalde frå 12 til 16 settungar.
    Gardsnamnet har nok tilknyting til jordleige/landskyld. Jordleiga fungerte også som ein målestokk på kor mykje garden var verdt, og vart såleis også nytta ved skifteoppgjer og delingar.
    I Hallingdal vart jordleiga (landskylda) ofte betalt med smør. Då vart kornmål omrekna til smørmål, dvs. laupsbol. Det vart også rekna landskyld i skinn, i 1664 var Settungsgard 6 1/2 skinn.
    Settungsgard vert rekna for å vera ein høgmellomaldergard. (K.O. Solhjell 1987) Ved utgangen av øydetida finn me Settungsgard som slottelende (underbruk) til Knut Ruud i Liagardane. (Jfr. jordeboka frå 1641.) Såleis står Settungsgard utan namn på eigar/brukar i dei fyrste skattelistene frå 1612 og utover.
    Settungsgard vart skattlagt som øygard og hadde ei landskyld på 6 laupsbol. Etter frådelinga av nedre Settunggard i 1909 sat hovudbølet att med 3 1/2 laupsbol.
    På tinget 25. januar 1659 spurte futen korleis det var med Settungsgard. Garden var tidlegare ei slåtte med 1 skilling i frelse (frå ein annan skatt). Ålmogen kunne opplyse futen om at Settungsgard no var 'full øygard' og skatta deretter.
    Tunet skal vera på opphavleg stad. Men det heiter 'Tuftidn' litt nord for noverande tun.
    Frådelte bruk og plassar: nedre Settungsgard bnr. 3, Bjørøyhaugen.
    Nokre stadnamn: Nonsberget, Kalvetræet, Nilse-eikra,
    Areal 1865: dyrka jord 28 mål, naturleg eng 96 mål, utslått 24 mål. Avling 18 tunner bygg 16 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 29 mål og anna areal 65 mål som vert leigd bort, produktiv skog 254 mål, anna utmark 49 mål.
    Våningshus bygt 1986, ei stugu frå 1600-talet vart i 1987 flytta til Ål Bygdamuseum, driftsbygning frå før 1900.
    Stølar. Frå 1706-1736 støla Settungsgard i Hollo (pant). Langstøl i Skard. Heimstølar: Øvrestølen og Nedrestølen i Vestlien, Settungsgardstølen ovanfor garden.

{4163} År: 1767


Nils Guttormson Settungsgard (sjå år 1727) kjøpte attende garden hjå Sevat Olson. Grunnen var eit odelssøksmål frå Endre Asleson Brattegard. Endre protesterte på skøytet til Nils, og sa at Sevat var begynt å gå i barndomen i sin høge alder, og at han gjekk og betla.
    Nils pantsette garden 1768 til Oleiv Embrikson, sjå neste hushald.
    Odelssaka om Settungsgard gjekk i stå då Nils døydde i 1772. Endre Asleson Brattegard hadde ikkje søkt på odel etter Nils, men etter bestefaren Guttorm som då var rett nedstigande line. (1370) s 59

{4164} År: 1768

Oleiv Embrikson Kyrkjedelen Settungsgard 1741c-1797
Foreldre: Embrik Syverson Kyrkjedelen og Birgit Sevatsdtr. Thon.
Gm Guri Knutsdtr. Håkonsgard Settungsgard 1744-1826
Foreldre: Knut Olson Holo Håkonsgard og Guri Nilsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Mari Oleivsdtr. Settungsgard Tistilsgard 25.01. 1767-
Gm Tor Eirikson Tistilsgard-Lappegard, gnr. 90/3.
2. Embrik Oleivson Settungsgard 15.10. 1769-1850
G 1794 m Guri Olsdtr. Håheim. G 1832 m Ambjørg Olsdtr. Holo. Sjå år 1798.
3. Knut Oleivson Settungsgard 08.12. 1771-
Truleg død liten.
4. Birgit Oleivsdtr. Settungsgard Dokken 17.04. 1775-1825c
G 1806 m Eirik Olson Hovdegard. Sjå Tuftedokken, gnr. 76/1.
5. Guri Oleivsdtr. Settungsgard 08.06. 1777-
6. Ola Oleivson Settungsgard Holedokken 26.12. 1780-1849
Gm Ingeborg Larsdtr. Ursdalen, Gol. Sjå Holedokken, gnr. 42/2.

Oleiv Embrikson fekk Settungsgard 1768 som brukeleg pant på 18 år for eit lån på 895 til odelsmannen Nils Guttormson. I 1774 kjøpte Oleiv garden hjå Ola og Endre Aslesøner Brattegard for 1060 rd.
    Oleiv omkom vinteren 1797. Han og ein måg var på veg til 'Branes' (Drammen) med varer då han køyrde gjennom isen på Drammenselva og drukna saman med dei to hestane. Mågen Tor Lappegard vart redda av to skeiselauparar. Oleiv vart gravlagt ved Tangen kyrkje. Buet etter Oleiv var på 1090 rd.
    Guri vart attgift med Knut Sevatson Lappegard Settungsgard. Guri sat i enkjesete jamsides med sonen Embrik. Sjå neste hushald.

{4165} År: 1797

Guri Knutsdtr. Håkonsgard Settungsgard 1744-1826
Foreldre: Knut Olson Holo Håkonsgard og Guri Nilsdtr. Skjervheim.
Gm Knut Sevatson Settungsgard Langegard 19.04. 1744-1805
Foreldre: Sevat Olson Tveito Settungsgard og Gunhild Knutsdtr. Lappegard.

Guri Knutsdatter vart attgift med Knut Sevatson. Ho sat med halve garden fram til 1806. Sonen Embrik Oleivson hadde resten av garden.
    I 1806 vart det forlik mellom Guri og arvingane etter Knut Sevatson. Då budde Guri på Sundbrei.

{4166} År: 1798

Embrik Oleivson Settungsgard 15.10. 1769-1850
Foreldre: Oleiv Embrikson Kyrkjedeld Settungsgard og Guri Knutsdtr. Håkonsgard.
Gm Guri Olsdtr. Hovdegard Settungsgard 1769-1830s
Foreldre: Ola Olson Berg Hovdegard og Guri Eiriksdtr. Hovdegard. NB. Vart skriven Birgit til dåpen, sidan ikkje nemnt.
Gm Ambjørg Olsdtr. Svillegarden Settungsgard 03.11. 1799-1840
Foreldre: Ola Larsson søre Holo/Svillegarden og 2.g Birgit Syversdtr. Kyrkjedeld.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Lars Embrikson Settungsgard Dusegard 13.09. 1795-1842
G 1829 m Ragnhild Olsdtr. Tistilsgard. G 1841 m Turid Arnesdtr. Håheim. Sjå Dusegard.
2. Oleiv Embrikson Settungsgard Havardsgard 02.09. 1798-1883
G 1836 m Sissel Embriksdtr. Langegard. Sjå neste hushald og Havardsgard.
3. Guri Embriksdtr. Settungsgard Torsgard 14.10. 1801-1874
G 1830 m Ola Henrikson Torsgard.
4. Guri Embriksdtr. Settungsgard Holto 15.07. 1804-1830
G 1827 m Lars Aslakson Holto, gnr. 94/6.
5. Ola Embrikson Settungsgard Dusegard 02.08. 1807-1863
G 1842 m Guri Olsdtr. Berg. Sjå Dusegard, gnr. 85/1.
6. Knut Embrikson Settungsgard Tveito 12.01. 1811-1900
G 1844 m enkje Barbro Embriksdtr. Skrindo. Lærar og ordførar. Sjå søre Tveito, gnr. 55/1.
   
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Embriksdtr. Settungsgard Sondreol 25.05. 1831-1911
G 1849 m Mikkel Vebjørnson Søndrol, Hol. Barn: Vebjørn 1850- gm Birgit S. Håvelsen, Gol, gm Birgit Sveinsdtr. ...eller / g 1884 m Olava Torgerson (?); Embrik 1852-1942 til Am., g 1878 m Karen Torgersen Skjerpingbakkane; Ambjørg 1857- til Am., gm Ola Gunvaldson Dal (2 barn).
    Fosterson: Even Sondreol.
    Guri og Mikkel reiste til Am. 1878: Newburg, Goose River, Dakota. Dei hadde ein farm. Guri vart beskrivi slik: "ei tunn og lutande, helst veik kvinne, stille, venleg, fredsam og religiøs." (Hol III s 440)
    I 1879 døydde svigerdottera Birgit, og Guri måtte ta seg av eit spebarn. Det vart å gje mjølk med skjei, men om natta kunne ikkje "Gamle-Guri" springe oppe når barnet ville mjølk. Ho la barnebarnet til brystet. Då hende det utrulege: det kom mjølk i brysta til "Gamle-Guri". (1431)
2. Embrik Embrikson Settungsgard 10.04. 1835-1835
3. Embrik Embrikson Settungsgard 18.03. 1838-1840

Embrik og Guri gifte seg i 1794. Embrik fekk skøyte på halve garden i 1797 og resten i 1806. Mora og stefaren Knut Sevatson hadde den andre halvparten.
    Embrik har nok hatt god økonomi. I 1824 fekk han rosemåla den praktfulle langstugu som kom på Ål Bygdamuseum i 1987. Nils Bæra har dekorert både interiør og tak i den søre stugu. På ein takbjelke måla han denne rebusen: 'Jeg vil heller bo hos (løver) og (drager) end hos en ond (kvinne)'. Også faren til Nils, Herbrand Sata skal ha vore med på noko av denne målinga, i fylgje Ola Settungsgard f. 1910. Denne stugu er eigentleg to stuger som er bygde saman til langstugu. På ei list i nordre stugu står årstalet 1607, det kan vera byggeåret.
    Embrik vart attgift 1832 med Ambjørg Olsdatter Holo. Ambjørg døydde i barselseng 23. desember 1840. Buet var 564 spd.

{4167} År: 1841

Lars Embrikson Settungsgard Dusegard 13.09. 1795-1842
Foreldre: Embrik Oleivson Settungsgard og Guri Olsdtr. Håheim.
Gm Ragnhild Olsdtr. Tistilsgard Settungsgard 03.04. 1803-1837
Foreldre: Ola Olson Tistilsgard og Haldis Eiriksdtr. Rikansrud.
Gm Turid Arnesdtr. Håheim Settungsgard 25.07. 1808-1868
Foreldre: Arne Olson Lislelien Håheim og Ågot Olsdtr. Medgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Embrik Larsson Settungsgard Nupestølen 07.11. 1831-1884
G 1870 m enkje Guri Jakopsdtr. Tveito Nupestølen, gnr. 40/9.
2. Ola Larsson Settungsgard 17.08. 1835-
? Ikkje utflutt eller død.
*Barn i andre ekteskap
1. Arne Larsson Settungsgard Dokk 07.10. 1841-1915
Ugift. Arne var dagarbeidar på Dokk i 1900.

Lars og Ragnhild gifte seg i 1829. Dei fekk to dødfødte barn. Etter 5 veker i 4. barselseng døydde Ragnhild uforløyst i februar 1837. Lars vart attgift 1841 med Turid Arnesdtr.
    Lars kjøpte Dusegard i 1834 for 440 spd hjå Lars Håkonson på Dusegard. Kring 1841 selde Lars Dusegard vidare til broren Ola.
    Turid vart attgift 1844 med Ola Nilsson Tveito Settungsgard.

{4168} År: 1844

Turid Arnesdtr. Håheim Settungsgard 25.07. 1808-1868
Foreldre: Arne Olson Lislelien myljo Håheim og Ågot Olsdtr. Medgard.
Gm Ola Nilsson Tveito Settungsgard 07.12. 1809-1888
Foreldre: Nils Torkjellson nordre Tveito og Liv Olsdtr. Håheim.
*Barn i andre ekteskap
1. Liv Olsdtr. Settungsgard Dokk 26.01. 1845-1922
G 1871 m Ola Hermundson Stakegard Dokk.
2. Ågot Olsdtr. Settungsgard 25.07. 1847-1877
Ug. I 1865 var Ågot budeie på Onsager i Hole. I 1875 var ho tenar på Dokk i Leveld, dreiv strikking og spinning.

Turid vart attgift med Ola Nilsson i 1844. Dei fekk to barn. Ola og Turid greidde ikkje økonomien, dei måtte selja garden i 1849 til Oleiv Embrikson. Pris 1200 spd.

{4169} År: 1849

Oleiv Embrikson Settungsgard Havardsgard 02.09. 1798-1883
Foreldre: Embrik Oleivson Settungsgard og Guri Olsdtr. Håheim.
Gm Sissel Embriksdtr. Langegard Settungsgard 24.12. 1811-1898
Foreldre: Embrik Embrikson Langegard og Liv Eiriksdtr. Trintrud.
*Barn
1. Guri Oleivsdtr. Settungsgard Berg 19.09. 1837-1928
G 1872 m Ola Henrikson søre Berg.
2. Liv Oleivsdtr. Settungsgard Toresgard 21.08. 1839-1878.
G 1862 m Ola Eirikson Toresgard, gnr. 89/2..
3. Embrik Olson Settungsgard 13.03. 1842-1842
4. Guri Oleivsdtr. Settungsgard Nugaard 27.07. 1843-1945
G 1861 m Nils Eilevson Nubgarden 1839-1891. Sjå Nubgarden, gnr. 11/1. Til Am. med fem barn i 1892.
5. Embrik Oleivson Havardsgard Settungsgard 06.04. 1846-1928
G 1871 m Mari Eiriksdtr. Lappegard. Sjå neste hushald.
6. Embrik Oleivson Settungsgard Havardsgard 04.02. 1849-1905
G 1882 m Gro Olsdtr. Skardet. Barn m/Birgit Henriksdtr. Berg: Oleiv 1874- . Sjå Havardsgard.
7. Lars Oleivson Settungsgard Langegard 20.08. 1852-1930
G 1878 m Torand Eiriksdtr. Lappegard. Sjå Langegard, gnr.78/1 og Torsgard, gnr. 96/8.

Oleiv og Sissel gifte seg i 1836. Oleiv hadde også Havardsgard, og ein halvpart i Ellingsgard. NB. Sonen Lars vart døypt 1852 som Settungsgard, ellers var dei i Havardsgard både før og etterpå.
    Oleiv fekk fjellhamna Mjølgebotnen i brukeleg pant for 30 rd i 1833 og vart eigar i 1834. I 1849 vedtok formannskapet å stevne Oleiv ettersom dei meinte at Mjølgebotten låg til almenningen i Fødalen. Men Oleiv hevda sin rett til Mjølgebotnen. Truleg med hjelp frå broren Knut Embrikson Tveito var ordførar på denne tida. I 1874 vart Mjølgebotnen skylddelt frå garden og overført til sonen Lars (Torsgard).

{4170} År: 1874

Embrik Oleivson Havardsgard Settungsgard 06.04. 1846-1928
Foreldre: Oleiv Embrikson Settungsgard Havardsgard og Sissel Embriksdtr. Langegard.
Gm Mari Eiriksdtr. Lappegard Settungsgard 01.03. 1850-1912
Foreldre: Eirik Torson Lappegard og Anne Gunnarsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Sissel Embriksdtr. Settungsgard Gjesthaugen 28.06. 1872-1949
Gm Knut Olson Gjesthaugen. Sjå neste hushald.
2. Oleiv Embrikson Settungsgard 30.01. 1874-1954
Gm Agnete Evensen, Gran. Sjå nedre Settungsgard, bnr. 3.
3. Eirik Embrikson Settungsgard 02.05. 1876-
Gm Gunda ... ... , Solør. Barn: Gunda ....- gm Olaf ... ; Ragnhild ....- gm Ernest ... ; Marie ....- gm Enoch ... ; Thor ....- gm Oline ... ; John ....- gm Solveig ... ; ... (ein son til).
    Eirik var ugift snikkersvein i Kr.ania i 1900. Sidan reiste han til Am. Truleg til California. Ungane skreiv seg "Erickson"
4. Embrik Embrikson Settungsgard 11.01. 1878-1944
Ug. Lærar i Opheim. Han slutta tidleg i arbeidet, helsa svikta.
5. Anne Embriksdtr. Settungsgard 30.01. 1880-1971
Ug. Anne arbeidde som hushalderske i byen / 'utpå bygdo'. Dei siste åra budde ho i Opheim.
6. Knut Embrikson Settungsgard Pletteton 05.01. 1882-1976
Ug. Knut bygsla Pletteton nokre år. Sidan dreiv han ved/kol-forretning i Oslo.
    På sine gamle dagar budde han saman med systera i Opheim.
7. Lars Embrikson Settungsgard 05.01. 1885-1980c
Gm Ida Ask (?) Barn: ei jente som døydde liten.
    Lars var kontorsjef i Idun livsforsikring. Budde i Oslo.
8. Tor Embrikson Settungsgard 11.11. 1887-1977
Gm Ella ... . Ingen barn.
    Tor utvandra til Am. i 1911: Spring Grove, MN. Farmar i Am. Han gifte seg på sine gamle dagar.
9. Guri Embriksdtr. Settungsgard Bergton 12.02. 1891-1982
G 1920 m Ola Olson søre Thon Bergton, gnr. 74/8.
10. Mari Embriksdtr. Settungsgard 13.12. 1892-1982
Ug. Mari var budeie/hushalderske på Vikersund. Ho døde på Hokksund.

Embrik og Mari gifte seg i 1871. Embrik kjøpte garden for 350 (?) spd i 1874.
    I 1909 vart garden delt. Svigerson og dotter overtok Settungsgard bnr. 1, medan nedre Settungsgard bnr. 3 vart frådelt som kårbruk for Embrik og Mari.