Brattegard, nedre gnr. 84 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Brattegard, nedre gnr. 84 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Brattegard vart skattlagd som øygard og hadde ei landskyld på 6 laupsbol frå gamalt. Garden grensar mot Settungsgard i aust, og mot øvre Brattegard i vest.
    I 1841 vart garden delt i nordre og søre garden med ein halvpart på kvart bruk. ('Nordistugu' bnr. 2 og 'Systugu' bnr. 1)
    I daglegtale vert garden kalla systugu Brattegard.
    Nedst i jordet er det funne ein stor slaggklump frå jarnvinna. Ein gong skal det ôg vera funne ein pålstav/celt i området kring slaggfunnet.
    Nokre stadnamn: Goffahaugen, Krikken, Halvornatten (innst i heimehamna, ein Halvor skal ha ramla utfor ein gong i gamal tid), Steintræe, Suppa (flat botn), Rova (åker) og Ormebakken.
    Areal 1865: dyrka jord 10 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 17 mål. Avling 6 1/2 tunne bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 35 mål, anna areal 14 mål, beite 22 mål, produktiv skog 40 mål, anna utmark 155 mål. Buskap 48 vinterfôra sauer, 1 hest. Våningshus bygt 1914, utvida 1962, driftsbygning frå omlag 1855, påbygd 1938.
    Stølar. Heimstølar Vestlistølen og Bergastølen (på auståsen) båe nedlagde.
    Langstølen er Hesthovdstølen, den opphavlege vollen er utan hus, i 1905 vart tilkjøpt ein tilstøytande voll frå nordre Kaslegard (med hus.)
   

{4188} År: 1762

Ola Asleson Brattegard 1733-
Foreldre: Asle Guttormson Brattegard og Liv Endresdtr. Skarsgard.
Gm Åse Syversdtr. Lappegard Brattegard 1721-
Foreldre: Syver Olson Løkensgard Lappegard og Dordei Guttormsdtr. Lappegard.
*Barn
1. Guttorm Olson Brattegard Lappegard 21.11. 1751-1834
Gm enkje Astrid Olsdtr. Gullhagen Lappegard.
2. Syver Olson Brattegard 29.07. 1753-
=Sjur. Gm ... ... ... . Barn: Åse gm Gaute Knutson Dokken; ...
3. Ola Olson Brattegard Skarsgardshagen 13.04. 1755-1834
Gm ... ... ... . G 1794 m Anne Embriksdtr. Arnegard. Ola var husmann i Skarsgardshagen.
4. Kari Olsdtr. Brattegard Nygard 16.01. 1757-1803
G 1799 m Nils Olson Hølun Nygard Groven 1757-1836. Barn: Ola 1799-1863 hadde Groven, gm Guro Larsdtr. Aslegard (4 barn); Ingebjørg 1801-1885 g 1832 m Hermund Gulleikson Borgen; Åse 1802- .
    Kari og Nils hadde fjellgarden Nygard innanfor Haugastøl. Kari døydde siste sundag i august 1803. Buet var: 4 kyr, 3 kviger, 1 kalv. Mellom lausøyret var ein sylvbolle. Det var 338 rd å dele. (Hol VII s 406)
    Nils vart attgift med Kari Syversdtr. Groven-Fjellberg og flytta til Groven i Skurdalen 1806. (Hol VII s 644)
5. Liv Olsdtr. Brattegard 24.09. 1758-
6. Asle Olson Brattegard 31.07. 1763-
Asle vart konfirmert i 1786.

Ola og Åse gifte seg kring 1750. Ola kjøpte Brattegard i 1762 for 180 rd og kår til foreldra.
    Åse vitna 1752 at ho vov ein linvev for enkjemann Syver Kleiven. I enden av veven var ein liten fletting som Dordei Syversdtr skulle ha.
    Ola vart dømt for knivbruk i 1759 og ilagt tukthustenest. Han og Eirik Lappegard hadde brukt kniv og oksepeis på kvarandre.
    I 1765 vart Embrik H. Langegard saksøkt for overfall på Ola med "hug og Slag, jordskuffet Han.. ". Slåttekaren Ola Person vitna slik: sumaren 1766 slo han på Øyestølen. Då slost Ola Brattegard og Embrik Langegard inne i bua. Då slagsmålet kom futen for øyra, ville han gjerne bøtelegge dei to. Ola vart pånytt bøtelagt for knivbruk 1779.
    Ola pantsette garden til Ola Person for 295 rd i 1771.
    Sonen Guttorm brukte garden eit år, og svara kår til foreldra. Det gjekk ikkje særleg bra. I 1777 stevna Gutorm foreldra sine for å ha teke frå han 2 lass med fôr og 1 kalv og 1 geit. Gutorm gav seg då som bonde i Brattegard, han syns utgiftene vart for store.
    I 1778 selde Ola garden for 725 rd til panthavaren Ola Person.
    I pinsen 1778 kom Ola og Nils Vangen ranglande til Perplassen. Nils bad Ola om ein dram, men Ola nekta. "Du kan fyrst gjera opp dei 8 skilling du skuldar meg". "Du slær meg opp i stry", svara Nils, "Det skal ikkje ein skøyer gjera!"
    Så dansa Ola ute i garden i Perplassen: "Den halte dansar best!", huga han. Då ropte ho Lukris Perplassen at han fekk roe seg så ikkje ungane vart vekkte.
    "Nei Gud bevare meg, og Gud bevare ditt hus. No får eg heim att!" svara Ola.
    Ola var ikkje komen av garden, før Nils kom etter og så vart det slagsmål dei i mellom. Nils vart skadd i kinnet. Ola fekk 6 rd i bot for slagsmålet. (1397) s 46
    I 1801 var Åse enkje og almisselem på Lappegard i Leveld.

{4189} År: 1778

Ola Person Lofthus Brattegard 1742-1822
Foreldre: Per Børgeson/Bjørnson Rese (?) Lofthus og Kari Olsdtr. Lofthus.
Gm Margit Olsdtr. ... Brattegard 1740c-1797c
Foreldre: Ola ...
Gm Borghild Andersdtr. Nestegard-Nygard Brattegard 1753-1808s
Foreldre: Anders Olson Rue Nestegard (Holet) og Åse Steinsdtr. Nestegard, Hol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Kari Olsdtr. Brattegard 23.05. 1779-
Død utan livsarvingar før 1797.
2. Per Olson Brattegard 09.07. 1780-
Gm Borghild Olbjørnsdtr. Dokk. Sjå neste hushald.

Ola Person kjøpte Brattegard for 725 rd hjå Ola Asleson i 1778 etter å ha hatt pant i garden sidan 1771.
    Ola Person og Margit gifte seg i 1778. Ho var enkje etter ein Ola Anderson Berg som døydde i Hol i 1777.
    I 1786 kjøpte Ola to stølar kalla Øyestølen og dessutan to slåttelende ved elva Løkene for 42 rd. Seljar var Daniel Holen i Hol. I tillegg lånte Ola bort 90 rd til Daniel mot pant i Holen og stølane Torsbu og Boterdokken. Margit står ikkje som død i kyrkjeboka, men skiftet etter henne er frå 6. april 1797.
    Ola vart attgift 1798 med Borghild Andersdtr. Ho var enkje etter Knut Knutson Mehus-Nygard. (Ved Nygardsvatnet innanfor Haugastøl, sjå Hol VII s 405) Ingen livsarvingar.
    I 1799 selde Ola halve garden til sonen Per Olson.
    Borghild vart ilagt 14 rd i bot etter ein dom i 1808. Ho hadde skulda ei kjering i ØvreÅl for å ha stole mjølk og fløyte hjå henne. Men det kunne ikkje provast.
    På skiftet etter Borghild i 1808 var det 1768 rd å dele. Per Olson kravde 4 års tenestløn i buet etter stemora, men då sa faren at han har fått det han skulle ha!

{4190} År: 1799

Per Olson Brattegard 09.07. 1780-
Foreldre: Ola Person Lofthus Brattegard og 1. g Birgit Olsdtr. ... .
Gm Borghild Olbjørnsdtr. Dokk Brattegard 10.10. 1779-____
Foreldre: Olbjørn Olson Dokk og Kari Torsdtr. Veslegard.
*Barn
1. Birgit Persdtr. Brattegard Tråo 03.04. 1803-
G 1825 m Guttorm Olson Bergsgard. Sjå år 1841 og Tråo.
2. Kari Persdtr. Brattegard 09.02. 1806-1806
3. Kari Persdtr. Brattegard BrattegardHagen 27.06. 1808-1902
G 1840 m Lars Syverson Skarsgard Brattegard. Sjå neste hushald.
4. Ola Person Brattegard 12.08. 1811-1868
G 1843 m Kari Olsdtr. Dokk. Sjå nedre Brattegard, bnr. 2.
5. Olbjørn Person Brattegard Skarsgard 10.02. 1817-
G 1843 m Guro Olsdtr. Skarsgard 1815- . Barn: Ole Bjørn 1843- bakarmester i Molde; Peder 1845- skomakarmeister i Bodø, gm ... ... (9 barn); Liv 1847- til Am. ; Olbjørn 1849- i Kr.ania i 1902, g 1875 m Olina Olsdtr. Stokke (.. barn); Lars 1855- ; Bernhard 1857- til Am.
    Olbjørn og Guro var inderstar i Skarsgard. Dei flytta til Veøy i Romsdal i 1843. Så kjøpte dei garden Ekren i 1852, sidan var Olbjørn tømmermann og plassbrukar under Farkvam. (1647)
6. Tor Person Brattegard 18.05. 1824-
G 1862 m Lukris Knutsdtr. Strand Bakke 1828-.... . Barn: Peder ....- til England?; Beate 1863- gm Arne Samuelson Hoel, Gloppen, busett i Molde (7 barn). (975)
    I unge år arbeidde Tor på Blåfargeverket. Så i 1848 fekk Tor attest for flytting til Romsdalen. Familien slo seg til på Farkvam Veøy. Frå 1863 arbeidde Tor som tømmermann i Molde under namnet Farkvam. (975)
    Tor var død før 1902. Då budde båe ungane i Molde. Svigersonen Arne og to av døtrene drukna i Øverlandvatnet sumaren 1922. Dei skulle plukke vannliljer, men så velta prammen. Arne kunne svømme, men ikkje jentene. Dermed drukna alle tre.

Per og Borghild gifte seg i 1802. Etter ein runde i forlikskommisjonen i 1798 med Ola Olson Skarsgard, fekk Per 1799 skøyte på halve garden for 400 rd. Eit vilkår var at ingen framande skulle setjast inn på garden. Far han skulle halde såkorn fyrste året.
    Per kjøpte også den andre halvdelen i garden i 1812.
    På ein eller anna måte hadde nok sønene vorte elda opp til fiendskap mot folket på Settungsgard. Hausten 1835 sende Olbjørn eit skræmeskot etter gamlingen på Settungsgard. Då Olbjørn måtte svara for dette på tinget, sa han at han hadde vore drukken. (1318) s 54
    Brørne vart tiltala for "upassende Handlemåde og mistenkt forbrydersk Intention" og "med morderiske vaaben flere gange ha satt hans personlige sikkerhed i Fare".
    På tinget lova brørne at "for ettertiden skulle Anklageren og enhver anden være i Fred for Dem". Etter forlik med Ola Embrikson Settungsgard, som no rekna "sig sikret paa liv og lemmer", vart saka henlagt i 1837. Men sønene måtte betale saka.
    Per og Borghild selde garden til svigersonen i 1838. Reiste dei til Romsdal?

{4191} År: 1838

Kari Persdtr. Brattegard BrattegardHagen 27.06. 1808-1902
Foreldre: Per Olson Brattegard og Borghild Olbjørnsdtr. Dokk (Logsengard).
Gm Lars Syverson Skarsgardhagen Brattegard ...04. 1800-1888
Foreldre: Syver Larsson Skarsgard og Åse Olsdtr. Sveinhaug.
*Barn
1. Lars Larsson Brattegard ...... 1845c-
E. Bekkestad hadde denne soga i Hallingdølen 13. august 1937:
    Lars vart skulda for tjuveri som gutunge. Bygdefolket tvang han med seg opp i åsen for å finne tjuvekjellaren hans, men Lars hadde "gløymt" kvar kjellaren var.
    Då fekk far hans sendt Lars til Amerika. Det skjedde i 1852. Og sidan har ingen høyrt frå Lars. NB. Lars er ikkje funnen døypt i Ål, og denne soga må vel reknast for å vera noko usikker.

Lars og Kari gifte seg i 1840. Då hadde Lars alt hatt skøyte på heimegarden hennar i nærare to år! Frå før hadde Lars sonen Knut 1825-1833 med Anne Olsdtr. Toresgard, sjå Toresgard.
    Lars sende truleg sonen Lars til Amerika i 1852 (sjå ovanfor), og sidan tok dei imot pleiedottera Kari Torjusdtr. f. Løkensgardteigen 1869-1960 som var gift med Ola Olbjørnson Hestebrekk.
    Lars Syverson kjøpte øvre Brattegard på auksjon i 1840. Då delte han nedre Brattegard i to, Systugu bnr. 1 og Nordistugu bnr. 2 i 1841.
    Så selde han bnr. 1 til Guttorm Olson (gm Kari Persdtr. Brattegard), og bnr. 2 til Ola Person Brattegard. Lars meinte nok at han han fekk betre oppgjer ved å dele garden. Så hadde Lars og Kari øvre Brattegard i 16 år før dei kom til Brattegardhagen.
    I 1875 var Lars gardsarbeidar og kårmann. Kari Torjusdtr. arva ein koparkjel og eit amerikansk stove-ur på skiftet etter Kari.

{4192} År: 1841

Guttorm Olson Bergsgard Tråo 21.01. 1798-1872
Foreldre: Ola Guttormson Bergsgard og Gunhild Aslesdtr. Arnegard. G 1825 m Birgit Persdtr. Brattegard.

Guttorm Olson Bergsgard og kona Birgit Persdtr. Brattegard fekk kjøpe søre halve garden då Lars Syverson delte Brattegard i 1841. Dei måtte selja garden att i 1847.
    Sjå meir om Guttorm og Birgit på plassen Tråo under Bergsgard.

{4193} År: 1847


Knut Olson Lofthus Ellingsgard makeskifte med Guttorm Olson og fekk Brattegard i 1847.

{4194} År: 1858


Ola Olson Dokk (truleg Ola Olson Dokk Myro f. 1814.) kjøpte Brattegard i 1858.
    Ola hadde med seg ei stugu frå Leveld. Søre delen av gamlestugu på Brattegard vart bygd inntil stallane som ny låve. Ola bygde nytt fjøs før han i 1860 selde garden vidare til Lars Asleson for 791 spd.

{4195} År: 1860

Lars Asleson Baklien Hovdegard Brattegard 01.05. 1827-1895
Foreldre: Asle Fingarson Baklien og Anne Aslesdtr. Strand.
Gm Birgit Torsdtr. Lislelien Brattegard 14.11. 1820-1907
Foreldre: Tor Olson Lislelien og Kristi Botolvsdtr. Espegard.
*Barn
1. Kristi Larsdtr. Baklien Brattegard 28.02. 1857-1923
G 1885 m Torstein Oleivson Skarsgard Brattegard. Sjå neste hushald.
2. Ola Larsson Brattegard 1858c-
Ola var på garden Frog på Ringerike i 1860.
3. Ola Larsson Brattegard 1859c-
Ola var på garden Wagle i 1860.

Lars og Birgit gifte seg i 1857. Lars og Birgit var inderstar i Baklien i 1857. Dei kom til Hovdegard og kjøpte deretter Brattegard i 1860.
    NB. Lars og Birgit hadde to søner ved namn Ola. Dei er ikkje funne i kyrkjeboka, men båe var nede på flatbygdene ved eit skifte i 1860.
    Då Lars kom på garden vart det usemje om ein gamal veg som gjekk over jorda til nordre garden. Det gjekk sålangt at Lars vart overfallen av grannane då han kom ridande heim etter å ha vore borti vestlien på noko slått.
    Grannane hogg med både rive og ljå. Lars reid frå overfallet og rett til Nesbyen for å få stellt såra. Og han var innom hjå sorenskrivaren før han gjekk til doktoren, og dermed vart det rettsleg etterspel.
    Lars var ein av dei fyrste som tok å grøfte jordene i Vats. Han bygde stølsbuer, og han bygde om loftet.
    Lars var verge for ei kone i Vats. Så ein dag vart dei to usamde, ho ville ikkje ta dei råda som han gav. Då spurde Lars: "Eg skjøna ikkji kofår du tok me' som verge?"
    "Jau", sa kona, "Dei sa at du var den vrangaste som va i heile bygden!"

{4196} År: 1894

Kristi Larsdtr. Brattegard 28.02. 1857-1923
Foreldre: Lars Asleson Baklien Brattegard og Birgit Torsdtr. Lislelien.
Gm Torstein Oleivson Skarsgard Brattegard 10.09. 1852-1945
Foreldre: Oleiv Torson Tistilsgard Skarsgard og Turid Olsdtr. Berg.
*Barn
1. Turid Torsteinsdtr. Brattegard 19.07. 1885-1904
2. Birgit Torsteinsdtr. Brattegard 03.06. 1887-1937
Barn: Oskar 1914-1994, sjå barnebarn. Birgit var heime på garden ei tid, sidan hadde ho arbeid nedanfor. Ho døydde 50 år gamal.
3. Olaf Torsteinson Brattegard 16.03. 1889-1963
Gm Jakobine Magdalena Andersdtr. Strand, Tjeldsund. Barn: Solveig Kristine 1913- gm
    Tormod Karlsen; Anne 1915- gm Erling Frisvoll 1914-1983, gm Åge Jensen; Torstein 1916-
    gm Konstanse Freidmann. (1032) (1299)
    Olaf reiste til Kr.ania 1913. Han gjekk på underoffiserskulen og var i militæret ei tid. Sidan vart det anna arbeid i Oslo. Dei budde i Vilsegt. 8.
4. Mari Torsteinsdtr. Brattegard Bakken 10.12. 1891-1983
Gm Einar Severinsen PramhusBakken. Ingen barn. (1547)
    Dei budde i Åbogen i Eidskog.
5. Anne Torsteinsdtr. Brattegard Tullerud 26.02. 1895-1996
G 1929 m Sjur Tullerud i Flesberg 1890-1971. Barn: Øystein 1932- bilmekanikar/løytnant, vaktmann i Oslo, var gm ..., ingen barn.
    Anne kom til Flesberg etter jordmorskulen i Oslo 1918. Ho var jordmor i 42 år i Flesberg. (1231) s 354
6. Kristi Torsteinsdtr. Brattegard 09.06. 1897-1898
Kristi døydde av meslingar.
7. Lars Torsteinson Brattegard 08.09. 1902-2001
G 1931 m Ingrid Toresdtr. Torkjellsgard. Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Oskar Brattegard 25.06. 1914-1994
Gm Sissel Langegard. Sjå eige hushald.
    Foreldre: Olaf Hurum frå Hole og Birgit T. Brattegard. (1270)

Torstein og Kristi gifte seg i 1885. Torstein kjøpte garden hjå svigerforeldra i 1894 for 1200 kr og kår. Torstein dreiv ein del som skomakar. Han dyrka 3 mål og bygde ny stugu.
    I 1913 selde han frå Bergastølshamna.