Brattegard, nedre gnr. 84 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Brattegard, nedre gnr. 84 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordistugu Brattegard vart frådelt nedre Brattegard i 1841.
    Areal 1865: dyrka jord 8 1/2 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 17 mål. Avling 6 tunner bygg 6 tunner potet.
    Areal 1960: dyrka jord 10 mål, 15 mål kulturbeite.
    Husa på garden er gamle, både låve og stugu er frå før delinga i 1841, loftet kan vera bygd kring 1860.
    Stølar. Heimstøl Brattegardstølen oppunder Grøthovda i Vestlia; Bergastølen på auståsen, båe nedlagte. Langstøl på Hesthovdstølen. Garden har halve fiskeretten i Frosen.
    Nordistugu Brattegard vart etterkvart underbruk for Dokken, gnr. 76/1. Tunet vert brukt til feriestad.

{4200} År: 1841

Ola Person Brattegard 12.08. 1811-1868
Foreldre: Per Olson Brattegard og Borghild Olsdtr. Dokk.
Gm Kari Olsdtr. Dokk Brattegard 22.07. 1817-1904
Foreldre: Ola Olbjørnson Dokk og Ågot Bjørnsdtr. Sata.
*Barn
1. Borghild Olsdtr. Brattegard 17.05. 1844-
Barn: Ola 1870-1873 m Julius Hansen Vøyen, V. Bærum. Uviss lagnad. Ikkje arving i 1904.
2. Borghild Olsdtr. Brattegard Iversen 02.04. 1847-
G 1876 m Ola Ivarson Hovdegard. Barn: Birgit 1876- , (sjå barnebarn) og sidan 4 barn til.
    Ola reiste føre til Amerika. Borghild og dottera kom etter i 1878, dei hadde forskotsbetalte billettar.
    Busett i Benthon Co. Leids, Dakota i 1904. Sidan til Canada.
3. Ågot Olsdtr. Brattegard 20.05. 1853-
Barn: Ola 1876-1876 m Ola Olson Toresgard; Anne Karoline 1879- sjå barnebarn.
    G 1884 m Anders Anderson Torkjellsrud frå Sigdal. Barn: Kari 1883- ; Anders ....- .
    Anders var tilsett som lakei på slottet i Oslo. Ågot reiste frå mannen til Am. for mange år sidan, heitte det i 1904. Ho budde i Leeds, ND der systera Borghild var. Sidan tok ho seg land i Canada.
4. Per Olson Brattegard 01.04. 1856-
Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Birgit Olsdtr. Brattegard 14.05. 1876-
Foreldre: Ola Ivarson Hovdegard og Borghild Olsdtr. Brattegard.
    1878 utflyttingsattest. Busett La Crosse, Wisc.
2. Anne Karoline Olsdtr. Brattegard Andersen 23.07. 1879-1949
Var gm Ole Berntsen Berg, Solør. Barn: Borghild 1904-1977 hovedkasserar i Morgenposten, gm Gustav Jansen (1 barn); Olga ... .
    Gm Alf Andersen. Ingen barn. Alf var bygningsarbeidar i Oslo. (Oppl. av Bjørg Jansen)
    I 1900 var Anne Karoline i tenest hjå restauratør H. Voss i Tollbodgt. 8b i Kr.ania.
    Foreldre: Ågot Olsdtr. Brattegard og Ola Anderson Hagen (Bakke) ungkar og dagarbeidar frå Sør Aurdal f. 1851.

I unge år hadde Ola arbeid på Blåfargeverket. Ola og Kari gifte seg i 1843. I FT 1865 står Ola aleine i Brattegard 'som husfader og gardbruger'. Ola panta bort Hesthovdstølen på fem år til Ola Hovdegard.
    Det vart fortalt at Kari hadde geiter i stugu, sjølv budde ho i kleven. Ho brukte å stengde killingane inne i skåpet eit bel før ho mjølka.
    Kari var kunnig i folkemedisin. Ho samla seg ormar, og brende ormeoske på ein flat stein ute i garden. Men ho ville vita kva ormane var slegne i hel for. Ein mann svara slik: "Eg slo for alt som gale var!" "Det var bra!" svara Kari. Då vart det universalmedisin. (Fortalt av Torstein Brattegard)
    I 1875 var Kari enkje med tre barn og tilreisande tenestgut Ola Ivarson. Sonen Per fekk skøyte på garden i 1877.

{4201} År: 1877

Per Olson Brattegard 01.04. 1856-
Foreldre: Ola Person Brattegard og Kari Olsdtr. Dokk.

Gm ... ... . Barn: 5 stk.
    Per Olson fekk skøyte på garden hjå mora i 1877 for 1800 kr, men av det skulle 400 kr stå i garden.
    Det vart vanskeleg med økonomien for Per. Etter 8 eksekusjonar gjekk garden på tvangsauksjon i 1881. Mora sa at Per reiste til Valdres åtte veker før auksjonen, og sidan hadde ho ingen ting høyrt frå han. Men det gjekk rykte om at han har reist til Amerika.
    Per budde i Chicago.

{4202} År: 1881


Sevat Embrikson Hovdegard fekk auksjonsskøyte for 2100 kr. (Sjå nordre Hovdegard). Sonen Sevat overtok Brattegard kring 1908.