Dusegard gnr. 85 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Dusegard gnr. 85 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Dusegard grensar mot øvre Brattegard i aust og mot vest mot søre Hovdegard. Her går delet i elva Dusa som har gjeve namn til garden. 1685 vart garden kalla Duseslåtta.
    Dusegard er nok ikkje av dei eldste gardane i bygda. Garden er nemnt fyrst i 1667, og var brukt under Lå i Øvre Ål den fyrste tida. Det er likevel sannsynleg at garden skriv seg frå høgmellomalderen. (Jfr. K.O. Solhjell 1987.) Dusegard vart skattlagt som halv øygard, og hadde ei landskyld på 1 laupsbol.
    Dusegard hadde kvern og slipe i Dusa (saman med andre gardar). Ved oppdemming av Damtjørn inne på åsen fekk dei kvernvatn.
    Ingen frådelte bruk eller plassar. Men i 1820 gifte Gunvor Torsteinsdtr. 'Dusegardseie' seg på Ringsaker. (Sjå Gol IV s 405.) Korkje ho eller faren let seg plassere på nokon plass på Dusegard, men dei kan ha leigd seg husrom ein gong.
    Nokre stadnamn: Natten, Bakkeåkeren, Flotidn, Jøta, Ormeberget og Træet.
    Areal 1865: dyrka jord 11 mål, naturleg eng 56 mål, utslått 10 mål. Avling 7 tunner bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 55 mål, anna areal 10 mål, produktiv skog 18 mål, anna utmark 168 mål. 60 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1908, påbygt 1959 og 1968, driftsbygning 1975.
    Stølar. Heimstøl Dusegardstølen (ovanfor garden. Nedlagt). Heimstøen Moen vart rydda i 1750-åra. Nedlagt? Tidlegare langstøl var Hesthovdstølen. I tillegg leigde dei stølar. Langstøl i Djup fekk Dusegard 1857 ved ein brukeleg pant i nordre Bjella. I 1904 vart stølen i Djup frådelt Bjella og lagt til Dusegard.
   

{4247} År: 1768

Ørjans Tolleivson Dusegard 1737-1805
Foreldre: Tolleiv Ørjanson Kaslegard Dusegard og Ingebjørg Håkonsdtr. Berg.
Gm Margit Sveinsdtr. Kvamen Dusegard 1739-1828
D.y. Foreldre: Svein Person Kvamen og Margit Knutsdtr. nordre Mørk, Hol.

Ørjans Tolleivson overtok garden kring 1768.
    I 1780 var det innbrot m.a. på Dusegard. Gjennom eit hol i taket i stolphuset hadde det forsvunne 3 1/2 saueslakt, ei kjøtpølse og eit hudstykke.
    Karane truga den mistenkte holingen Syver Gjermundson Randen opp gjennom holet i taket og spurde om han kjendest ved holet. Sume ville føre Syver til lensmannen, andre ville binde han til ein stolpe og piske han, men folket på Dusegard ville forlikast med Syver. Det kom fram at stakkaren levde i stor fattigdom. Etterkvart vart alle klagemål fråfallne, og kona hans Håkon Berg kausjonerte jamvel for erstatningane.
    Margit vart attgift 1806 med Syver Olson, sjå neste hushald.

{4248} År: 1807

Margit Sveinsdtr. Kvamen Dusegard 1739-1828
Foreldre: Svein Person Kvamen og Margit Knutsdtr. nordre Mørk, Hol.
Gm Syver Olson Settungsgard? Dusegard 1775.-
Foreldre: Ola ... ... og ... ... ... . (Frå Hol?)

Margit vart attgift 1806 med Syver Olson. I 1807 kjøpte dei odels- og løysingsretten til Dusegard 1 lb. Syver var då "nærværende eier og beboer til Dusegard". Pris: 300 rd. (1536) 437
    Syver selde garden til Holge Olson Granlien i 1813.

{4249} År: 1813

Asle Guttormson Bergsgard Dusegard 1775-____
Foreldre: Guttorm Olson Bergsgard og 2.g Guri Aslesdtr. Ulshagen.
Gm Torand Holgesdtr. Leikvoll Dusegard 1786-1862
Foreldre: Holge Syverson Leikvollane og Anne Sveinsdtr. Juvsjord (Hol).
*Barn
1. Anne Aslesdtr. Dusegard Fæste 16.05. 1807-
Gm Ole Fæste-eie på Toten. Utflytt til Johnsrud 1826. Ikkje i FT 1865.
2. Guttorm Asleson Dusegard 22.02. 1809-1810
3. Guttorm Asleson Dusegard Nupestølen 16.06. 1815-
Gm Gunhild Torkjellsdtr. Vesledalstugu Opheim. Sjå Nupestølen, gnr. 40/9. Til Nes i 1857: Lerskallen.
4. Helge Asleson Dusegard 01.11. 1818-
Også Helge skal ha vore i Hardanger, men han er ikkje å finne i 1865-folketeljinga.
5. Birgit Aslesdtr. Dusegard Engen 24.09. 1821-
G 1869 m Hans Kristian Larsen Domsengen i Sem 1825-1888. Ingen barn.
    Birgit var i tenest hjå jordmor Madam Evensen i Tønsberg.
6. Ola Asleson Dusegard 01.01. 1825-1826
7. Ola Asleson Dusegard Aarbakke 26.08. 1827-1905
G 1862 m Brita Torbjørnsdtr. Reiseter, Kinsarvik 1835-1904. Barn: Kari 1862-1960 g 1882 m Mads Madson Store-Godøy Årbakke (8 barn). (1758)
    Ola reiste som 12-åring til Hardanger på arbeid. Det vart muring og ymse jordarbeid, og pengane la han til side. Ola var den fyrste i Liabygda som fekk seg greip av jern. Han sleit ut to hestar på få år under bygging og dyrkingsarbeid. (1226) s 199
    I 1865 kjøpte dei garden Årbakke i Onarheim i Tysnes sokn. Dei betalte kontant. I 1865 hadde dei 7 storfe, 15 sauer, 1 geit. Ola og Brita fekk stor etterslekt, m.a. Magnus Karlson Aarbakke 1934, dr. juris og professor i skatterett.
    Også broren Helge var i Hardanger.

Asle og Torand gifte seg i 1806. Same året vertok dei heimegarden hennar Leikvollo i Torpo for 1600 rd og kår. Dei selde Leikvollo etter to år, og kjøpte Dusegard i 1813.
    Asle kjøpte garden hjå Holge Olson Granlien for 5500 rd. Det rare er at Holge kjøpte hjå Syver Olson og selde til Asle den same dagen, og kjøpesummen var 1900 rd! (Her kan det vera ein skrivefeil i grunnboka.)
    Så makeskifta dei Dusegard med Nupestølen og flytta til Votndalen. Asle er ikkje funnen død. Men i 1862 vart det opplyst: 'død i legd for mange år siden'.

{4250} År: 1832


Lars Håkonson Berg Arnegard kjøpte Dusegard ved makeskifte i 1832. Så selde han garden vidare i 1835 til Lars Embrikson Settungsgard, som selde vidare til bror sin i 1842.
    Sjå meir om Lars og familien på Settungsgard, gnr. 83/1 år 1841.

{4251} År: 1842

Ola Embrikson Settungsgard Dusegard 02.08. 1807-1863
Foreldre: Embrik Oleivson Settungsgard og Guri Olsdtr. Hovdegard.
Gm Guri Olsdtr. Berg Dusegard 20.10. 1805-1864
Foreldre: Ola Halvorson søre Berg og Kristi Henriksdtr. Huus.
*Barn
1. Embrik Olson Dusegard 12.04. 1837-1910
G 1862 m Liv Olsdtr. Espegard. Sjå neste hushald.
2. Ola Olson Dusegard 05.03. 1842-1842
3. Guri Olsdtr. Dusegard 22.04. 1843-1846
4. Kristi Olsdtr. Dusegard Berg 17.08. 1846-1921
G 1879 m Arne Olson Berg, Hovet 1854-1921. Barn: Guri 1879-1923 (?) gm Andrew Carlson, Larimore ND; Oscar 1881- ; Olaus 1882- reiste heimanfrå 1895 og vart aldri meir spurt; Syver 1884- ; Julia 1885-1962 gm ... Fanddre, Hollywood; Emil 1889-1961 ug. farmar i Alberta, Canada. (J. Marler)
    Kristi reiste til Am. i 1877: Moorhead i MN. Fyrste var ho hushalderske hjå Arne på farmen i Goose River Setlement. Også Kristi tok seg 40 acres land og laga fyrste husværet, ein jordkjellar. Så ville grannen ha landet hennar, men ho gav seg ikkje. Til sist fekk ho 80 acres land i byte mot dei 40.
5. Guri Olsdtr. Dusegard Hovdegard 09.09. 1850-1951
G 1876 m Embrik Sevatson nordre Hovdegard, gnr. 86/2.

Ola og Guri gifte seg i 1842. Ola kjøpte garden hjå broren Lars for 385 spd i 1842. Guri selde garden 1863 til sonen Embrik.

{4252} År: 1863

Embrik Olson Dusegard 12.04. 1837-1910
Foreldre: Ola Embrikson Settungsgard Dusegard og Guri Olsdtr. Berg.
Gm Liv Olsdtr. Espegard Dusegard 26.10. 1837-1904
Foreldre: Ola Larsson Espegard og Jørand Mikkelsdtr. Veslegard.
*Barn
1. Guri Embriksdtr. Dusegard Gudbrandsgard 26.12. 1861-1938
G 1888 m Syver Olson Håheim søre Gudbrandsgard, gnr. 68/1.
2. Jørand Embriksdtr. Dusegard Espegard 06.08. 1864-1933
G 1894 m Eirik Embrikson Espegard, gnr. 70/9.
3. Ola Embrikson Dusegard 01.05. 1867-1946
G 1896 m Ågot Håkonsdtr. Bøygard. Sjå neste hushald.
4. Ola Embrikson Dusegard 16.03. 1870-1870
5. Ola Embrikson Dusegard 17.05. 1871-1895
Soldat.
6. Knut Embrikson Dusegard 03.07. 1874-1954
G 1901 m landhandlar-enkje Ambjørg Olsdtr. Ro (Gol) Tufte. Knut byrja som handelsbetjent hjå Sander Tufte som dreiv butikk og hotell på Torpo. Sidan overtok Knut både kona, butikken og hotellet. Sjå nedre Nyhus, gnr. 10/8.
7. Embrik Embrikson Dusegard Hagen 06.08. 1877-1965
G 1903 m Kari Olsdtr. Randen. Sjå nedre Ellingsgard gnr. 78/10 og Hagen, gnr. 84/5.
8. Lars Embrikson Dusegard Kaslegard 29.09. 1880-1972
G 1905 Bragernes m Kristi Olsdtr. Ellingsgard. Snikkar. Sjå nordre Kaslegard, gnr. 80/1.

Embrik og Liv gifte seg i 1862. Embrik overtok garden for 900 spd på skiftet etter mora.
    Embrik dreiv sauehandel, og hadde fedrifter på fjellbeite om sumrane. Dessutan kjøpte Embrik halve Geitevatnet, og dreiv fiske som næring. Han salta ned både sauekjøt og aure i buttar, og dreiv god handel på 'marken' om vintrane.
    Embrik kjøpte BrattegardHagen for 350 spd i 1877, med overtaking fyrst i 1903.
    Embrik bygde nye stallar, låve, eldhus, loft og stolphus. Og han sette opp ei smie av gråstein. I 1903 overførte han garden til sonen Ola for 4400 kr og kår. Sonen Embrik overtok Hagen i 1914.