Hovdegard søre gnr. 86 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hovdegard søre gnr. 86 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Hovdegard er nemnt i skattelistene frå 1612, men utan namn på brukar før 1627. Ein gong frå gamalt vart garden 'benifisert' (=gjeve som velgjerning) til prestebolet, og bonden var såleis leiglending under presten. Dette vara heilt fram til 1858.
    I 'Grågås', stavangerbispen si jordebok, frå 1626 står fylgjande under Ål prestebol:
    'Støller og setter. Er en i Wadzbøgden som kaldis Hofdegaard och er bubethe. Giffues en melle korn aff aarligen. ...' På neste side i jordeboka står det under årlege innkomer: 'Hoffdegaard 1 spann thag (talg?).'
    Fyrst på 1600-talet var Hovdegard i bruk som støl under prestgarden, men frå 1627 leigde presten bort garden. (Men også 'Ola Ruud' er nemnt som bygselmann.) Ved kvart generasjonsskifte måtte neste brukar ha samtykke både hjå presten og foreldra før han kunne overta bygsla.
    I matrikkelen av 1670 vart Hovdegard skattlagt som øygard, med ei landskyld på 1 bismarpund smør. I skatteboka 1727 er prestebolet sin gard Hovdegard ført opp med 1 bismarpund smør eller 6 laupsbol.
    Omlag 150 m ovanfor noverande tun er det tufter, truleg etter det gamle tunet. Ein veit ikkje når tunet kom til noverande stad.
    Frådelte bruk og plassar. Garden vart delt i 1805, nordre Hovdegard bnr. 2 vart bortbygsla fyrste gong i 1813. (Både bnr. 1 og 2 har 4 1/5 laupsbol kvar.) Nordby bnr. 10 vart frådelt som kårbruk i 1918.
    Areal 1865: dyrka jord 12 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 24 mål. Avling 8 tunner bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål, anna areal 10 mål, produktiv skog 190 mål, anna utmark 260 mål. Buskap 14 fôringsdyr, 55 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1881, påbygt 1960, driftsbygning 1974.
    Hovdegard hadde kvern og slipe i Dusa. Her skal ha vore 5 gardskvernar og 14 slipesteinar. Kring 1890 vart bygd eit sagbruk som var i bruk fram 1920-åra.
    Stølar. Heimstøl Hovdegardstølen (lu og tufter, rett ovanfor tunet). Langstøl på Hesthovdstølen.
    På ei slette nede ved vegen heiter det Nordby. (Like ved Vats skule.) Det var ei segn i Vats om at det vart bygd ei kyrkje på Nordby etter opptak av Stavanger-bispen. Denne staden vart vald avdi den låg lagleg til for bygdene omkring.
    Futen Ivar Wiel skreiv i 1743: 'I Vasbygden ved gaarden Hofdegaard siges et Kapel eller liden Kirke at have staaet paa en plads kaldet Nordbye, hvor man ennu kan se den gamle tomt.'
    I Hol var det tradisjon at dei førte lik på hesteryggen til Nordbykyrkja i Vats. (Hol I s 106)
    Det fortelst at Embrik Hovdegard (1849-1931) ein gong fann ei firkanta tuft med ein runding på den austre sida. Noverande fylkesveg går no over denne staden. Diverre finnst det ikkje noko skriftleg om 'Nordbykyrkja' i offentlege arkiv. Den gamle tomta med med 'rundil' kan tenkjast å ha gjeve kveik til desse segnene. (Sjå artikkel i Dølaminne 1970.)
    Nokre stadnamn: Bakkefjøset (vårfjøs), Røvsberget, Såljukallåkeren, Tubba.
   

{4263} År: 1767

Guri Eiriksdtr. Hovdegard 02.10. 1746-1830s
Foreldre: Eirik Olson Tveito Hovdegard og Guri Herbrandsdtr. Hovdegard.
Gm Ola Olson Tistilsgard Hovdegard 1733-1821
Foreldre: Ola Gjermundson Sehl Tistilsgard og Guri Eilevsdtr. Berg Tistilsgard.
*Barn
1. Ola Olson Hovdegard 16.04. 1767-1834
G 1805 m Margit Syversdtr. Kyrkjedeld. Sjå neste hushald.
2. Birgit Olsdtr. Hovdegard 05.11. 1769-
Ingen spor etter Birgit etter dåpen. Heitte ho Guri? Dette er Guri Olsdtr. som var gift med Embrik Oleivson Settungsgard. (Slektsnotat etter Oleiv Havardsgard og Henrik Torsgard Sindrol.)
3. Eirik Olson Hovdegard Kolsrud 27.09. 1772-1853
G 1806 m Birgit Oleivsdtr. Settungsgard. G 1826 m Anne Syversdtr. Kyrkjedeld.
    G 1844 m enkje Torand Torsteinsdtr. Hagene. Hagaplassen, gnr. 8/1c.
    Sjå Tuftedokken gnr. 76/1 i 1806, nordre Kolsrud, gnr. 14/2 og Hagaplassen gnr. 8/1c.
4. Lars Olson Hovdegard 25.02. 1776-
5. Asle Olson Hovdegard 27.06. 1779-1836
G 1818 m Kristi Olbjørnsdtr. Kaslegard. Sjå nordre Hovdegard, bnr. 2.
6. Ivar Olson Hovdegard 01.04. 1782-
G 1810 m ... .... på garden Glemmen (anneks?) ved Fredrikstad. Reiste ut ca 1807. Ingen høyrde frå han etter 1819.
7. Torand Olsdtr. Hovdegard Anderdal 04.05. 1783-
G 1824 m Herbrand Olson Ulsåk på Ødegarden eller Midt Anderdal i Hemsedal.
    Herbrand vart attgift 1859.

Ola Olson vart kalla Guri-guten. Det kom av at far hans var gift to gonger. Til liks med halvbroren Ola Olson Stave Medhus ('Jørand-guten', sjå Medhus gnr. 21/1) så fekk også Ola eit kallenamn på morsnamnet. I 1754 fekk fekk Ola bot for laust legemål. (1222) s 19
    Ola bygsla Hovdegard hjå svigerfaren ei tid, og i 1768 overtok dei garden mot å yte kår til Birgit Olsdtr, enkja etter Eirik Hovdegard.
    Ola og Guri delte garden i to i 1805. (Truleg etter løyve frå presten.) Sonen Ola fekk søre garden (bnr. 1), og i 1813 fekk sonen Asle bygsle den nordre garden (bnr. 2). Buet etter Guri var på 74 spd.

{4264} År: 1805

Ola Olson Hovdegard 16.04. 1767-1834
Foreldre: Ola Olson Berg Hovdegard og Guri Eiriksdtr. Hovdegard.
Gm Margit Syversdtr. Kyrkjedeld Hovdegard 06.02. 1774-1860
Foreldre: Syver Embrikson Kyrkjedeld og Kari Botolvsdtr. Espegard.

Ola overtok søre delen av Hovdegard ved delinga i 1805. Ola og broren Asle var dei siste leiglendingene i Hovdegard.
    Ola og Margit gifte seg i 1805. Ingen barn. Ola og Margit ville at systersonen hennar, Lars Olson Hovdegard, skulle arve laust og fast etter dei.
    Margit sat med garden i mange år som enkje. Ho pakta bort garden til Lars Olson. (Sjå neste hushald.)
    I 1858 fekk Margit kongeleg skøyte på garden for 600 spd. Pengar hadde ho lånt i Fondet for Jordavgiftens Innløsning. Same år selde Margit garden til Lars Asleson Baklien for 800 spd og kår. Og Lars selde vidare til Ola Embrikson for 760 spd i 1860.

{4265} År: 1835

Lars Olson Holo Hovdegard 17.01. 1796-1845
Foreldre: Ola Larsson søre Svillegarden og Birgit Syversdtr. søre Kyrkjedeld.
Gm Ågot Olsdtr. Arnegard Hovdegard 23.07. 1807-1879
Foreldre: Ola Torkjellson Arnegard og Margit Sandersdtr. Tufte.
*Barn
1. Ola Larsson Hovdegard Botilrud 22.08. 1835-
G 1866 m Maren Oline Gudbrandsdtr. Botilrud, Norderhov. 1836- . Barn: Gudbrand 1867- bonde på Klemetsrud i 1904; Lars 1867- ; Karl August 1874- .
    I 1875 var Ola husmann og arbeidar på plassen Botilrud under Prestgarden i Norderhov. Der budde også svigerfaren Gudbrand Olson. I 1900 var Ola husmann og dagarbeidar på Botilrud. Maren levde.
2. Ola Larsson Hovdegard 28.09. 1838-
Ola levde i 1879, utover det ingen opplysningar.
3. Margit Larsdtr. Hovdegard 30.03. 1840-
Truleg i tenest som 'stuepike' på Frog på Norderhov i 1865. NB. I 1860 var broren Ola i tenest på same garden.
4. Lars Larsson Hovdegard 16.08. 1842-
5. Torkjell Larsson Hovdegard Arnegard 23.02. 1844-
G 1876 m enkje Margit Embriksdtr. Arnegard, gnr. 40/8.

Lars Olson Holo bygsla Hovdegard frå 1835 hjå tanta Margit Syversdtr.
    Lars og Ågot gifte seg i 1835. Lars hadde eit fiskevatn som var taksert til 30 rd.
    Ågot vart attgift 1851 med Embrik Olson Tullegard.

{4266} År: 1860

Ola Embrikson Håkonsgard Hovdegard 09.07. 1825-1892
Foreldre: Embrik Olson Håkonsgard og 1. g Gro Nilsdtr. Holto.
Gm Birgit Sevatsdtr. Oleivsgard Hovdegard 17.09. 1829-1908
Foreldre: Sevat Eivindson Oleivsgard og Anne Larsdtr. Espegard.
*Barn
1. Embrik Olson Hovdegard 13.10. 1849-1931
G 1872 m Ambjørg S. Kjellargard. G 1900 m Mari T. Tullegard. Sjå neste hushald.
2. Sevat Olson Hovdegard 14.07. 1852-1893
Ug. Han var endå sterkare enn broren! (1597)89
3. Ola Olson Hovdegard Arnegard 27.07. 1854-1920
G 1883 m Kristi Knutsdtr. Lislelien. Sjå Arnegard gnr. 91/6.
4. Gro Olsdtr. Hovdegard Thon 19.01. 1859-1942
G 1883 m Ola Torsteinson nordre Thon, gnr. 75/2.
5. Eivind Olson Hovdegard 09.12. 1861-1941
Gm Ragnhild Knutsdtr. Brandsgard, Uvdal 1874-1918. Barn: Birgit 1898-1927 gm Ole Kristoffersen Ødegården; Gro 1899-1901; Sigrid 1899-1902; Ola 1901-1901; Ola 1903-1928; Sigrid 1905-1989 gm Torgeir Lislelien, Lyngdal; Gro 1907-1925; Knut 1910-1984 gm Gunhild Larsdtr. Skjønne, Nore; Engebret 1912-1936 ; Ingeborg 1914- g 1942 m Eirik O. Stølen til Nupestølen, gnr. 40/9; Anna 1916- gm Bjørn Kildal, Drammen; Helge 1918-1952 gm Gudrun Skinnemoen, Lyngdal.
    Eivind reiste til Kr.ania i 1897. Han var målar ved Nore Kraftverk. Dei kjøpte Persgardsjordet i Uvdal og budde der. (1247) s 93

Ola og Birgit gifte seg i 1849. Dei overtok garden i 1860, og bygde nye hus både heime og på stølen.
    Ola dreiv sauehandel og trong gode fjellbeiter. Han panta til seg ein støl i Djup ei tid, og sidan så kjøpte han halve Lyserbotn og bygde steinbu der i 1881. Ola hadde halve Geitevatnet ei tid, men selde det att.

{4267} År: 1889

Embrik Olson Hovdegard 13.10. 1849-1931
Foreldre: Ola Embrikson Håkonsgard Hovdegard og Birgit Sevatsdtr. Oleivsgard.
Gm Ambjørg Sevatsdtr. Kjellargard Hovdegard 13.03. 1844-1898
Foreldre: Sevat Olson Kjellargard og Sissel Olsdtr. Helling.
Gm Mari Torsdtr. Tullegard Hovdegard 19.10. 1868-1945
Foreldre: Tor Torson Tistilsgard Tullegard og Guri Larsdtr. Gjeldokk.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Embrikson Hovdegard 23.12. 1876-1877
2. Birgit Embriksdtr. Hovdegard 24.04. 1878-1959
Ug. Til Kr.ania i 1906. Sydde for husfliden i Oslo. Ferierte i Vats.
3. Ola Embrikson Hovdegard 13.06. 1882-1971
G 1922 m Guri Olsdtr. Torkjellsgard. Sjå neste hushald.

Embrik og Ambjørg gifte seg i 1872. Dei fekk tre barn. Embrik sat 24 år i heradstyret. Han var av dei som vart nedstemt då rivinga av stavkyrkja vart vedteke.
    I 1900 vart Embrik attgift med Mari. Dei bygde seg ny heim på det frådelte bruket Nordby, bnr. 10 då sonen overtok garden i 1918.