Hovdegard nordre gnr. 86 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hovdegard nordre gnr. 86 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Hovdegard vart til då Hovdegard vart delt i 1805. Truleg har Ola Olson og Guri Eiriksdtr. starta oppbygginga av garden før sonen Asle fekk bygselbrev i 1813. Bonden var bygselmann under presten fram til 1845. Sjå meir under innleiinga til bnr. 1.
    Nordre Hovdegard grensar mot søre Hovdegard, og i vest mot Berg.
    Det vart bygd vatningsanlegg i 1935. Og i elva Dusa var det kvern og slipe.
    Areal 1865: dyrka jord mål 13 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 24 mål. Avling 8 tunner bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål, produktiv skog 300 mål, anna utmark 336 mål. Buskap 60 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1926, nytt våningshus 1976, driftsbygning 1940, påbygd 1984.
    Frådelte bruk og plassar. Frådelt tomt til både bedehus og ungdomshus.
    Stølar. Heimstølen Feten på Vestsida er oppdyrka. Heimstølen nødre Hovdegardstølen oppe i åsen er nedlagt. Bukkestølen er langstøl.
   

{4271} År: 1813

Asle Olson Hovdegard Hovdegard 27.06. 1779-1836
Foreldre: Ola Olson Berg Hovdegard og Guri Eiriksdtr. Hovdegard.
Gm Kristi Olbjørnsdtr. Kaslegard Hovdegard 19.11. 1797-1885
Foreldre: Olbjørn Viggerson Oleivsgard Kaslegard og Birgit Guttormsdtr. Bergsgard.
*Barn
1. Guri Aslesdtr. Hovdegard Bry 29.07. 1819-1900
Barn: Guri 1840- sjå barnebarn.
    G 1847 m Johannes Olson Bryslåtta, Hol 1814-1877. Barn: Ola 1847-53; Sissel 1850- til Am.; Kristi 1853- til Am. gm ... Peterson; Ragnhild 1855- til Am. gm John Fjeldstad; Ola 1857- til Am.; Asle 1859-1916 til Am. gm Anna Christine Moe.
    Til Coon Valley, Wisc. i 1862. Guri var enkje og busett i Wisconsin i 1885.
2. Ola Asleson Hovdegard 22.06. 1821-1840
3. Birgit Aslesdtr. Hovdegard Glomsletten 03.10. 1823-1904
Barn: Ola 1846- , Ola 1853- sjå barnebarn.
    G 1870 m Ola Helgeson Lien Brattegard. Sjå Glomsletten, gnr. 54/6.
    Birgit var fattiglem busett på Eikro dei siste åra.
4. Olbjørn Asleson Hovdegard Settungsgard 17.10. 1825-
Barn: Ola 1850- med Guri Olsdtr. Berg.
    G 1858 m enkje Ambjørg Olsdtr. Sata. Sjå nedre Settungsgard, gnr. 83/3.
5. Haldis Aslesdtr. Hovdegard Logsengardeie 03.09. 1827-1904
Gm Syver Helgeson ... (Valdres) på Logsengard-eie, gnr. 82/1a.
*Barnebarn
1. Guri Olsdtr. Hovdegard Settungsgard 02.10. 1840-1917
G 1869 m Herbrand Olson nedre Settungsgard, gnr. 83/3. Til Am.
    Foreldre: landevernsoldat Ola Embrikson Hovdegard (ungkar) og Guri Aslesdtr. Hovdegard.
   
2. Ola Torkjellson Hovdegard 15.06. 1846-
Foreldre: Torkjell Olson Kjellargardgjøta (ungkar) og Birgit Aslesdtr. Hovdegard.
3. Ola Ivarson Hovdegard Brattegard 10.11. 1853-
G 1876 m Borghild Olsdtr. Brattegard. Barn: Birgit 1876- .
    Foreldre: Ivar Olson Hesla (ungkar) og Birgit Aslesdtr. Hovdegard.
    Dei var inderstar i Brattegard i 1876. Ola reiste føre til Amerika. Borghild og dottera kom etter i 1878 med forskotsbetalte billettar. Busett i Benthon Co. Leids, Dakota i 1904.

Asle og Kristi gifte seg i 1818. Asle bygsla nordre Hovdegard med kontrakt av 1813 med presten Leigh. Truleg hadde foreldra hans bygd opp garden noko i tida frå delinga i 1805.
    Kristi vart attgift 1840 med Ola Olson myljo Helling Hovdegard.

{4272} År: 1840

Kristi Olbjørnsdtr. Kaslegard Hovdegard 19.11. 1797-1885
Foreldre: Olbjørn Viggerson Oleivsgard Kaslegard og Birgit Guttormsdtr. Bergsgard.
Gm Ola Olson Helling Hovdegard 17.04. 1797-1876
Foreldre: Ola Olson Helling Ellingsgard og Ambjørg Larsdtr. Rime.

Kristi vart attgift 1840 med Ola Olson. Dei hadde ingen barn.
    Ola dreiv ein del handel ved sida av garden. Han kom like til Verdalen på ei av ferdene sine. I 1845 kjøpte Ola garden for 470 spd og fekk då kongeleg skøyte på nordre Hovdegard. Dermed var det slutt på bygseltida under presten for også denne delen av garden. Sjå innleiinga under søre Hovdegard.
    Ola fekk fiskevatnet Frosen etter far sin, men halvparten er fråselt. Ola bygde nytt stolphus. Og i 1873 selde han garden til systersonen

{4273} År: 1873

Embrik Sevatson Kjellargard Hovdegard 17.06. 1840-1928
Foreldre: Sevat Olson Kjellargard og Sissel Olsdtr. Helling.
Gm Guri Olsdtr. Dusegard Hovdegard 09.09. 1850-1951
Foreldre: Ola Embrikson Settungsgard Dusegard og Guri Olsdtr. Berg.
*Barn
1. Sevat Embrikson Hovdegard Brattegard 02.01. 1876-1947
G 1908 m Birgit Ivarsdtr. Sletto. Sjå Brattegard, gnr. 84/2.
2. Sissel Embriksdtr. Hovdegard Torsteinsrud 29.06. 1879-1909
G 1909 m Torstein Torsteinsrud. Barn: Sissel 1909- ; Embrik 1909- . Sjå barnebarn.
    Sissel døydde i barnseng, og ungane vaks opp i Hovdegard. Torstein vart attgift med Hilda Tindvik. (Ingen barn.) Torstein dreiv han ved-forretning i Bærum.
3. Guri Embriksdtr. Hovdegard Warberg 16.09. 1881-1965
Gm Nils Olson Warberg. Sjå Mykinghaugen, gnr. 93/2 og Tolleivsgarden Noss, gnr. 117/1.
4. Sigrid Embriksdtr. Hovdegard 09.10. 1883-1939
Sigrid Hovdegard dreiv avholds-kafeen Hallingstova i Drammen saman med systera Guri. Sidan hadde dei Kaffistova på Sundre inntil Guri gifte seg.
    På sine gamle dagar tinga Sigrid han Ola Kjellargard til å laga ein gravkross av tre. Der skulle det stå: 'Gamle Sigrid'. Sigrid forklara ynskjet slik: 'Dei som kjenne meg veta kem det er. Og når krossen er burte treng ingen veta kem det va.'
5. Ambjørg Embriksdtr. Hovdegard 10.06. 1886-1968
G 1912 m Ola Levorson Thon 1882-1969. (Pletteton) Barn: Ingeborg 1913-1992 g 1934 m farmar Oscar Olsen; Gunda 1915-1989 gm Conrad Sollid; Ella 1916-1969 ug.; Leonard 1918-1932; Edvard 1919- gm Marjorie Elsie Drew; Oliver 1921-1986 gm Lois Thorstina Sigfussen; Albert 1923- gm Beatrice Iona Hamilton; Norman Stanley 1925- gm Ruth Evelyn Hamilton; Myrtle 1927-2008 gm Elmer Fick. (1147)
    Ola hadde reist føre til Am. i 1903. Så kom han attende og gifte seg. Ambjørg og Ola reiste til Am. 1912. Dei farma i Sasc. Canada.
6. Kristi Embriksdtr. Hovdegard 06.10. 1889-1893
7. Birgit Embriksdtr. Hovdegard 26.08. 1892-1978
Birgit hadde eige hus på garden, hjelpte til heime og var delvis borte på arbeid.
8. Ola Embrikson Hovdegard 07.09. 1896-1977
G 1925 m Jørand Olsdtr. Dusegard. Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Sissel Torsteinsdtr. Torsteinsrud Bråten 07.06. 1909-1997
G 1940 m Ola Halvorson Bråten. Sjå eige hushald.
    Foreldre: Torstein Torsteinsrud og Sissel Embriksdtr. Hovdegard.
2. Embrik Torsteinson Torsteinsrud 07.06. 1909-1995
Embrik overtok vedforretninga etter faren i Bærum. Sidan hadde han arbeid på fabrikken til NEBB. Han var ugift og budde på Bekkestua.
    Foreldre: Torstein Torsteinsrud og Sissel Embriksdtr. Hovdegard.

Embrik og Guri gifte seg i 1876. Embrik overtok garden hjå onkelen sin i 1873.
    I unge år var han korporal, og ein spræk kar. Embrik var ivrig på korndyrking, det vart sagt 'at fær 'kje 'n Embrik kodn, so fær ingen an'. Det fortelst at to gonger vart det hogd tømmer til ny stugu, men bygging vart det ikkje før sonen overtok.
    Då Guri runda 100 år, var hørsel og syn framleis i god stand. Ho rusla ute kvar dag, og hefta seg sjeldan med staven. Guri vart foreldrelaus i 1864, den vinteren ho gjekk for presten stelte ho fjøset på søre Torsgarden.