Toresgard søre gnr. 89 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Toresgard søre gnr. 89 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Toresgard ligg mellom Berg-gardane og Tistilsgard i nordre Vats. Kven Tore var, ligg nok gøymt i tida før Vats vart lagt øyde. Ut frå namnet kan ein tru at Toresgard er eit delingsbruk, truleg frådelt Berg ein gong i høgmellomalderen. (K.O. Solhjell: 1985)
    Frå gamalt vart Toresgard skattlagt som øygard med ei landskyld på 6 laupsbol. I 1557 skatta Toresgard 4 kalvskinn og 1 album. Namnet på brukar eller eigar er diverre ikkje nemnt i 1557. Men fyrst på 1600-talet var det bonden på Sata som sat med råderetten i Toresgard. Han hadde brukarar på garden den fyrste tida.
    Gardane i nordre Vats frå Skarsgard og til og med Toresgard låg til Hol anneks frå gamalt. Men då det kom køyreveg til Vats, så vart det lettare for vatsingane å køyra til Sundre enn å gå/rida til Hol. I 1874 søkte dei om å bli overført til hovudsoknet, og heradstyret gjekk inn for søknaden. Som vederlag for tapt skatteinnkome vart Hol tillagt Reinton-reppen. Men saka utvikla seg vidare, i 1877 vart Hol anneks skilt ut som eigen kommune. (Hol II s 311)
    Toresgard vart delt i to jamnstore bruk etter skiftet etter Anders Asleson i 1804. Kvar av gardane fekk 3 laupsbol kvar. Den frådelte garden nordre Toresgard fekk bnr. 2. Det opphavlege tunet skal ha vore der nordre Toresgard har tunet i dag.
    Plassar: Brufeten eller Toresgardmoen, sjå bnr. 5.
    Areal 1865: dyrka jord 12 mål, naturleg eng 50 mål, utslått 32 mål. Avling 7 1/2 tunne bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål, anna areal 33 mål, produktiv skog 105 mål, anna utmark 542 mål. Leigd jord og beite 28 da. Buskap 45 geiter, 40 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1979, kårhus 1949, gamal stugu, loft 1890, driftsbygning 1928, påbygd 1946, restaurert 1986-88.
    Stølar. På Fjellset ligg fire heimstølar i rekke, dei tilhøyrer søre og nordre Berg, og søre og nordre Toresgard. På alle vollane er tufter etter bu og løe, ikkje fjøs.
    Nokre stadnamn: Tvaumåle (slåttemark), Storeskardet og Svartelie.
   

{4331} År: 1755c

Kari Eiriksdtr. Toresgard 1738-1809
Foreldre: Eirik Eivindson Toresgard og Ragnhild Aslesdtr. Langegard.
Gm Ola Embrikson Ellingsgard Toresgard 1732-1759
Foreldre: Embrik Olson Ellingsgard Lien og Margit Olbjørnsdtr. Dokk.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Eirik Olson Toresgard Lien 27.03. 1758-1785
Ugift. På skiftet etter faren i 1760 arva Eirik 64 rd. Han budde og arbeidde i Lien hjå bestemora Margit Olbjørnsdtr. På skiftet etter Eirik i 1789 vart det strid mellom halvsyskena.
2. Ola Olson Toresgard Lien 10.02. 1760-1788
Gm Guro Olsdtr. Havardsgard, sjå Lien gnr. 3/4.

Ola og Kari fekk to søner. Ola kjøpte opp skyldpartar i garden, og i 1759 sat han med 6 laupsbol i Toresgard.
    Ola kjøpte eit 'bjelle-tøy' (seletøy med bjeller) av Ola Ellingson, ein smed på Nes. Det skulle betalast med 11settung korn, men i 1759 vart det rettssak om oppgjeret.
    Ola vart alvorleg sjuk på ei handelsferd til Bergen med slaktefe og "viste lite kva han gjorde". Men han kom seg heim att og var sengeliggande lenge. Såleis fekk han ikkje sett til med garden. Han døydde i 1759. Netto eiga var 261 rd. Ungane berre 2 og 1/2 år gamle på skiftet. Sidan ungane var så småe, bad Kari skifteretten om løyve til å betale berre landskyld og ikkje rente for skyldpartane til ungane. Håkon Langegard vart oppnemnd som verge.
    Enkja gifte seg med Anders Asleson Strand. Sjå neste hushald.

{4332} År: 1760

Kari Eiriksdtr. Toresgard 1738-1809
Foreldre: Eirik Eivindson Toresgard og Ragnhild Aslesdtr. Langegard.
Gm Anders Asleson Strand Toresgard 1728-1804
Foreldre: Asle Olson Amundsgard Strand/Sønstegard Tunhovd og Anne Olsdtr. ... .
*Barn i andre ekteskap
1. Anne Andersdtr. Toresgard Arnegard 22.08. 1762-
Gm Knut Mikkelson Arnegard, gnr. 91/8.
2. Asle Olson Toresgard 29.09. 1764-
Ugift inderst. Asle fråfall odelsretten sin i 1804. Eiga var 22 spd som syskena arva.
3. Knut Anderson Toresgard 06.01. 1767-
4. Knut Anderson Toresgard 06.01. 1769-
5. Ola Anderson Toresgard 22.03. 1772-
6. Ragne Andersdtr. Toresgard Arnegard 25.09. 1774-1845
G 1804 m Per Embrikson Arnegard, gnr. 91/6.
7. Ola Anderson Toresgard 1779-
G 1806 m Jørand Olbjørnsdtr. Dokk. Sjå Toresgard gnr. 89/2. Sidan til Romsdal.
8. Ivar Anderson Toresgard Moen 11.04. 1784-
Ivar vitna 1851 at han budde på Moen ved vegen frå Håheim til Lappegard. Han oppgav å vera 56 år.

Kari vart attgift 1760 med Anders Asleson og fekk seks barn til. Anders var lagrettemann i 1760. Det var fleire tilhaldande på garden i 1762-manntalet som kan ha vore sysken til Anders.
    Anders løyste ut alle arvelutar i garden som var frå skiftet etter Ola Embrikson i 1761.
    I 1789, på skiftet etter Kari sin son Eirik i fyrste ekteskap, vart det strid mellom halvsyskena. Det vart semje om at Anders skulle fråfall all arv mot 200 rd.
    På skiftet etter Anders i 1804 var netto eige 1944 rd. Eldste sonen Asle tykte at taksten på garden var sett for høgt (2000 rd), og sa at andre sysken kunne løyse inn garden.
    Dette førte til at Toresgard vart delt i nordre og søre. Kari selde nordre Toresgard for 857 rd til sonen Ola og tok seg kår. Sjå bnr. 2. Resten av hovudbølet vart selt til Ola Olson Løengen frå Hol for 1016 rd i 1807.
   

{4333} År: 1807

Ola Olson Løengen Toresgard 1761.-1840
Foreldre: Ola Olson Breiehagen-Nerolshaugen (Hol) og Anne Olsdtr. ... .
Gm Borghild Olsdtr. ... Toresgard 1762.-1846
Foreldre: Ola ... ... og .... ... ... . (Hol?)
*Barn
1. Anne Olsdtr. Løengen Toresgard Jøto 27.06. 1802-1846
G 1830 m Elling Tolleivson Noss Jøto, gnr. 117/5.
2. Ola Olson Toresgard 29.01. 1804-1846
Ugift. Ola var sjukleg. Han hadde kår på levetida.
3. Ola Olson Toresgard 18.10. 1806-1894
G 1838 m Ingrid Olsdtr. Tistilsgard. Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Knut Larsson Toresgard 17.11. 1825-1833
Foreldre: Lars Syverson ... Skarsgard Brattegard (ungkar) og Anne Olsdtr. Toresgard.
   
   

Ola og Borghild gifte seg i 1801. Dei budde på Løengen i Hol til 1807 då dei kjøpte halve Toresgard og flytta dit. (1404) s 476

{4334} År: 1836

Ola Olson Toresgard 18.10. 1806-1894
Foreldre: Ola Olson Låengen Toresgard og Borghild Olsdtr. ... (Hol?).
Gm Ingrid Olsdtr. Tistilsgard Toresgard 01.11. 1801-1877
Foreldre: Ola Olson Tistilsgard og Haldis Eiriksdtr. Rikansrud.
*Barn
1. Ola Olson Toresgard 29.04. 1840-1920
G 1885 m Kristi Henriksdtr. søre Berg. Sjå neste hushald.
2. Borghild Olsdtr. Toresgard Bråtalien 22.03. 1844-1922
G 1869 m Botolv Larsson Bråtalien, gnr. 4/1.

Ola og Ingrid gifte seg i 1838. Ola fekk skøyte på søre Toresgard i 1836 for 400 spd og kår til foreldre og bror.
    Systera til Ingrid, Ingeborg som var enkje etter Ola Eirikson Brattegard, hadde tilhald på Toresgard i 1875 saman med ein son. Tenestjente og budeie på garden var Birgit Embriksdtr. Turkarstad med dottera Guri.

{4335} År: 1887

Ola Olson Toresgard 29.04. 1840-1920
Foreldre: Ola Olson Toresgard og Ingrid Olsdtr. Tistilsgard.
Gm Kristi Henriksdtr. Berg Toresgard 22.06. 1843-1935
Foreldre: Henrik Olson søre Berg og Turid Olsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Ola Olson Toresgard 18.04. 1886-1905
Ug. Ola hadde fallesjuke.

Ola og Kristi gifte seg i 1885. Dei bygde nytt loft, og i 1912 selde dei garden til Vigger Snogsrud.