Lappegard gnr. 90 bnr. 3
   Gardsregister €   Garden €  Bruksregister €   Forklaring
 Lappegard gnr. 90 bnr. 3-
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
 1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.  
  For english readers.  
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
 
Lappegard er nordre delen av opphavlege Tistilsgard i nordre Vats. Lappegard var skattlagt som øygard, og hadde ei landskyld på 6 laupsbol. Lappegard grensar til Torkjellsgard i aust og Arnegard i vest.
     	Garden vart kalla både 'Lappegard' og 'nordre Tistilsgard' fram til omlag 1850. Etter den tid berre 'Lappegard'. Namnet Lappegard skriv seg nok frå Syver Torsteinson Haukstad frå Gol (sjå Sata gnr. 32/1 og Gol VI s 345) som kom til Sata. Golingen vart kalla 'Syver Lappen'. Sonen hans, Torstein Syverson Sata, var gift med ei Sigrid Vebjørnsdtr. Ein diplom av 26. februar 1545 viser at Sigrid hadde gods i Sindrol.  (Sjå Gol VI s 355-356)
     	'Syver Lappen' på Sata og jordegods i Sindrol og Lappegard i Vats. NB. Også Lappegard i Leveld har tilknytting til Sata.
     	Frådelte bruk og plassar: Bakken (bnr. 4).
     Areal 1865: dyrka jord 8 mål, naturleg eng 28 mål, utslått 10 mål. Avling 5 tunner bygg og 4 tunner potet.
     Areal 1995: dyrka jord 50 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 25 mål, bjørkeskog 1400 mål, anna utmark 250 mål. Buskap: 2 mjølkekyr til 1990, sidan 35 vinterfôra sauer. 
     Våningshus bygt 1927, loft omkr. 1745, driftsbygning 1930.   
      
{4384} År: 1750
 
Eirik Torson Tistilsgard      1728-1776
Foreldre: Tor Eirikson Tistilsgard og Guri Guttormsdtr. Brattegard.
Gm Anne Knutsdtr. ... Tistilsgard     1721-1761
Foreldre: Knut ... ... og ... 
Gm Sissel Torkjellsdtr. Torpo Tistilsgard     1737-
Foreldre: truleg Torkjell Knutson søre Torpo og ... ... ... .
*Barn i fyrste ekteskap
1. Guri Eiriksdtr. Tistilsgard Snogsrud   29.09.  1756-1843
Barn: Embrik Embrikson 1790-  sjå barnebarn. I 1801 var Guri ugift losjerande dagarbeidar i Snogsrud. 
     Ho reiste til Gol 1817 og døydde på Finnesgarden i 1843. (Gol V s 422)
2. Anne Eiriksdtr. Tistilsgard    17.06.  1759-
*Barn i andre ekteskap
1. Tor Eirikson Tistilsgard Lappegard   26.12.  1764-1842c
Gm Mari Oleivsdtr. Settungsgard. Sjå neste hushald.
2. Arne Eirikson Tistilsgard      1767-1767
Arne døydde like etter fødselen.
3. Torkjell Eirikson Tistilsgard    26.12.  1768-1832
Ug. Torkjell døydde på legd i 1832.
4. Anne Eiriksdtr. Tistilsgard    24.02.  1768-
5. Ola Eirikson Tistilsgard Lappegard   01.09.  1771-
6. Guro Eiriksdtr. Tistilsgard Bergadekko   08.01.  1774-
Gm Knut Torgeirson Thon/Tuftedokken Bergadekko, gnr. 91/2a.
7. Eirik Eirikson Tistilsgard    13.04.  1777-
*Barnebarn
1. Embrik Embrikson Snogsrud      1790-1853
G 1836 Bergen m Christine Margrete Stein 1810-1889. Barn: Christine Marie 1837-1935 gm Lars Hess Bing (4 barn); Johan Gottlieb 1838-1928 gm Andrea Christine Svanøy 1846-1923 (3 barn); Gurianne Henriette 1840-1878 gm skipsbyggmeister Carl Andreas Hanssen (7 barn); Anna Bergitte 1843-1881 gm Hans Krohn; Christian Ingemann 1844-1844; Inger Georgine 1846-1935 gm Fritjof Wiese 1846-1925; Ingeborg Catarine 1850-1947 gm enkjemann og svoger Carl Andreas Hanssen; Christian Martin Ingemann 1852-1852.  
     Foreldre: Embrik Ivarson Espegard (ungkar) og Guri Eiriksdtr. Lappegard Snogsrud.  
     	I 1804 var Embrik busett i Bergen. Han gjekk i bødkerlære hjå J. Lose saman med sju andre hallingar.
     	Sidan fekk Embrik arbeid på ei krambu. Etterkvart fekk han seg eiga forretning.  Embrik fekk borgarbrev som krambuhandlar i Bergen i 1814, og arbeidde seg opp som kjøpmann. Dei budde i Strandgaten 111, Bergen. Han hadde fleire offentlege verv. Christine var dotter til skipper Johan Henrik Steen.
     	Embrik omkom ved ei ulykke i 1853. (Han datt i trappa.) (1035)
     
Eirik og Anne fekk to barn. Anne døydde i barselseng med det tredje barnet. Ungane var då 5 og 2 år og buet var på 7 rd. 
     	Eirik hadde løyst inn syskenpartar i garden, men skøytet var kome bort før tinglysinga. Eirik let føre tingsvitne på dette. Då vart garden utlagt til kreditorane for 320 rd.
     	Eirik vart attgift 1762 med Sissel og fekk sju barn til.
     	Eirik lånte 300 rd hjå broren Ola i 1764 mot brukeleg pant i halve garden. Broren kravde gardsyn i 1766. 
     	Husa var: ei gamal stugu; fehus; låve med "steenskykjuer"; to stallar; hestestall; bu; 1/2 eldhus, smie, badstugu. På heimstølen Hollen var ei steinbu; ei timra bu og ei lu. På langstølen: 1/2 bu. Årleg leige vart sett til 10 rd. Skogen skulle dei dele etterpå.
     	Eirik knivstakk Ola Gunhildgard Tistilsgard sumaren 1765. Han sat i stugu på Hovdegard og karva tobakk med kniven sin. Ola sa til han: "Eg bed deg at du ikkje stel livet mitt ... " Eirik blånekta og slapp unna straff sidan vitneprova var ikkje fellande.  (1288) s 119
     	I 1773 var han miltær legdsmann. 
     	Sissel vart attgift 1786 med Knut Jonson ..Lappegard og budde på ein husmannsplass under Tistilsgard. Sjå Torkjellsmoen.
{4385} År: 1790c
 
Tor Eirikson Tistilsgard Lappegard   26.12.  1764-1842c
Foreldre: Eirik Torson Tistilsgard og 2.g Sissel Torkjellsdtr. Torpo.
Gm Mari Oleivsdtr. Settungsgard Tistilsgard   25.01.  1767-
Foreldre: Oleiv Embrikson Kyrkjedeld Settungsgard og Guri Knutsdtr. Håkonsgard.
*Barn
1. Sissel Torsdtr. Tistilsgard Øygarden   11.08.  1793-1885
G 1831 m Ola Olson Øygarden, gnr. 48/2.  
2. Eirik Torson Tistilsgard Lappegard   28.03.  1796-1880
G 1846 m Anne Gunnarsdtr. Arnegard. Sjå neste hushald.
3. Oleiv Torson Tistilsgard Skarsgard   25.03.  1799-1867.
G 1840 m Turid Olsdtr. Berg. Sjå søre Skarsgard.
4. Knut Torson Tistilsgard    17.02.  1802-1879
G 1847 m Margit Olsdtr. Opheim. Sjå Toresgardmoen, gnr. 89/5a..
5. Tor Torson Tistilsgard Tullegard   07.04.  1806-1895
G 1859 m Guri Larsdtr. Gjeldokk.  Sjå Tullegarden, gnr. 
6. Guri Torsdtr. Tistilsgard Turkarstad   09.06.  1809-1890
G 1839 m Embrik Sindreson Juven Turkarstad, gnr. 91/2. 
Tor overtok garden kring 1790. Han delte frå og selde ein gardepart på 3 laupsbol til Gunnar Ødelien i 1795. Sjå Bakken, bnr. 4.
     	Etter ein tur til Bragernes-marken vinteren 1800 vart Tor klaga klaga av Gullik K. Strand. Tor skulle ha drege Gullik ut or senga midt på natta og banka han opp.  (1407) s 34 
{4386} År: 1831
 
Eirik Torson Tistilsgard Lappegard   28.03.  1796-1880
Foreldre: Tor Eirikson Tistilsgard-Lappegard og Mari Oleivsdtr. Settungsgard.
Gm Anne Gunnarsdtr. Arnegard Lappegard   06.11.  1817-1887
Foreldre: Gunnar Hermundson Stakegard Arnegard og Torand Larsdtr. Noss.
*Barn
1. Mari Eiriksdtr. Lappegard    30.10.  1846-1846?
2. Tor Eirikson Lappegard    23.01.  1848-1937
G 1892 m Turid Olsdtr. Hollebakken. Sjå neste hushald.
3. Mari Eiriksdtr. Lappegard Settungsgard   01.03.  1850-1912
G 1871 m Embrik Oleivson Settungsgard, gnr. 83/1.  
4. Gunnar Eirikson Lappegard    25.03.  1852-1852
5. Torand Eiriksdtr. Lappegard Langegard   14.03.  1853-1918
G 1878 m Lars Oleivson Settungsgard Torsgard Langegard, gnr. 78/1. 
6. Gunnar Eirikson Lappegard Arnegard   10.09.  1855-1932
G 1882 m Anne Aslesdtr. Haugerud. Sjå Arnegard, gnr. 91/8.
7. Oleiv Eirikson Lappegard    11.06.  1858-
Oleiv studerte teologi i Kr.ania. Han var på besøk heime under folketeljinga 1891.
8. Eirik Eirikson Lappegard Sundbrei   07.04.  1860-1931
G 1881 m Anne Nilsdtr. Ulshagen. Sjå Sundbrei, gnr. 125/7.
Eirik og Anne gifte seg i 1846. Eirik overtok garden for 600 spd i 1831.
     	Eirik og broren Knut vart tiltala 1822 for å ha skore tagl av rompene på hestane til Syver Øvremyro.
{4387} År: 1878
 
Tor Eirikson Lappegard    23.01.  1848-1937
Foreldre: Eirik Torson Lappegard og Anne Gunnarsdtr. Arnegard.
Gm Turid Olsdtr. Hollebakken Lappegard   14.05.  1872-1956
Foreldre: Ola Olson Leksvolplass Hollebakken og Birgit Eivindsdtr. Sundbrei. 
*Barn
1. Eirik Torson Lappegard    21.02.  1892-1925
Gm lærarinne Anna Tronplass frå Bagn 1896-1969c. Barn: Torbjørg 1920-  kommunekasserar i Skiptvedt, gm Bjarne Vold (3 barn); Oddveig 1920-  adjunkt ved lærarskulen i Halden, ug. 
     	Eirik var lærar ymse stader i Østfold. Budde m.a. i Svinndal. Eirik gjekk tidleg bort, og Anna vart attgift med ... Oland.
2. Ola Torson Lappegard    02.02.  1894-1984
Gm Guri Sveinsdtr. Arnegard.  Sjå neste hushald.
3. Anne Torsdtr. Lappegard Arnegard   19.05.  1897-1969
G 1923 m Embrik Olson Arnegard. Sjå Arnegardshagen, gnr. 91/10.
4. Birgit Torsdtr. Lappegard Aslegard   25.05.  1900-1982
G 1922 m Jon Gunnarson Aslegard, Skurdalen. Sjå eige hushald.
5. Mari Torsdtr. Lappegard Olsen   11.12.  1904-1985
G 1934 Voss m Seilers Olsen. Sjå eige hushald.
6. Turid Torsdtr. Lappegard Glimme   26.01.  1905-1981
Var gm Anders Glimme, Voss. Barn: Olaf 1935-   gm Brita Dalsbotn, Notodden (ingen barn). 
     Anders var bonde og Turid dreiv pensjonat på Voss. Olaf overtok pensjonatet, Brita var bioingeniør.
7. Rangdi Torsdtr. Lappegard Isaksen   24.02.  1907-2003
Gm byggmester Birger Isaksen, Hakadal. Barn: Bjarne 1944-  ug. elektroingeniør. 
8. Tor Torson Lappegard    24.12.  1911-1993
Ug. Han var reve-røktar, sidan postsjåfør. Busett i Oslo.
9. Olaf Torson Lappegard    28.08.  1914-1934
Tuberkulose.
Tor og Turid gifte seg i 1892. Tor kjøpte garden for 200 og kår i 1878. Dei selde garden til sonen Ola i 1924 for 6000 kr og kår. 
     	Tor hadde meint å bygge seg eit kårbruk nedst i jordet. Ein gamal låve vart flytta dit (og står no til nedfalls), og det vart tomta til fjøs. Flytting vart det ikkje.