Skarsgard søre gnr. 92 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skarsgard søre gnr. 92 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Opphavleg har nok Skarsgard vore ein gard. Delinga i noverande nordre og søre garden er ikkje kjend, men den skriv seg nok frå tida før 1600. Sjå også innleiinga på nordre Skarsgard.
    Namnet Skarsgard kjem av lendet, truleg det skardet der Skardgrove kjem ned og dannar grensa mellom søre og nordre Skarsgard.
    Grensa på vestsida mellom nordre og søre Skarsgard vart beskriven slik i 1736: frå ein stein ved ein bekk ved Ålsvegen, langs bekken til Storelva og til ein stein i Gjerdeshaugen innved ein stor jordfast stein. Tredje stein er sett opp ved på ein haug ved Langemyrhaugen fram ved ein gamal beita-veg. Den fjerde steinen er sett opp øvst og vest i Langemyra, og femte steinen peikar i rett line opp til Nonsnatten, dvs. opp til fjellet og andre eigarar.
    I 1620 heitte brukaren Ola Skarsgard. Dette året vart garden 'formeret', dvs. garden skulle heretter betale skattar til kongen. Øydetida var omme.
    I 1641 skatta Eirik Nedremyr 1 kalvskinn årleg av slottelendet Skarsgard. Det heitte at han hadde bygsla sjølv. Dvs. garden var nok brukt under Nedremyr på den tida. Likeeins som Tistilsgard og Lappegard.
    Søre Skarsgard vart etterkvart skattlagt som halv øygard med ei landskyld på 3 laupsbol. Søre Skarsgard vart oftast kalla 'Lille Skarsgard' i dei gamle skattelistene. Slik vart det rekna sidan nordre Skarsgard hadde 6 laupsbol.
    Frådelte bruk og plassar: Skarsgardhagen bnr. 2. Plasso eller Plassane heiter det om nokre tufter inne på flata, noko opp for garden.
    Areal 1865: dyrka jord 19 mål, naturleg eng 70 mål, utslått 13 mål. Avling 12 tunner bygg og 10 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 24 mål, anna areal 38 mål, produktiv skog 180 mål, anna utmark 1020 mål. Buskap 25 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1921, hallingstugu 1860, påbygd 1994, driftsbygning bygd 1850-1900, loft 1820, stabbur omkr. 1690, 4 utleigehytter.
    Nokre stadnamn: Gommostykket (kårjord, truleg til Turid 1814-1910), Jonstykket (slåttemark), Skardgrove, Badstuguhaugen, Brunnsbakken, Gamlemannsåkeren, Kringledalen, Kvenidn, Kvilingshaugen (ved bufarvegen), Kvednadammen.
    Stølar. Heimstølar Bødalen (i Vestlien), Skardet (ovanfor garden, båe nedlagte). Lassegjerda. Langstøl på Rødungstølen, den ligg ved oset av Bergsjø og vert kalla Oset.
   

{4508} År: 1754

Svein Lassesson Skarsgard 1732-
Foreldre: Lasse Brynjulvson ... Skarsgard og Kari Sveinsdtr. Holto.
Gm Birgit Eiriksdtr. Tistilsgard Skarsgard 1704.-1761
Foreldre: Eirik Olson Lappegard/Tistilsgard og ... ... .
Gm Guri Knutsdtr. Skurdalen 1732m-
Foreldre: Knut Syverson Øvremyro Aslegard-Skurdalen og Lukris Aslesdtr. Aslegard, Skurdalen.
*Barn i andre ekteskap
1. Knut Sveinson Skarsgard 14.02. 1762-1801?
2. Svein Sveinson Skarsgard 11.04. 1764-1801?
3. ... Sveinson Skarsgard 1768-1768
4. Kari Sveinsdtr. Skarsgard 01.11. 1769-
5. Lars Sveinson Skarsgard 16.03. 1772-1801?

Birgit var ugift i 1751 og hadde tilhald på Skarsgard. Same året lånte ho ut 20 rd til Ivar Guttormson og Birgit mot brukeleg pant i åkeren Brattåkeren og ei slåtte. Dessutan skulle dei fore kua hennar sumar som vinter.
    Svein Lasseson gifte seg med Birgit Eiriksdatter kring 1754. Svein og Birgit hadde ingen barn. Frå før hadde Svein døtrene Barbro og Guri f. 1751 med "Birgit Olsdtr. frå Nordland" , dvs. Brita Olsdtr. Bruheim frå Jostedalen. Sjå om Bastian Nilsson. (Luster V s 399-400.)
    Svein overtok Skarsgard hjå far sin ved skøyte av 1754 for 230 rd og kår: to mål åker ved ålmannvegen og fritt hus.
    På skiftet etter Birgit vart 240 rd utlagt til kreditorar og enkjemann. Svein vart attgift same året med Guri og fekk fleire barn med henne, men truleg vaks ingen opp.
    I 1757 fekk Svein dottera Anne med Anne Olsdtr. Dagelien.
    Svein selde 1 1/2 laupsbol i garden til Guttorm Ivarson i 1764, og i 1774 selde han resten av garden til Lars Anderson. Svein sa 1775 at Lars gav han "125 rd formedelst min fattigdom."

{4509} År: 1764

Guttorm Ivarson Nestegard Skarsgard 1727.-1789
Foreldre: Ivar Guttormson Larsgard nordre Nestegard og Birgit Knutsdtr. Nestegard, Hol.
Gm Birgit Levorsdtr. Sindrol Mehus Skarsgard 1730-
Foreldre: Levor Knutson Sindrol og Sissel Olsdtr. ... . (Om Levor, sjå Hol I s 487, og nordre Arnegard gnr. 91/8 år 1695.)
*Barn
1. Liv Guttormsdtr. Skarsgard 01.11. 1755-
Liv var i tenest i Oslo i 1806. Men Kr.ania Fattigvæsen melde at omsorgen låg på dei, og difor bad dei om refusjon då Liv arva etter broren Sander på Tuftedokken i 1806.
2. Ivar Guttormson Skarsgard 22.04. 1759-1806
Gm ... ... . Barn: ... ... . Ivar flytta til Kr.ania før 1789. Han døydde i Fredrikstad i 1806. Ikkje funnen i FT1801.
3. Birgit Guttormsdtr. Skarsgard 14.02. 1762-1789f
4. Tor Guttormson Skarsgard 10.03. 1764-1764
Tor vart døypt heime og døydde etter 6 dagar.
5. Tor Guttormson Skarsgard 21.04. 1765-1789f
6. Birgit Guttormsdtr. Skarsgard 13.07. 1766-
Birgit flytta til Moss og gifte seg, vart det opplyst i 1806.
    Truleg gm dragon Ole Olsen Ovangen, husmann utan jord under Nøkeland ved Moss. Barn: Anne 1797- ; Marie 1799- ; ..
7. Sander Guttormson Skarsgard Tuftedokken 1770-1806
G 1793 m Turid Olsdtr. Thon. Sjå Tuftedokken, gnr. 76/1.
   

Guttorm Ivarson og Berte/Birgit Levorsdtr. kjøpte halve Skarsgard i 1764.
    Guttorm kom rett opp i falskmynteriet i Vats. Asle Lasseson i Skarsgardhagen og broren Lars laga falske pengesetlar, såkalla banko-setlar. Dei to fekk tilnamnet "Bankokarane". Guttorm var ikkje lese og skrive-før, men han sette bankosetlane i omløp. Saka kom for retten i 1766. Sjå Ål IV s 156.
    Guttorm orsaka seg med at han korkje kunne lesa eller skrive skrift og berre litt prent, "hvorom erfares hand er een enfoldig Bonde mand". Kona Birgit skulda på Asle i rettssaka. Men kona til Asle vitna om "Den fandens Guttorm".
    Dei falske pengane vart spreidde over bygda, m.a. hadde Embrik Langegard brukt slike setlar i Kinsarvik. Men ryktet gjekk, og folk kom til Banko-karane og ville veksle inn att tvilsame setlar.
    Det vart avhøyrt 61 vitne i denne saka. Asle og Guttorm var dømde til straffarbeid på livstid i nærmaste festning "for deris dumdristige, formastelige og høyst Straffverdige forhold". Dertil skulle hovedlotten i buet tilfalle Kongen. (1288) s 57- 116
    Birgit Levorsdatter vitna slik: ".. Dagen effter hendes Mand var arresteret gick hun hen til Asle og talte med Ham om Hand veedste sig nogen Fahre da var det best hand Reiste sin Kos, hvortil hand svarede:
    Ja, Gud ieg venter dem halv veyes effter mig, det vore Gammen eller Moeroe at være der for at høre hvordan det gaaer til, men det har ingen Fahre paa sig naar Hand ikke veed eller siiger hvem hand har faaed Banco Sædlerne, eller staaer ved sig, hvoruden forstaaes naar ingen kand beviise det over eller hand bekiender det.
    Hvortil Hun svarede: Du kunne have været der du og med tilsvar, nu er hand Guttorm der alleene."
    Ålmugen vitna på vintertinget 1769: "Hustruene er i så fattige omstendigheder at de går om i bygden og betler sit brød." Det er uvisst kor lenge Guttorm vart sitjande inne, men livstid vart det ikkje.
    Skarsgard vart no delt i to delar, og selt til Lars Syverson og Lars Anderson.
    Dei siste åra budde Guttorm og Birgit hjå sonen Sander i Tuftedokken. Guttorm døydde der før 1774. Buet var 54 rd i underskot. Kona var fattig og uformuande enkje i 1774 då ho fekk såkorn.
   

{4510} År: 1774

Lars Anderson Bry Skarsgard 1714.-
Foreldre: Anders Olson nordre Bry og Anne Larsdtr. .... .
Gm Dordei Eiriksdtr. Lappegard Skarsgard 1706-1760
Foreldre: Eirik Olson Tistilsgard og ... ... ... .
Gm Anne Persdtr. Arnegard Skarsgard 1731-
Foreldre: Per Embrikson Arnegard og Birgit Ivarsdtr. Skarsgard.
*Barn i andre ekteskap
1. Dordei Larsdtr. Skarsgard 1761-
2. Per Larsson Skarsgard Turkarstad 1763-
G 1802 m Torand Olsdtr. Turkarstad, gnr. 91/2.
3. Svein Larsson Skarsgard 1772-

Dordei var syster til Birgit Eiriksdtr. under år 1754.
    Lars og Dordei sine barn på nordre Bry: Guro 1736- ; Ola 1739- konf. i 1763 ... ; Gunvor 1738- ; Anders 1741- på Hytteplassen (Hovet) gm Margit Aslesdtr. ... ; Eirik 1747- han vart borte på reinsjakt. På skiftet etter Dordei var nettoeiga 121 rd. Krøter: 2 sauer og 2 bukkar.
    Lars vart attgift med Anne Persdtr. Lars hadde nordre Bry i Hovet 1742-1748 og så frå 1758 til omlag 1770. (Hol V s 322)
    I 1774 kjøpte Lars 'Lille Skarsgard' (1 1/2 laupsbol) hjå Berte/Birgit Levorsdtr. for 269 rd. Same år kjøpte han 3 laupsbol 'Lille Skarsgard' hjå Svein Larsson Skarsgard for 299 rd.
    Og i 1775 betalte Lars Anderson på Skarsgard 125 rd til Svein Lasseson Skarsgard for å vera fri for odelssøksmål.
    Sonen Per Larsson kjøpte garden i 1784 for 299 rd. Han selde vidare i 1785 til Lars Syverson.

{4511} År: 1774.

Birgit Olsdtr. Skarsgard 1743-
Foreldre: Ola ... ... og ...
Gm Lars Syverson Lilleslett? Skarsgard 1742-1832
Foreldre: Syver ... ... og ... (Ingen Syver på Lilleslett i Hol.)
*Barn
1. Ingeborg Larsdtr. Skarsgard 30.11. 1766-1766
2. Syver Larsson Skarsgard Skarsgardhagen 24.06. 1768-
G 1799 m Åse Olsdtr. Sveinhaug. Sjå Skarsgardshagen, gnr. 92/2.
3. Ingeborg Larsdtr. Skarsgard 06.01. 1773-1851
Ugift. (NB. Ei ukjent I.L. fekk barnet Torand i 1816 med Knut Olson Langeland. Faddrane var frå Lofthus, Torbjørnplass, Slåtten og Lappemoen. )
    Ingeborg arva både i Ål og i Romsdal, broren Ola reiste til Romsdal. Ingeborg døydde på legd i 1851.
4. Ola Larsson Skarsgard 30.6. 1776-1782f
5. Liv Larsdtr. Skarsgard Torsteinsplassen 17.03. 1782-1851
Barn: Birgit 1810- sjå barnebarn. G 1816 m em Anders Halvorson Kvamen Torsteinsplassen.
    Anders og Liv selde Kvamen og kjøpte Torsteinsplassen i Skurdalen i 1822. Liv døydde som inderst på Torsteinsplassen i Skurdalen i 1851.
6. Ola Larsson Skarsgard 26.06. 1785-1848
G 1810 m Liv Tomasdtr. Sire. Sjå neste hushald. Til Romsdal.
*Barnebarn
1. Birgit Aslesdtr. Skarsgard Krusedokken 26.10. 1810-
Gm Ola Olson Isungset, Hol. Barn: Ola 1832-1872 på Bryplass i Skurdalen; Asle 1833- til Am.; Lars 1835-1892 gm Margit Aslaksdtr. Moen farmar ved Horace, ND; Anders 1838- i Krusedokken, gm Guri Amundsdtr. Larsplass.
    Gm Ola Endreson Renslemoen Krusedokken, Gol. Barn: Kari 1842-1925 gm ... Larsson, busett i
    Stokke; Liv 1847-1940 gm Rasmus Hanssen på Vahr i Stokke; Endre 1850-1884 ug.; Henrik 1854-1854.
    Foreldre: Asle Asleson Skarsgard (ungkar) og Liv Larsdtr. Skarsgard Kvamen Torsteinsplassen i Skurdalen.

Lars kjøpte halve 'Lille Skarsgard' i 1774 hjå Svein Larsson. Pris 299 rd. Han lånte 200 rd mot pant i 1 1/2 lb. (1374) s 13
    Lars var dreng på Brattegard i 1762. Lars og Birgit gifte seg i 1788. Fram til då hadde Lars vore husmann under Skarsgard. Han fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632)
    Lars vart oppnemnd til lagrettemann i 1776.
    I 1785 kjøpte Lars den andre halvparten i søre Skarsgard for 244 rd. Så var garden samla att etter delinga i 1774.

{4512} År: 1805

Ola Larsson Skarsgard 26.06. 1785-1848
Foreldre: Lars Syverson Lilleslett søre Skarsgard og Birgit Olsdtr. Skarsgard.
Gm Liv Tomasdtr. Sire Skarsgard 05.10. 1794-
Foreldre: Tomas Sveinson Sire og Brynhild Larsdtr. Bakken.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Skarsgard 07.07. 1811-
???
2. Brynhild Olsdtr. Skarsgard Brøto 10.12. 1812-1904
G 1836 m Ola Person Smedsplassen under Sundre til Eikro i Gol. Barn: Per 1835- .
    Ola reiste frå henne og begynte som fiskar i Kinn prgj. i Bergen Stift.
    I 1875 budde ho på øvre Brøto saman med 'Syver maler', dvs. Målar-Sjugurd (Sørbøl). Død 1904 i Nedre Brøta på Gol.
3. Guro Olsdtr. Skarsgard 28.05. 1815-
G 1843 m Olbjørn Person Brattegard. Barn: Ole Bjørn 1843- bakarmester i Molde, g 1875 m Olina Olsdtr. Stokke (1 dotter); Peder 1845- (f. i Veøy) skomakarmeister i Bodø, gm ... ... (9 barn);
    Liv 1847- ; Olbjørn 1849- ? broren? g 1875 m Olina Olsdtr. Stokke (.. barn); Lars 1855- ; Bernhard 1857- .
    Guro reiste til Veøy i Romsdal i 1843. Dei kjøpte garden Ekren i 1852, sidan var Olbjørn tømmermann og plassbrukar under Farkvam.
4. Lars Olson Skarsgard Farkvam 04.04. 1817-1882
Gm ... ... . G 1852 m enkje Marit Sørensdtr. Farkvam 1819-.... . Barn: Olina 1851- gm Ole Pedersen Eik, Bolsøy ; Anna 1856- ; Anne 1861- .
    Lars kom til Romsdal i 1848. (Dei andre i 1843.) Lars var bonde på Farkvam på Veøy i Romsdal. I 1865 hadde han 1 hest og 6 kyr og desutan småfe. Mora Liv var kårkone og enkje på garden.
    Ved giftarmål fekk Lars hand om ein Farkvam-gard til. Lars og Marit dreiv båe gardane til 1870. Då selde han Marit sin gard til sonen hennar frå fyrste ekteskap.
5. Ingeborg Olsdtr. Skarsgard 18.08. 1819-1820
6. Ingeborg Olsdtr. Skarsgard Røbæk 12.05. 1821-1877
Gm Ola Eirikson Røbæk. Barn: Anne 1846c- ; Oline 1859c- ; Maria 1852c- ; Inger Anna 1854c- ; Ola 1857c- .
    I 1865 var Ola bonde og sjølveigar på Røbekk i Bolsøy i Romsdal.
7. Tomas Olson Skarsgard 16.04. 1824-1865
Gm Mari Olsdtr. Våge. Barn: Anna ....- gm Anton Lasseson Voll Siem (4 barn); Eline 1852-1928 gm Ola Olson Samset (7 barn); Ola 1857-1938 gm Laura Olsdtr. Farkvam (2 barn).
    Tomas døydde som Tomas Farkvam.
8. Ola Olson Skarsgard 20.01. 1827-1895
Gm Gjertrud Sørensdtr. Farkvam ...-1894. Barn: Anne ....-1950 gm ... ... ; Laura ....- gm Ola Tomason Farkvam ( barn).
    Ola døydde som Ola Ekrenhagen på Veøy i Romsdal. (1663)
9. Liv Olsdtr. Skarsgard 20.12. 1829-
Død i Bolsøy. Ikkje funnen i FT 1865.
10. Svein Olson Skarsgard Røbækgjerdet 14.08. 1833-
Gm Elisabeth Persdtr. ..., Bolsøy 1841- . Barn: Julie 1862- ;... ; Lars 1882- fyrbøtar i utanriksfart; Gusta 1883- .
    Svein reiste 1843 til Romsdal saman med foreldra og sysken. I 1865 var han 'Husmand med Jord på Røbæk-nygjerde' i Bolsøy. Han hadde 1 ku og 2 sauer, og var husmann og murar.
    På husmannslassen Sveinplassen i Bolsøy i 1900. Død som Svein O. Røbækgjerdet.
11. Lars Olson Skarsgard 19.11. 1836-
Ikkje funnen på Veøy i FT 1865. Truleg L.O. som var enkjemann og verksarbeider på Vikns mekaniske i Bergen i 1900. Død i Veøy.
12. Haldis Olsdtr. Skarsgard 02.02. 1840-1840
13. Haldis Olsdtr. Skarsgard Sluth 17.02. 1841-
G 1862 m Ole Eriksen frå Grytten. Dei budde på Bjørset, så på Slutås i Fræna. Sluth. Barn: Edvard Olaus 1862. ; Lina Augusta 1863- ; Jørgen 1866- ; Tobias 1870-; Olaf Hedemar 1873- gm Olga Bjørnsen.
    Denne familien flytta til Tysfjord i Nordland. Fleire av ungane reise til Am. Dei kalla seg Sluth. (Brev frå K. R. Sande)

Ola og Liv gifte seg i 1810. Dei selde søre Skarsgard i 1843 og reiste til Veøy i Romsdal med seks barn. Ola var soldat i unge år, han hadde vore ute i krigen 1807-14.
    Ola og Liv kom til Farkvam i Rauma i Romsdalen i 1844, og budde der i mange år. Om ungane vart det sagt: "meget bekjente og tildels beundrede, de var nemlig av en helt annen type end folket i bygden, vakre, raske, sterke ungdommer som imponerte Romsdølerne". (1504)

{4513} År: 1843

Oleiv Torson Tistilsgard Skarsgard 25.03. 1799-1867.
Foreldre: Tor Eirikson Tistilsgard-Lappegard og Mari Oleivsdtr. Settungsgard.
Gm Turid Olsdtr. Berg Skarsgard 10.07. 1814-1910
Foreldre: Ola Halvorson søre Berg og Kristi Henriksdtr. Huus.
*Barn
1. Ola Oleivson Skarsgard 27.02. 1840-1913
G 1868 m Sissel Larsdtr. Holto.Sjå neste hushald.
2. Turid Oleivsdtr. Skarsgard Torsgard 22.02. 1841-1910f
Gm Lars Olson Torsgard. Barn: Ola 1875- sveiser; Ola 1875-1876.
    Turid tente nede på flat-bygdene i unge år. På Kokstad i Sande fekk ho ein gullkross i gåve då ho slutta. (1553)1902
    Lars var fehandlar. Dei budde budde ymse stader i Kr.ania til dei kom til Stensgt. 28 i 1902. Dei hadde 23 kyr på båsen og dreiv mjølke-utsal til faste kundar.
3. Tor Oleivson Skarsgard Moen 17.12. 1842-1928
G 1873 m enkje Birgit Olsdtr. Seimsodden Halfardokken. Sjå Toresgardsmoen gnr. 89/5a.
4. Mari Oleivsdtr. Skarsgard Bakketeigen 12.02. 1845-1922
G 1872 m Ola Larsson Bakketeigen, gnr. 116/1. Barn: Gunhild 1871-1954, sjå barnebarn.
5. Kristi Oleivsdtr. Skarsgard 16.12. 1847-1935
Ug. Ho var heime på garden heitte det i 1902.
6. Guri Oleivsdtr. Skarsgard Rønning 13.01. 1850-1920
G 1875 m Ola Olson Holterudningen. Barn: Ingeborg 1875- ; Ola 1877- ; ...
    Ola og Guri flytta til byen kring 1880. Dei fyrste 5 barna døydde av kolera. Så vart født 5 nye barn, ingen av desse vart gifte, men ein av dei gjekk forlova i 25 år. Då døydde forloveden. (LB)
    Ola dreiv kjøtforretning som 'Slakteborger Rønning' i Strømsv. 47, Kr.ania.
7. Torstein Oleivson Skarsgard Brattegard 10.09. 1852-1945
G 1885 m Kristi Larsdtr. nedre Brattegard, gnr. 84/1.
8. Birgit Oleivsdtr. Skarsgard Olsen 12.01. 1855-
Gm Otto Olsen, Kr.ania 1859- . Barn: Mina 1886- ; ...
    Guri og Otto dreiv røykeri i Normansgt. 16 i Kr.ania.
*Barnebarn
1. Gunhild Olsdtr. Skarsgard Noss 29.09. 1871-1954
G 1914 i Bergen m Tolleiv Tolleivson Haugegarden Noss.
    Foreldre: Ola Viggerson Oleivsgard (ungkar) og Mari Oleivsdtr. Skarsgard.

Oleiv og Turid gifte seg i 1840. Turid selde Skarsgard for 3200 kr til sonen Ola i 1869.

{4514} År: 1869

Ola Oleivson Skarsgard 27.02. 1840-1913
Foreldre: Oleiv Torson Lappegard Skarsgard og Turid Olsdtr. søre Berg.
Gm Sissel Larsdtr. Holto Skarsgard 03.09. 1845-1916
Foreldre: Lars Aslakson Holto Gjeldokk og 2.g Guri Tolleivsdtr. Gunhildgard Noss.
*Barn
1. Oleiv Olson Skarsgard 21.07. 1869-1958
Gm Birgit Olsdtr. Randen. Sjå neste hushald.
2. Lars Olson Skarsgard 25.12. 1871-1948
1916 Kr.ania m Birgit Eiriksdtr. Huso. Sjå Tullegard, gnr. 91/1 og Fagervoll.
3. Turid Olsdtr. Skarsgard Berg 21.12. 1873-1963
G 1902 Bragernes m Ola Håkonson Berg. Sjå nedre Berg, gnr. 88/2.
4. Ola Olson Skarsgard 08.03. 1878-1951
G 1930 m Birgit Botolvsdtr. Ødelien. Sjå nedre Langegard, gnr. 78/14.
5. Guri Olsdtr. Skarsgard Ådnegard 14.03. 1881-1954
G 1909 m Ola Olson Ådnegard. Sjå myljo Arnegard gnr. 91/6.
6. Tolleiv Olson Skarsgard 12.09. 1883-1976
G 1915 Bergen m Sigrid Larsdtr. Bjella. Sjå søre Toresgard, gnr. 89/1.
7. Kristi Olsdtr. Skarsgard Bergahagen 14.09. 1885-1962
G 1915 m Ola Botolvson Ødelien Springgard, sjå Bergahagen gnr. 39/2.
8. Torstein Olson Skarsgard 13.05. 1888-1975
G 1921 m Rangdi Knutsdtr. Opheim. G 1935 m Sigrid Olsdtr. Olavsbråten. Sjå Tullegard, gnr. 91/1.

Ola og Sissel gifte seg i 1868. Dei bygde saman uthusa under eit tak. (eller heilt nye uthus?)