Skarsgard nordre gnr. 92 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skarsgard nordre gnr. 92 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skarsgard har nok vore ein gard opphavleg. Delinga i noverande nordre og søre garden er ikkje kjent, men den skriv seg nok frå tida før 1600.
    Nordre Skardsgard vart skattlagt som øygard med ei landskyld på 6 laupsbol. I kjeldene er garden stundom kalla 'Store Skarsgard' sidan søre garden var kalla 'Lille Skarsgard'.
    (NB. I gamle kjelder var også Skøro i Sudndalen kalla 'Scharesgaard', og det kan gi høve til samanblanding.)
    Nordre Skardsgard er den indre (vestre) garden i nordre Vats. Skardgrove dannar grensa mot søre Skarsgard.
    Frådelte bruk og plassar: Randen bnr. 5. Skarslia hyttegrend.
    Areal 1865: dyrka jord 23 1/4 mål, naturleg eng 128 mål, utslått 72 mål. Avling 16 1/2 tunne bygg og 15 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål og anna areal 65 mål som vert leigd bort til hestebeite i samband med turisme, produktiv skog 539 mål, bjørkeskog 1139 mål, anna utmark 366 da.
    Våningshus bygt 1905, kårhus 1848, loft omkr. 1710, driftsbygning 1930.
    Nokre stadnamn: Bruåkeren, Firemåle (jordstykke), Røven (bakke), Sisseleikra, Juveåkrane, Undelondo (nedanfor Juveåkrane), Badstugueikra, Dalarsteigen, Geiteteigen (aust for hotellet), Kvenidn, Lassegjerda, Raudeberget, Skjetvalken (fjellknaus, fuglen musvåk), Kalvètræé (hotellet står her) og Gómmótræé.
    Til garden ligg også Skarslia hotell (bnr. 15), som Sverre Skarsgard bygde frå 1960 og utover. I 1982 vart Skarslia Appartement bygd. Gunnveig og Harald Eggestøl eig og driv det. Til saman er det 250 sengeplassar. Sjå meir under år 1954.
    Stølar. Heimstølar Nystølen, Hytteset og Stølsrud. Langstøl i Tvist (2 vollar?) og Dyrebotn.
   

{4539} År: 1760

Ivar Bjørnson Skarsgard 1734-
Foreldre: Bjørn Ivarson Skarsgard og Rannveig Guttormsdtr. Brattegard.
Gm Margit Sveinsdtr. Kvamen Skarsgard 1738-
Foreldre: Svein Person Kleppo Kvamen og Margit Knutsdtr. nordre Mørk, Hol.
*Barn
1. Bjørn Ivarson Skarsgard 29.09. 1757-
Reiste Bjørn Ivarson til Borre?
2. Svein Ivarson Skarsgard 12.03. 1761-
Ikkje funnen død.
3. Syver Ivarson Skarsgard 13.10. 1765-
4. Margit Ivarsdtr. Skarsgard 25.03. 1767-
5. Anne Ivarsdtr. Skarsgard 02.07. 1772-
6. Guri Ivarsdtr. Skarsgard 1775-

Ivar og Margit gifte seg i 1756. Ungane har truleg gått bort i 1790-åra. Ivar overtok garden i 1760, og lånte 200 rd same år. I 1760 var ein del i langstølen Smattan vart fråselt til Søndrol for 30 rd.
    Ivar var eit år då faren gjekk bort. Verge Lars Eirikson Rime sette Ivar til oppfostring hjå Birgit Eilevsdatter Arnegard fram til kyndelsmess 1737. På skiftet etter faren bad Lars Eirikson om at halve garden skulle leggast ut til Ivar, og at Lars sjølv skulle bruke denne delen i bruk inntil Ivar kunne overta sjølv. Slik vart det ikkje. Lars sette bort garden til bruk for Johannes Olson Noss og Ola Guttormson Brattegard.
    Det vart halde gardsyn før Lars Rime overtok. Stugu var i god stand, men grunnmuren var på veg ut. Husa elles: ei annan stugu, eldhus, ei forfallen bu, stolphus, ei bu, ei lu, hestestall, sau og hestestall, og ein låve med 2 luer. Fehus, ei gamal garlye (?), badstugu, smie, kvernhus, stølsbu Nystølen, stølsbu Åmellomstølen, bu og lu på Hytteset.
    Seks menn kom til at Skarsgard var god for 8 rd i årleg avgift i vonde og gode år. Husmann i Randen var Tor Embrikson.
    Ivar lånte 625 rd mot pant i garden i 1774, men han held attende plassen Randen.
    Ivar selde garden i 1775 til Ola Olson Havardsgard. Ingen pris oppgitt. (I 1782 fekk Ola skøyte på Randen for 270 rd.
    Nytt gardsyn vart halde i 1776. Nye hus var: ei stugu, grisehus. Det var 17 mål åker og garden fødde 13 fe, 1 hest og 2 kyrlag småfe.
   

{4540} År: 1775

Ola Olson Havardsgard Skarsgard 30.08. 1744-1808
Foreldre: Ola Asleson Havardsgard og Sissel Olsdtr. Arnegard (Tullegard).
Gm Guri Syversdtr. Skrattegard Skarsgard 01.01. 1756-1797f
Foreldre: Syver Olson Lofthus Skrattegard Breie og Margit Aslaksdtr. Hove.
Gm Gunhild Håkonsdtr. Berg Skarsgard 07.10. 1780-1862
Foreldre: Håkon Olson Berg og Ragnhild Syversdtr. Mørk.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Syver Olson Skarsgard 21.03. 1779-1852
G 1799 m Guro Johannesdtr. Mørk. Sjå neste hushald.
2. Ola Olson Skarsgard Randen 15.07. 1781-1853
G 1806 m Kari Aslesdtr. Stave. G 1810 m Ågot Olsdtr. Moen. G 1818 m Kari Arnesdtr. Bøygard Underberget. Sjå Randen, gnr. 92/5, Havardsgard, gnr. 81/1.
3. Sissel Olsdtr. Skarsgard Mørk 17.10. 1784-1842
G 1803 m Syver Johanneson Tullegard Mørk. Barn: Guri 1806- gm Halvor Embrikson Nestegard (Hol); Kirsti 1809- gm Syver Syverson Skarsgard; Johannes 1813-1885 til Am. i 1851, gm Birgit Tomasdtr. Røo.
    G 1821 m Lars Danielson søre Holshagen Mørk. Ingen barn.
*Barn i andre ekteskap
1. Asle Olson Skarsgard 14.11. 1802-1806
2. Guri Olsdtr. Skarsgard Amundsli 23.09. 1804-
G 1823 m Amund Olson Amundsli, Gol 1796-1851. Barn: Ola 1824-1894 farmar ved Lansing, Allamakee Co, Iowa, gm Tora Eilevsdtr. Pålbråten; Ola 1825-1912 farmar ved Lansing, Allamakee Co, Iowa, gm Caroline Learsen (av svensk ætt); Øystein 1828-1863 til Am. i 1861; Håkon 1830-1849; Ingebjørg 1833-1908, ho levde 50 år forkledd som kar ("Billy Williams") og var kokk i tømmerhoggarleirar. Ho gjorde dette pga. ulykkeleg kjærleik. Sjå Hallingen nr 159 juni 1952; Asle 1835-1912, farmar ved Walcott, Richland Co ND, gm Ingebjørg Torsdtr. Vindfalle; Gunhild 1838-1895 gm Truls Olson n Engjo-Krusedokken-Larsplass; Ragnhild 1841-1861 til Am. 1861.
    Guri og Amund hadde Amundsli i Gol.
    Guri vart attgift 1852 med Kristen Steingrimson Søre Li. I 1861 reiste Guri til Amerika saman med ungane sine. Kristen vart att. Ho er gravlagd ved Waterville, Iowa. (Gol III s 58)

Ola og Guri gifte seg i 1776. På skiftet etter Guri i 1799 var det 3616 rd å dele. Det var jordegods i Skarsgard og Randen, Geitevatnet med to underliggande tjørnar ('Biønsend'), og dessutan mykje pengar på utlån.
    Ola vart attgift 1800 med Gunhild. I 1771 hadde Ola sonen Ola med Guro Herleiksdtr. Hognerud frå Hol.
    Ola kjøpte Randen hjå Ivar Bjørnson Skarsgard i 1783 for 270 rd. Dermed hadde Ola overteke all eiga Ivar hadde i Skarsgard. Han kjøpte halve Geitevatnet og Bjønnsend i 1788 for 29 rd.
    Sumaren 1779 brann ei stugu hjå Ola. Det vart mykje oppstyr då dei meinte at brannen var påsett.
    Buet etter Ola var på 2275 rd netto. Havardsgard vart selt på auksjon til Halvor H. Gurigard for 1412 rd under skiftet i 1808. Fiskevatna Geitevatnet og Bjønnsend vart også auksjonert bort saman med ein båt for 72 rd.
    Gunhild vart attgift 1810 med Knut Bjørnson Bjørnebergstølen i Hemsedal. Barn: Ola 1811-1894 g 1836 m Gunvor Knutsdtr. søre Lien.

{4541} År: 1800

Syver Olson Skarsgard 21.03. 1779-1852
Foreldre: Ola Olson Havardsgard Skarsgard og Guri Syversdtr. Skrattegard Breie.
Gm Guro Johannesdtr. Mørk Tullegard Skarsgard 1778-1850
Foreldre: Johannes Syverson Mørk Tullegard og Kristi Ellingsdtr. Villand.
*Barn
1. Guri Syversdtr. Skarsgard Huus 10.04. 1800-1869
G 1823 m Henrik Eilevson Huus, gnr. 112/2.
2. Ola Syverson Skarsgard 01.11. 1801-1828
Nervefeber.
3. Kirsti Syversdtr. Skarsgard Lofthus 26.03. 1803-1871
Gm Ola Olson Lofthus, gnr. 79/1.
4. Johannes Syverson Skarsgard 10.06. 1804-1828
Nervefeber.
5. Ragnhild Syversdtr. Skarsgard 07.04. 1806-1828
Nervefeber.
6. Margit Syversdtr. Skarsgard Arnegard 25.12. 1807-1836
G 1831 m Embrik Person myljo Arnegard, gnr. 91/6.
7. Sissel Syversdtr. Skarsgard 08.10. 1809-1836
G 1835 m Tore Eilevson Huus. Barn: Ola 1836-1907, sjå barnebarn.
    Tore var lottebrukar på Skarsgard i 1836, brukte ein halvpart i garden medan svigerfar hadde resten. Tore reiste til Amerika med sonen i 1866. Sissel døydde truleg i barselseng i 1836.
8. Elling Syverson Skarsgard 15.01. 1811-1828
Nervefeber.
9. Syver Syverson Skarsgard 02.02. 1813-1867
G 1837 m Kristi Syversdtr. Mørk. Sjå neste hushald.
10. Torstein Syverson Skarsgard 10.03. 1816-1884
G 1844 m enkje Birgit Tolleivsdtr. Helling Sando. Sjå år 1868.
11. Aslak Syverson Skarsgard 08.08. 1817-1848
Aslak var sjukleg.
*Barnebarn
1. Ola Toreson Huus Bergaplass 17.08. 1836-1907
Gm Anne Levorsdtr. Veslegard. Barn: Sissel 1859-1949 gm Ole K. Ulsaker; Thore 1861-1932 gm Kristi Bjella; Borghild 1863-1924 gm Herman Hermannsen, gm Samuel Bridston; Kari 1865-1866; Eilev 1867-1930 gm Nanna Nelson 1869-1961; Syver 1869-1931 gm Emily Lernes; Caroline 1871-1896 gm Emil Peterson; Julianna 1872-1931 gm Carl Peterson; Christine 1875-1946 gm Peter Peterson; Michael 1878-1901; Emil Oscar 1880-1949 gm Sigrid Ella Dæhli; Anna Sophie 1885-1939 gm pastor Hans Engebretson frå Søndeled. (1005) (1045)
    Foreldre: Tore Eilevson Huus og Sissel Syversdtr. Skarsgard.
    Ola kjøpte Bergaplass i 1864. Dei reiste til Am. med skuta Siberius frå Bergen i 1866. Eit barn døydde på overfarten. Dei farma fyrst i Nicollet Co, MN. På sine gamle dagar budde dei i Richland Co, ND. Namnet endra han til Huss.

Syver og Guro gifte seg i 1799. Syver kjøpte garden i 1800 for 1000 rd. Syver var med i bondetoget i 1818, han var skrivefør og han var valmann.
    I 1828 kom det nervefeber (tyfoidfeber) på Skarsgard. Syver og Guro mista fire ungar det året.
    I 1829 leigde Syver ein skogrem 'Galden' (unnateke furuskogen) hjå Ola H. Berg.

{4542} År: 1838

Syver Syverson Skarsgard 02.02. 1813-1867
Foreldre: Syver Olson Skarsgard og Guro Johannesdtr. Mørk-Tullegard.
Gm Kristi Syversdtr. Mørk Skarsgard 18.12. 1809-1871
Foreldre: Syver Johanneson Tullegard Mørk og Sissel Olsdtr. nordre Skarsgard.

Syver og Kristi gifte seg i 1837. Dei var syskenbarn. Dei fekk fire dødfødde barn og ein gut som døydde liten.
    Syver hadde godt handelag og har laga stuguskåp og roskåp som enno er på garden. Ved kontrakt av 1851 vart Syver eineeigar av Tvistvatnet.
    Ingen gjeld i 1871. Buet var på 1382 spd. Garden vart selt 1868 til Syver sin bror, Torstein Syverson. Syskena arva etter Syver og Kristi, unnateke dei syskena som var i Amerika.

{4543} År: 1868

Torstein Syverson Skarsgard 10.03. 1816-1884
Foreldre: Syver Olson Skarsgard og Guro Johannesdtr. Mørk-Tullegard.
Gm Birgit Tolleivsdtr. Helling Sando 20.07. 1824-1896
Foreldre: Tolleiv Torjusson Varaberg Helling og 2.g Anne Andersdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Guro Torsteinsdtr. Skarsgard Hove 11.12. 1846-1917
G 1871 m Ivar Halvorson Varaberg Hove, gnr. 107/6.
2. Anne Torsteinsdtr. Skarsgard Berg 25.05. 1849-1882
G 1877 m Ola Henrikson Berg. Til Am. 1881: Evansville, MN. (1248)
3. Sissel Torsteinsdtr. Skarsgard 03.01. 1852-1860
4. Syver Torsteinson Skarsgard 17.06. 1854-1935
G 1879 m Margit Håkonsdtr. Bøygard. Sjå neste hushald.
5. Guri Torsteinsdtr. Skarsgard Lå 07.05. 1857-1907
G 1887 m Ola Olson ØvreLå, gnr. 102/1.
6. Tolleiv Torsteinson Skarsgard 06.10. 1859-1880
Ugift.
7. Sissel Torsteinsdtr. Skarsgard Hallsteinsgard 08.07. 1862-1943
G 1890 m Ola Pålson Hallsteinsgard i Hol. Barn: Pål 1891-1967 gm Anne Olsdtr. søre Sletto; Sigrid 1897-1972 til plassen Nyhus i Hol, ug.
    Sissel var flink med kvitsaum, ho laga hettepannelin o.l. Då Sissel flytta til Hallsteinsgard i 1890 gjekk ho på ski over åsen og møtte heimkomveitsla som hadde køyrt om Gullhagen. Så løypte ho saman med fylgjet opp til Halsteinsgard.
    Pål kjøpte Ovavoll i 1911 og slo saman tre gardar til ein. (Hallsteinsgard, Ovavoll og Medgarden)
8. Syver Torsteinson Skarsgard Svarteberg 16.02. 1865-1939
G 1898 m Birgit Knutsdtr. Bjella. Sjå Svarteberg, gnr. 54/2.
9. Kristi Torsteinsdtr. Skarsgard 30.04. 1870-1870

Torstein og Birgit gifte seg i 1844. Ho var enkje etter Ola Eirikson Sando.
    Torstein hadde nordre Helling frå 1844 til 1849 og sidan søre Hove fram til 1871. Då selde dei Hove og kjøpte Skarsgard for 1100 spd.
    Torstein hadde sonen Torstein 1843-1867 (ug. drukna i Røldal) med Ragnhild Olsdtr. Berg Håheim.

{4544} År: 1881

Syver Torsteinson Skarsgard 17.06. 1854-1935
Foreldre: Torstein Syverson Skarsgard og Birgit Tolleivsdtr. Helling Sando.
Gm Margit Håkonsdtr. Bøygard Skarsgard 27.08. 1853-1896
Foreldre: Håkon Asleson Medgard nordre Bøygard og Guri Tolleivsdtr. Opsata.
Gm Birgit Jakopsdtr. Venås Skarsgard 13.08. 1866-1905
Foreldre: Jakop Venås og Anne Jonsdtr. Husstad, Hemsedal.
Gm Gunhild Johannesdtr. Berg Skarsgard 09.10. 1864-1939
Foreldre: Johannes Halvorson Berg og Sissel Sveinsdtr. Sletto i Hovet.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Torstein Syverson Skarsgard 31.10. 1880-1975
G 1912 i Bergen m Sissel Eiriksdtr. Trintrud. Sjå neste hushald.
2. Birgit Syversdtr. Skarsgard Berg 31.05. 1882-1965
G 1903 m Torstein Håkonson nordre Berg, gnr. 88/1.
3. Tolleiv Syverson Skarsgard 13.06. 1884-1959
Gm Clara ... . Barn: .... . Død i Minot i ND i 1959.
4. Guri Syversdtr. Skarsgard 13.12. 1886-1973
Ug. Guri var ute på tenest nede på flatbygdene i mange år. På sine gamle dagar flytta ho attende til Ål og budde på Heimdal.
5. Kristi Syversdtr. Skarsgard Haugen 30.08. 1889-1950
G 1918 m lærar Ola Larsson (Skjerping)Haugen. Sjå eige hushald.
6. Håkon Syverson Skarsgard 21.06. 1892-1987
G 1922 m Borghild Grambo, Trysil. Barn: Margaret ....- gm ... Ardell ....-; Sylvan ....- ; Harvey ....- ; Lloyd ....- . (1478)
    Håkon reiste til Am. 1911: Gowan, Sasc. Canada. Seinare farmar i Viscount Sasc.
7. Syver Syverson Skarsgard 12.06. 1896-1981
G 1924 m Gunvor Rasmusdtr. Opheim. Sjå år 1920.
*Barn i andre ekteskap
1. Jakop Syverson Skarsgard 17.09. 1899-
Gm ... ... . Barn: ........... . Jakop og broren Olav reiste til USA saman og tok seg land side om side.
2. Olav Syverson Skarsgard 18.11. 1900-
Farma ved sida av broren Jakop. Olav flytta attende til heimlandet på sine gamle dagar.
3. Anna Syversdtr. Skarsgard 09.05. 1902-
4. Margit Syversdtr. Skarsgard 07.09. 1904-1939
Sjukepleierske.

Syver vart kalla "Store-Sjugurd". Syver og Margit gifte seg i 1879. Dei fekk 7 barn.
    Syver vart attgift med Birgit og fekk 4 barn med henne. Så vart han attgift med Gunhild. Ingen barn.
    Frå 1907 dreiv Syver garden saman med sonen Torstein. Torstein kjøpte garden, men sat utan heimel. Sjå neste hushald.
    Syver selde Skarsgard og kjøpte seg garden Hanevoll i Skoger. Kom attende til Ål og kjøpte Heimdal. Sonen Syver tok Skarsgard attende på odel. Død som rentenist.