Randen gnr. 92 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Randen gnr. 92 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Randen var plass under nordre Skarsgard. Garden ligg lognt og einbølt i dalbotnen innerst i Vats. Randen vart sjølveigarbruk kring 1800.
    Namnet kjem av lendet, ein rand er ein markert jordrygg. Det heiter 'i Rande' i dativ.
    Areal 1865: dyrka jord 14 1/2 mål, naturleg eng 48 mål, utslått 204 mål. Avling 9 1/2 tunne bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 47 mål, produktiv skog 57 mål, bjørkeskog 1500 mål, anna utmark 10 mål. Leigd jord 24 mål. Buskap: 37 geiter, 73 vinterfôra sauer, 1 hest.
    Våningshus bygt 1982, hallingstugu 1877, kårstugu (frå Håheim 1844, gardsmuseum), stugu 1925, hytte 1983, låve 1927, fjøs 1874, sauefjøs 1981, stolphus ombygt 1923, loft 1850, badstugu 1870.
    Nokre stadnamn: Badstuguåkradn, Stølshallidn (ved Åmyljostølen), øvre og nedre Helladn , Kvannolskardet, Kvenidn (innhegningar), Torvhesjadn, Træet, Eldhusåkeren, Åkrelægji.
    Stølar. Heimstøl Åmyljostølen (mellom Varaldset-åne og Storeåne) og Bergastølen (nedlagt). Randestølen er og nedlagt. Langstøl i Tvist. Frå gamalt hadde Randen og Skarsgard slik turnusordning for stølsdrifta: to år i søre Tvist, to år i Dyrebotten og eitt år i nordre Tvist. Så slo dei dei andre stølane. (Jfr. Notat etter T. Randen.)
    Tilkjøpte rettar: Rimes jakt- og fiskerett (gnr. 115, bnr. 34, dvs. 1/4 i Rødungen). Halve skogen til Anfinnlien, gnr. 106/10.
   
   

{4552} År: 1774

Syver Gjermundson Gullstein Randen 1743.-
Foreldre: truleg Gjermund Knutson Gullstein, Hol og Birgit Syversdtr. Gjeldokk. Gm enkja ... ... ... . Steson: Svein Johanneson.

Syver Gjermundson lånte bort 260 rd til Ivar Bjørnson Skarsgard i 1774, og fekk brukeleg pant på 19 år i Randen. Med plassen fylgde hus, åker og eng, samt heile Kvannol-lie og Randestølen med bubeite og gjerdesfang. Vidare var noko engeland under plassane Dokken og Feten.
    Gardsyn 1775: stugu ; smie til nedfalls; badstugu; låvehus dårlege; to sauestallar, stall og fjøs utan tak. På Randestølen: steinbu med dårleg tak 5 rd. Heimstøl: Kvannolstølane to buer og ei lu. Åker: 3 mål 3 fjerdingshorn, dårleg hevda. Årleg rente vart sett til 8 rd.
    Syver kom på tinget i 1779. Han var saksøkt av Ola O. Skarsgard for å ha utvida Randen ved inngjerding av Dokken, og dessutan hadde han sett opp eit kvernhus utan løyve. Syver hadde flytta ei lu inn på marka til Skarsgard, hogd 12 furutre, og teke inn framande dyr til hamning.
    Syver hevda at både han og forrige eigar hadde hatt slåtte-rett på "disse Holmer" der kvernhuset no var sett opp. Han vart dømt til å flytte både dei nye gjerdene, lua og kvernhuset. (1397) s 63
    Denne saka vart fylgd av eit injuriesøksmål. Ola hadde uttrykt seg offentleg om Syver sin "Ære og Velfærd". Det var kanskje noko i det.
    I 1780 var det 'burgang' hjå Syver i 1780. Bygdefolk leite gjennom alt som var i Randen, og der vart funne varer som visstnok tilhøyrde andre.
    Då vart Syver bakbunde med noko tjuvegods på ryggen. Nokre karar drog han noko hardhent med seg frå gard til gard. På Dusegard var det nyleg laga hol i taket på stolphuset og 3 1/2 saueslakt m.m. hadde vorte borte. Karane truga Syver opp gjennom holet. Deretter spurde dei om han kjendest ved holet. Sume ville føre Syver til lensmannen, andre ville binde han til ein stolpe og piske han, men folket på Dusegard ville forlikast med Syver.
    Det vart til at Syver tilstod kva varer han hadde teke i si store naud. Partane vart samde om at han skulle betale 7 rd for varene, og kjerringa til Håkon Berg gjekk i kausjon for Syver. (1396) s 45
    Under rettssaka kom det fram rykte om ein grå hest som Syver hadde med frå Vestlandet og som 'Anders Halling' på spurde etter. Ved eit anna høve var det borte ein hest for Anders Knutson i Numedal. Syver fekk med seg Ola T. Stave og saman reiste dei til Numedal og gjorde eit forlik med Anders. På vegen dit kalla Syver seg 'Anders Leksvol' for å unngå bråk. (1396) s 15
    Syver heldt seg gøymt ei tid etter at saka kom opp endå han var bufast mann i bygda. Han vart arrestert og brakt for retten i 1782. Syver klaga over at han under mishandling hadde "avgitt declarationer som icke overenskommer med det som virkelig passerede".
    Retten kom til at Syver "billigen bør ansees for en høist straff-verdig Person" og difor skulle han betale "tvi-gjeld 14 rd" (det dobbelte) og dessutan "miste sin Hud i Fengsel". Buet hans skulle tilfalle Kongen. Men Syver vart frikjent for å ha teke den grå hesten.
    Forsvararen anka domen på staden. Men Syver sa til domaren at han godtok domen for å unngå ein lengre arrest og for å spara ålmogen for vakthald og kostnad. På den måten ville Syver snart bli sett fri til fordel for kone og barn ... . (1396) s 52
    På neste ting kom Syver og Ola Skarsgard og kunngjorde dei var samde om å heve all disputt og usemje seg i mellom. Alle søksmål vart fråfalle og Ola betalte 10 rd til Syver og 6 rd til sakførar Hesselberg (2 dagars arbeid). Hesselberg gratulerte partane med forliket.

{4553} År: 1775


Ivar Bjørnson held attende Randen då han selde nordre Skarsgard i 1775. Året etter kravde panthavaren Syver Gjermundson takst.
    Ivar selde Randen 1783 til Ola Olson nordre Skarsgard. Randen vart brukt under Skarsgard fram til 1800 då Ola selde Skarsgard og held attende Randen. Det vart husmannsfolka i Skarsgardhagen som brukte Randen fram sonen Ola Olson Skarsgard f. 1781 overtok i 1801.

{4554} År: 1801

Ola Olson Skarsgard Randen 15.07. 1781-1853
Foreldre: Ola Olson Havardsgard Skarsgard og Guri Syversdtr. Breie. G 1806 m Kari Aslesdtr. Stave. G 1810 m Ågot Olsdtr. Moen. G 1818 m Kari Arnesdtr. Bøygard Underberget.

Sjå meir om familien til Ola Olson under Havardsgard, Strand Bakka og Underberg, gnr. 127/21.

{4555} År: 1809

Ola Olson Skarsgard Randen 03.12. 1771-1823
Foreldre: Ola Olson Havardsgard Skarsgard (ungkar) og Guro Herleiksdtr. Hognerud (Hol).
Gm Kari Tolleivsdtr. Breie Randen 10.10. 1779-
Foreldre: Tolleiv Syverson øvre Breie og Barbro Torsdtr. Huus.
*Barn
1. Ola Olson Randen 21.02. 1810-1839
Ugift. Ola låg sjuk i fire og eit halvt år før han døydde i 1839. Han ville at resten av eiga hans (31 spd lausøyre og 90 spd i fordringar) skulle tilfalle mora for oppvartning medan han låg sjuk.
2. Tolleiv Olson Randen 03.11. 1811-1847
G 1842 m Guri Embriksdtr. Langegard. Sjå neste hushald.
3. Lars Olson Randen Thon 04.09. 1815-1880
G 1847 m Haldis Olsdtr. Berg. Sjå søre Thon, gnr. 74/2.
4. Birgit Olsdtr. Randen Bakke 11.05. 1822-
G 1846 m Embrik Embrikson Bakke, gnr. 49/1.

Ola og Kari gifte seg i 1809. Ola fekk skøyte på Randen i 1809. Ola sette opp ein solid timralåve som var i bruk til 1927. Sauestallen er i bruk enno!
    Det fortelst at Ola hadde gode hestar, dessutan var han sterk sjølv. Buet etter Ola var på 858 rd.
    'Enken Randen' betalte seg fri for pliktarbeid hjå presten i Husmannsmanntalet 1834 til 1839.

{4556} År: 1842

Tolleiv Olson Randen 03.11. 1811-1847
Foreldre: Ola Olson Skarsgard Randen og Kari Tolleivsdtr. Breieeikro.
Gm Guri Embriksdtr. Langegard Randen 11.08. 1807-1875
Foreldre: Embrik Embrikson Langegard og Liv Eiriksdtr. Trintrud.
*Barn
1. Ola Tolleivson Randen 11.11. 1843-1925
G 1867 m Birgit Olsdtr. Håheim. Sjå år 1868.
2. Embrik Tolleivson Randen 04.02. 1845-1907
Gm Barbro Embriksdtr. Bakke. Barn: mange.
    Embrik starta som handelsmann. Ved konkursen i 1879 vart mykje klede og tøy er registrert. Embrik reiste deretter til Amerika og vart farmar ved Gary, MN.
3. Kari Tolleivsdtr. Randen 12.02. 1847-1852

Tolleiv og Guri gifte seg i 1842. Tolleiv overtok garden etter takst i 1842. Pris 600 spd og kår. Tolleiv gjekk tidleg bort. På skiftet var buskapen hest, 10 kyr, 7 småfe.
    Tolleiv hadde drive med fehandel, og eiga var 1337 spd netto. Garden vart utlagt til Guri som gifte seg opp att med tenestguten, sjå neste hushald.

{4557} År: 1849

Botolv Olson Gudbrandsgard Randen 01.12. 1821-1896
Foreldre: Ola Syverson Ødelien Gudbrandsgard og Guri Olsdtr. Gudbrandsgard.
Gm Guri Embriksdtr. Langegard Randen 11.08. 1807-1875
Foreldre: Embrik Embrikson Langegard og Liv Eiriksdtr. Trintrud.
Gm Rønnaug Embriksdtr. Turkarstad Randen 17.08. 1846-1935
Foreldre: Embrik Sindreson Turkarstad og 2.g Guri Torsdtr. Tistilsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Guri Botolvsdtr. Randen Kyrkeluten 26.03. 1850-1906
G 1869 m Ola Olson Torkjellsgard Kyrkeluten (Hol). Barn: Ola 1871-1906 ug. lærar i Afrika; Botolv 1872- ug. underoffiserskule; Embrik 1874- til Canada, gm Anne Øysteinsdtr. Grogard (2 barn); Elling 1876- på Geilo; Ola 1878- til Am. gm ... ... (4 barn); Guri 1881-1948 på Kyrkjeluten, gm Guttorm Øysteinson Grogard (2 barn); Anne 1883- til Am. gm ... Schultz; Eirik 1885- til Am.; Haldis 1887- til Am. gm ... ... ; Rønnaug 1887-1891. (Hol IV s 101)
*Barn i andre ekteskap
1. Embrik Botolvson Randen 02.02. 1885-1927
Embrik var døvstum. I 1896 var han på Hamar Døvstumme-Institusjon.

Guri vart attgift med Botolv i 1849. Dei fekk ei dotter. Botolv og Guri hadde Randen til sonen hennar, Ola Tolleivson, overtok i 1868.
    Botolv vart attgift 1884 med Rønnaug og fekk ein son med henne. Rønnaug levde 39 år etter at Botolv gjekk bort. Ho budde i ei stugu på 'Rånnågtomte' i Skarsgardshagen. Rønnaug døydde på Turkarstad i 1935.

{4558} År: 1868

Ola Tolleivson Randen 11.11. 1843-1925
Foreldre: Tolleiv Olson Randen og Guri Embriksdtr. Langegard.
Gm Birgit Olsdtr. Håheim Randen 11.10. 1840-1919
Foreldre: Ola Solveson Medgarden Håheim nedre og Margit Embriksdtr. Espegard.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Randen Larsgard 05.12. 1870-1899
G 1893 m Svein Kitilson Larsgard, Hovet 1865-1959. Barn: Kitil 1895-1957 gm Anna Gurine Haugen (2 barn); Birgit 1897-1973 g 1920 m Knut Sindrol på søre Berg (Hovet) (2 barn); Olav 1899-1995 g 1934 m Signe Govertsen (2 døtre).
2. Margit Olsdtr. Randen 11.05. 1873-1891
3. Tolleiv Olson Randen 04.08. 1875-1966
G 1902 m Helga Olsdtr. Ellingsgard. Sjå neste hushald.
4. Kari Olsdtr. Randen Dusegard 25.06. 1878-1941
G 1903 m Embrik Embrikson Dusegard, gnr. 84/5.
5. Birgit Olsdtr. Randen Skarsgard 11.05. 1881-1915
G 1908 Kr.ania m Olav Olson søre Skarsgard, gnr. 92/1.
6. Borghild Olsdtr. Randen 10.01. 1886-1932
Ug. Borghild var ei svært dugande veverske. (Utdanna ved Søstrene Bengstson's vevskule). Ho var heime, stelte far sin og sat i veven.
    I 1925 fekk Borghild sett opp ei liten stugu i Randen. Alle tant-ungane fekk eit åklede i gave.

Ola og Birgit gifte seg i 1867. Ola overtok Randen for 800 spd i 1868. Birgit fekk med seg ei gamal stugu frå Håheim. (Den er no gardsmuseum.)
    Ola bygde stugu, fjøs og stall, og la inn vatn så tidleg som 1888. Ola og Birgit selde garden til sonen i 1907.