Myking gnr. 93 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Myking gnr. 93 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Myking, på Myking. Garden Myking var truleg i drift i høgmellomalderen. (Solhjell 1987)
    Gardsnamnet kan koma av myr 'mykr', ovanfor tunet ligg ei myr. Myking er den innerste garden i Kvinnegardslia.
    Myking var skattlagd som halv øygard, og hadde ei landskyld på 1 laupsbol. Myking er fyrste gong nemnt i skattelista frå 1577. Garden var krongods, dvs. bonden var leiglending under kongen, og betalte 2 kalvskinn og 1 album i årleg avgift før 1616, og sidan 1 kalvskinn fram til 1713 då bonden vart sjølveigar.
    Det vart fortalt at etter øydetida vart Myking brukt som støl ei tid før den faste busetnaden utvida seg att fyrst på 1600-talet. I tråd med dette finn me også Myking-bonden som aktør i rettssakene mellom Kvinnegardsli-bøndene og Noss-bøndene om stølsmarka innanfor bygda. Myking var underbruk til Amundsgard Strand kring 1616.
    Frå gamalt hadde Myking kvern og slipe i Kvinda. I 1723 vart nemnt ein flaum-kvern. Sjå under Mykinghaugen.
    Grensene for garden er av gamal, lettstelt type: dei tre vassdraga Hodnan-åne, Kvinda og Innkvelvli-bekken og åsen i nord. Slik hadde grensene vore frå arilds tid står det i ei grensekontrakt frå 1849.
    Areal 1865: dyrka jord 22 mål, naturleg eng 106 mål, utslått 42 mål. Avling 16 tunner bygg 13 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 125 mål, anna areal 63 mål, produktiv skog 200 mål, annan utmark 600 mål. Buskap 105 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1903, ombygt 1968, kårhus 1933, ombygt 1982, driftsbygning 1914, ny driftsbygning 1974 med påbygg i 2000, 3 utleigehytter 1978-91.
    Tore Myking (1865-1937) skreiv i Hallingen: Der var to stuguhus på Myking. Den eine bar årstalet 1710 og skulle vera kjøpt på Rime-vangen for eit gjeldsbrev på 16 rd, og den andre var måla av Nils Bæra. Det vart fortalt at det tok han 16 veker å måle kammerset, prisen var 40 spd. Under arbeidet fekk ingen koma inn til Nils. Det gjekk rykte om at han hadde Svarteboka og hjelp av ein viss person.
    Då Nils var ferdig sa han til Knut Myking: "Her har eg vist min kunst og lyst min Flid. No skal du gje meg ei tunne korn attpå. " Og det fekk han. Målinga viser ei rekke bibelske motiv. (1406)
    Plassar og underbruk: Haugen (Mykinghaugen bnr 2), Veslestølen, Odden og Mykingstølen.
    Stølar. Heimstølar er Veslestølen og Maristølen. Opphavleg langstøl Mykingstølen kom frå garden i 1907. Ny langstøl (to vollar) vart tilkjøpt på Mjåvasstølen, Haga-gjerda i 1985 og Galden i 1991.

{4576} År: 1751

Tor Danielson Myking 1722-1797
Foreldre: Daniel Embrikson Myking og Kristi Henriksdtr. Torsgard.
Gm Gunvor Torsdtr. Helling Myking 1721-1751s
Foreldre: Tor Eilevson Helling og Ågot Embriksdtr. Skrindo.
*Barn
1. Ågot Torsdtr. Myking 31.05. 1750-1771s
Barn: Ola Johanneson, sjå barnebarn. Ågot vart bøtelagt 6 rd for legemål med Johannes Guttormson Råen. Formyndar Ola Torson Rime.
    I 1771 vart halde skiftet etter Ågot. Buet var 116 rd. Ho sat med 1/24 laupsbol i Tveito som vart utlagt til sonen.
2. Gunvor Torsdtr. Myking 18.07. 1751-1751c
Truleg død ung.
*Barnebarn
1. Ola Johannesson Myking Øygarden 1770-1838
G 1807 m enkje Åse Olsdtr. Øygarden, gnr. 48/1.
    Foreldre: Johannes Guttormson Holo Råen (ungkar) og Ågot Torsdtr. Myking.

Tor brukte broren Embrik sin halvpart i Myking mot pant på 97 rd frå 1751.
    Det var skifte 1751 etter Gunvor. Då var det 120 rd å dele.
    I 1761 lånte Tor 260 rd hjå Ola Rime og var då eigar av garden Myking. Gjelda auka med 400 rd i 1767 mot pant i garden.
    I 1769 bygsla Tor Danielsen Myking bort plassen Mykinghaugen til Asle Asleson. Men gjelda tyngde, og Tor var no åleine etter at Gunvor gjekk bort i 1751. Enkjemennene Knut og Tor heldt makeskifte slik at Tor fekk Amundsplassen (Toreplass) og Veslestølen under Myking og dessutan 620 rd medan Knut overtok Myking. Sjå neste hushald. I tillegg fekk Tor slåtta Grønebakken og ei grasing ovanfor Kulufossen.
    Dottera Ågot døydde då sonen Ola var 1 1/2 år. Johannes, far hans, møtte på skiftet og tok på seg oppsedinga. Men det gjekk dårleg.
    I 1772 kom Tor Myking på tinget og klaga Johannes for vanskjøtsel av barnebarnet. Vitne fortalde korleis 2-årige Ola var funnen i senga på Råane, dårleg kledd mot kulde, med blåe merke og utslegne tenner. Johannes sa at han hadde slege, og kom til å slå så lenge Ola ikkje låg død. Likevel gjekk retten bort og frikjende Johannes for "overdreven og Lovstridig Refselse". (1370) s 57
    Tor tok barnebarnet med seg, det kunne korkje gå eller stå. Og etter ei tid på Myking kvekna Ola til att.
    Tor budde på Veslestølen i 1780. Den selde han til Eirik Olson Ruud for 90 rd.
    Tor var oppført mellom "Fattige 1780-1800". Veslestølen ( støl m/vår og haustbeite)

{4577} År: 1776

Knut Torjusson Helling Strand Myking 1735-1804
Foreldre: Torjus Botolvson Ulshagen Helling og Birgit Olsdtr. Hove.
Gm Guri Olsdtr. Rimehaugen Holto 08.06. 1740-1802s
Foreldre: Ola Eirikson nordre Rime og Guri Sevatsdtr. Thon.

Om fyrste ekteskapet til Knut Torjusson, sjå Aslegarden Strand, gnr. 123/2. Knut var fyrst gift med Anne Sveinsdtr. Ulshagen Skottebøl.
    I 1772 kjøpte Knut Nilsegarden Strand. Då han selde den garden i 1773, held han attende Amundsplassen. I 1776 bytte Knut til seg garden Myking for Amundsplassen og 620 rd hjå Tor Danielson Myking. Tor held attende Veslestølen.
    I 1780 selde Knut furuskogen i skogremmen 'Lundene' til panthavaren Hermund T Stakegard. Knut held attende bjørkeved og tørrved i skogremmen. Saman med Holtebøndene og Eirik Ruud inngjekk Knut avtale om bruken av hamnegangen oppe på åsen i 1784. Knut kjøpte attende heimstølen Veslestølen hjå Eirik Ruud i 1787 for 90 rd.
    Knut selde Myking til svigersonen i 1793 for 499 rd.
    Knut vart attgift med Guri i 1797. Ho var enkje etter Svein Nilsson Holto. Knut og Guri søkte skilsmål i 1800, og var i forlikskommisjonen 1801 for å få fastsett hennar rett til kår på Holto. (1407) s 42
    Knut Toreplass kjøpte stølen Feten hjå nordre Holto i 1810. Det var truleg ein øydestøl inne på Hevjansåsen.
   

{4578} År: 1793

Ola Olson Hove Myking 26.12. 1756-1806s
Foreldre: Ola Aslakson Hove d.y. og Sigrid Gunnarsdtr. Torsgard.
Gm Birgit Knutsdtr. Skottebøl Myking 30.08. 1761-1804
Foreldre: Knut Torjusson Helling Skottebøl og Anne Sveinsdtr. Ulshagen.
*Barn
1. Anne Olsdtr. Myking Helling 27.11. 1785-1812
G 1804 m Tolleiv Torjusson Varaberg Helling.
2. Sigrid Olsdtr. Myking Løkensgard 1787-1831
G 1806 m Ola Olson Løkensgard, gnr. 58/6.
3. Astrid Olsdtr. Myking 1790-
Truleg død i 1790-åra.
4. Knut Olson Myking 13.11. 1791-
Truleg død i 1790-åra.
5. Knut Olson Myking 1794-1878
G 1815 m Astrid Olsdtr. Strand. G 1821 m Ågot Olsdtr. Skrindo. Sjå neste hushald.
6. Guri Olsdtr. Myking Skrindo 1798-1855
G 1822 m Håkon Olson nordre Skrindo, gnr. 47/1.
7. Ola Olson Myking 1804-1804

Ola og Birgit gifte seg 1785. Ola kjøpte Myking hjå svigerfaren i 1793 for 199 rd, men Knut held attende Veslestølen og kåret sitt. Ola lånte 297 rd hjå Hermund T. Stakegard.
    I 1797 vart Lars Noss innkalla til forlikskommisjonen for å ha flekkt never i Myking-skogen. Ola fekk 8 rd for never-flekkinga og så var dei forlikte. (1407)
    Birgit døydde i barselseng 1804 og den siste sonen Ola levde berre 14 dagar. Buet var 1312 rd. Ola gjekk bort i 1806. Garden vart då taksert til 1500 rd og lagt ut til ungane.
    Sidan to av ungane var småe, bestemte skifteretten at lausøyret skulle auksjonert bort. Ola hadde selt garden til sonen Knut 4. januar 1806, men då det vanta stempla papir, så ville ikkje skifteretten godkjenne handelen. Formyndar Ola Olson Skrattegard dreiv garden omlag eit år til sonen Knut tok over. Buet etter Ola var 921 rd.

{4579} År: 1806

Knut Olson Myking 1794-1878
Foreldre: Ola Olson Hove Myking og Birgit Knutsdtr. Myking.
Gm Astrid Olsdtr. Strand Myking 01.04. 1793-1817
Foreldre: Ola Halvorson Halvorsgard Strand og Anne Aslesdtr. Stave.
Gm Ågot Olsdtr. Skrindo Myking 00.03. 1804-1901
Foreldre: Ola Sevatson Tveito Skrindo og Ågot Håkonsdtr. nordistugu Skrindo.
*Barn i andre ekteskap
1. Astrid Knutsdtr. Myking 12.02. 1821-1821
Astrid levde 12 dagar.
2. Astrid Knutsdtr. Myking Helling 02.02. 1822-1891
G 1842 m Torjus Tolleivson Helling, gnr. 106/8.
3. Ola Knutson Myking 02.12. 1823-1891
Gm Haldis Toresdtr. Hove. Sjå neste hushald.
4. Birgit Knutsdtr. Myking Kvinnegard 24.10. 1825-1851
Gm Ola Halvorson (myljo) Kvinnegard, gnr. 96/4.
    Birgit skal ha vore ei uvanleg vakker kvinne. Ho hadde ein kjærast frå før, men foreldra skipa til giftarmål utan å bry seg om det. Og Birgit fekk velja mellom Ola eller 'stav og pose'. Det vart eit ulykkeleg ekteskap. Birgit vart drepen av mannen i februar 1851. Sjå Kvinnegard, gnr. 96/4. (1591)65
5. Ågot Knutsdtr. Myking 28.06. 1828-1830
6. Ågot Knutsdtr. Myking Helling 22.02. 1831-1907
G 1851 m Ola Tolleivson Helling, gnr. 106/3.
7. Anne Knutsdtr. Myking Gjeldokk 18.03. 1834-1857
G 1855 m Lars Nilsson Gjeldokk, gnr. 105/2.
8. Ola Knutson Myking Mykinghaugen 27.04. 1836-1924
Gm Ragne Embriksdtr. Gjeldokk. Gm Margit Olsdtr. Strand (Bakka). Sjå Mykinghaugen, gnr. 93/2.
9. Knut Knutson Myking 22.11. 1838-1855
Død 17 år gamal.
10. Birgit Knutsdtr. Myking Gjeldokk 24.02. 1841-1923
Gm Lars Nilsson Gjeldokk, gnr. 105/2.
11. Sigrid Knutsdtr. Myking 16.07. 1843-1918
Ug. Sigrid fekk kår saman med foreldra sine, i kontrakten er ho då omtala som "min vanvitttige søster Sigrid".
    Sigrid hadde fått seg tildelt mindre evner enn andre, men ho kunne rekne til 20, og ho kunne sitt Fader Vår.
    Sigrid rusla med i gardsarbeidet og tok seg særleg av vatn og ved, og hadde tilsyn med ungane. Ho skulle vera fire veker på Myking og tre veker på Mykinghaugen.
    Sigrid gjekk jamnt velstelt, men brukte gjerne to dæser. Ei veke kvar vår og haust var Sigrid 'fremmand' hjå systrene sine på Gjeldokk og på Helling.
    Ein gong kom Sigrid heim att frå Øvre-Ål og kunne fortelje ho hadde sett kongen. "Han hadde køyrt sundt kjerra si og låg i vegagrøfte ved Lå!" Det var ein av bygdens militære i uniform Sigrid hadde sett under ein rangel.
    Sigrid hadde den uvanen at ho stengde fjøsdørene medan gardens folk stellte dyra.
    I 1907 vart delar av kåret til Sigrid bytt bort mot Myking sin part i Mykingstølen og 1000 kr, og Knut Olson Mykinghaugen overtok heile stølen. Sigrid døydde i spanskesjuka.
12. Knut Knutson Myking Liaberget 18.05. 1848-1923
G 1880 m Guri Knutsdtr. Jegleim, Gol 1850-1919. Sjå Liaberget, gnr. 3/9. Til Am.

Knut overtok garden saman med syskena i 1806, og neste år lånte han seg 400 rd hjå Hermund Stakegard og vart eigar av heile Myking. Halvor Ivarson Kvinnegard brukte Myking for Knut nokre år.
    Knut var ute i krigen 1807-14. Han vart konfirmert og utkommandert same året. Han deltok i to slag. Etter dimisjon i september 1813 kom dei seg heim att på 8 skilling, Knut og to andre ålingar. Han reiste innom hjå skyldfolka på Skrattegarden, som då stod og auste opp graut til skurd-folket sitt.
    "Me sogo visst ruskut ut", sa Knut, farbroren kjende han ikkje att med det same. (1406)
    Knut og Astrid gifte seg i 1815. Ho døydde i barnseng i 1817. På skiftet etter Astrid var det 403 rd å dele på syskena hennar. Knut vart attgift 1821 med Ågot.
    Om Ågot vart sagt at ho ætta på mor si, ho var glad i det sterke, men ho rangla ikkje ikring. Ågot var opplyst og interessert i lesing. (1559)
    Dei hadde ein hund på Myking som heitte Løve. Ein gong hadde ein folkevond okse teke vesle-Ola på horna og var i ferd med å knuse han mot stugudøra. Men døra slo ut og ingen kom seg ut for å hjelpe. Då fekk dei sendt Løve opp gjennom pipa, og hunden gjekk til åtak på oksen. Det vart slikt leven at oksen tok spranget og guten slapp fri.
    Løve var slik at når husbonden var på byferd, så kunne han stille seg opp ved stalldøra. Då visste folka på garden at om ein halv dag kom Knut heim att. På sine gamle dagar kom Løve bort oppi åsen. Ein gråbeinflokk for forbi den dagen. (1553)
    Knut og Ågot bygsla bort plassen Mykinghaugen i 1824 til Holge Olson Gjeldokk og Anne Tolleivsdtr. Leiga for plassen var 3 pund smør og onnehjelp (32 mål slått ferdig i såter.)
    I 1834 bygde dei nytt loft på Myking. Framsida er pryda med ei innskrift om Knut og Ågot som kosta loftet 'i Guds navn' i 1834. Det rosemåla panelet frå Myking-stugu som no er på Folkemuseet på Bygdøy, er nok også frå denne tida. Sjå bilete i Ål I s 403. Sjå innleiinga til garden.
    A. Tiedemann gjorde akvarellar av Ågot og systera Astrid i 1849. Då sa ei av dei andre jentene: "E kan kji skjøne kofor han vilde måle ho Astrid! Det æ no mange som era tjukkar ell ho!" (1984: Nils Ellingsgard s 31)
    Knut delte garden mellom sønene Ola og Ola d.y. Sjå Mykinghaugen, bnr. 2.

{4580} År: 1865

Ola Knutson Myking 02.12. 1823-1891
Foreldre: Knut Olson Myking og Ågot Olsdtr. Skrindo.
Gm Haldis Toresdtr. Hove Myking 14.02. 1840-1897
Foreldre: Tore Olson Helling Hove og Anne Levorsdtr. Dengerud.
*Barn
1. Ågot Olsdtr. Myking 10.03. 1858-1897
Ug. Død under ein operasjon på Gol.
2. Knut Olson Myking 12.01. 1860-1940
Ug. Knut dreiv garden Myking ei tid. Til Am. 1887: Staples, Cass Co. MN. Han dreiv handel med ved og fôr. Og han hadde fleire offentlege verv.
3. Anne Olsdtr. Myking Rudningen Helling 26.06. 1862-1929
G 1884 m Ola Larsson Pletten Holterudningen 1856-1891. Barn: Ambjørg ("Emma")1883-1969 g 1906 m Christ Siverson (7 barn); Lars 1885-1972 g 1915 m Margit Helling (6 barn).
    Barn i USA: Ola Halbert 1889-1968 farmar i Williams Co, ND, gm Tillie Pederson (3 barn), g 1955 m Emma Eide.
    G 1894 m Knut Olson Helling 1854-1903. Barn: Carl 1893-1927 g 1918 m Mary Clare Lynch (2 barn); Anna Christine 1896-1896; Alfred 1899-1973 farmar Wheelock, ND,g 1925 m Edit Lorraine Dixon (1 son); Andrew 1901-1988 g 1926 m Hazel Jacobson (2 barn). (1245) (1625)
    Anne reiste til Am. i 1888: Rock Co., MN. Ho vart attgift med Knut og reiste til Benson Co. men vart enkje pånytt. Knut fekk tæring. Anne og ungane reiste vestover og tok seg land ved Wheelock, ND og bygde opp ein fin farm. (1248)
4. Tore Olson Myking 20.01. 1865-1937
G 1910 m Anne Knutsdtr. Hjallo 1869-1961. Ingen barn. Adoptivson: Norman.
    Til Am. i 1889: farmar i Todd Co, MN til 1902. Tore dreiv sidan slakteri saman med Mikkel Medhus i Brimsmade i ND. Etterkvart vart slakteriet leigd bort og Tore fekk arbeid i ei maskin-forretning.
    Tore sat i styret for Hallinglaget ei tid. (Ulvestad Bind 2 s 812)
5. Ola Olson Myking 14.06. 1867-1867
6. Birgit Olsdtr. Myking Bekkestad 15.11. 1868-1945
G 1902 m Tolleiv Ellingson Bekkestad 1876-1945. Barn: Hilda 1904- lærarinne, gm farmar Andreas Andreassen; Kari 1905- gm Olav Olson Halvorstølen; Gunda 1907-1989 lærarinne, gm ... Marshall; Erling 1913- farmar gm Jean McKinsley; Anne 1918- gm Harry Sands 1914-1963, gm ... Williams 1914-1974. (1040)
    Busett Churches Ferry Brimsmade ND i 1902. Birgit baka mykje brød og selde til lauskarane i grannelaget. Seinare til Assiniboia, Saskatchewan Canada. (836)
7. Anne Olsdtr. Myking Mehus 04.06. 1872-1918
G 1893 m Mikkel Knutson Mehus, Hol 1860-1933. Barn: Oscar 1894-1983 professor i sosiologi, president i Hallinglaget m.m. g 1920 m Emma Hille, gm Jewell Ross; Belle 1896- dreiv 'Mehus Music conservatory' i Bismarck, ND; Hilda 1898-1977 psykolog med m.a. lese-terapi som spesialitet; Alma 1903- pianist (m.a. ved Berlin Philharmonic ) gm Leo Studness. (832)
    Anne reiste til Am. 1892. Anne og Mikkel farma i Benson Co., ND. Ny farm ved Silver Lake i 1896. Busett Churches Ferry Brimsmade ND i 1902. Anne tok på seg mange oppgåver i lokalsamfunnet, skuleverket, dei fattige, menigheita, Raude Kors og fråhaldslag. Ho døydde i spanskesjuka. Mikkel var aktiv i lokalpolitikken, og han sysla med astronomi. (epost Knut Mehus).
8. Ola Olson Myking 10.07. 1875-1952
Ug. Født på Mykingstølen. Til Am. 1892. Tok homestead i Brinsmade, ND, selde att og vart busett Churches Ferry, Tacona, Wash. i 1951. (1405)

Ola og Haldis gifte seg i 1857. Dei kom i gjeld i dei tunge 1880-åra. Sonen Knut prøvde å drive garden ei tid. I 1889 slo 'Lærdalsbanken' på seg garden.
    I 1891 budde Ola og Haldis samt ungane Ola og Ågot i plassen Seksmålsteigen under Gjeldokk. (Tantene til Ola var Anne og Birgit som var gm Lars Nilsson Gjeldokk.) Alle ungane reiste til Amerika.

{4581} År: 1889

Håkon Kåreson Grøthe Rotneim 1852-1933
Foreldre: Kåre Ivarson Grøthe og Kari Sjursdtr. Eri, Lærdal.
Gm Kari Embriksdtr. Bøe Rotneim 1855-1918
Foreldre: Embrik Embrikson Hunderi Bø ("Lærdalsbanken") og Synneva Håkonsdtr. Moe, Lærdal.
*Barn
1. Kåre Håkonson Grøthe Rotneim 1880-1964
G 1904 m Marie Henriksdtr. Evjen. Barn: Håkon 1905-1984 bonde på Rotneim, g 1936 m Guro Nordre Li (3 barn); Mari 1907- gm Sigurd Ringstad, Bergen (1 dotter); Henrik 1911- bonde, gm Torbjørg Eide, Dalsøyra (4 barn); Ingebret 1913- g 1943 m Gudrun Ursdalen; Syver 1916- lastebilsjåfør; Kari 1919-1979 gm Steingrim S. Frøysok; Kåre 1924-1953 g 1951 m Kari T. Hagen (2 banr).
    Kåre og Marie gifte seg i 1904. Dei hadde nigarden Rotneim. ( Gol V s 230.)
2. Synnøve Håkonsdtr. Grøthe Håvelmoen 1882-1957
G 1905 m Ola Halvorson Håvelmoen, Gol.
3. Karoline Håkonsdtr. Grøthe Rotneim 23.10. 1883-1971
Ug. Karoline var tenestjente og hushalderske i Ål. Ho kjøpte seg eit hus ved Solhov.
4. Turid Håkonsdtr. Grøthe Bording 1886-1979
Gm Ole Bording, Drammen. Ingen barn. Turid dreiv gjestgiveri i Svelvik, fyrst saman med Anna og sidan aleine. Så flytta dei til Drammen. Ole var bakar. Turid og Ole reiste til Am. i 1921: Grand Forks. ND. (1082)
5. Anne Håkonsdtr. Myking Haare 28.12. 1887-1941
Gm Kristian Haare, Bingen. Barn: 1 son. Kristian var snikkar, Anne dreiv gjestgiveri saman med systera.
6. Embrik Håkonson Myking 10.04. 1890-1890
7. Embrik Håkonson Myking 15.01. 1893-1895
8. Håkon Håkonson Myking 08.12. 1894-1894
9. Embrik Håkonson Myking Rotneim 12.12. 1897-1973
Ug. Embrik arbeidde på fabrikk i Svelvik, sidan i Drammen.

Håkon hadde fyrst drive som vognmann på Lærdalsøyre.
    Far til Kari var den såkalla "Lærdalsbanken". Han hadde lånt ut pengar til Ola Knutson Myking, og han sleit med renter og avdrag.
    Tilslutt slo Embrik på seg garden så Ola Knutson måtte gå. Dottera Kari Embriksdtr. Bøe med familie overtok Myking. Håkon og Kari selde garden i 1897 og flytta til Gol. I 1909 kjøpte dei Nigarden Rotneim på Gol. (Gol V s 230)

{4582} År: 1897

Syver Olson Trintrud Myking 30.06. 1869-1950
Foreldre: Ola Eivindson Trintrud og Birgit Olsdtr. Skjervheim.
Gm Margit Eiriksdtr. Opheim Myking 28.04. 1872-1955
Foreldre: Eirik Syverson Embriksgarden Opheim og Gro Nilsdtr. Juvsjord.
*Barn
1. Ola Syverson Myking 18.04. 1898-1898
2. Ola Syverson Myking 24.10. 1900-1976
G 1938 m Borghild Torkjellsdtr. Kolbjørnsgard. Sjå neste hushald.
3. Birgit Syversdtr. Myking Lien 10.08. 1902-1988
G 1925 m Olav Kitilson Lien, gnr. 110/56.
4. Gro Syversdtr. Myking Dengerud 17.04. 1906-1997
G 1927 m Nils Holgeson Dengerud, gnr. 99/1.

Syver og Margit gifte seg i 1897. Syver kjøpte garden i 1897 for 6400. Han bygde stugu og nye uthus, og arbeidde bygdevegen vidare frå Holtoberget til Myking. (1100 m.) Vegen vart overteken av kommunen i 1940.
    I 1907 var langstølen Mykingstølen frådelt.
    Men Syver held attende retten til å demme seg sagvatn på Bråtemyrane. Han sette opp ei flaumsag med vasshjul i grove bak badstugu. Sidan fekk saga elektrisk motor og vart flytta bak loftet.
    Som vintersyssel dreiv Syver m.a. med toving. Filt-tøflar frå Myking vart ofte kalla "Sjugurdladda".
    Syver og Margit kjøpte støl i Hollo i 1908 og var der i 17 sumrar. Øvre Gjeldokk løyste Hollo på odel i 1925.