Odden gnr. 93 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Odden gnr. 93 bnr. 2a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Odden, I Odda. Plassen Odda ligg nede ved elva Kvinda under Mykinghaugen. Plassen var avgrensa med gamle steingjerde kring to åkrar og litt skogsmark.
    Den gamle vintervegen for skogskøyringa nord i skogane gjekk like forbi plassen. Tuftene syner, men mykje av laftesteinane hamna i ei låvebru like ved som Knut Mykinghaugen sette opp kring 1920.
    I Odden var det nok heller frostlendt den tida moge korn var avgjerande for føda.
    Det vart fortalt at folket i Odda skulle vera av finneblod. Det skulle ha seg slik at ein finne og kjeringa kom over fjellet til Ål. Dei kom til plassen Odden og:
    a) fødde ein unge der
    b) sette att ein unge som dei aldri henta. Etterøkjingar sålangt har ikkje kunna gje belegg for denne segna. Men ei forklaring kan vera at folket i Odden hadde evner som ofte vart tillagt finnane. Dei kunna stille blod og gjera ymse rådgjerder.

{4597} År: 1785


Ola Jonson og Astrid Eilevsdtdr. var på Myking i 1785. Dei flytta mykje, sjå Gjermundsodden.

{4598} År: 1803

Einar Eilevson Vangen Odden 09.09. 1759-1830
Foreldre: Eilev Olson Granhagen Vangen og Birgit Arnesdtr. Skurdalen.
Gm Guri Persdtr. Bakketeigen Holto __._. 1769-1836
Foreldre: Per ... ... (ungkar) og Mari Knutsdtr. .... f. 1730.

Einar og Guri gifte seg i 1795. Dei var husmenn på Holto i 1801. Han var då leigesoldat. Dei fekk støtte frå fattigkassa 1816-1836.
    Opphavet til Guri er ikkje klart. Dåp for 1770 står ikkje i kyrkjeboka. I 1836 vart opplyst at ein arving 'livs-slaven' Lars Arneson var av hennar slekt. Mor hans var Birgit Persdtr. Hefte som truleg er systera hennar Guri. Foreldra til Birgit Persdtr. Hefte er ungkaren Per Eilevson Bjella og Margit Eilevsdtr. Bakketeigen. Kanskje var Birgit og Guri halvsysken?
    I 1803 bygsla Einar og Guri Odden under Myking og flytta dit. Dei dyrka og braut opp litt jord, men sidan dei brukte plassen i over 30 år, vart det etter sedvane ingen erstatning for dette arbeidet. Dei hadde ingen barn, men ein systerson til Einar, Eilev Olson f. 1805 budde i Odden i 1833 og flytta etterkvart til Skomakarmoen.
    Då Guri døydde i 1836, var eiga på 27 rd. Husbonden Knut Myking hadde lagt ut for gravferda, og Nils Holto hadde til gode for ei tunne korn.