Mykingstølen gnr. 93 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Mykingstølen gnr. 93 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Stølen Mykingstølen ligg lognt til inne på åsen ovanfor Myking omlag ca. 1000 m.o.h. Stølen grensar mot Brekkene, Lomtjørnstølen, Hevjansåsen og Torsbu.
    Då garden Myking vart delt i 1864, hadde båe brukarane kvar si stølsbu, men fjøset var felles. Knut Olson Mykinghaugen sat i den gamle ljorebua. Slåttemyrane vart delte gjennom ei vierrust.
    I 1907 vart Knut eineeigar på Mykingstølen. (Om den soga sjå nærare under Mykinghaugen). På Mykingstølen var fast busetnad frå 1923 til 1929.
    No vert stølen brukt til slått og beite for Eikro i Øvre-Ål. Og det er lagt ut eit hyttefelt.