Sletto gnr. 94 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sletto gnr. 94 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sletto vart frådelt nordre Holto i 1797. Landskyld i 1838: 1 laupsbol, i 1919: 1,5 laupsbol.
    Sletto grensar mot hamnehagane i aust, ned mot den gamle bygdavegen i sør og mot Sveidnslettane i vest. Det heiter 'på Sletto'.
    Tunet ligg truleg på opphavleg stad. Vanleg buskap i 1930-åra var hest, 7 kyr, 2 ungfe og 12 småfe.
    Areal 1865: dyrka jord 2 1/2 mål, naturleg eng 61 mål, ingen utslått. Avling 1 1/2 tunne bygg.
    Areal 1995: dyrka jord 65 mål, anna areal 43 mål, produktiv skog 335 mål, anna utmark 700 mål. Våningshus bygt 1903, ombygt 1975, kårhus 1982, loft 1893, driftsbygning 1960.
    Nokre stadnamn: Klønadn (åker), Jenteskorri/Måri-skorre (ei jente skal ha omkome der), Smiuberget, Undelåndo (husmannsplass).
    Støl i Langeli inne på åsen. Der var slåttevoll. Etter 1960 var kyrne heime på kulturbeite.
    Garden var i drift med mjølkeproduksjon til ... . Så vart det sauehald fram til ... .
   

{4600} År: 1797

Embrik Asleson Mykinghaugen Myro 03.05. 1767-1832
Foreldre: Asle Asleson Kaslegard Mykinghaugen og Øyan Gjestdtr. Kvinnegard.
Gm Bodil Embriksdtr. Ulshagen Kringla 08.09. 1748-1825
Foreldre: Embrik Olson Svarteberg Ulshagen og Rønnaug Sandersdtr. Larsgard (Hol).

Embrik og Bodil gifte seg 1793. Ho var enkje etter soldat Svein Knutson Kvamen Kringla som døydde i Sverige i 1789. Ingen barn.
    Embrik kjøpte Sletto i 1797 for 370 rd hjå bonden på nordre Holto. Embrik og Bodil var på Sletto i 1801. Denne handelen har nok vorte omgjort. I 1814 vart Sletto selt pånytt av bonden på nordre Holto.
    Embrik kom til Storliøyen, gnr. 2/1 og Kanafetmyro 32/19. Embrik vart attgift 1826 m Guri Olsdtr. Løkensgard. Ingen barn.

{4601} År: 1814

Ola Nilsson Holto Sletto 12.06. 1796-1873.
Foreldre: Nils Sveinson Holto og Gro Olsdtr. Kvinnegard.
Gm Ingeborg Olsdtr. Dokken Sletto 1801.-1889
Foreldre: Ola Ellingson Villand Dokken (Sudndalen i Hol) og Ingeborg Olsdtr. Torkjellsgard.
*Barn
1. Gro Olsdtr. Holterudningen Jøto 26.02. 1826-1907
Ugift. Gro var jordmor og handarbeidslærarinne. På sine gamle dagar budde ho i Jøto hjå systera.
    Jfr. Gro-dalen ovanfor JøteTorsbu der Gro sanka seg vinterfor til ei geit.
    Det var 'uroleg' på Torsbu den tida, dvs. folk rekna med overnaturlege vesen. Gro henta ein pose med kyrkjegards-mold og strøydde utover vollen på Torsbu. Då vart det fred for haugafolka! (1659)119
    I 1900 heitte det at Gro 'Lever af sin formue' i Holterudningen.
2. Ragnhild Olsdtr. Holterudningen Jøto 09.05. 1827-1895
Gm Tolleiv Ellingson Jøto, gnr. 177/5.
3. Nils Olson Holterudningen Ronning 13.06. 1829-1912
G 1868 m Kari Hansdtr. Haugane (Ø. Kvame i Lærdal) 1843-1919. Barn: Hans død som liten; Ola død som liten; Ingeborg 1869-1949 gm Helge H. Sørbo (Valdres) (9 barn); Hansine 1879-liten; Oline ....-1953 ug.; Lydia ....-1948 gm Olai Neseth (4 barn); Norman 1879-1966 gm Marie F. Hilling (10 barn); Ole Hjermann "Herman" 1881-1978 gm Hannah ... (6 barn); Wilheim ....-1899. (1329) s 592
    Nils var fyrst lærar i Lærdal. Reiste til Am. med familien i 1874. Dei skreiv seg "Ronning". Busett i Goodhue Co. MN. sidan Kenyon, MN. Nils var religionslærar og farmar. Etterkomarane gav ei gåve til Ål Bygdaheim. (1244)
4. Sigrid Olsdtr. Holterudningen 06.06. 1831-
?
5. Elling Olson Holterudningen Furuhaugo 25.11. 1832-1919
G 1858 m Helge Knutsdtr. BrenneHaugen 1835-1884. Barn: Ingeborg 1858- gm Eilev Dammyr, Mjøndalen, busett i Odalen; Ågot 1860- gm ... Sandbekk, til Am.
    * Barn i Iungsdalen: Ola 1863-1945 bonde i Furuhaugo, gm Guri Syversdtr. Liahagen, Gol; Margit 1865-1934 gm Eivind Resabakko.
    * Barn i Hemsedal: Knut 1868-1955 til Berget i Gol, g 1896 m Margit H. Berget, Gol; Gro 1871- g 1895 m Ola Rastet, Eiker til Am. ; Sigrid 1875- gm ... , Rukkedalen, til Am. , Birgit 1877- til Canada, gm Gustav Logen, Namdalen; Kari 1879-87.
    Elling var ein vågehals og ein eventyrar, dei kalla han Galne-Elling i unge år.
    Som 17-åring drog han på handelsferd til marken i Kr.ania. Der vart han fråstole pengar m.m. og i tillegg vart han hefta tre veker med forhøyr etc. etter å ha anmeldt tilhøvet. Då Elling ville på marken att neste år, sa mor hans beint nei, og læste ned kleda hans. Men han reiste likevel.
    Medan andre reid hesten sin, stod Elling gjerne oppreist på lendane og held i tyglane. Ved eit høve fekk han seg hestehamn etter eit vågemål om slike kunster på hesteryggen. Han dreiv ymse handel med fe, småkråm og klokker.
    Elling gjekk på friing i prestgarden, ho Helga var overbudeie hjå Kjelstrup. Det vart slagsmål med ein rival ein gong, prestekona kom og truga med å hente 'han far'.
    Då svara Elling: "Eg har no vorte konfirmert ein gong før, eg! Det var ein skarve prest då med!" (1406)
    Etter å ha leigd hamn i Iungsdalen ein sumar, kjøpte Elling stølen Odden hjå Rue-bonden.
    Med kone og små ungar budde han 5 år på stølen Odden i Iungsdalen (Hol) 1861-66. To barn vart født der inne. Dei onna så dei kunne fø 2 kyr og 1 okse, men det var vanskeleg å få turka høyet der inne. Men det var vel med fisk. Elles måtte dei hente mat frå bygda.
    Siste vinteren i Iungsdalen var det slik uver at dei ikkje kom uttom døra på 15 dagar. Steinbua var mest nedsnøga, og ein gong fekk dei ferskt kjøt ved at det datt ned eit dyr gjennom pipa.
    I 1868 kjøpte han plassen Furuhaugo i Hemsedal og flytta dit. Det vart den 17. bustaden deira. Elling såg noko Valdres-rosemåling på Vestlandet og meinte dei måtte ha god dagløn. Han byrja å måle sjølv. Det gjekk bra, og Elling fekk fort mange oppdrag, i Lærdal og særleg i Vik i Sogn.
    I Furuhaugo dreiv Elling rosemåling og treskjæring og vart velstandsmann. Han måla m.a. hjå biskop Bang i Oslo Bispegard og på Holmenkollen hotel (som brann opp).
6. Margit Olsdtr. Holterudningen 25.10. 1835-
?
7. Ola Olson Holterudningen 18.11. 1836-1880c
Gm Inga Dortea Kjørstad i Nannestad. Barn: Hjermann 1866- til Am. gm Eline ... ( .. barn); Augusta 1869- gm sersjant Kristian Hafstad, Nannestad (ingen barn); Marius 1872- bakar i Oslo, gm Marie Frank, Eidsvoll (2 barn); Guldbrand 1876- bakar på Nannestad, gm Margrethe Kopperud (9 barn); Marie 1879- gm Kristoffer Lie, Oslo (4 barn).
    Ola var driftebonde og busette seg etterkvart i Sør-Odal. (1329) s 593
    Meir om barnebarn i Holte-slekta s 49.
8. Eirik Olson Holterudningen 28.03. 1842-
G 1867 m Guri Olsdtr. Torsgarden. Sjå Rudningen, gnr. 96/2. Til Am.
9. Ola Olson Holterudningen Rønning 10.08. 1847-1920
Barn: Ingeborg 1874- m Guri Ivarsdtr. Kvinnegard.
    Gm Guri Oleivsdtr. Skarsgard f. 1850. Barn: Ingeborg 1875- ; Ingeborg 1879-1974 ug., hadde gard i Oslo, gav eit legat til Ål; Ola 1877- ug.; Turid ....- ug.; Nils 1887- ug.; Sigrid 1890- gm Pål Frank, Eidsvoll (ingen barn). (1329) s 594
    Ola var inderst på Halleset og i Bakketeigen. Så flytta dei til byen. Ola og Guri dreiv stor slaktar-forretning i Kr.ania under namnet "Slaktermester Rønning" i Strømsv. 47.

Ola og Ingeborg gifte seg i 1825. Ola kjøpte Sletto i 1814. Dei var på heimegarden hennar i Sudndalen 1831-32. Jfr. Målinga på skåpet i gamlestugu i Holtehagen.
    I 1841 kjøpte Ola også Holterudningen, bnr. 2 og flytta dit. NB. Alle ungane er ført opp samla på Sletto. Etterkvart skreiv dei seg Holterudningen i ei eller annan form.

{4602} År: 1864

Hans Jørgen Sveinson Holto 14.04. 1837-1866
Foreldre: Svein Nilsson Holto og Dordei Nilsdtr. Nubgarden.
Gm Birgit Olsdtr. Torsgard Holto Oleivsgard 27.01. 1839-1931
Foreldre: Ola Henrikson Torsgard og Guri Embriksdtr. Settungsgard.
*Barn
1. Svein Hansson Holto Tveito 26.07. 1864-1956
G 1899 m Astrid Levorsdtr. Snogsrud, sjå nordre Tveito, gnr. 55/21.

Hans Jørgen og Birgit gifte seg 1862. Hans var inderst på Holto i 1864. Han kjøpte Sletto for 280 spd og kår i 1864.
    Birgit vart attgift 1871 m enkjemann Ola Viggerson Oleivsgard.
   

{4603} År: 1868


Eirik Olson Holterudningen f. 1842 kjøpte Sletto i 1868 og selde vidare i 1869.

{4604} År: 1869

Eirik Eirikson Ruud Sletto Minna 09.12. 1844-1914
Foreldre: Eirik Olson Kolbjørnstølen Ruud og Sigrid Olsdtr. Kvinnegard.
Gm Birgit Olsdtr. Sando Sletto 31.07. 1842-1872c
Foreldre: Ola Eirikson Tormodsgard Sando og Barbro Tolleivsdtr. Opsata.

Eirik og Birgit gifte seg 1871. Eirik vart attgift med Kari Persdtr. Baklien i 1873, truleg var Birgit død. Sjå meir om familien hans i Minna, gnr. 110/57.
    Eirik kjøpte Holteslettane i 1869 og selde att 1875 til Ivar Ivarson.

{4605} År: 1875

Ivar Ivarson Noss Sletto 28.10. 1830-1884
Foreldre: Ivar Olson Ivarsgarden Noss og Ingeborg Tomasdtr. Tomasgarden Sire.
Gm Mari Larsdtr. Skallehaugen Sletto 16.04. 1852-1934
Foreldre: Lars Arneson Hefte Skallehaugen og Birgit Tolleivsdtr. Skallehaugen.
*Barn
1. Ivar Ivarson Sletto 12.09. 1872-1959
G 1904 m Anne Kitilsdtr. Larsgard. Sjå neste hushald.
2. Lars Ivarson Sletto 04.03. 1875-____
I 1902 dreiv Lars kramhandel nede på Austlands-bygdene saman med Ola Halleset.
    I byrjinga tok Lars med seg varer som geiteprim og smør frå Ål og selde i byen. Etterkvart vart det mest handel med klede. Lars skal ha vore svært sterk. Han budde i Dronningensgt. 21 i Oslo.
    Noko oppe i åra hadde Lars ein sambuar. Ingen barn. Død fyrst i 1950-åra.
3. Ingeborg Ivarsdtr. Sletto Holto 04.03. 1878-1946
G 1899 m Svein Aslakson Holto, gnr. 94/3.
4. Birgit Ivarsdtr. Sletto Brattegard 16.03. 1883-1969
G 1908 m Sevat Embrikson Hovdegard på Brattegard, gnr. 84/2.

Ivar og Mari gifte seg i 1870. Fyrste åra budde i Minna gnr. 110/57. Så kjøpte dei Sletto i 1875 hjå Eirik Eirikson som kjøpte Minna.
    Mari selde garden til sonen i 1897.

{4606} År: 1897

Ivar Ivarson Sletto 12.09. 1872-1959
Foreldre: Ivar Ivarson Ivarsgarden Noss-Minna-Sletto og Mari Larsdtr. Minna.
Gm Anne Kitilsdtr. Larsgard Sletto 04.07. 1874-1947
Foreldre: Kitil Sveinson Sletto Larsgard og Birgit Eiriksdtr Larsgard, Hol.
*Barn
1. Mari Sletto Løbben 20.09. 1905-1994
Gm Kristoffer Løbben 1902-1949. Barn: Ole 1926- poststyrar, gm Eva Pentzen (3 barn); Emilie 1925-1991 kyrkjetenar, gm Torvald Solheim, Hemsedal (6 barn).
    Kristoffer arbeidde ved vegvesenet. Dei budde på Sollihøgda i Hole.
2. Birgit Sletto Bry 01.09. 1907-
G 1944 m Knut Sveinson nordre Bry, Hol. Barn: Jorann Svanhild 1946- overtok Bry, busett i Oslo, gm Amund Traa (Ål); Anna Marie 1947- til Oslo; Gerd Inger 1949- til Vinje, gm Svein Magnar Skjævesland, Rælingen.
    Birgit og Knut hadde nordre Bry i Hovet.
3. Ingebjørg Sletto Torsgard 22.02. 1910-
Gm Harald Asleson Torsgard, gnr. 96/8.
4. Ivar Sletto 10.07. 1913-1990
Gm Margit Hove, Leikanger. Sjå neste hushald.
5. Kittil Sletto 03.03. 1916-
G 1946 m Svanhild Arntsdtr. Hegrenes Rueslåtten. Sjå Espelunden, gnr. 110/58.

Ivar og Anne gifte seg i 1904. Ivar overtok garden etter foreldra i 1897 for 1200 kr og kår.
    Ivar og Anne bygde dei fleste husa på garden og dyrka 14 mål jord. Anne var flink til skjera korn, medan Ivar syns det gjekk hardt ut over ryggen.
    Ivar var ein flink forteljar, stemma var kraftig og sogene hans kunne høyrast vide om han var ute. Ivar fortalde soga om ho Vis-Berte til A. Mehlum.
    Vis-Berte gjekk omkring i Kvinnegardslia og Øvre-Ål i gamal tid. Ein gong møtte ho presten, og han spurde kvar ho kom i frå.
    "Ovate", svara ho Berte. "Jaså, og hva gjorde VorHerre?" undrast presten.
    Og Berte svara: "Han sat og studerte." "Hm, hva studerte han på?", spurde presten.
    "Jau", sa ho Berte, "Han studerte på koss det kunne ha seg at det er så mange prestar her nede og så få hjå hono!"
    Presten vart såpass i stuss over dette svaret at han held ikkje preke neste sundag. (NU nr. 8 1911)
    Ivar var av dei som kunne finne vatn med ynskjekvist. Mange fekk hjelp hjå Ivar, både her i dalen og noko i Telemark. Han var også lek-predikant ei tid.