Undelåndo gnr. 94 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Undelåndo gnr. 94 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Undelåndo ligg nedst i jordet på Sletto/Holteslettane. Her var husmannsplass og fastbuande frå 1860 omlag fram til 1887. Stugu stod like i ovakanten av noverande bygdaveg, innved delet mot Sveidnslettane.
    Den gamle stugu i Undelåndo vart selt og stod som stolphus i Rudningen ei tid. Undelåndo vart deretter brukt til slåttemark og sidan beitemark under Sletto. Kring 1960 sette Ivar Sletto opp eit sumarfjøs her då det vart slutt med stølinga i Langeli.
    Enno viser tufter og nokre små rydningsrøysar etter plassen til Eirik og Sigrid.

{4609} År: 1860c

Eirik Olson Kolbjørnstølen Ruud Holte 29.09. 1808-1871
Foreldre: Ola Eirikson Sundre/Ruud Kolbjørnstølen og Guri Knutsdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Anne Eiriksdtr. Trintrud Ruud 17.08. 1800-1839
Foreldre: Eirik Olson søre Trintrud og Sissel Knutsdtr. Torsteinsrud.
Gm Sigrid Olsdtr. Kvinnegard Ruud Holte 26.12. 1804-1887
Foreldre: Ola Ivarson Ellingsgard søre Kvinnegard og Kari Syversdtr. Ødelien.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Eirikson Ruud 18.04. 1832-1913
Ugift. I 1875 var han losjerende på Ruud. 1900 var han legdslem på Hove. Død 1913 som fattiglem på Ruud. 'Intet at skifte.'
*Barn i andre ekteskap
1. Anne Eiriksdtr. Ruud 09.06. 1840-1840
2. Ola Eirikson Ruud Holte 22.08. 1841-1892
Gm Mari Sevatsdtr. Råen 1842-1892. Sjå søre Rudningane, gnr. 120/10. Til Am. i 1880.
3. Eirik Eirikson Ruud Sletto Minna 09.12. 1844-1914
G 1871 m Birgit Olsdtr. Brattegard. G 1873 m Kari Persdtr. Baklien 1849-1933.
    Sjå Sletto gnr. 94/1 og Minna, gnr. 110/57.
4. Knut Eirikson Ruud 29.08. 1847-1925
G 1875 m Astrid Syversdtr. Sataslåtten 1851-1922. Til Am. i 1877: RedWing, MN.

Eirik og Anne gifte seg i 1831. Dei fekk ein son og budde på Ruud. Då Anne var død alt i 1839 heitte det at Eirik Olson var berre brukar av jord, så han visste ikkje om han skulde behalde lausøyret.
    Eirik vart attgift med Sigrid i 1839. Dei budde på Ruud dei fyrste åra. Kring 1860 var Eirik husmann i Undelåndo under Sletto.
    Eirik og Sigrid hadde nokre særegne, gråe sauer i Undelåndo. Det hadde seg slik at det kom ruslande fram or skogen ei grå søye med to lam seinhaustes eit år. Ingen viste kven dei tilhøyrde, så då snøen kom tok Eirik og kasta stål over søya (i fall ho skulle tilhøyre dei underjordiske), og sidan vart 'den underjordiske søya' verande i Undelåndo! (Oppl. v/Syver Tveito)
    Også Sigrid vart rekna for å vera noko overtruisk. Rampute gutar hadde moro av å banka i veggane hennar om kveldane. Eller dei gøymde bort turu hennar som hekk ute på veggen. (Oppl. v/Ivar Sletto)
    Sonen Eirik kjøpte Sletto etterkvart, men Sigrid vart nok buande i Undelåndo. Død som 'Slettene' i 1871.