Holto, nordre II gnr. 94 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Holto, nordre II gnr. 94 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

I daglegtale 'nigarde Holto' eller 'sy garde Holto'. 'Nedre Holto' bnr. 8 vart frådelt nordre Holto i 1889 og har sidan lege under bnr. 3.
    Tunet på garden låg mellom tunet til bnr. 5 og bnr. 6. Då innmarka på Holto vart utskifta i 1903-7, vart dette tunet flytta ut or det gamle tunet og sør til noverande stad. Og dei spreidde åkrane og slåtteteigane vart samla.
    Areal 1865: dyrka jord 8 mål, naturleg eng 24 mål, utslått 25 mål. Avling 6 tunner bygg og 4 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål, anna areal 51 mål, produktiv skog 350 mål. Leigd jord 50 mål. Buskap: 10 mjølkekyr, 10 ungdyr.
    Våningshus bygt 1976, loft frå 1700-talet (restaurert kring 1990), driftsbygning 1984. Den gamle langstugu vart selt og står no som hytte på Råane.
    Nokre stadnamn: Tråe, Langåkeren, Larsedalen (både i utmarka og på innmarka), Svarteberget (her var hellebrot.)
    Stølar. Heimstølar Sveidnslettan (bnr. 4) og Slåtta. (nedlagt) Langstøl på Låstølen (gnr. 101/3) med stølsbu (eit eldhus flytta frå Dengerud) vart tilkjøpt i 1938.
    Kring 1980 bygde Holte-bøndene seg vatningsanlegg saman med Ruud og nordre og myljo Kvinnegard.
    Garden var i drift med mjølkeproduksjon og stølsdrift fram til 1999. Sidan har jordvegen vore bortleigd.

{4619} År: 1836


Nils Sveinson held att Holterudningen (bnr. 2) då han selde 2 laupsbol i nordre Holto bnr. 5 i 1814. Frå Rudningen vart 1836 frådelt Holto løpe nr. 213b med 1 laupsbol. (I nyare tid rekna 1 3/4 lb.)
    I 1866 selde Nils frå stølen Torsteingjerda (bnr. 4), den kom på handel og havna på søre Hove (107/6) og er no ein del av sambeitelaget på Hevjansåsen.
    Denne eigedomen fylgde nordre Holto fram til 1889 då bonden selde 213b til broren Nils.

{4620} År: 1889

Nils Nilsson Holto 28.05. 1861-1919
Foreldre: Nils Sveinson nordre Holto og Guri Larsdtr. Leksvol Rime.

Ug. Nils kjøpte garden hjå broren i 1889 for 3600 kr. Nils var fehandlar og bonde. Han tapte pengar på ei fedrift, og så måtte kausjonistane overta. Då gjekk det tre gardar på auksjon, nordre Holto (garden til broren), Mykinghaugen og Stakegarden.
    Nils reiste til Am. 1892: Norman Co, MN. På skiftet i 1892: 'Skyldneren var ikke til stede, men hans fader opplyste at han hadde emigrert til Am.' I 1894 gjekk garden på auksjon.

{4621} År: 1894

Svein Aslakson Holto Holto Nedre 29.11. 1861-1954
Foreldre: Aslak Larsson søre Holto og 2.g Gro Sveinsdtr. nordre Holto.
Gm Ingeborg Ivarsdtr. Sletto Holto 04.03. 1878-1946
Foreldre: Ivar Ivarson Ivarsgarden Noss Sletto og Mari Larsdtr. Minna.
*Barn
1. Embrik Sveinson Holto 01.09. 1898-1976
Ug. Sjå neste hushald.
2. Ivar Sveinson Holto 07.05. 1900-1900
3. Gro Sveinsdtr. Holto 26.04. 1901-1998
Ugift. Gro var flink til å veva. Ho vov åklede og gardiner m.m. Under krigen kjøpte Gro og Mari seg strikkemaskin. Dei var på Nes ei tid då. Sidan strikka Gro mykje heime på Holto. Gro budde saman med broren Embrik, og arbeidde på garden.
4. Mari Sveinsdtr. Holto Bjella 30.04. 1904-1996
G 1943 m Lars L. Bjella 1901-1946. Sjå nedre Styrkestad, gnr. 103/7.
5. Birgit Sveinsdtr. Holto 07.08. 1906-1992
Ug. Birgit var sydame og budde på Sundre. Ho sydde både bunad og kjolar.
6. Ivar Sveinson Holto 02.12. 1908-1997
Ugift. Ivar budde delvis på heimstølen Sveidnslettane og delvis på Holto. Ivar dreiv med sylvrev på heimstølen fram til 1940 omlag. Ivar fekk skøyte på heimstølen (Nordli bnr. 14) i 1942. Nordli vert rekna som tilleggsjord til garden.
    Ivar dreiv som bygdeslaktar og han arbeidde på garden. Ivar var flink til å fortelja småstubbar. 'Hå, hå, - då lo me godt, gut!'
7. Aslak Sveinson Holto Bjella 16.02. 1911-1990
Ug. Aslak dreiv nedre Styrkestad, gnr. 103/7 saman med systera Mari. Ho vart enkje i 1946.
8. Dordei Sveinsdtr. Holto 01.10. 1913-1945
Ug. Dordei var onnejente. Så vart ho sjuk og døydde.
9. Ingeborg Sveinsdtr. Holto Haugen 20.04. 1916-
G 1944 m Inge Haugen, Fåberg 1920- . Inge var pussar ved jarnbanen. Sidan dreiv han anleggsarbeid og budde på Kongsberg. Ingeborg var hushalderske hjå kjøpmann Rust i 35 år og budde på Sundre.

Svein og Ingeborg gifte seg i 1899. Svein fekk skøyte på garden på auksjon i 1894 for 3600 kr.
    I unge år dreiv Svein med fehandel. Ein gong handla han sauer på Jæren. Han frakta dei på dampbåt inn Hardangerfjorden og jaga over vidda. Det vart ein seig tur. Svein fortalde at han sov ikkje på 8 dagar.
    Svein bygde stugu, ei fin langstugu. I 1908-10 vart det gamle tunet flytta til noverande stad og uthusa vart ombygde og samla under eit tak. Det vart mykje arbeid i tillegg til det daglege.
    Svein og Ingeborg leigde seg langstøl ei tid. I 8-9 sumrar var dei på Olset hjå Sundrehagen.
    I 1938 kjøpte Svein søre Lå på auksjon etter Knut S. Gudbrandsgard. Han delte frå Låstølen (gnr. 101/3) og selde resten av garden til Tor Styrkestad.