Holto, nordre gnr. 94 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Holto, nordre gnr. 94 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

I fylgje skiftet etter Svein Sveinson Holto i 1711 hadde nordre Holto 3 laupsbol i landskyld den tid Tolleiv Sveinson hadde garden. (1643-1684c) Ein gong kring 1670 hadde futen sett opp landskylda til 6 laupsbol!
    Nordre Holto vart skattlagt som øygard. Sjå innleiinga til søre Holto, bnr. 6.
    Utdrag frå hamnekontrakta mellom Holto, Ruud og Kvinnegard i 1780: Nordgrensa skal gå frå Gjerdesberget opp i nord til Bergastølsberget, derfrå til Briskesethovda, derfrå til øvre Knuts-stølane frå øvste høgda til Slåtteberget. Derfrå til øvste høgda på Øyberghaugen nordover gjennom Holtedekkane til Myking eign. Alle tre gardane skulle ha felleshamn frå Briskesethovda til Kriklebuhovda. Medan Kvinnegardane var på langstølane, var Holto og Ruud pålagt å beite ovanfor fjellvegen frå Hesthovdskardet til Budalen og øvst i Øyberghaugen.
    I 1784 vart bøndene på Holto, Ruud og Myking samde om bruken av hamnegangane i Lomtjørnlien. Det var semje om at 'Ingen må bygge' (ny støl) mellom Lomtjørn og Feten.
    I 1801 budde husmannen Einar Eilevson på ein plass under Holto. Om han, sjå plassen Odden under Myking.
    Areal 1865: dyrka jord 24 mål, naturleg eng 72 mål, utslått 75 mål. Avling 17 1/2 tunne bygg og 13 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 55 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog ca. 400 mål.
    Våningshus bygt 1938, ombygt 1978, driftsbygning 1984. Buskap: 40 vinterfôra sauer, 2 hestar.
    Stølar. Heimstølar var nedre Bergastølen og øvre Tjødnstølen er nedlagte. I 1787 var også ein heimstøl kalla Hagen i bruk. Opphavleg langstøl var Feten inne på Hevjansåsen. Den vart fråselt 1810 til Knut Myking Toreplass og sidan nedlagt.

{4630} År: 1752c

Eivind Tolleivson Breie Holto 1720-1792s
Foreldre: Tolleiv Knutson øvre Breie og Gro Olsdtr. Mehus (Hol).
Gm Anne Nilsdtr. Holto Tune 1733-1776s
Foreldre: Nils Sveinson Holto og Margit Aslesdtr. Havardsgard.
*Barn
1. Jørand Eivindsdtr. Holto Huus 25.02. 1753-1795
Gm Tolleiv Olson Helling Huus Varaberg. Sjå Huus, gnr. 112/1.
2. Tolleiv Eivindson Holto Tune 01.11. 1754-
Gm Ågot Halvorsdtr. nordre Strand. G 1804 m Kristi Torsteinsdtr. Lå. Sjå søre Tune, gnr. 124/1.
3. Lars Eivindson Holto 25.07. 1756-1756
4. Gro Eivindsdtr. Holto Tufto 02.07. 1758-
G 1799 m em Elling Larsson nordre Grøvo Tufte, Hol 1757-1811. Barn: Birgit 1799- ; Eivind 1805- på Timra i Hol, gm Haldis Gautesdtr. ... ; Sander 1809- . (Hol VI s 63)
5. Margit Eivindsdtr. Holto Styrkestad 07.04. 1760-1804
Gm Ivar Halvorson Styrkestad, gnr. 103/1.
6. Lars Eivindson Holto Lien 17.03. 1762-
G 1789 Nore m enkje Mari Syversdtr. ØvreMyro - Kjønås. Barn: Eivind .... til Am. gm Ambjørg Håkonsdtr.; Margit 1789-1848 gm Ola Torson Isungset, gm Knut Olson Halingstad; Sissel 1797-1877 gm Magnus Syverson Åsberg. (1076)
    Lars og Mari skal ha budd på Lien (Lia) i Skurdalen.
7. Birgit Eivindsdtr. Holto 11.12. 1763-
8. Birgit Eivindsdtr. Holto Tunehagen 16.02. 1766-1844
G 1785 m Svein Eilevson Granhagen Tunehagen, gnr. 124/6.
9. Kari Eivindsdtr. Holto 18.10. 1767-

Eivind var utkommandert til Køpenhavn i 1744. Eivind var fehandlar i 1750. Han var komen til Holto før 1753. Det året vart han stevna av Nossbøndene for ulovleg skoghogst. Eivind betalte 10 rd for å unngå prosess. (931)
    I 1753 kravde Eivind gardsyn på halve garden hjå verfaren Nils Sveinson Holto. Husa var: stugu 5 rd, brøstfeldig; stolphus 9 rd; 1/2 låve med to golv 20 rd; 1/2 fehus brøstfeldigt 2 rd; 1/2 ny saustall; hestestall med trev 7 rd.
    Stølar: nedre Bergastølen: ei bu i god stand, men taket var skadd av vinden 4 rd. På Øvre "Kilie-stølen" (Tjødnstølen?): ei bu 1 rd. I bakken Jøto stod ei lu til 1ort og 3 sk. Nedanfor husa på Halleset stod ei lu verdt 2 rd. (1219) s 35
    Tolleiv og Anne kjøpte 4 laupsbol i nordre Holto i 1761 for 600 rd.
    I 1765 vart Eivind og Ola Halbjørhus (hemsedøl) saksøkte for overfall med "hugg og slag på Alfarveien". Offeret var Ola Lofthus.
    Det vart strid mellom Eivind og bror til Anne. Ei haustnatt i 1766 busa Svein Nilsson (og Ola H. Kvinnegard) inn i stugu til Eivind og Anne. Karane la ved på 'skorsteinen' så det vart lyst i stugu. Gjestene ville ha servert brennevin då vertskapet vakna.
    Eivind stod opp og skjenkte dei eit staup. Då staupet var tomt, sa Svein: "Du må skjenke meg vel, det har eg vel fortent!"
    "Ja," svara Eivind, "Mandelig med." Brått stod Eivind med sabel i handa. Svein trekkte kniven, men drog seg unna litt. Så vart våpna lagde bort, og istaden brukte dei kjeft på kvarandre. Men Svein sparka Eivind så han blødde. Futen Dorph stevna Svein for dette opptrinnet. Sjå neste hushald.
    Dei kjøpte søre Tune i 1767 hjå far til Anne. Og i 1767 selde dei Anne sitt arvegods i Holto til bror hennar, Svein. Eivind vart attgift 1778 med enkja Jørand Eilevsdtr. Strand.

{4631} År: 1765

Svein Nilsson Holto 1741-1795
Foreldre: Nils Sveinson Holto og Margit Aslesdtr. Havardsgard.
Gm Guri Olsdtr. Rimehaugen Holto 08.06. 1740-1802s
Foreldre: Ola Eirikson nordre Rime og Guri Sevatsdtr. Thon.
*Barn
1. Nils Sveinson Holto 19.12. 1765-1843
G 1793 m Gro Olsdtr. Kvinnegard. Sjå neste hushald.
2. Guri Sveinsdtr. Holto Noss 02.02. 1768-1802
Gm Ola Ivarson Ivarsgarden Noss, gnr. 119/

Svein og Guri gifte seg i 1765. Prokurator Mikael Fielberg stevna Svein for 6 rd i honorar i 1767. Dette honoraret skriv seg nok frå rettssaka Svein pådrog etter at han ei haustnatt 1766 for stygt fram i stugu til mågen Eivind Tolleivson. (Sjå førre hushald). Futen Dorph stevna Svein for dette opptrinnet, men Svein stevna mot og saka vart utsett. Saka enda 1769 med 9 rd i bot og dessutan 4 rd i sakskostnader for Svein.
    Svein var militær legdsmann i 1773. Han vart oppnemnd til lagrettemann i 1782. I 1786 hadde Ivar Holto laga ei gutu innpå Svein si innmark.
    Svein hadde heimstølen Hagen, og den leigde han bort til lottebrukarar. Ein av desse hadde hest og kyr i sameigehamna sumaren 1787, men då vart det søksmål. Slik bruk var i strid med ein avtale om sameiga. (1437) s 17
    Svein var formyndar for Asle A. Håheim og brukte garden hans i 10 år frå 1782.
    I 1785 hadde Lars Olson på Halleset kalla Guri for "troll-kjering", då vart det rettssak. Lars blånekta,- ikkje fannst det troll-kjeringar og ikkje hadde han sagt det!
    Men vitne kunne fortelje at Lars hadde sagt meir enn som så. Fyrst hadde Guri jaga kyrne hans ned i hagen. Då hadde Lars bede Guri om "å kysse noget slemt som vidnerne undsier sig for at sige." (1436) s 58
    Ein tvist i 1778 mellom bøndene på Ruud og Svein m. fl. om beitet i 'østre skov' vart bilagt som hamneforlik mellom Holto, Ruud og Kvinnegard i 1780. (Sjå innleiinga.)
    Guri vart attgift 1797 med enkjemann Knut Torjusson Strand Myking. Det ekteskapet vara ikkje lenge. Dei søkte skilsmål i 1800 og var i forlikskommisjonen 1801 for å få fastsett hennar rett til kår på Holto. (1407) s 42
    På skiftet etter Guri i 1802 var det 68 rd å dele.
    NB. I 1810 kjøpte Knut (Toreplassen) langstølen Feten hjå Nils Sveinsson Holto.

{4632} År: 1787

Nils Sveinson Holto 19.12. 1765-1843
Foreldre: Svein Nilsson Holto og Guri Olsdtr. Rimehaugen.
Gm Gro Olsdtr. Kvinnegard Holto 1775c-1832
Foreldre: truleg Ola Halvorson Kvinnegard og Guro Nilsdtr. Kleppo.
*Barn
1. Svein Nilsson Holto 29.05. 1794-1872
G 1817 m Dordei Nilsdtr. Nubgarden. Sjå neste hushald.
2. Ola Nilsson Holto Sletto 12.06. 1796-1873.
G 1825 m Ingeborg Olsdtr. Dokken frå Sudndalen, sjå bnr. 1 og bnr. 2.
3. Guri Nilsdtr. Holto Helling 28.10. 1798-1870
G 1819 m Ola Olson nordre Helling. G 1849 m Torstein Torkjellson Svarteberg. Guri og Torstein hadde kår på nordre Holto.
4. Gro Nilsdtr. Holto Håkonsgard 15.03. 1801-1833
G 1823 m Embrik Olson Håkonsgard, gnr. 62/1.
5. Ola Nilsson Holto Holterudningen 09.10. 1803-1840
G 1827 m Sissel Olsdtr. Amundsgard Strand. Sjå bnr. 2.
6. Nils Nilsson Holto Juvsjord 26.05. 1806-1892
G 1836 m Liv Steingrimsdtr. Juvsjord, gnr.42/1.
7. Guri Nilsdtr. Holto 12.01. 1810-
8. Guri Nilsdtr. Holto 28.06. 1811-1812
9. Guri Nilsdtr. Holto Torsteinsrud 18.08. 1815-1889
G 1841 m Knut Knutson Torsteinsrud, gnr. 62/3.

Nils og Gro gifte seg i 1793. Nils fekk skøyte på garden 1787 hjå faren for 298 rd. (2 laupsbol og dessutan halvparten av husa på garden.) Nils var soldat i 1793.
    Nils vart hardt skadd med kniv av Ola O. Ruud. Han vart sengeliggande ei tid etterpå. Det vart slik semje i 1797: Ola Ruud skulle betale 10 rd kontant og 20 rd til neste marimesse, samt 10 rd til fattigkassa. Om ein av dei skulle fornærme den andre med "voldsom gjerning eller Ærerørige Ord", så skulle det betalast 50 rd til fattigkassa. (1407) s 18
    Holto-bøndene gjorde slikt forlik i 1797: ingen skulle havne med fleire dyr enn det som kan fødast på kvar gard. Av innkjøpte krøter til slakt/handel, skulle ingen beite med meir enn 12 kyrlag på nordre og på søre Holto. (1407) s 16
    Nils selde frå Sletto (bnr. 1) i 1797, og stølen Feten i 1810.
    Gro døydde i 1832 etter å ha vore sengeliggande i åtte år. På skiftet etter henne var det lite lausøyre då sønene hadde drivi garden i omlag 10 år. Garden var taksert til 860 spd tidlegare hadde Nils overført 2 lb. til Svein og 1 lb. til Ola. Langstølen Iungsdalen hadde Nils til brukeleg pant hjå Ola Brattåker for 100 spd.

{4633} År: 1814

Svein Nilsson Holto 29.05. 1794-1872
Foreldre: Nils Sveinson Holto og Gro Olsdtr. Kvinnegard.
Gm Dordei Nilsdtr. Nubgarden Holto 08.06. 1800-1874
Foreldre: Nils Hansson Nubgarden og Guri Olsdtr. Barskrind.
*Barn
1. Nils Sveinson Holto 23.03. 1818-1892
G 1848 m Guri Larsdtr. Rime. Sjå neste hushald.
2. Gro Sveinsdtr. Holto 03.06. 1820-
Død ung.
3. Guri Sveinsdtr. Holto Nestegard 21.09. 1822-1900
G 1848 m em Ola Pålson Nedremyr Nestegard 1817-1899. Ingen barn. (Hol III s 713)
4. Ingeborg Sveinsdtr. Holto Arnegard 23.01. 1825-1884
G 1849 m Arne Asleson Arnegard, gnr. 56/1.
5. Nils Sveinson Holto Hago 20.05. 1827-1899
G 1853 m Gunhild Andersdtr. Hago. Sjå Sundrehago, gnr.
6. Gro Sveinsdtr. Holto 21.12. 1829-1896
G 1857 m em Aslak Larsson søre Holto, bnr. 6.
7. Sissel Sveinsdtr. Holto 26.08. 1832-1834
8. Ola Sveinson Holto Arnegard 14.11. 1834-1894.
G 1864 m Guri Olsdtr. søre Arnegard (Vats), gnr. 91/3.
9. Hans Jørgen Sveinson Holto 14.04. 1837-1866
G 1862 m Birgit Olsdtr. Torsgarden. Sjå Sletto, gnr. 94/1.
10. Svein Sveinson Holto Torsgard 29.09. 1839-1922
G 1877 m Guri Knutsdtr. Bjella. Sjå søre Torsgarden, gnr. 96/8.
11. Ola Sveinson Holto 23.02. 1842-1911
G 1878 m Guri Aslesdtr. Strand. Barn: Svein 1879-1962 gm Gudrun S. Reinton; Dordei 1882-1919 gm Olav O. Reinton (5 barn); Sigrid 1883-1946 gm Torstein K. Seim (9 barn); Asle 1880-1950 til Slåtto (Nestheim) gm Sigrid O. Reinton (6 barn); Hans 1885- til Holshagen, gm Lilly Larsen (6 barn); Torleiv 1890-1967 til Knutsgarden Noss gm Borghild E. Noss; Ingebjørg 1889-1969 ug.; Guri 1892-1971 gm Ola Erikson Brenno.
    Ola kjøpte nordre Nestegard i Holet i 1875. Han kjøpte Iungsdalen i 1876 for 830 spd. Svein var handelskar og hadde drifte-fe i Iungsdalen. I 1890-åra tapte han pengar som kausjonist og dermed vart Iungdalen selt på auksjon i 1893.
    Ola fekk blodforgifting og døydde på sjukehus i Drammen etter sju dagar. Eit lite risp i handa starta det heile. (Hol III s 714, (1553)1911)

Svein kjøpte 2 laupsbol i nordre Holto hjå faren i 1814. Svein og Dordei gifte seg i 1817. Svein var ute i krigen 1807-14.
    Svein kjøpte 1 1/2 laupsbol i søre Holto av Torstein Torkjellson Svarteberg i 1820. (Sjå Holto 215a.) Med dette kjøpet vart nordre Holto totalt på 7 1/2 laupsbol.

{4634} År: 1855

Nils Sveinson Holto 23.03. 1818-1892
Foreldre: Svein Nilsson nordre Holto og Dordei Nilsdtr. Nubgard.
Gm Guri Larsdtr. Leksvol Holto 07.03. 1830-1900
Foreldre: Lars Halvorson Leksvol og Kari Larsdtr. Rime.
*Barn
1. Svein Nilsson Holto 11.05. 1849-1901
G 1874 m Borghild Olsdtr. Tveito. Sjå neste hushald.
2. Lars Nilsson Holto 08.08. 1851-1852
3. Lars Nilsson Holto Styrkestad 05.06. 1853-1912
G 1885 m Birgit Aslesdtr. Kortgard. Sjå Styrkestad, gnr. 103/1. Til Canada.
4. Dordei Nilsdtr. Holto 25.12. 1854-
Dordei levde i 1865. ???
5. Dordei Nilsdtr. Holto Kvammen 01.01. 1856-1927
G 1877 m Syver Olson Kvammen i Hol, 1847-1939. Barn: Kari 1878-1952 til Am. sydame, tok seg land, gm Jon Olson Uren; Guri 1879-1953 til Kvaløy, gm Hans A. Buvik, Kvaløy, Nordland (9 barn); Torand 1881-1970 til Sylling, gm Leif Tomassen, Lier (4 barn); Dordei 1883-1887; Kristi 1885-1904 ug.; Olav 1887-1957 bonde i Kvamen, gm Guri Knutsdtr. Kaupang (3 barn), gm Margit K. Fossgard d.y. (3 barn); Nils 1890- til Gulliksrud i Skoger, gm Birgit Kristiansdtr. Lien (3 barn); Dordei 1890-1962 arbeidde ymse stader; Sigurd 1892-1963 til Am., krigsveteran, g 1940 m Mary ... . (ingen barn); Svein 1894-1967 bonde i Kvamen, gm Hanna Serine Mortensen, Tromøysund (5 barn); Torleiv 1897-1938 til Drøbak, gm Dagmar Gulliksen (1 barn); Lars 1899-1969 bonde på Haugen, g 1922 m Birgit Jonsdtr. Kvamshaugen. (1597)s 20 , Hol III s 885.
6. Tolleiv Nilsson Holto 28.07. 1858-
Gm Anne Torjusdtr. Helling 1857-.... . Barn: Nils; Teodor; Hanna.
    Tolleiv fekk utflyttingsattest i 1879. Han reiste til Amerika og budde i Faribault, MN, sidan Brooching, SD.
7. Nils Nilsson Holto 28.05. 1861-1919
Ug. Sjå Holto, gnr. 94/3. Til Am. 1892: Norman Co, MN.
8. Kari Nilsdtr. Holto Olsen 17.07. 1863-1930
G 1895 m Johan Olsen 1857-1934. Barn: Olav 1896-1923 ug.; Nils 1899-1903; Guri 1899- ug.; Gudrun 1902-1904; Gudrun 1905- ug. ; Hedvik 1908-1935 gm Egil Kjærstad, Gjerdrum (2 barn). (1247) s 21
    I 1875 var Kari bokbinderske i Kr.ania. 1900 budde dei i Motzfeldts Gate 5. Johan arbeidde på Schous Bryggeri. Til Am.
9. Guri Nilsdtr. Holto 29.07. 1866-1867
10. Guri Nilsdtr. Holto 31.01. 1868-1868
11. Hans Jørgen Nilsson Holto 10.03. 1869-1870
12. Guri Nilsdtr. Holto Myrestølen 22.04. 1871-1942
G 1897 m Helge Trondson Helgelien Myrestølen, gnr. 110/38.

Nils og Guri gifte seg i 1848. Nils overtok garden i 1855 etter foreldra.
    Guri vart attgift 1895 med Eivind Eivindson Resebakko i Hemsedal. (Hems. s 129)

{4635} År: 1873

Svein Nilsson Holto 11.05. 1849-1901
Foreldre: Nils Sveinson nordre Holto og Guri Larsdtr. Leksvol Rime.
Gm Borghild Olsdtr. Tveito Holto 16.06. 1850-1923
Foreldre: Ola Sevatson Tveito Tveitojordet og Gunhild Larsdtr. Trintrud.
*Barn
1. Guri Sveinsdtr. Holto 07.12. 1873-1893c
Ug.
2. Nils Sveinson Holto 30.05. 1875-1918
G 1905 m Marie Bye, Hedmark 1875-1945. Barn: Kåre 1915- g 1947 m Astrid Hansen (ingen barn).
    Nils flytta til Kr.ania i 1905.
3. Gunhild Sveinsdtr. Holto Bæra 08.09. 1877-1950
G 1898 m Lars Olson (nordre) Bæra, gnr. 32/25.
4. Dordei Sveinsdtr. Holto 03.06. 1879-1881
5. Ola Sveinson Holto 14.07. 1881-1926
G 1903 Lier m Birgit Olsdtr. Stake, Gol 1883-1966. Barn: Borghild 1903-1942 g 1925 m Olai Knutsen, farmar ved Ray, Williams Co, ND (4 barn); Ola 1906-1987 farmar ved Tioga, gm Eleanor Herfindal (4 barn); Svein 1908-1998 jarnbanearbeid, gm Myrtle Mikkelson; Nels 1910- i US Army i 2. verdskrigen, gm Jody Carney, gm Vivian ... ; Carl 1911- gm Virginia Clark; Anfin/Arthur 1913-2004 gm Edna Irene Avery (2 barn); Louis død 3 år gamal. ((1033) s 11, J. Marler, Jennifer Kerr)
    Ola utvandra til Am. i 1903. Han var farmar i Westbank, Temple, Williams Co, ND.
6. Hans Sveinson Holto Helling 24.08. 1883-1948
G 1903 m Ågot Helgesdtr. Helling 1883-1915. Barn: Svein Adolf 1903-1903; Marie 1904- g 1925 m Carl Angebauer (ingen barn); Sven 1906-1962 ug.; Borghild 1908-1991 g 1929 m Louis Hermannson (Gullhagen) (3 barn); Helge 1910- g 1934 m Amy Olsen (1 barn); Selma 1912-2002 gm ... Broten (1 barn); Alma 1913-1971 gm ... Planting; Knut 1914-1982 g 1948 m Eileen Defrang (2 barn). (J. Marler)
    Fyrste tida var Hans skomakar og budde i Øvre-Ål. Då dei gifte seg i Kr.ania i 1903 var Hans i tenest på Helling.
    Dei reiste til Am. 1904: Petersburg, ND. Farmar ved McGregor, Dakota. Kom sidan til Lignite, Burke Co ND.
7. Dordei Sveinsdtr. Holto 31.08. 1885-1902
Ug.
8. Borghild Sveinsdtr. Holto 17.12. 1888-1891
9. Kari Sveinsdtr. Holto Fjeldvik 21.12. 1891-
Gm Marinius Fjeldvik 1894- . Barn: Borghild 1921- gm Helge Oseth; Andreas 1923- gm Margrete Høybak; Signe 1925- gm Adler Johnsen; Olaf 1927- ug. ; Gunvor 1932- gm Kjell Oseth. (1247) s 13
    Til Ø-Eiker i 1920.
10. Svein Sveinson Holto 20.10. 1895-1958
Ug. Farmarbeidar, reiste til broren i Malta, Montana. Til Williams ND i 1914. (BB)
11. Lars Sveinson Holto 01.03. 1898-1935
Gm Ragna Gebora Myhre, Gulen 1899-1936. Barn: Brynhild 1923-1990 g 1950 m Reidar Aasmul (2 barn); Målfrid 1924-1931; Sigurd 1927-1986 stasjons-betjent ved Vestbanen; Gerd 1928-2003 g 1955 m Lars Daniel Sundsbakk (ingen barn). (1597)s 14
    Lars var banevaktar og budde ei tid i vaktarboligen i Tunga ved Finse. Både han og kona gjekk tidleg bort. Ungane vaks opp hjå slektningar i Ål.

Svein og Borghild gifte seg i 1874. Svein kjøpte garden hjå foreldra i 1873.
    I 1889 selde dei frå bnr. 8 og bnr. 3 til Nils Nilsson, bror til Svein. Svein hadde kausjonert for Nils, og måtte overta eit lån som Nils hadde teke opp i samband med krøterhandel. Det vart for mykje. I 1892 gjekk Svein gjekk konkurs og i 1895 vart garden selt på auksjon. Fastegods var Holto 94/5 og dessutan stølen Sølesund (gnr. 27/2 i Hol).
    Svein og Borghild flytta då til Anfinngarden, og så til Råen.

{4636} År: 1895

Gunnar Olson Noss 16.09. 1861-1948
Foreldre: Ola Ivarson Ivarsgarden Noss og Rangdi Gunnarsdtr. Arnegard.
Gm Birgit Olsdtr. Huus Noss 02.03. 1868-1959
Foreldre: Ola Torsteinson Huus og Margit Knutsdtr. Halleset.
*Barn
1. Ola Gunnarson Holto Noss 25.04. 1892-1956
G 1915 m Ågot Olsdtr. Dengerud ("Ruud"). Sjå Ivarsgarden Noss, gnr. 119/2.
2. Rangdi Gunnarsdtr. Holto Noss 05.08. 1907-1985
Ug. Rangdi var guide ved Folkemuseet på Bygdøy og ho var selskapskokke. Budde i Oslo og sidan i Drammen.
3. Margit Gunnarsdtr. Holto Helling 21.06. 1915-1996
G 1948 m em Ola H. Helling (1905-1984). Sjå eige hushald.

Gunnar og Birgit gifte seg i 1891. Gunnar kjøpte nordre Holto på auksjon i 1895 for 3650 kr. Dei selde garden til brorsonen hans i 1915. Gunnar og Birgit dreiv herberge på Trolløyen ved stasjonen ei tid. Så flytta dei attende til sonen Ola i Ivarsgarden.