Holto, søre gnr. 94 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Holto, søre gnr. 94 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Holto vert også kalla 'Uppigarde Holto'. Dette kan vera den opphavlege Holto-garden om ein skal døme ut frå landskylda på 6 laupsbol. (Nordre Holto hadde opphavleg 3 laupsbol.) Søre Holto vart skattlagt som øygard, stundom som halvøygard.
    (At bruksnummeret i dag er 6, kjem berre av at matrikkelkommisjonen i 1838 starta nummeringa på Holto i ein utkant, dvs. på det yngre bruket Sletto under nordre Holto.)
    Namnet Holto kjem truleg av ein skogholt. 'Holto' står i dativ fleirtal, - det heiter 'på Holto', men 'i Uppigarde'. (?)
    Me veit ikkje sikkert om Holto vart delt i nordre og søre før eller etter øydetida. K. O. Solhjell (1987) reknar Holto (1 bruk) for å vera ein høgmellomalder-gard. I 1528 var det bonden på Helling som skatta av Holto. Så er Holto ikkje nemnt før bygningskatten i 1593.
    Fyrst på 1600-talet var Holto underbruk til Amundsgard Strand. I Odelsjordeboka frå 1624 heiter det at Bjørn Strand skatta m.a. av 'Haalthoen 3 lb'. Sonen hans Bjørn vart bonde på Holto kring 1630.
    I 1759 delte Bjørn Ivarson delte søre Holto i to delar med 3 laupsbol på kvar. Halleset (bnr. 7) vart då fråselt. På auksjonen i 1800 kom halve Halleset (1 1/2 lb.) på handel, og hamna sidan under nordre Holto.
    I 1776 delte bøndene på Holto, Ruud, Kvinnegard og Torsgard 'nordre og østre skov'. (Innkvelvlia og skogen heime ved gardane.)
    I 1802 delte dei skogen i Djupedal-lien og 'heim-remmane' ovanfor Torsbu.
    Fram til 1907 låg innmarka for bnr. 3, 5 og 6 i sterk teigblanding. Ved utskiftinga 1903-07 fekk kvar gard jorda si samla. Dessutan vart tunet til bnr. 3 flytta ut or husklynga sør til noverande stad. Aslag Larsson si smie skulle flyttast, grunna brannfare ikkje nærare andre tun enn 40 m.
    Utover dette vart grensene mot Halleset og Rudningen beskrivne, og det vart lagt ut grunn til fe-gutu frå tunklynga og til utmarka.
    I 1919 delte Holte-bøndene ein felles hestehagen i kvar sine teigar. Hestehagen hadde sitt opphav i ein avtale frå 1863.
    Areal 1865: dyrka jord 20 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 69 mål. Avling 14 1/2 tunne bygg og 11 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål og anna areal 40 mål som vert leigd bort til slått og beite, produktiv skog 300 mål.
    Våningshus bygt 1954, loft 1975, driftsbygning 1967. Ei gamal stugu ombygd til loft og rosemåla, og står no på Ål Bygdemuseum. Kårstugu frå 1927 vart påbygd til nytt våningshus 2002.
    Det gamle loftet var rosemåla av Herbrand Sata omlag 1780. Dvs. Loftet var opphavleg ei stugu som så vart påbygd ei høgd fyrst på 1800-talet. (Sjå år 1820.) Årstalet 1673 er innskore ovanfor døra, men huset kan vera eldre. Det har fine ovale laftehovud av ei type som var vanleg på 1500-talet.
    Nokre stadnamn: Klunken (orreleik), Råbbe (bratt åker, også nytta til hoppbakke), Kjellarmålet, Fjøsåkeren (nedunder der stod fjøset til Holto bnr. 3 fram til 1907), Geitebakkjin.
    Stølar. Heimstølar Slettane (no bruket Skogly bnr. 10) og Skansen og Øybergastølen (nedlagde).
    Opphavleg langstøl var Hevjansåsen. Den stølen vart makeskifta med bonden på nordre Bjella i 1823 (som var klokkar og ville ha stuttare veg til kyrkje), og sidan har Holto hatt langstøl i Djup.
    Det var eit godt byte for Holto. Det fortelst at klokkaren Holge Bjella sa det slik: "Eg vil heller reise på Hevjansåsen og eta vassgraut, enn å reise til Djup og eta rummegraut! (Etter Aslag L. Holto)
    Skogly bnr. 10 har overteke ein del av stølen i Djup. Steinbua i Djup vart restaurert i 1968. Garden var i drift med mjølkeproduksjon og stølsdrift fram til 1987. Sidan var det foringsdyr nokre år, og frå 1994 har jordvegen vore bortleigd.

{4649} År: 1760

Tolleiv Olson Holto Kvamen 1736-
Foreldre: Ola Ivarson søre Holto og Ambjørg Torgeirsdtr. Sundbrei.

I 1760 var søre Holto delt. Tolleiv kjøpte 1760 halve Holto 3 laupsbol (truleg hovudbølet) hjå onkelen Bjørn for 500 rd og kår. Bjørn Ivarson og kona var kårfolk på garden i 1762. (Kår-verdi 36 rd.)
    Tolleiv anka ei odelsløysing på Kvamen og saka enda med forlik i 1765: Tolleiv kjøpte Kvamen for 290 rd.
    Ein har ikkje dokument på korleis Tolleiv selde Holto. Men broren Ola Ivarson kom på garden i 1773.

{4650} År: 1773

Ivar Olson Holto 02.10. 1746-1812
Foreldre: Ola Ivarson søre Holto og Ambjørg Torgeirsdtr. Sundbrei.
Gm Guri Olsdtr. ... Holto 1747-1827
Foreldre: Ola Olson ... og ... ... ... .
*Barn
1. Gunnar Ivarson Holto 1775c-
Gunnar var ute i krigen 1807-14 og fekk ein helseknekk. Han vart ikkje gamal.
2. Haldis Ivarsdtr. Holto 1776-1808
Ug. Død i 1808.
3. Ola Ivarson Holto 1779-
Ola var 22 år i 1801. Truleg var Ola ute i krigen 1807-14. Ukjent lagnad.
4. Tolleiv Ivarson Holto Halleset 1784-1849
G 1818 m Torand Knutsdtr. Noss. Ingen barn, inderst i Belluteigen, gnr. 117/3, sidan på Halleset, bnr. 7.
5. Ola Ivarson Holto Halleset 1787-1839
G 1812 m Birgit Hermundsdtr. Stakegard. Sjå Halleset, bnr. 7.
6. Bjørn Ivarson Holto 1794-
Bjørn var 7 år i 1801. Ikkje død i Ål. Ikkje i FT 1865. Ukjent lagnad.

Ivar og Guri gifte seg i 1775. Ho skreiv seg m.a. 'Halvorsgard'. Ivar kvitterte for arven hennar 1780, det vart då vist til eit ukjent skifte etter Ola Olson i 1757.
    Ivar overtok søre Holto 1773 for 745 rd og kår til foreldra på Halleset. Alt lausøyret fylgde med unntatt 4 kyr. Foreldra sat i tung gjeld, og var gamle og svake. Dei held att bruksrett til slåttelendet Sletten som dei ville drive.
    Takst 1777: på 26 mål åkerland vart sådd 5 tunner bygg. Garden fødde 20 krøter, 2 hestar og 40 småfe. Det var fem stølar. Takst: 900 rd.
    I 1770 selde onkelen Bjørn Ivarson halve garden til Eirik Larsson. (Sjå Halleset II).
    Takst på garden i 1785: 1000 rd. Ivar lånte 500 rd hjå Enkekassa til Akershus Stift. Lånet vart avlyst 1797. Men i 1800 gjekk søre Holto på auksjon saman med Halleset, og Ivar og Guri flytta til Halleset. Halve Halleset kom så på handel og havna hjå bonden på nordre Holto i 1820. Guri døydde som kårkone på Halleset.
    I 1806 selde Ivar Olson det attverande 1 1/2 laupsbol til sonen Ola Ivarson. Sjå Halleset.
    Tre av sønene på Holto var ute i krigen 1807-14. Dei fekk utmarsj-ordre ein juledag og reiste same dagen. (Tolleiv, og truleg Ola og Ola.)

{4651} År: 1800

Aslak Larsson Svarteberg Holto 08.06. 1767-1824
Foreldre: Lars Torsteinson Svarteberg og Ågot Aslaksdtr. Hove.
Gm Margit Ivarsdtr. Espegard Holto 10.07. 1768-1816s
Foreldre: Ivar Embrikson Kolbjørnsgard Espegard og Turid Olsdtr. Raunsgard (Hol).
Gm Ambjørg Knutsdtr. Noss Huus Jøto 19.02. 1758-1833
Foreldre: Knut Tolleivson Tolleivsgarden Noss og Torand Olsdtr. Løken.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ågot Aslaksdtr. Holto 1799-1800c
2. Lars Aslakson Holto Gjeldokk 31.08. 1800-1860
G 1827 m Guri Embriksdtr. Settungsgard. G 1831 m Guri Tolleivsdtr. Noss. Sjå neste hushald.
3. Ågot Aslaksdtr. Holto 1803-1806
4. Ivar Aslakson Holto 1805-1816
5. Aslak Aslakson Holto 23.12. 1807-1820
Aslak hadde tilhald på Myking. Han døydde som 13 åring.
6. Ågot Aslaksdtr. Holto Strand 14.02. 1810-1863
Barn: Aslak 1834-1931, sjå barnebarn.
    G 1835 m Knut Eirikson Skottebøl, sjå Holtegarden, gnr. 123/16.
*Barnebarn
1. Aslak Pålson Strand 15.07. 1834-1931
Barn: Eirik 1855- m/ Mari Nilsdtr. Skjervheim; Margit 1858-1950 m/ Margit Tomasdtr. Trageton.
    G 1859 m Gurine Agate Steinsdtr. Hamarsbøen 1839-1874. Barn: Margit 1859-1874; Ambjørg 1860-1941 til Am. gm Halvor Olson Løken; Ågot/"Emma"1862- til Am., gm Herman Berg; Guro 1865-ung; Stein 1866-1934 til Am., vart sjuk og døvstum; Guro 1869-1869.
    Barn i USA: Erick 1871- gm Ingeborg Lunde; Peter Ole 1873-1887 drukna. (1351)
    G 1884 m Oline Torsteinson Dystremoen 1831-1916. Barn: Gilbert i Deadwood, SD (som var ein bror til Margit f. 1858).
    Foreldre: Pål Botolvson Trintrud/Eilevstøl (ungkar) og Ågot Aslaksdtr. Holto Strand.
    Aslak brukte Holtegarden i 1865. Aslak, Gurine, Margit, og Ågot og Stein utvandra til Amerika med seglskuta "Anna Delius" i 1870. Han vart farmar/nybyggar i Zumbrota, MN.
    Aslak skal ha vore ein arbeidssam mann. Sonen Eirik overtok farmen.

Aslak og Margit gifte seg i 1797. Dei fekk seks barn. Buet hennar var på 891spd. Aslag vart attgift 1817 med Ambjørg. Ho var enkje etter Eirik Olson Noss Jøto.
    Aslak kjøpte halve søre Holto (3 laupsbol) på auksjon for 1090 rd i 1801. Fyrst hadde Aslak kjøpt Øygarden i Votndalen, men etter to år selde han den garden til broren Ola i 1800. I 1807 kjøpte Aslak odelsretten til Holto for 1200 rd.

{4652} År: 1820

Lars Aslakson Holto Gjeldokk 31.08. 1800-1860
Foreldre: Aslak Larsson Svarteberg Holto og Margit Ivarsdtr. Espegard.
Gm Guri Embriksdtr. Settungsgard Holto 15.07. 1804-1830
Foreldre: Embrik Oleivson Settungsgard og Guri Olsdtr. Hovdegard.
Gm Guri Tolleivsdtr. Noss Haugegarden Holto 26.08. 1804-____
Foreldre: Tolleiv Olson Haugegarden Noss og Sissel Larsdtr. Torkjellsgard Noss.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Aslak Larsson Holto 01.08. 1828-1916
G 1853 m Birgit Eiriksdtr. Sando. G 1857 m Gro Sveinsdtr. Holto. Sjå neste hushald.
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Larsdtr. Holto Tullegard 14.01. 1832-1906s
G 1859 m Tor Torson Tistilsgard Tullegard, gnr. 91/1.
2. Tolleiv Larsson Holto Fodnes 02.06. 1836-1926
Tolleiv reiste til Valdres saman med foreldra i 1859.
    I 1875 var Tolleiv ugift sjølveigar på søre Fodnes i Svennes sokn. Hjå seg hadde han budeia 'Marit Larsdtr ... frå Ål' (= systera Margit) og dottera hennar, Kristi Jonsdtr. (f. 1873 i Svennes), og dessutan mora Guri Tolleivsdtr.
3. Ola Larsson Holto 07.10. 1839-1889
Ola reiste til Valdres med foreldra i 1859. Død 50 år gamal som 'Sorteberg' i 1889. Syskena arva.
4. Margit Larsdtr. Holto 06.10. 1842-
Barn med Jon Eirikson Espelien: Kirsti Jonsdtr. 1873-1919. Kirsti vart adoptert av onkelen Tolleiv Fodnes, og gift 1895 m Engebret Syverson Strand, N-Aurdal. Dei kjøpte Fodnes same år. Seinare flytta dei til Strand gnr. 65/4. Dei fekk 7 barn, slekta sit enno på søre Fodnes.
    Margit reiste til Valdres saman med foreldra i 1859. I 1900 var Margit ugift kårkone, født i Ål og busett på garden Berg i Nord-Aurdal.
5. Sissel Larsdtr. Holto Skarsgard 03.09. 1845-1916
Gm Ola Oleivson Skarsgard, gnr. 92/1.

Lars og Guri Embriksdatter gifte seg i 1827. Dei fekk ein son. Lars vart attgift 1831 med Guri Tolleivsdatter og fekk fem barn med henne.
    Lars fekk skøyte på garden i 1820. Same året makeskifte han stølen på Hevjansåsen med Holge Ivarson Bjella og fekk att ny langstøl i Djup.
    Kring 1840 vart det sett opp ny stugu på Holto. Sonen Aslak fortalde at den gamle, rosemåla setustugu vart påbygd ei høgd og sidan brukt som loft. Sjå år 1959. Lars dreiv med fehandel, i 1851 vart han kravd for 98 rd av aurlendingar. (1295)
    I 1844 gjorde Lars ei såkalla fletføringsavtale med Lars og Ingrid Randedokken. Sidan dei to var gamle og barnlause, så ville dei overføre all si eige til Lars mot å få kår på Holto. (Eiga var 50 rd, ei hoppe og ei kvige og noko lausøyre.) For dette skulle dei to årleg ha framfødd og stellt 2 kyr og 4 sauer; 3 tunner korn; 2 settung rug og 2 settung salt. Dei to skulle bu i 'nordre kammers' i den nye stugu, og ha høve til å bruke åkeren Råbben som skulle gjødslast med 11 lass møk årleg. Dessutan var det bestemmelsar om ved, bruk av hest osv. (Ingrid døydde i 1847, Lars i 1860.)
    Lars kjøpte nedre Gjeldokk for 1050 spd i 1849, og selde Holto til grannen Svein Nilsson i 1850. Etter sju år vart Gjeldokk teken på odel. Pris 1495 spd.
    I 1859 kjøpte Lars garden søre Fodnes i Nord-Aurdal for 1300 spd, og så flytta han dit med familien.
    På Fodnes var det stort kår til ein Embrik Knutson. Då Holto-folket kom til gards, sa Embrik Fodnes som så: "Eg har kvitta to eigarar før, så eg greier nok den tredje, med!"
    Dottera Margit svara: "Å, me få svelte og arbeide, så skal me nok greie det". Og det greidde dei. (1046)

{4653} År: 1851

Aslak Larsson Holto 01.08. 1828-1916
Foreldre: Lars Aslakson Holto og Guri Embriksdtr. Settungsgard.
Gm Birgit Eiriksdtr. Sando Holto 08.05. 1829-1855
Foreldre: Eirik Olson Sando og Sissel Mikkelsdtr. Medhus.
Gm Gro Sveinsdtr. Holto 21.12. 1829-1896
Foreldre: Svein Nilsson nordre Holto og Dordei Nilsdtr. Nubgarden.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Guri Aslaksdtr. Holto Ulshagen 15.11. 1854-1946
G 1880 m Ola Nilsson nordre Ulshagen, gnr. 109/1.
*Barn i andre ekteskap
1. Lars Aslakson Holto 01.08. 1857-1916
Barn: Tolleiv 1889-død liten med Birgit Olsdtr. Tveito f. 1863.
    Gm Gro Gunnarsdtr. Tune. Sjå neste hushald.
2. Birgit Aslaksdtr. Holto 29.09. 1859-1897
Død 1897 som 'Ug. Gårdmannsdatter'.
3. Svein Aslakson Holto 29.11. 1861-1954
G 1899 m Ingeborg Ivarsdtr. Sletto. Sjå nordre Holto II, bnr. 3.
4. Dordei Aslaksdtr. Holto 10.09. 1864-1870
5. Embrik Aslakson Holto 27.02. 1868-1870
6. Embrik Aslakson Holto 30.09. 1870-1877
7. Hans Aslakson Holto 30.08. 1872-1877

Aslak kjøpte 1851 attende garden som faren selde til grannen Svein Nilsson året før. Pris 1000 spd. Aslak var spelemann. Hadde han høyrt ein lått, så kunne han tralle den, skreiv Ola Olson Ruud Barman.
    Aslak og Birgit gifte seg i 1853. Dei fekk ei datter. Aslak vart attgift med Gro frå nordre Holto i 1857 og fekk sju barn med henne. Dei selde garden til sonen i 1889.

{4654} År: 1889

Lars Aslakson Holto 01.08. 1857-1916
Foreldre: Aslak Larsson Holto og 2.g Gro Sveinsdtr. nordre Holto.
Gm Gro Gunnarsdtr. Tune Holto 30.10. 1864-1938
Foreldre: Gunnar Knutson Tune og Lukris Persdtr. Jonset.
*Barn
1. Aslak Holto 18.10. 1898-1960
G 1929 m Astrid Olsdtr. Noss. Sjå neste hushald.
2. Per Holto 05.11. 1900-1993
G 1941 m Haldis Olsdtr. Tveito. Sjå Skogly, gnr. 94/10.
3. Hans Holto 07.08. 1902-1993
G 1930 m Guri Solheim frå Gol. Målar. Sjå Kvinnegardsjordet, gnr. 96/2.

Lars og Gro gifte seg i 1898. Lars overtok garden 1889 hjå foreldra. Prisen var 4167 kr.
    I 1902 kjøpte Lars også søre Tune, - den garden selde han att i 1914.
    Som enkje delte Gro 1924 frå ein heimstøl som bureisarbruk til sonen Per. (Det vart Skogly, bnr. 10.) Resten av garden overtok sonen Aslag same året.