Halleset II gnr. 94 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Halleset II gnr. 94 bnr. 7a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Frå delinga av søre Holto 1770 og fram til auksjonen på søre Holto i 1801 ser det ut til å ha vore to eigarar på Halleset. På auksjonen vart 1 1/2 laupsbol av Halleset selt til Halvor Ivarson Kvinnegard. Denne garden/gardparten vart selt til nordre Holto i 1820. Og har sidan tilhøyrt bnr. 5.
    Det er ikkje kjent kvar husa låg.

{4671} År: 1770

Eirik Larsson Rime Holto 1724-
Foreldre: Lars Eirikson Rime og festekvinne Gro Ivarsdtr. Holto søre.
Gm Randi Olsdtr. Rue Holto 1735-
Foreldre: Ola Danielson Rue nordre og Birgit Olsdtr. Aslaksgard Noss.
Gm Kari Helgesdtr. Foss Holto 1747-
Foreldre: Helge Steinson Hamarsbøen Foss og Gunvor Sveinsdtr. Verpe, Hol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Eirikson Holto 05.03. 1763-
Død liten.
2. Gro Eiriksdtr. Holto 31.03. 1766-1828
Gm Asle Nilsson Holto, sjå år 1789.
3. Lars Eirikson Holto 1769-1789f
Ug. Sjå neste hushald.

Eirik og Randi fekk 3 barn. På skiftet etter Rangdi i 1773 var det 234 rd å dele på enkjemann og 2 barn.
    Eirik vart attgift med Kari 1775. Ingen barn.
    På skiftet etter faren i 1745 vart det strid om arveretten til Eirik. Han var lyst i kull og kjønn i 1742, men retten ville berre gje han halv arv, sidan han var avla før trulovinga.
    Presten stevna Eirik 1753 for "liderlig og forargelig levned". Kapellan Flor og Major Ring var med på same klaga. Eirik kunne truge til seg drikke då han var på bygda. Eirik møtte på tinget og tilstod at han var "henfalden til drik", men for ettertida lova han forbetring, og bad difor om straff på "lemfeldigste maade". Retten dømde Eirik til tukthusarbeid for så lang tid som direktørene finn høveleg ... (1219) s 46
    Eirik kjøpte ein del av Holto av skyld 3 laupsbol hjå Bjørn Ivarson på søre Holto i 1770 for for 1000 rd. Svigersonen overtok garden i to omgangar, 1 1/2 lb. i 1789 og 1 1/2 lb. i i 1799.
    På skiftet etter Rangdi i 1773 var det 234 å dele på enkjemann og 2 barn. I 1801 var Eirik kårmann hjå Aslak Larsson Holto.

{4672} År: 1784

Lars Eirikson Holto 1769-1789f
Foreldre: Eirik Larsson Rime Holto og Rangdi Olsdtr. Rue (Hol).

Lars fekk skøyte 1784 på 1 1/2 laupsbol hjå faren og mågen. Død før 1789.

{4673} År: 1789

Gro Eiriksdtr. Holto 31.03. 1766-1828
Foreldre: Eirik Larsson Rime Holto og Rangdi Olsdtr. Rue (Hol).
Gm Asle Nilsson Holto Klemmestad Storlien 15.12. 1754-1832
Foreldre: Nils Sveinson Holto og Margit Aslesdtr. Havardsgard.
*Barn
1. Randi Aslesdtr. Holto 1783-
Randi var tenestjente i 1801.
2. Nils Asleson Tune Sirebråten 1785c-1818
Klemme-Nils. G 1813 m Helge Olsdtr. Sire. Sjå Øvre Sirerudningen, gnr. 4/13 og Øyen, gnr. 2/1.
3. Eirik Asleson Holto Bruteigen 1788-1868
G 1816 m enkje Birgit Ivarsdtr. Åkreslåtta Foss-slåtta. Klemme-Eirik. Sjå Bruteigen, 55/9.
4. Margit Aslesdtr. Holto Velta 10.10. 1790-1837
Barn m Torstein Torkjellson Holto: Guri 1812-1848. Sjå barnebarn.
    G 1816 m Oleiv Olson OpheimsHaugen Velta 1794-1870. Barn: Knut 1816-1901 g 1844 m Kari Olsdtr. Nyhusmoen; Margit 1819-1898 g 1847 m Ola Olson Ellingbråten, Nes; Asle 1821-1933; Ola 1823-1908 g 1858 m Margit Mikkelsdtr. Høle; Ola 1826-1912 g 1852 m Anne Olsdtr. Turkop; Håkon 1828-1901 g 1854 m Ågot Eilevsdtr. Toreplassen; Gro 1830-1862 g 1855 m Knut Steinarson Sjåheim på Sandum i Sokndal; Anne 1833- g 1870 m bakarsvein Martin Larsen, truleg gm skreddarsvein Nils Pedersen, Kr.ania.
    Margit og Oleiv gifte seg 1816 og kom til Velta eller Rotneims-eie i Gol. (Gol V s 364)
5. Lars Asleson Holterudningen Guroplass 11.08. 1793-1857
G 1820 m Margit Olsdtr. Myregard. G 1838 m Guri Håkonsdtr. Medgarden. Sjå Guroplassen 123/21.
6. Svein Asleson Holto Grandokken 1797-
G 1822 m Birgit Knutsdtr. Nedremyrslåtta - Råen. Barn: Gro 1825- ung; Asle 1830-1897 bonde i Meiebakken, Hol, gm Anne Knutsdtr. Vesleslåtta (6 barn); Knut 1835-ung; Asle 1839- til Strandebarm gm Ingebjørg Larsdtr. Haugen, Hardanger.
    Ved forlik 1812 gav Svein frå seg odelen til Halleset. (Hol III s 145+ 163)
7. Ola Asleson Holto Holshagen 1798-
Gm Barbro Persdtr. Personbråten, Gol. (1331) s 2
    G 1826 m enka Kari Knutsdtr. Sindrol Øygarden i Hol 1782-1831. Ingen barn.
    G 1832 m Gro Ivarsdtr. Styrkestad 1802-1847. Barn: Asle 1833, Margit 1835, Kari 1843, Kari 1844-.
    Ola kom til Personbråten som nygift, men Barbro døydde etter omlag eit år.
    Ola dreiv Øygarden i Hol frå 1826 til 1832. Ola kom til Holshagen omlag 1834, men låg i beisk strid med broren Eirik som overtok garden i 1836. I 1838 vart det halde auksjon over Holshagen. Ola kom då til Rue-eie. (Sjå Hol III s 366)
8. Kari Aslesdtr. Holterudningen 1799-
*Barnebarn
1. Guri Torsteinsdtr. Holto Stranden 23.12. 1812-1848
G 1836 m Svein Eivindson Gullhagastranden Røyseplassen. G 1847 m Arne Syverson Torpo Tretterud.
    Foreldre: Torstein Torkjellson Svarteberg Holto og Margit Aslesdtr. Holto.

Asle og Gro gifte seg i 1782. Asle fekk 1789 skøyte hjå svigerfar på 1 1/2 laupsbol i øvre-søre Holto for 198 rd. Og i 1799 kjøpte Asle ein gardpart til i Holto på 1 1/2 lb. hjå svigerfaren for 398 rd. Handelen omfatta også smieredskap, plog, ei jarnvekt og ein buskapskjel i kopar.
    Økonomien bar ikkje for Asle og Gro. Garden vart selt 1800 til Torgeir Klemetson Sundbrei for 1299 rd. Det fylgde med stølsbu i 'Foldalen' og 2 kvernar med redskap, krøter og innbu. Heller ikkje han greidde å sitja med garden.
    Garden Halleset kom på auksjon i 1801 saman med den delen som Ivar Olson på søre Holto hadde. (Eigendomen var nok ikkje delt formelt.) På auksjonen vart ein del selt til Aslak Larsson og den andre delen 1 1/2 lb. vart selt til Halvor Ivarson Kvinnegard som selde vidare til Torstein Torkjellson Svarteberg. Torstein selde 1820 til Svein Nilsson Holto, og sidan har desse 1 1/2 laupsbol frå søre Holto tilhøyrt nordre Holto.
    Asle og familien reiste ut og hadde garden Klemmestad i Lier frå 1801 til 1812. Då selde dei Klemmestad og vart sidan kalla "Klemmefolket" då dei kom til Storliøyen i Torpo.
    Gro døydde som inderst i Bråtalien i 1828. Asle døydde som umyndig enkjemann med 8 barn og fattigstøtte i Sire-rudningen i 1832.

{4674} År: 1801

Halvor Ivarson Kvinnegard Holto 01.09. 1765-1812
Foreldre: Ivar Larsson nordre Kvinnegard og Haldis Halvorsdtr. Styrkestad.

Gm Birgit Olsdtr. Tveito. Halvor kjøpte 1 1/2 laupsbol i Holto/Halleset på auksjonen i 1801. Halvor flytta frå Kvinnegard omlag 1801, var på Holto til 1804, sidan på Huus og så på Myking frå 1807 og til han døydde i 1812. Sjå meir om han på Kvinnegard, gnr. 96/1.

{4675} År: 1804

Guri Nilsdtr. Holto Helling 28.10. 1798-1870
Foreldre: Nils Sveinson nordre Holto og Gro Olsdtr. Kvinnegard.
Gm Torstein Torkjellson Svarteberg Holto 05.10. 1777-1867
Foreldre: Torkjell Torsteinson Svarteberg og Guri Olsdtr. Myregarden.

Torstein og Guri gifte seg i 1848. Ho enkje etter Ola Olson Helling Hellingstølen. Torstein var enkjemann etter Ingeborg Aslaksdtr. Strand. Sjå dessutan barnebarn år 1789. Torstein hadde eit barn med Margit Aslesdtr. Holto i 1812.
    I 1804 kjøpte Torstein 1 1/2 laupsbol i søre Holto hjå Halvor Ivarson Kvinnegard. Torstein var utkommandert i krigen 1807-14.
    Torstein selde 1820 1 1/2 laupsbol av søre Holto til Svein Nilsson, bror til Guri.
    Guri døydde i stor fattigdom, 'dog ingen understøttelse av fatigvesenet.'