Ruud, nordre gnr. 95 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ruud, nordre gnr. 95 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Ruud eller Rudmyre vart delt frå hovudbølet i 1771. Landskyld 6 laupsbol. Garden grensar mot søre Ruud i aust og Holto bnr. 3 i vest.
    Det heiter at det vart bygd nye hus på nordre Ruud, medan søre Ruud overtok dei gamle husa. Tunet var opphavleg nede i jordet, skreiv Gregor Barman. I 1820-åra var der to stuguhus på gaden, den såkalla 'nystugu' var dekorert med svarte figurar på kvit botn, og var nytta til gjester.
    Areal 1865: dyrka jord 18 mål, naturleg eng 80 mål, utslått 28 mål. Avling 11 1/2 tunne bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 36 mål og anna areal 20 mål som vert leigd bort, produktiv skog 507 mål, anna utm. 1185 mål.
    Hallingstugu, stabbur, eldhus, låve med stall og fjøs, alle husa i lafta tømmer bygde etter deling i 1771, restaurert 1974-94.
    Vanleg buskap i 1930-åra var 1 hest, 9 kyr og 20 sauer. Frå 1944 var det sauehald på garden.
    Stølar. Ruudstølen på Hevjanåsen. Tidlegare var det mykje stølshandlar. Halvparten av Grønset vart tilkjøpt frå Leksvol i 1776. Brekkene (to vollar) vart tilkjøpt 1783. Same år vart noko av Ruudstølen på Hevjanåsen selt til søre Ruud. Lomtjørnstølen og Grønset vart fråselt 1838 og ligg til ØvreLå. Brekkene vart selt til øvre Gjeldokk i 1874.
    Kårstugu etter Kari Ruud vart frådelt som hytte (bnr. 19) til barnebarnet Ruth Abrahamsen.

{4691} År: 1771

Ola Olson Ruud 01.03. 1747-1828
Foreldre: Ola Olson Brattåker Ruud og Anne Eiriksdtr. Gullhagen.
Gm Birgit Olsdtr. Havardsgard Ruud 26.12. 1754-1797
Foreldre: Ola Asleson Havardsgard og Sissel Olsdtr. Arnegard (Tullegard).
*Barn
1. Kari Olsdtr. Ruud __.__. 1770-1843
Barn med Lars Sevatson Granhagen Smedplassen: Tore Larsson 1800-1867, sjå barnebarn.
    Lars Sevatson var dreng på Kvinnegarden ei tid. I 1801 var Kari ugift dagarbeidar og losjerande på Ruud. Død i legd på Strand.
2. Anne Olsdtr. Ruud Torsgard 21.05. 1775-1798
Gm Henrik Olson Torsgard, gnr. 96/9.
3. Ola Olson Ruud Barman 19.05. 1777-1857
G 1804 m Guri Olsdtr. myljo Tveito. Sjå neste hushald.
4. Sissel Olsdtr. Ruud Bæra 24.10. 1779-1848
G 1808 m Ola Anderson Gudmundsrud søre Bæra gnr. 32/10 og Sollien gnr. 5/2.
    NB. Både Sissel og systera Kari vart gravide med Lars Sevatson Granhagen Smedplassen. Barn: Knut 1800- sjå barnebarn.
5. Kari Olsdtr. Ruud 03.02. 1782-
Kari var ikkje arving i 1797.
6. Asle Olson Ruud 09.04. 1784-
7. Asle Olson Ruud 05.03. 1786-
8. Kari Olsdtr. Ruud 24.03. 1788-1849
Ug. Barn: Eirik 1822-1882, sjå barnebarn.
    Kari Olsdtr. Ruud eller Stave døydde som jente 60 år gamal i 1849.
9. Guri Olsdtr. Ruud Tveito 21.11. 1790-1829
G 1828 m Knut Embrikson Tveito, gnr. 55/4.
10. Ola Olson Ruud Sletto 31.08. 1794-1862
G 1822 m Gunvor Asgrimsdtr. Rue 1803-1858. Barn: Birgit 1823- gm Johannes Embrikson Håkonset-Eggen; Birgit 1825- gm Ola Olson Moen-Sudndalen; Pål 1826- til 'Det Trondhjemske'; Anne 1828- gm Isak Faksvåg, Kristiansand; Ola 1831- til Am., teaterskreddar gm ... ... ; Guri 1833- til Am. gm Ola Levorson Rueslåtta; Asgrim 1835- til Am. gm Helga Olsdtr. Berg; Ola 1839-1839; Ola 1839-1887 (tvilling) til Am. gm Margit ... ... .
    Ola og Gunvor overtok ein del av heimegarden hennar, myljo Rue i 1823. Kjøpte 1830 nordre delen av Sletto i Hol. Det gjekk ut med Ola i Sletto. Han selde garden att i 1838.
    Ola vart kalla "Ruseigen". Han døydde som enkjemann i Hardanger, dei fann han død i ein båt.
11. Asle Olson Ruud 22.10. 1797-1865
G 1832 m Gjertrud Johannesdtr. .... , f. i Hafslo 1790. Barn: Ole 1834-1834; Ole 1836- gm Marit Olsdtr. ..., Nesset, (minst 5 barn.)
    Asle flytta ut 1819. Arbeidskar, busett på Svanøy ved Bergen. Han var i tenest på garden Mjelva i Romsdal i 1828. Asle vart haugianar.
    Gjertrud flytta til Grytten i Romsdalen i 1818 og gifte seg der i 1832 med ein Asle Olsen, då oppgjeven å vera 34 år! Dei budde på garden Kylling, eit samlingspunkt for haugianarar! Asle var kårmann på øvre Dale i Grytten. (Oppl. v/Lars Øyane)
*Barnebarn
1. Tore Larsson Ruud Smedplassen 26.12. 1800-1867
=Piper-Tore. G 1834 m Boline Tolleivsdtr. Hago, sjå Smedplassen gnr. 110/4.
    Foreldre: Lars Sevatson Granhagen Smedplassen (ungkar) og Kari Olsdtr. Ruud.
    Losjerande på Ruud i 1801.
2. Knut Larsson Ruud Buvik 19.03. 1803-1885c
G 1836 m Margit Øysteinsdtr. Grogard, Hol. Barn: Øystein 1837- garvar på Saltnes-stranda, Buvik; Lars 1838- ; Per 1841- ; Ola 1843- ; Lukris 1845- ; Sissel 1847- .
    Foreldre: Lars Sevatson Granhagen Smedplassen (ugift soldat) og Sissel Olsdtr. Ruud.
    Knut og Margit var inderstar og flytta mykje: frå Liabergstølen i Hovet til Grogard, Villandseie, Grogardseie, Mehus-eie. I 1855 flytta dei til Nes, derfrå bar det til Romsdalen og så til Buvik ved Trondheim.
3. Eirik Toreson Stave/Ruud 01.12. 1822-1882
Foreldre: Tore Eilevson Sundrelien (ungkar) og Kari Olsdtr. Ruud inderst i Bæra.
    Eirik var ugift. Då mora var død i 1849 var Eirik handelsbetjent hjå kjøpmann Erik Pettersen, Kr.ania. Seinare vart han fiskehandlar i Kr.ania.

Dei fekk kvar sin del av garden i 1771 brørne Ola og Eirik. Ola kom til nordre Ruud og betalte 400 rd.
    Ola kjøpte 1776 den søre-øvre halvparten i stølen Grønset for 42 rd. Halve stølsbua og vollen fylgde med, og dessutan vanlege rettar i skog og hamn hjå seljaren Knut Leksvol som sat att med den andre halvparten.
    I 1783 kjøpte Ola stølen Brekkene frå Torkjell L. Rime for 41 rd. Same året selde han langstølen til Ruud til broren Eirik på søre Ruud for 31 rd.
    I 1784 sette bøndene på Myking, Holto og Ruud opp kontrakt om havnegangane i Lomtjørnlien. Brørne på Ruud fekk beskrive sine hamnegangar, men Ola vart rekna som motpart til broren Eirik og dei andre beite-eigarane.
    Ola kjøpte 1786 slåttelendet Gjerda og ein skogrem på sørsida for 16 rd hjå Eirik Larsson og Lars Eirikson Holto.

{4692} År: 1801

Ola Olson Ruud Barman 19.05. 1777-1857
Foreldre: Ola Olson Ruud og Birgit Olsdtr. Havardsgard.
Gm Guri Olsdtr. Tveito Ruud 10.07. 1785-1865
Foreldre: Ola Olson myljo Tveito og Ragnhild Larsdtr. Løyte.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Ruud Barman 16.06. 1805-1875c
Gm Kristoffer ... Barman, Hitra. Barn: Andreas ...- gm Anna Torvik (1 son); Marie 1848- g 1872 m kaptein Ole Buch (1 son)..
    Birgit og Kristoffer kjøpte halve garden Kaasbølmyra ved Kristiansund. Kristoffer dreiv handel ved sida av garden.
2. Ragnhild Olsdtr. Ruud 26.11. 1807-1887
Ugift husmor i 1865. Ragnhild budde i Søgaden i Kristiansund og tok seg av brorsonen Gustav Barman, født 1853 i Drammen.
    Tidlegare var ho husjomfru hjå madam Parelius på Hopsjøen. Ragnhild dreiv assortert landhandel i Kristiansund.
3. Ola Olson Ruud 06.10. 1810-
Gm enkje Anne Kristine Rypdal Vogt. Ingen barn. Ola dreiv handel med skinn og krøter fyrste tida. Starta sidan garveri i Kristiansund. Dertil dreiv han kolonialbutikk. NB. Broren Helge vart gift med stedottera Josefine.
4. Anne Olsdtr. Ruud Overdahl 28.11. 1812-1893
Gm em bonde Per Overdahl, Hitra. Barn: Ole Gustav 1859- fylkeskasserar i Finnmark, gm Katarina Jensen (3 barn).
5. Ola Olson Ruud 14.08. 1815-1815
Utflutt eller død?
6. Ola Olson Ruud Barman 24.09. 1816-1912
G 1852 m Margrete Elisabeth Mørck 1833-1889 frå Slagen. Barn: Ole Gustav 1853-1938, sjømannsprest, prost Ålesund/Skjeberg og stortingsmann, g 1890 m Matilde Lind (2 barn), g 1914 m Ellen Aagot Bærøe (ingen barn); Johanne 1855-1935 gm kjøpmann Ananias Stafset i Ålesund (3 barn); Jensine Andrea 1857-1876, ug. busett på prestegarden i Haram; Ragnar 1861-1941 telegrafist/overlærar ved Bergens Tekniske skole, g 1902 m Agnes Bøe (4 barn); Ole 1865-1904 ug, handel og agentur, sidan entreprenør i Kappstaden i Sør-Afrika; Gregor 1867-1946, sjømannsprest, prost på Eiker, g 1895 m Bertha Marie Liljedal (3 barn); Helga Josefine 1870- lærarinne ved Sophies Minde, oldfrue ved Ålesund sjukehus; Arne 1872- elektroteknikar, kommuneingeniør i Borgund, g 1910 m Ingeborg Blindheim (4 barn); Amalie Sofie 1872- g 1910 m Lars Karolus Kringen, sokneprest i Tvedestrand. (Kjelde: Norsk Slektskalender 1.)
    Ola fortalde frå gjætsla i unge år, korleis ulven var frampå gong på gong. Ein gong hadde to ulvar jaga ei kvige bort i eit myrhol, og der var ho fortapt. Ola bles på luren for å skræme, men desse skrubbetassane rekna visst lurblåster som musikk til maten! Det var 'en sur pille på en gjetergutts verdighed!'
    Ola gjekk på Heltberg studenterfabrikk i 1845 og tok teologisk embets-eksamen i 1849. Han fekk det fyrste prestekallet i Hellesylt. Ola pådrog seg pietistisk vreide ved å spela fiolin og undervise i naturfag i misjonshuset.
    Det var ingen prestegard til det nye presteembetet. Ola bygde seg hus for eigen kostnad inntil vidare, men mange tykte han valde ei skammeleg tomt. Og departementet ville ikkje godkjenne prestebustaden. Ikkje lenge etterpå fekk andre aktuelle tomta fekk eit duveleg snøras over seg. Då gav striden seg, og departementet overtok prestebustaden Ola hadde sett opp.
    Biskopen sendte spørjeskjema for å kartlegge inntektene av prestgardane. Ola skreiv då at lyng-rabben kunne fø ei halv geit, og fekk skjemaet i retur to gonger. Men oppgåva stemte!
    Fråhaldsarbeid og skulelova var to store arbeidsoppgåver for Ola. Han gav ut ei rekke skrifter og studerte språk heile livet, m.a sanskrit. Han tok del i unionstriden og gav ut eit flygeblad til utdeling på Karl Johan, og fekk seg dermed uvener.
    Ola fekk besøk av Henrik Ibsen og skal visst nok vera noko av modellen til Brand. (925) (926)
7. Lars Olson Ruud Hopen 29.09. 1819-1866
G 1852 m Kristi Knutsdtr. Hovland eller Lægreid, Årdal. Barn: Ola 1853-1936 sakførar i Kr.sund, gm Karen Hammervold (4 barn); Knut 1855- styrmann og gruve-eigar i Afrika; Johanna 1858- gm skreddar Ludvig Jensen i Trondheim (6 barn); Tomas 1859-1929 skipper i Antverpen, gm Matilde Bolette Gleditsch (5 barn); Eline Hanna 1863-1939 gm Arthur Brose, USA (4 barn); Marie 1865-1873 .
    I 1865 var Lars gardbrukar og sjølveigar på Hopen på Hitra i 1865. Dei hadde 2 hestar og 8 kyr.
8. Sissel Olsdtr. Ruud Strøm 31.07. 1822-
G 1854 m em Eilert Eilerson Strøm, Hitra, Barn: Mali 1854- ugift, død ung; Ole 1855- bonde gm ... ... (3 barn); Milli 1857- gm lærar ... Mellandsø (fleire barn).
    Gm Halvor Pedersen Overdahl.
    Eilert og Sissel hadde hadde garden Strøm på Hitra i 1865. Der var 3 hestar og 6 kyr.
9. Guri Olsdtr. Ruud 08.05. 1826-
Til Hitra. Død ung.
10. Helge Olson Ruud Barman 22.05. 1830-1918
Gm Josefine Vogt, Kristiansund. Barn: Gudrun 1862- gm Hans Lossius (ingen barn);Josef 1863-1905 ugift medisiner-student, drukna ved Bilbao; Anna Kristine 1866-1935 dreiv barneheim saman med mannen Søren Egede Nissen (7 barn); Margrete 1868-1939 gm bokhandlar/fotograf Georg Sverdrup (7 barn); Olaf 1872-1899 student.
    Gm Maren Marie Museæus, Tromsø. Barn: Hjalmar Johannes 1875-1947 bokhandlar gm Rosalie Hanson (2 barn); Ole Anton 1879-1953 bankmann gm Gyda Børve (3 barn); Josefine 1881-1962 ugift sekretær, sidan leiar for KFUK-speiderane.
    Holge var garvarmester, busett i Søgaden i Kristiansund. I 1900 dreiv han lærhandel og garveri i Kristiansand. Maren stifta ein bokhandel.

Ola og Guri gifte seg i 1804. Ola Olson var skulehaldar i 1801.
    I 1807 var Ola Olson eigar av stavkyrkja i Ål saman med Ola O. Sundre og Ola S. Halvorsgard.
    Ola skal ha sett ut fisk i ei tjørn ved stølen (truleg Lomtjønnstølen), og det vart vellykka.
    Sonen Ola vart lærar og prest. Han skreiv m.a. boka 'Således ledte Gud Mennesket', der han skildrar oppvekst og folkeliv i bygda. Det var ei tid med mykje fyll og råskap. Noko som nok var ein av grunnane til at Ola reiste frå bygda. To brennevins-tyrste karar kom på døra ei julehelg, og bad om jule-sjenk på ein heller direkte måte. Ola meinte dei hadde fått nok, og kasta båe to på hovudet i ei snøfonn.
    Om vintrane dreiv Ola mykje handel saman Tolleiv Torjusson Helling. På desse ferdene kom dei i kontakt med mykje folk, og særleg haugianarar. (Tolleiv Helling overtok seinare godset Svanøy i samarbeid med Hans Nielsen Hauge.)
    Ola hadde ymse vergemål, - stundom var det lite takksemd for slikt. Ein gong vart gjætarguten hans overfalle og mishandla oppe på åsen av ein mann som skulle hevne seg sidan Ola var verge for den fråskilde kona hans. Omgangsskulen i bygda hadde store disiplinproblem,- vegfarande kunne høyre på lang avstand (!) kvar skulen var.
    I 1828 selde Ola garden Ruud. Dei held familie-råd, anten reise til Amerika eller til 'Trondhjemske amt'. I 1830 kjøpte Ola garden Barman på Hitra hjå madam Parelius, og så reiste han med kone og 9 barn. Ei slik reise måtte førebuast godt. Det var tre dagars auksjon på Ruud. I Ål IV står soga om korleis Ola sikra seg 'godt mot' på reisa. Han fekk Nils Holto til setja seg på søre Ruud, og Nils tok dei i handa då dei var komne på vegen. Det vart rekna at ei tiggarkone f. eks. var noko som gav dårleg lykke på reisa.
    Ola og Guri slo seg ned på garden Barman på Hitra. Ola var valgmann /utsending til Eidsvoll i 1814. Av etterslekta vart det bønder, lensmenn og prestar. Og forfattar og teatersjef ved Det Norske Teateret, Ole Barman. (Slekthefte av Per Georg Sverdrup)

{4693} År: 1830


Halvor Olson søre Kvinnegard (1777-1853) kjøpte Ruud i 1830. Etter noko handel vart det forlik 1839 mellom Halvor Olson Kvinnegard og Knut Knutson Lien vedrørande 'Knut sin gard Ruud'.
    Det vart fortalt at Halvor bygde stugu og fleire av husa på Ruud. Sjå søre Kvinnegard, gnr. 96/5.
    Det vart sonen Hermund som overtok i 1853.

{4694} År: 1853

Hermund Halvorson Kvinnegard Ruud 07.08. 1826-1854
Foreldre: Halvor Olson Kvinnegard og Gro Hermundsdtr. Stakegard.

Hermund var ugift. I 1851 fekk han dottera Anne med Kristi Eilevsdtr. Haugerud. Sjå Haugerud.
    I 1854 selde Hermund garden Ruud til systerdottera Lukris Aslesdtr. Stave for 600 spd.

{4695} År: 1854

Lukris Aslesdtr. Stave Ruud 22.03. 1835-1900
Foreldre: Asle Larsson Stave og Guro Halvorsdtr. Kvinnegard.
Gm Ola Olson Halleset Ruud 24.03. 1821-1858
Foreldre: Ola Ivarson Holto Halleset og Birgit Hermundsdtr. Stakegard.
Gm Svein Asleson Nestegard Ruud 04.10. 1832-
Foreldre: Asle Sveinson Rudningen Nestegard og Margit Sandersdtr. Slettemoen, Hol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Olson Ruud Halleset 25.02. 1855-
Ug. Sjå Halleset, gnr. 94/7.
2. Hermund Olson Ruud 17.01. 1856-1882
Ugift. Død 26 år gamal i Ål 1882.

Lukris kjøpte Ruud på skiftet etter Hermund Halvorson. Lukris og Ola gifte seg i 1854. Dei fekk to barn.
    Lukris vart attgift 1867 m Svein Asleson Rudningen eller Nestegard frå Hol. Dei fekk to dødfødde barn. Lukris og Svein flytta frå kvarandre.
    I 1882 var Svein truleg i Dakota, medan Lukris budde i ei stugu på Flåten på Ruud. Ho onna til ei kur, og var på Gunnar-Langeli om sumaren. Det fortelst at Lukris lånte seg primstav på Ruudstølen. (Oppl. Haldis Ruud) I 1875 overtok sonen Ola Halleset.
    Lukris selde frå stølen Brekkene (bnr. 4) og noko skog. Lukris døydde 1900, som enkje og fattiglem utan eige.

{4696} År: 1880


Sevat Eilevson Toreplass på søre Ruud kjøpte også nordre Ruud i 1880. Han selde vidare til sonen i Eilev for 3000 kr og kår i 1885.

{4697} År: 1885


Eilev Sevatson søre Ruud kjøpte nordre Ruud i 1885 for 3000 kr og kår. Han selde att i 1893.
    Sjå Reiersgard og Tune.

{4698} År: 1893

Ola Nilsson Helling Ruud 08.08. 1864-1926
Foreldre: Nils Olson Helling og Birgit Aslesdtr. Kyrkjedeld.
Gm Kari Eiriksdtr. Trintrud Ruud 02.04. 1871-1961
Foreldre: Eirik Knutson Trintrud og Haldis Olsdtr. Torkjellsgard.
*Barn
1. Nils Olson Ruud 17.05. 1891-1954
G 1919 m Randi Sevatsdtr. Tveito 1897-1983. Barn: Klara Beate 1920- gm Knut Reidar Bergwitz-Larsen (2 barn); Sverre 1923- bonde på Gunnarsrød, gm Esther Andresen (1 barn); Odd Kåre 1934-1962 gm Liv Helene Valdeland (1 barn). (1597)82
    Nils tok agronomutdanning ved Buskerud landbruksskule. Arbeidde nokre år ved Hydro på Notodden frå 1916. Til Tjøme 1920, forpakta tre gardar før dei kjøpte Gunnarsrød på Tjøme.
2. Eirik Olson Ruud 07.02. 1893-1981
G 1920 m Anne Knutsdtr. Gurigard. Sjå neste hushald.
3. Lars Olson Ruud 22.01. 1894-1942
G 1923 m Sissel Larsdtr. Noss Torsgard 1903-1938. Dei budde på søre Torsgard, gnr. 96/9.
4. Ola Olson Ruud 25.11. 1895-1960
Gm Augusta Johansen 1891- . Barn: Ragnhild 1915- gm Georg Sandvik (1 barn); Ruth Haldis 1917- gm Rudolf Abrahamsen (3 barn); Gunvor 1924- gm Kurt Wessel Hennestad (3 barn). (1597)83
    Ola flytta til Mysen i 1912. Dottera Ruth og mannen kjøpte Solbu, bnr. 14 i 1941 som feriestad.
5. Birgit Olsdtr. Ruud Tangen 18.11. 1897-
Gm Anders Antonson Tangen. Barn: Agnes Kari 1930- gm Oskar Brovoll (2 barn); Kari Arnhild 1932- gm Erling Tormod Eriksen (1 barn); Bjørn Harald 1938- gm May Elinore Tangen (2 barn). (1597)84
    Birgit budde på Pilsrud (på Modum?) i 1932. Anders var sveisar på Østre Modum.
6. Knut Olson Ruud 05.10. 1899-1983
G 1929 m Esther Olsdtr. Bleken, (Gudbrandsdals-slekt) 1907-2000. Barn: Carrie Mamie 1930-2004 gm Carl Skurdal (3 barn); Edna Karen 1931- g to gonger m Carrol Broome (4 barn); Kenneth Odean 1936-2002 gm Louise Thooft (2 barn); Arnold Milton 1938-2005 gm Beverly Grey (2 adoptivbarn), gm Carmen ... .
    Knut reiste til Am. 1926: Epping, ND. Knut var smed, utdanna i Noreg og Amerika. Frå 1931 busett i Alamo, ND med eigen smie/verkstad. Knut vart borgarmeister i Alamo. Sidan til Williston, ND. (1047)
7. Haldis Olsdtr. Ruud Bjørhovde 25.10. 1901-
Gm Jørgen Bjørhovde. Ingen barn. Busett i Oslo. (Holteslekta s 84)
8. Guri Olsdtr. Ruud Sunde 27.08. 1903-
Gm Holger Sunde, Ålesund. Ingen barn. Busett i Oslo.
9. Asle Olson Ruud 07.09. 1905-1994
G 1929 i Oslo m Margit Aslaksdtr. Sveinhaug Sandbakken. Barn: Aslak Geirulf Ruud 1930-1986 gm Marie Grue (2 barn), attgift m Randi Bøhle, Ullensaker.
    Gm Myrtel Blegen, Gudbrandsdalen. Barn: Clayton Olaf 1934- gm Eithe Brigit McLoughlin (2 barn), gm Paula Kay Mannino; Karen Alvina 1939- gm Carl Howard Murphy (4 barn), gm Ray Winterowd; David 1941- gm Melinda Dickey (2 barn).
    Asle vart attgift med Martha Bue, 4.g. gm Carol Hauk og 5.g. gm gm Inga Myron (1 barn).
    Asle og Margit fekk ein son. Asle reiste frå henne til Am. i 1929. Han arbeidde mange stader i Montana. Entreprenør ('Ruud Construction') i Spokane, W. (1247) s 84
    Etter sitt Asle sitt ynskje vart oska hans spreidd av sonen Clayton og dottera Karen på stølen der han vart fødd. (Jfr. epost frå Jan Reidar Bergwitz-Larsen)
10. Kari Olsdtr. Ruud 21.01. 1909-1930
Kari døydde av tuberkulose.
11. Torleiv Olson Ruud 15.12. 1910-
Gm Ella Borgen, Farsund. Politiutdanning i Sverige. (1597)85

Ola og Kari gifte seg i 1892. Ola kjøpte Rudmyre i 1893 for 3800 kr og kår. Kari hadde kår på livstid med rett til virke til 'husbehov i østre skog'. Det vart sett opp ei kårstugu på garden. (Frådelt 1961 som Soltun bnr. 19. )
    Sonen Eirik overtok garden i 1921.