Ruud gnr. 95 bnr. 8
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ruud gnr. 95 bnr. 8-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Gardeparten Ruud løpe nr. 219 vart frådelt søre Ruud i 1809 og var eige bruk fram til 1855 då den kom attende til søre Ruud.
    Ein kjenner ikkje kva jord og rettar som låg til garden, eller kvar tunet var. Men stølen Halle på Hevjansåsen vart fråselt 1856 og ligg til Bjella.
    Areal 1865: dyrka jord 9 mål, naturleg eng 34 mål, utslått 32 mål. Avling 6 tunner bygg og 4 tunner potet.

{4711} År: 1809

Ola Eirikson Ruud Kolbjørnstølen 1782-1862
Foreldre: Eirik Olson Ruud og Ingeborg Håkonsdtr. Svarteberg.
Gm Turid Olsdtr. Helgelien Ruud Gullhagen 1785-1873
Foreldre: Ola Holgeson Helgelien og Ragne Olsdtr. Breiehagen.

Ola fekk sonen Eirik med Guri Knutsdtr. på Kolbjørnstølen (1783-1808). Ola vart attgift med Turid i 1810. Ingen barn.
    I 1809 kjøpte Ola ein del i søre Ruud for 679 rd hjå broren Håkon Eirikson.
    Ola Eirikson var soldat. I 1830 skreiv han seg 'Nerolsslåtta, Gullhagen eller Ruud'. Ola var brukar på kapteinsgarden Gullhagen frå omlag 1841. (Då selde han Ruud til sonen Eirik.) Ola og Guri hadde tilhald i 'Gullhagen eller Ruud', heitte det i 1862.
    Turid sat som enkje i omlag 15 år, død som 'Ruud eller Gullhagen', ho hadde kår hjå Sevat Eilevson Ruud som fødde ei ku for henne. Av lausøyre var m.a. eit vaffeljarn.
   

{4712} År: 1841

Eirik Olson Kolbjørnstølen Ruud Holte 29.09. 1808-1871
Gm Anne Eiriksdtr. Trintrud. G 1839 m Sigrid Olsdtr. Kvinnegard. Foreldre: Ola Erikson Sundre/Ruud Kolbjørnstølen og Guri Knutsdtr. Kolbjørnstølen.

Eirik overtok Ruud i 1841 hjå foreldra. Økonomien bar ikkje, og i 1853 vart Ruud selt på auksjon. Sjå meir om familien til Eirik i Undelåndo under Sletto, gnr. 94/1a frå 1860.

{4713} År: 1853


I 1853 kjøpte Halvor Olson nordre Kvinnegard bruket på auksjon for 413 spd. Frå før hadde Halvor nordre Ruud.
    Ruud vart overført til sonen Hermund Halvorson på skiftet etter Halvor i 1855. Same året selde Hermund Ruud vidare til Sevat Eilevson Toreplass Ruud. Sidan har bnr. 8 lege under under bnr. 5.