Kvinnegard, nordre gnr. 96 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kvinnegard, nordre gnr. 96 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Kvinnegard er nemnt i jordebøkene frå 1577 og framover. I 1588 skatta Nordre Quindegaard 1 album som 'slottelending' (dvs.underbruk), og var nemnt etter Gjeldokk i skattelista.
    Namnet Kvinnegard har det vore ymse teoriar om. Truleg har 'Kvinn' noko med elva Kvinda å gjera, O. Rygh tenkte seg at gardsnamnet kom av verbet hvinandi, - lyden frå elva. I eit provsbrev om grensene for Strand frå 1549 heiter det: 'ey lenger suder som lygger tiil then beegh som hetter kwernaen.' Altså var bekken 'Kvernåen' søre grensa. 'Kvernåen' har vorte til 'Kvinda' og truleg også til 'Kvinnegard'. No vert det rekna at bekkekvernene kom i bruk på 1200-talet. Kanskje skjedde det tidlegare? Kvinnegard vert rekna for å vera frå høgmellomalderen. (K. O. Solhjell: 1985)
    Ved utgangen av øydetida var nordre Kvinnegard underbruk under Rime og Gjeldokk. I 1616 betalte brukaren Klemet slottelendingskatt medan Anne Rime var eigar av bygsla.
    Nordre Kvinnegard vart skattlagt som øygard og hadde landskyld på 6 laupsbol. Noverande søre og myljo Kvinnegard var også ein øygard på 6 laupsbol. Tidlegare 'søre Kvinnegard,' dvs. noverande Torsgard hadde landskyld på 4 laupsbol. Opphavleg har nok desse bruka vore ein gard.
    Plassar og frådelte bruk: Jordet, bnr. 2 vart frådelt 1877.
    Areal 1865: dyrka jord 25 mål, naturleg eng 160 mål, utslått 16 mål. Avling 18 tunner bygg og 13 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 54 mål, anna areal 93 mål, skog 800 mål, anna utmark 700 mål. Buskap: 52 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1974; gamal hallingstugu, restaurert 1931; gamalt loft flytta og ombygt 1988; eldhus; driftsbygning 1966, garasje reidskapshus. Eit stolphus frå 1670-åra står på Ål Bygdamuseum. Timmeret til stolphuset skal vera hogge ovanfor Bakk-åkeren.
    Det er frådelt ei tomt til Kvinnegardslia skulehus. (Hit var det gamle skulehuset i Leveld flytta i 1907. Skulen vart nedlagt 1959.)
    Stølar. Heimstølar oppe i bakkane: Guristølen (øvst), Slåttestølen, to vollar. Gunnarstølen (tufter) ligg inne på åsen. Om hausten var dei 14 dagar på Guristølen og så 14 dagar på Slåttestølen før kyrne kom på innmarka. Frå gamalt var det buer og primkoking på heimstølane, ut på 1900-talet vart mjølka bore ned til garden.
    Langstøl på Vallo. I gamal tid var det slåttevollar der. (NB. Namneforma Vallo er dativ. Det heiter 'Eg var på Vallo', men 'Eg skal til Vallidn'. Dvs. Det er ikkje dativ ved 'rørsle til staden'. (K. Venås: 1977 s 226)
    Nokre stadnamn: Nilsebakken, Rova (åker), nordre og søre Utluåkeren, Storåkeren ('her var det korn sjølv i uår' (Oppl. Haldis Ruud).

{4720} År: 1759

Ivar Larsson Kvinnegard 1732-1817s
Foreldre: Lars Ivarson Gjeldokk Kvinnegard og Gunhild Knutsdtr. Espegard.
Gm Haldis Halvorsdtr. Styrkestad Kvinnegard 1737-1804
Foreldre: Halvor Ivarson Holto Styrkestad og Anne Olsdtr. Halvorsgard.
*Barn
1. Gunhild Ivarsdtr. Kvinnegard 11.05. 1761-1762
2. Lars Ivarson Kvinnegard 17.04. 1763-1820
G 1805 m Ragnhild Olsdtr. Rue, Hol. Sjå år 1801.
3. Halvor Ivarson Kvinnegard Holto 01.09. 1765-1812
Gm Birgit Olsdtr. myljo Tveito. Sjå neste hushald.
4. Gunhild Ivarsdtr. Kvinnegard 03.01. 1768-
5. Gunhild Ivarsdtr. Kvinnegard 22.10. 1769-
6. Anne Ivarsdtr. Kvinnegard Jordet 01.01. 1772-1853
Gm Gunnar Olson Hove Stave Kvinnegardsjordet, bnr. 2.
7. Ola Ivarson Kvinnegard Kyrkjedelen 11.09. 1774-1847
G 1805 m Borghild Olsdtr. Ulshagen. Sjå Kyrkjedelen, gnr. 64/2.
8. Gunhild Ivarsdtr. Kvinnegard 16.02. 1777-1777
9. Knut Ivarson Kvinnegard 01.02. 1778-1850
Gm Elie Asmundsdtr. ..., Fræna. Barn: Asmund 1819- ; Marit og Martha 1821- .
    Knut Ivarson havna i Fræna i Romsdal. 'Knud Iversen, død i Fræna 25.2.1850, 73 år gammal, fødested Hallingdal'. (Oppl. v/Knut Reidar Sande)

I 1759 overtok Ivar halve Kvinnegard (3 lb.) som var morsarven hans etter skiftet i 1732. Foreldra hans hadde halve garden i 1762. I 1774 overtok Ivar 3 lb. i garden hjå tre sysken og stemora.
    I 1793 vart Ivar friteken for legdehald i bygda. Grunnen var at sonen .... var sjuk. Ivar lånte ut 460 rd i 1768 til Svein Holto.
    Ivar og Haldis overførte garden til sonen Halvor i 1790. Ei ny kårkontrakt vart tinglyst i 1794: dei skulle m.a. ha 4 1/2 tunne bygg á 20 settung tunna (eller det beste kornet som kunne dyrkast på Kvinnegarden); varmt hus og oppvarting på garden, samt eit låsfast og dråpefritt hus til oppbevaring av mat og klede. (1221) s 559b
    På skiftet etter Ivar i 1817 var det 40 spd å dele.

{4721} År: 1790

Halvor Ivarson Kvinnegard Holto 01.09. 1765-1812
Foreldre: Ivar Larsson Kvinnegard og Haldis Halvorsdtr. Styrkestad.
Gm Birgit Olsdtr. Tveito Kvinnegard 05.06. 1768-1854
Foreldre: Ola Olson myljo Tveito og Guri Olsdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Ivar Halvorson Kvinnegard Tveitehaug-Eie 1792-1870
G 1820 m Birgit Knutsdtr. Svarteberg. Dei var inderstar ymse stader. Sjå nedre Sandelien gnr. 52/1 og Oskehaugen, gnr. 55/22a (Tveitehaugen). Ivar var på arbeid i Bergen stift 1842.
2. Ola Halvorson Kvinnegard 1794-1866
Ola var sinnsjuk frå sitt 30. år. Han døydde i legd på Helling i 1866.
3. Ola Halvorson Kvinnegard 1796-1797
4. Haldis Halvorsdtr. Kvinnegard Arnegard 18.02. 1798-1866
G 1820 m Asle Arneson Arnegard, gnr. 56/1.
5. Gro Halvorsdtr. Kvinnegard 1800-1801
Gro døydde seks veker gamal.
6. Gro Halvorsdtr. Kvinnegard 1802-1841
Gro var ugift og budde på Arnegard i nordre Votndalen hjå systera Haldis.
7. Ola Halvorson Kvinnegard Sandelien 19.01. 1806-1879
Ola fekk fire barn før han gifte seg. Barn: Gunnar 1832- m/Astrid Gunnarsdtr. Kvinnegardsjorde; ... 'et pikebarn i Hemsedal'; Halvor 1834- m/Guri Bjørnsdtr. Sataroen; Ola 1834- m/Turid Tolleivsdtr. Vareberg (Ola nekta dette legemålet ved eid).
    G 1837 m Kari Ivarsdtr. Bjella. Sjå Sandelien, gnr. 52/1.
8. Lars Halvorson Kvinnegard Pletten 25.12. 1807-1860
G 1841 m Ambjørg Levorsdtr. Lå. Sjå Pletten, gnr. 123/1.
9. Birgit Halvorsdtr. Kvinnegard Hansemoen 24.06. 1810-1894
G 1831 m Hans Halvorson Klevfossen Hansemoen, Nes 1806-1900. Barn: Halvor 1833-1922 farmar, gm Kari Thoen (1 dotter); Kari 1837- gm Hans P. Gaarder (5 barn); Anne 1846- gm Ole P. Gaarder (7 barn); Birgit 1851- gm pastor J. A. Bergh. (1496)
    Birgit og Hans utvandra og kom til Rock Prairie i 1845 med tre barn. Budde i Belot, Wisc. Birgit var død før 1894.

Halvor fekk skøyte hjå faren på garden 1790 for 498 rd og kår. I 1794 kjøpte han odelsretten hjå broren Lars for 199 rd og kår.
    Halvor flytta frå Kvinnegard omlag 1801, var så på Halleset (II) til 1804, sidan på Huus og deretter på Myking frå 1807 og til han døydde i 1812. Buet var på 40 rd.
    Birgit vart attgift 1815 med Torkjell Nilsson Tveito. Ingen barn. Dei vart skilde.
    Birgit døydde som inderst hjå sonen Ola i Sandelien i 1854. Ho låg sjuk i mange år.

{4722} År: 1801c

Lars Ivarson Kvinnegard 17.04. 1763-1820
Foreldre: Ivar Larsson Kvinnegard og Haldis Halvorsdtr. Styrkestad.
Gm Ragnhild Olsdtr. Rue Kvinnegard 1775-1853
Foreldre: Ola Asgrimson Rue og Kari Nilsdtr. Kleppo, Hol.
*Barn
1. Ivar Larsson Kvinnegard 07.04. 1806-1806
2. Ivar Larsson Kvinnegard 21.06. 1807-1882
G 1830 m Guro Persdtr. Thon. Sjå neste hushald.
3. Ola Larsson Kvinnegard Kvinnegardsjorde 10.05. 1810-1879
Gm Rangdi Torgeirsdtr. Stakegard. Sjå Kvinnegardjordet, bnr. 2.
4. Haldis Larsdtr. Kvinnegard Rimejorde 17.02. 1812-1891
G 1844 m Henrik Torgeirson Stakegard Rimejorde, gnr.
5. Kari Larsdtr. Kvinnegard Sandåker 28.04. 1815-1870
G 1845 m Tolleiv Larsson Sandåker, gnr.

Lars og Ragnhild gifte seg i 1805. Lars var vanfør og brukte krykker all sin dag. Men Lars hadde godt hovud, kunna både lesa og skrive, og sette opp dokument for folk og ordna det meste innomhus.
    Ifylgje A. Mehlum fekk ein yngre bror skøyte på garden sidan Lars var vanfør. Men broren var ikkje snill med Lars, og han tok då garden på odel. I fylgje panteboka var det slik: I 1794 selde Lars garden for 199 rd til broren Halvor, og fekk fylgjande kår: 1 ku og 2 sauer framfødd og røkta, 1 1/2 tunne bygg m.v. Ved evt. misleghald skulle Halvor vike garden for Lars.
    Ho Ragnhild Rue, tenestjenta på søre Kvinnegarden, hadde godhug for Lars. Det fortelst at det var ho som fridde. Ragnhild sa om Lars: "Betre enn mange andre trong han den hjelp ei kone kunne gje."
    Det vart fortalt at 'bror hans' bar Lars fram til altaret då han gifte seg med Ragnhild.
    Ragnhild dreiv garden og styrte med utearbeidet. Sonen Ivar var svært liten og veik, og ingen rekna med at han kom til å leva opp. Men livskraft var det nok av! Ivar vart stor og lang, og alle ungane til Lars og Ragnhild var store og sterke. (Mehlum1904/43)
    Buet etter Lars var på 530 spd. 'Det var avdødes vilje at skulle hvile odel paa garden til fordel for eldste sønn.'

{4723} År: 1844

Ivar Larsson Kvinnegard 21.06. 1807-1882
Foreldre: Lars Ivarson Kvinnegard og Ragnhild Olsdtr. Rue (Hol).
Gm Guro Persdtr. Thon Kvinnegard 05.02. 1804-1877
Foreldre: Per Olson Thon og Guri Olsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Lars Ivarson Kvinnegard 27.08. 1831-1832
2. Lars Ivarson Kvinnegard 09.05. 1834-1835
3. Per Ivarson Kvinnegard 09.05. 1834-1834
4. Ragnhild Ivarsdtr. Kvinnegard Kvinnegardjordet 06.02. 1836-1920
G 1855 m Knut Kristianson Strand. Sjå Kvinnegardjordet, bnr. 2.
5. Guri Ivarsdtr. Kvinnegard Leksvol 18.11. 1836-1922
Barn: Ingeborg 1874-1963 sjå barnebarn.
    G 1883 m Halvor Knutson Leksvol, gnr. 113/3. Sjå også Kvinnegardjordet, bnr. 2.
6. Lars Ivarson Kvinnegard 29.09. 1838-1905
G 1866 m Guro Aslesdtr. Stave. Sjå neste hushald.
7. Per Ivarson Kvinnegard Rakeie 17.01. 1845-1915
Ug. Per hadde to barn med Maren Hansdtr. Skillinghaug: Hilda 1876- ; Anna Elise 1880- . Barn m/ enkje Thea Larsdtr. Kjernmoen, Ljøner i Eidskog: Peter 1886- g 1906 m Ragna Olava Johansen, Vestli u/Haneborg (3 barn), attgift 1913 m Olga Marie Martinsen Melby, Toverud i Aurskog (1 barn).
    I 1882 budde Per nær Kongsvinger. Han var fehandlar, og busett på Eidskog.
    Per vart kalla skreppekar "Per Døl". I 1900 var Per ugift skreppekar og fehandlar busett på husmannsplassen nordre Rakeie, Nes på Romerike.
8. Ola Ivarson Kvinnegard Kvinnegardjordet 21.02. 1853-1921
Ug. Sjå Kvinnegardjordet, bnr. 2 år 1900.
*Barnebarn
1. Ingeborg Olsdtr. Kvinnegard Holtegard 29.01. 1874-1963
G 1905 m Knut Olson Holtegard, Gol 1874-1953. Ingen barn.
    Knut og Ingeborg budde i Vestfold i mange år, hadde garden Klavenes i Våle 1906-1940. Deretter var dei på Gåserud i Lier i 7 år. Så flutte dei oppatt til Gol. Ingeborg var på bygdaheimen i Ål den siste tida.
    Foreldre: Ola Olson Holterudningen (ungkar) og Guri Ivarsdtr. Kvinnegard Leksvol.

Ivar og Guro gifte seg i 1830. Den fyrstefødde fekk Guro i vedskålen då ho skulle hente ved. Der vart ho liggande i veer, heilt aleine. Men fødselen gjekk greitt. Guro kom inn att utan ved, men med barnet i dåse.
    Stølsretten bruksnummer 3 Vallo (3 laupsbol) hadde Truls Rimehaug nokre år. Truls flytta ei timrastugu inn på Vallo som bu. Det vart det fyrste lafta stølsbua på Vallo.
    I 1870 selde dei garden til sonen Lars. I 1882 var det 2 kyr og 3 sauer i buet etter Ivar. Dessutan hadde han eit halvt kvernhus saman med Lars Oleivson Torsgard.

{4724} År: 1870

Lars Ivarson Kvinnegard 29.09. 1838-1905
Foreldre: Ivar Larsson Kvinnegard og Guro Persdtr. Thon.
Gm Guro Aslesdtr. Stave Kvinnegard 21.12. 1847-1917
Foreldre: Asle Larsson Stave og Guro Halvorsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Ivar Larsson Kvinnegard 20.04. 1867-1927
Gm Anne Sveinsdtr. Solheim. Sjå neste hushald.
2. Guro Larsdtr. Kvinnegard 15.09. 1869-1924
Guro var sjukleg og budde på garden.
3. Asle Larsson Kvinnegard 23.06. 1875-1876
4. Asle Larsson Kvinnegard 01.08. 1877-1877

Lars og Guro gifte seg i 1866. Guro vaks opp hjå gommo si på søre Kvinnegarden, var 4 år gamal då ho kom dit. (1507)
    Lars overtok farsgarden 1870 for 1020 spd. Lars selde frå Vallo bnr. 3 og Kvinnegardjordet, bnr. 2 i 1882. Lars kjøpte attende bnr. 3 omlag 1902.
    Ein fattiglem kalla 'Ankrussen' rusla frå gard til gard, og som skikken var skulle han 'ha noko' der han kom. Fyrst på sumaren fekk han gjerne nykokte prim-ballar. Med slikt i lumma vart det best om véret var godt. Så ein regnvérsdag kom Ankrussen til ho Guro.
    "Du må vera så snill og turke ballad'n mine", sa han.