Torsgarden, nordre gnr. 96 bnr. 8
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Torsgarden, nordre gnr. 96 bnr. 8-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Torsgard vart frådelt Torsgard i 1906. Det vart bygd nytt tun frå 1908 og utover. Det gamle stolphuset skulle fylgja nordre garden. Det vart flytta i 1924.
    Areal 1995: dyrka jord 38 mål og anna areal 40 mål som vert leigd bort, produktiv skog 300 mål, anna utmark 400 da.
    Våningshus bygt 1908, ombygt 1973, gamalt stolphus, uthus bygd 1924.
    Stølar. Heimstøl Torstølen oppe i bakkane. (utan hus). Langstøl på Vallo med m.a. steinbu frå 1918. Nokre stadnamn: Grindåkeren, Gunnaråkeren, Storåkeren.