Torsgarden gnr. 96 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Torsgarden gnr. 96 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Lille Kvinnegarden eller søre Kvinnegarden, seinare kalla Torsgard vart truleg delt frå Kvinnegarden før 1598 og brukt under Stave fram til 1647. Garden vart skattlagt 1670 som øygard med ei landskyld på 4 laupsbol. Namnet Kvinnegard går gradvis over til Torsgard utpå 1700-talet. Namnet Torsgard kjem av Tor Gjermundson.
    Det opphavlege tunet låg der søre Torsgarden ligg no.
    Gardstakst 1781: Jordveg og to stølar 600 rd, husa heime og på stølane 250 rd, skog 50 rd.
    Torsgarden vart delt i 1906. Nordre Torsgarden bnr. 8 flytta ut og bygde nytt tun.
    Husa på Torsgard var forseggjorde. Det gamle stolphuset av svært grovt furu-tømmer og med tjørekrossar over døra fylgde med til nordre Torsgard. Det gamle timrafjøset står på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Ei stugu frå fyrste del av 1800-talet står på Galden som hytte, og loftet står på Gards-Torsbu.
    Men kvar vart det av den gamle stas-stugu på Torsgarden? Den skal ha vore 'En av Norges eiendommeligste stuer,' skreiv Anders Mehlum i 1903. Allt innbu var umåla, men det var svært fint arbeid. Grovt timmer or Sangelie. Solide dørlås og blyglas i vindaugo. Sjå under år 1740.
    Areal 1865: dyrka jord 25 mål, naturleg eng 156 mål, utslått 16 mål. Avling 18 tunner bygg og 13 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål, anna areal 100 mål, produktiv skog 100 mål, anna utmark 300 mål. Leigd jord 36 da. Våningshus bygt 1947, driftsbygning 1947, hytte 1900.
    Stølar. Heimstøl Tors-stølen oppe bakkane. (utan hus) Opphavleg langstøl ... på Hevjansåsen, frå 1796 langstøl på Vallo. Rettar for ... i fjellhamna Iungsdalen.
    På søre Torsgard har det ikkje vore fast busetnad sidan 1976. Garden vert brukt under søre Leksvol (gnr. 113/1) der eigaren bur.

{4779} År: 1784

Sigrid Gunnarsdtr. Torsgard Hove 1734-1807
Foreldre: Gunnar Steingrimson Åsland Torsgard og Gro Nilsdtr. Sehl.
Gm Ola Aslakson Hove Torsgarden? 1727-1804.
Foreldre: Aslak Larsson Stave Hove og Astrid Olsdtr. nordre Hove.

Ola og Sigrid kjøpte Torsgarden 1784 hjå mor til Sigrid. I 1781 søkte han om lån med Torsgarden som pant. Garden vart då taksert til 600 rd, husa 250 rd og skogen 50 rd.
    Sjå meir om familien til Ola og Sigrid på nordre Hove, gnr. 107/1.
    Ola selde garden til sonen Anders i 1788 for 699 rd og kår. Her har noko skore seg, Ola kjøpte garden attende 1794 for 699 rd.
    Då Ola selde Torsgarden att neste år til sønene Henrik og Aslak for 1100 rd, fekk skøytet ein passus om framferda til sonen Anders. Om den vara ved, skulle den 'skyldige andgå etter lov og forordninger'. Med handelen fylgde smie-redskap og kvern i grova.
    Ola og Sigrid inngjekk 1799 fylgjande kåravtale med sonen Anders: framfødd og røkta 3 kyr og 1 kyrlag geiter og 2 kyrlag sauer, 6 tunner bygg, 1 kvartel salt, 1 skjeppe rug, 6 bmp humle, 1 skjeppe kvite erter, 1/4 matte god, engelsk tobakk, åkerland til dyrking av 1 settung hamp, den 'nedre nepe-høye som vi selv dyrker' m.m. (1259) s 370b
    Ola fekk også kår av brorsonen Ola på Skrattegard: framfødt 5 kyr og 2 kyrlag småfe, 8 tunner korn (á 20 settung),1/2 tunne spansk salt, 5 settung rug, 12 mark humle, 16 alen strie,1 tunne malt, og varmt hus.

{4780} År: 1795

Henrik Olson Hove Torsgard 11.03. 1759-1827s
Foreldre: Ola Aslakson Hove d.y. og Sigrid Gunnarsdtr.Torsgard.
Gm Anne Olsdtr. Ruud Torsgard 21.05. 1775-1798
Foreldre: Ola Olson nordre Ruud og Birgit Olsdtr. Havardsgard.
Gm Birgit Johannesdtr. Sindrol Torsgard 1778-1822
Foreldre: Johannes Klausson Sindrol og Bodil Nilsdtr. Kleppo, Hol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Gunnar Henrikson Torsgard 1796-1867
Ugift. Gunnar overtok halve garden saman med halvbroren Ola i 1826, men han selde i 1830.
    Det kom eit landstrykarfylgje til Torsgarden då Gunnar var liten. Kona i fylgjet fekk eit barn medan dei var på garden, og ein dag la fantekona Gunnar til brystet. Dermed fekk Gunnar ein smittsam sjukdom. Han vart svært sjuk etterpå og måtte ha dokterhjelp frå Kongsberg.
    Gunnar var nok litt lite for seg, han tok seg heller kår for odelen sin. Han budde i ei stugu på Torsgarden.
    Ei august-natt i 1845 vart Gunnar vekt opp av nokre øltyrste karar. Gunnar stod opp og fylgde dei bort i loftet. Den fyrste ølskåla tømtes fort, og Gunnar sa nei til påfyll. Brått hadde ein av gjestene drege tappen or tunna så ølet fløymde over golvet. I oppstyret som fylgde fekk Gunnar eit knivstikk i halsen hjå Svein Ivarson Noss.
    Ei tenestjente som låg oppe i loftet høyrde at ølet rann, at Svein bad om forlik, og at det vart prata om å stille blod der nedunder.
    'Gunder Hendriksen erklærede sig glad for, at Ole Hendriksen (Dengerud) var tilstæde, som Een, der efter den her i Bygden herskende Overtroe, forstod sig paa at stille Blodet med hurtigere Midler end Folk i Almindelighed, og ved blot at piste derpaa.'
    I straffesaka som fylgde vart framlagt fylgjande prov: '3 sønderslagne Skaale, samt 2 andre der vises at være aldeles sønderlemmet i Smaastykker; og sees forresten den ene at have havt den almindelige røde og blomstrede Farve, som saadanne Skaale her i Egnen oversmøres med, men forresten intet Særkjendt.."; "..de 2 andre have været hvide, uden Farvetilsætning.'
*Barn i andre ekteskap
1. Anne Henriksdtr. Torsgard 06.07. 1801-1801
2. Anne Henriksdtr. Torsgard 10.10. 1802-1854c
Anne var i tenest hjå ein Håkon Bure vinteren 1854. Anne tok ein snartur til Kr.ania, men kom aldri att. Truleg omkom ho i ein kolera-epidemi som gjekk i byen på den tid. Skiftet vart halde 1874. (780)
3. Sigrid Henriksdtr. Torsgard 17.06. 1804-1891
Ugift. Barn: Birgit Torsteinsdtr. f. 1835, sjå barnebarn. Sigrid var tenestjente hjå brorsonen i 1875. Død som fattiglem.
4. Ola Henrikson Torsgard 26.12. 1805-1875
Gm Guri Embriksdtr. Settungsgard. Sjå neste hushald.
5. Gro Henriksdtr. Torsgard 21.08. 1807-1811
6. Bodil Henriksdtr. Torsgard 10.06. 1809-
Gm Bernt Trulsen, Rygge. Fleire barn.
    Barn: Henrik 1832- sjå barnebarn. Faren Torgeir Sindreson Juven 'benegtede faktum'. Han var inderst på Kvinnegard og gifte seg 1833 m Borghild Olsdtr. Kvinnegard. Sjå Slåtto, gnr. 26/4.
7. Johannes Henrikson Torsgard Skallehaugen 04.10. 1811-1894
G 1842 m Birgit Kitilsdtr. Hagen 1815-1890. Johannes var i Skallehaugen ei tid. Utreise til Am. i 1881: Fort Dodge Iowa. Sjå Skallehaugen, gnr. 115/21.
8. Gro Henriksdtr. Torsgard Soli 08.12. 1814-1887
G 1848 m em Svein Larsson Soli, Rygge 1808-1890. Barn: Fredrikke 1846- ; Henrik 1848-1889 gm Gina Halvorsdtr. frå Våler; Birgitte 1851-1900 gm seilmaker Anton Hansen på Gatebråten (4 barn); Regine 1854- gm Jens Sørensen Gatebråten; Johan 1859-1862. (1600)
    Svein var husmann og skomakar, og sat som enkjemann med tre småe ungar. Gro kom til han som hushalderske. Det vart fortalt at ho gjekk heile vegen til Rygge og hadde med seg ei ku!
*Barnebarn
1. Henrik Torgeirson Torsgard 11.07. 1832-
Gm Maren ... ..., Moss 1829-.... . Barn: Waldemar 1857- ; Bernhart 1865- ; Birgit 1862- ; Matilde 1870- .
    Foreldre: Torgeir Sindreson (han nekta) ungkar og Bodil Henriksdtr.Torsgard.
    Henrik var arbeidsmann/vegarbeidar busett i Vinkelgata 8 i Kr.ania i 1875. Alle ungane er fødde i byen. Familien er ikkje funnen i 1900 FT. (1362)
2. Birgit Torsteinsdtr. Torsgard 10.12. 1835-
Foreldre: Torstein Torson Løkplassen (ungkar) og Sigrid Henriksdtr. Torsgard. Torstein nekta, men hadde tre andre barn på same vis.

Henrik og Anne gifte seg 1796 og fekk ein son før Anne gjekk bort. På skiftet etter Anne i 1798 var eiga 219.
    Henrik vart attgift 1800 med Birgit Johannesdtr.
    Henrik og broren Aslak fekk skøyte på Torsgarden hjå faren i 1795. Med dette fråskreiv dei seg odelsrett til dei andre eigedomane faren hadde. Og syskena fråskreiv seg all rett i Torsgarden.
    I 1796 makeskifta Henrik frå seg stølen på Hevjansåsen med broren Anders Hove og fekk att stølen Vallidn. Dei siste åra var Henrik i Skallehaugen hjå sonen Johannes.

{4781} År: 1795c

Aslak Olson Hove Torsgard 18.08. 1754-1832
Foreldre: Ola Aslakson Hove d.y. og Sigrid Gunnarsdtr. Torsgard.
Gm Haldis Rasmusdtr. Opheim Torsgard 04.05. 1760-1832
Foreldre: Rasmus Oleivson Rasmusgarden Opheim og Guri Helgesdtr. Ruud.

Aslak og Haldis hadde ingen barn. Aslak var husmann med jord på Torsgard frå omlag 1795. Nokon plass vart aldri nemnt, truleg har dei brukt deler av jord og hus på garden. (780)
    I 1780 vart Aslak stevna for retten av presten Nimb for 'Natt-løberie'. Aslak hadde vitja ei tenestjente i prestgarden to netter, og det hadde 'far sjøl' oppdaga. (1396) s 5
    Etter vitneavhøyr og 'det faktum at man bør ej kalde Presten troverdighed i tvivl', vart Aslak bøtelagt 2 rd og kostnader på 3 rd. Barn: Margit 1781- m/Birgit Nilsdtr ... . Faddrar: Ola Hove, Mikkel Gjeldokk; Birgit Stave, Guri Myregarden, Kristi Helling.
    Mor til Haldis stevna Aslak og Haldis for retten for kåret sitt i 1801. Det vart inngått forlik der Ola tok på seg fødsla av 1 ku og 2 sauer. Død som enkjemann og kårmann på Torsgard. Aslak står som 'livøretager' i husmannsmanntalet fram til 1830-åra.

{4782} År: 1826

Ola Henrikson Torsgard 26.12. 1805-1875
Foreldre: Henrik Olson Hove Torsgard og Birgit Johannesdtr. Sindrol (Hol).
Gm Guri Embriksdtr. Settungsgard Torsgard 14.10. 1801-1874
Foreldre: Embrik Oleivson Settungsgard og Guri Olsdtr. Hovdegard.
*Barn
1. Henrik Olson Torsgard 26.06. 1831-1905
G 1856 m Kristi N. Gudmundsrud. G 1885 m enkje Astrid A. Bergo Bekkjo. Sjå neste hushald.
2. Embrik Olson Torsgard Sundbrei 11.12. 1833-1899
G 1864 m Ågot Arnesdtr. Trageton 1842-1913. Dei var fyrst på Sundbrei, (sjå gnr. 125/7) så reiste dei til Amerika.
    Embrik og familien kom til Northwood, ND. Embrik starta farming med 40 $ i lomma og tok til med drifte-fe som han selde i Sioux City. Ein gong vart Embrik utfordra av ei slåsskjempe. Han redda seg or knipa med eit velretta spark i beste lausdans-stil. Embrik var ikkje så heldig neste gong det røynde på. Ein gjeng med villstyringar braut foten tvert av. (Hallingen nr 144 s 28)
3. Lars Olson Torsgard Halleset 18.05. 1836-
G 1870 m Turid Oleivsdtr. Skarsgard.
    I unge år gjætte Lars på Kråkhamar hjå morbror Knut. Der lærde han å spela på prillarhorn. Han fekk sitt eige horn, og sidan let det utover heile Kvinnegardslia.
    Han kjøpte seg ein kalv i unge år og fekk lagt seg opp litt pengar. Lars var handelskar i 1865. Sidan vart det fehandel. I 1902 hadde dei 23 kyr på båsen og dreiv mjølke-utsal i Kr.ania. Sjå Halleset, gnr. 94/7.
4. Birgit Olsdtr. Torsgard Oleivsgard 27.01. 1839-1931
G 1862 m Hans Sveinson Holto, gnr. 94/1. G 1871 m em Ola Viggerson søre Oleivsgard, gnr. 66/1.
5. Guri Olsdtr. Torsgard Holterudningen 01.02. 1842-1893
G 1867 m Eirik Olson Holterudningen, gnr. 94/2.
6. Guri Olsdtr. Torsgard Skrattegard 24.07. 1845-1929
G 1874 m Lars Larsson Haug Skrattegard, gnr. 107/9.

Ola og Guri gifte seg i 1830. Ola overtok garden saman med halvbroren Gunnar i 1826. Gunnar selde sin del til Ola i 1830 og fekk kår på garden.
    Ola var ein ihuga hestekar, han brukte jamt ha fine, borkute hestar. Desse hestane gjekk ofte på lån i bygda når det var gjestebod. Det var skikken at brureparet skulle køyre til kyrkje med borkut hest. (1553)
    I 1865 delte Ola og Guri hus med sønene Embrik og Henrik. Medrekna kårmannen Gunnar budde dei då 15 personar i ei stugu!

{4783} År: 1866

Henrik Olson Torsgard 26.06. 1831-1905
Foreldre: Ola Henrikson Torsgard og Guri Embriksdtr. Settungsgard.
Gm Kristi Nilsdtr. Gudmundsrud Torsgard 14.12. 1830-1883
Foreldre: Nils Knutson Stave Gudmundsrud og Sigri Olsdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Guri Henriksdtr. Torsgard Villand 03.04. 1857-1926
Gm Eirik Person nordre Villand i Hovet (1852-1938). Ingen barn.
2. Sigrid Henriksdtr. Torsgard 04.07. 1862-1862
3. Sigrid Henriksdtr. Torsgard Trageton 16.08. 1863-1932
G 1887 m Arne Syverson Trageton. Barn: Amanda Christine 1888- gm Burton Lee; Selma 1890-1891; Selma Henriette 1891- gm P. J. Olmsted; Agnes Emilie 1893-1894; Gertie Agnete 1895- gm W.C. Robe; Herbert Norman 1898- .
    Til Kristiania. Flytta til Amerika 1886. Busett St. Peter, MN. Arne var oppfinnar, han fekk gullmedalje på verdsutstillinga i Paris. (Hol VI s 149)
4. Nils Henrikson Torsgard 03.06. 1866-1906
Nils reiste til Amerika 1886. I 1905 var han i Montana, ugift.
5. Gro Henriksdtr. Torsgard Buseth 23.09. 1868-
Gm Nils Buseth, Arendal. Fem barn: derav Rolf; Harald; Dagny. Busett Rygge ved Moss. På skiftet etter besteforeldra i 1890 var ho i Iowa.
6. Birgit Henriksdtr. Torsgard 18.05. 1871-1948
Ug. Lærarinne. Birgit underviste i Skottebøl ei tid, var sidan busett i Lier. Utflyttingsattest 1888.
7. Ola Henrikson Torsgard 13.08. 1873-1899
Til Hol 1880. På skiftet etter besteforeldra i 1890 var han i Iowa. Frå eit Amerikabrev: 'Ole Torsgard druknede en søndagsaften, mens han med andre badede i en indsjø ved Albert Lea, MN'. (Oppl. v/Ola Hagen)

Henrik og Kristi gifte seg i 1856. Dei fekk trillingar i 1858, ingen vaks opp.
    Kristi hadde dårleg syn på høgre auga etter å ha fått sand inn på hornhinna som småjente.
    Henrik og Kristi kjøpte garden Sindrol i Hol i 1878 og flytta dit. Torsgarden selde dei til Lars Settungsgard for 10800 kr og kår.
    I 1885 vart Henrik attgift med enkje Astrid Aslaksdtr. Bergo Bekkjo i Skurdalen 1838-1918. Ingen barn. Henrik var interessert i lokalhistorie. Han skreiv avis-artikkelen 'Den tid då Kvinnegardslie vart rudt og bygt.'
   

{4784} År: 1879

Lars Oleivson Settungsgard Langegard 20.08. 1852-1930
Foreldre: Oleiv Embrikson Settungsgard Havardsgard og Sissel Embriksdtr. Langegard. G 1878 m Torand Eiriksdtr. Lappegard.

Lars dreiv med fehandel. I 1874 hadde han kjøpt fjellhamna Mjølgebotn hjå far sin.
    Lars Oleivson Settungsgard Langegard kjøpte Torsgarden i 1879.
    I 1896 kjøpte han Langegard på auksjon. Han delte frå nedre Langegard (bnr. 14) og bygde ein ny heim der. Sonen Eirik overtok Langegard.
    Sjå Langegard, gnr. 78/1 og nedre Langegard, gnr. 78/14.

{4785} År: 1894

Svein Sveinson Holto Torsgard 29.09. 1839-1922
Foreldre: Svein Nilsson nordre Holto og Dordei Nilsdtr. Nubgarden. G 1877 m Guri Knutsdtr. Bjella.

Sjå meir om Svein og familien på Rudningen, gnr. 96/4.
    Svein kjøpte halve Iungsdalen i 1876 og låg der med fedrifter om sumrane. Hol Reinkompani kjøpte den andre delen i Iungsdalen etter broren. Då laget vart oppløyst i 1918, kjøpte Svein også denne delen for 21000 kr.
    Så kom Høgfjells-kommisjonen og tok noko av eigedomane og la under staten. Men ved høgsterettsdom fekk Svein att noko, m.a. Øljuvatnet. Turistforeninga har drive hytte i Iungsdalen frå 1918. (1329) s 700.
    Svein kjøpte søre Torsgard i 1894 og tok med seg fjellrettane dit. Kva skjedde med fine gamle stugu på garden?
    Svein delte Torsgarden i 1906, - den søre delen overtok dottera Dordei og mannen hennar. Sjå bnr. 9. Den nordre delen vart selt til Asle Rueslåtten i 1911.