Vesleteigen gnr. 96 bnr. 14
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Vesleteigen gnr. 96 bnr. 14-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Vesleteigen var opphavleg husmannsplass under søre Kvinnegard fram til 1922. Årleg leige var å slå stølen Skorre og skjera 1 mål åker. Bruket ligg nedst i jordet på Kvinnegard og omfatta også Nilsebakken og Yttrehaugen.
    Det opphavlege tunet låg nordanfor haugen. Haldis Ruud f. 1909 kunne hugse dei gamle husa. Og Syver Tveito fortalde ei soge om husmannen som budde nordanfor haugen i Vesleteigen. (Truleg gjeld dette Knut.)
    Denne mannen kom ut for ein ulveflokk ein gong då han køyrde frå Sundre ein vinterkveld. Truleg gjennom Nasalia. Mannen kom seg no heim og fekk hesten i hus. Då gav ulvane seg til å slost innbyrdes. Neste dag låg det att to ihelrivne ulvar.
    Areal 1995: dyrka jord 20 mål, anna areal 12 mål, produktiv skog 43 mål. Leigd jord 100 mål. Buskap 10 mjølkekyr, 6 ungdyr.
    Våningshus bygt 1978, snikkarhus 1927, gamalt stolphus flytta 1927.
    Tveito i Nasagardane vert brukt under Vesleteigen. Støl vert leigd på Skjelfet.
   

{4789} År: 1875c


Skreddaren Knut Kristianson i Kvinnegardjordet bygsla Vesleteigen kring 1875. Leiga var å slå stølen Skorre og skjera 1 mål åker. Knut døydde i 1876, og enkja flytta attende til Kvinnegardjordet, bnr. 2. Sjå der.
    Det var ingen som budde i Vesleteigen i år 1900 i fylgje folketeljinga s.å.