Stakegarden gnr. 97 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Stakegarden gnr. 97 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Stakegarden ligg mellom Torsgarden og Kolbjørnstølen. Namnet skal koma av 'stake'. Stav eller stake vart brukt som grensemerke i gamal tid. Det høver godt. Stakegarden ligg i det gamle delet mellom Kvinnegardane og den søre delen av Kvinnegardslia som låg under Leksvol, Huus og Rime.
    Stakegarden var heimstøl og etterkvart underbruk under Leksvol frå tidleg på 1600-talet og fram til 1783.
    Landskyld 2 laupsbol i fylgje matrikkelen frå 1838.
    Ingen frådelte bruk. Men Lars Torsgard fortalde om ein plass kalla Fantebakken. Husa der stod på ein klant opp for vegen.
    Areal 1865: dyrka jord 15 mål, naturleg eng 60 mål. Avling 9 1/2 tunne bygg og 4 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål, anna areal 52 mål, produktiv skog 70 mål, bjørkeskog 400 mål. Leigd jord 13 mål. Buskap: 30 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1970, kårhus 1860, restaurert 1983, stolphus 1780, driftsbygning 1949, pelsdyrfarm.
    Stølar. Heimstøl er Stakestølen, ein slåttestøl litt ovanfor garden. Frå gamalt støla Stakegarden på Grønset saman med Leksvol. Frå slutten av 1700-talet og fram til 1864 var det støling i Djup, deretter på Brekkene fram til 1877. Stølen på Kuluset vart tilkjøpt i 1947. Den er nedlagt.
   

{4798} År: 1774c

Hermund Torgeirson Leksvol Stakegard 27.03. 1750-1830
Foreldre: Torgeir Olson Leksvol Stakegard og Birgit Hermundsdtr. søre Berg (Hol).
Gm Randi Gunnarsdtr. Åker Stakegard 1745-1829
Foreldre: Gunnar Knutson Åker og Gro Olsdtr. Brattåker, Hol. (Hol VI s 518)
*Barn
1. Ola Hermundson Stakegard 03.05. 1772-
Død før 1801.
2. Birgit Hermundsdtr. Stakegard Halleset 1775-1850
G 1812 m Ola Ivarson Holto Halleset, gnr. 94/7.
3. Torgeir Hermundson Stakegard 1779-1856
G 1806 m Turid Henriksdtr. Huus. Sjå neste hushald.
4. Gro Hermundsdtr. Stakegard 1782-
Død i 1790-åra.
5. Guro Hermundsdtr. Stakegard 1787-
6. Gunnar Hermundson Stakegard Arnegard 1787.-1864
G 1817 m Torand Larsdtr. Torkjellsgard Noss. Sjå Arnegard, gnr. 91/8.
7. Gro Hermundsdtr. Stakegard Kvinnegard 1791-1875
G 1810 m Halvor Olson Kvinnegard, gnr. 96/4.

Hermund og Randi gifte seg før 1775. Hermund kjøpte skyldgods i garden for 320 rd i 1783 hjå systera Gro og mannen hennar. Hermund var mykje nytta som lagrettemann.
    I 1780 kjøpte Hermund bjørkeskogen og turrveden i skogremmen 'Lundene' på Myking for 60 rd. Remmen strekte seg frå Veslestølen opp i Nibbesteinsvegen, derfrå til Innkvelvli-fossen og nedetter bekken til Veslestølen. (1206) s 75b
    I 1783 kjøpte Hermund 2 laupsbol i Stakegarden hjå 'Ole Olsen' (Ruud?) for 320 rd. Truleg vart Stakegarden sjølvstendigt bruk frå 1783. Stølsretten på Grønset har nok ikkje vore med i handelen. Før 1816 hadde Stakegarden fått seg/evt. rydda langstøl i Djup.
    I 1784 makeskifta Hermund Langåkeren og enga søre Jøta og 140 rd med Henrik Torson Huus og fekk att Huus-stølen. Men denne handelen vart omgjort same dagen.
    I 1810 selde Hermund garden til sonen for 1000 rd.

{4799} År: 1810

Torgeir Hermundson Stakegard 1779-1856
Foreldre: Hermund Torgeirson Leksvol Stakegard og Randi Gunnarsdtr. Åker (Hol).
Gm Turid Henriksdtr. Huus Stakegard 1780-1859
Foreldre: Henrik Torson Huus og Anne Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
*Barn
1. Hermund Torgeirson Stakegard Kvinnegard 14.05. 1807-1875
G 1837 m Ågot Persdtr. Thon 1809-1865. Sjå neste hushald.
2. Anne Torgeirsdtr. Stakegard Breie-øyen 07.05. 1810-1866
G 1836 m Per Ellingson Bekkestad Breie-øyen, gnr. 127/57. Sjå også år 1898.
3. Rangdi Torgeirsdtr. Stakegarden Kvinnegardjordet 01.02. 1813-
G 1840 m Ola Larsson Kvinnegardsjorde, gnr. 96/2. Sjå også år 1849.
4. Henrik Torgeirson Stakegard Rimejordet 12.09. 1815-1905
G 1844 m Haldis Larsdtr. Kvinnegard. Sjå Rimejordet, gnr. 115/3.
    I 1836 var det ein auksjon i Sørbøen i Liagardane. Og der vart det meir enn handel.
    Fyrst prøvde Henrik å dra krokfing, men Nils Nedreskorr ville ikkje vera med på det. Deretter hadde Henrik kasta ein stein på Nils, som 'ingen Skade fik af Steenkastet udenforsaavidt at det ene Øie over hvilket Slaget ramte var igjensovnet nogle Dage.' Etterpå vart dei forlikte 'for fremtidig vennskaps skyld.' Vidare hadde Henrik brukt kniv og skambite folk. Nils O. Skjervheim 'mistede flere Potter Blod ved den omforklarede Mishandling..".
    Dagen etter kom lensmannen og tok Henrik med til Kolbjørnsgard for 'at see hvilken Gierning han havde udført. Anklagede gav hertil et frækt Svar.'
    Sume rekna Henrik for å vera 'bekjendt som et farligt Menneske." Men Henrik la fram gode skussmål frå prest og grannar, - i edru tilstand var han godt likt.
    Retten såg det slik: 'en for den offentlige Sikkerhed yderst farlig Person maatte blive belagt med personlig Arrest.' Henrik fekk 1 1/2 års slaveri på Akershus festning for 'morderisk overfall med knivskår og stik' på Nils O. Skjervheim, Lars Olson Helling m. fl.
5. Torgeir Torgeirson Stakegard 14.04. 1819-1819
6. Birgit Torgeirsdtr. Stakegard Kvinnegard 14.04. 1819-
G 1851 m Kristian Knutson Lien (i Skurdalen. ) Sjå myljo Kvinnegard, gnr. 96/4.
7. Torgeir Torgeirson Stakegard 23.01. 1824-1824
8. Embrik Torgeirson Stakegard 23.01. 1824-1824

Torgeir og Turid gifte seg i 1806. Torgeir var ute i krigen 1807-14, han var felt-bakar.
    Turid vitna i rettssaka mot Tolleiv Mikkelson Hove i 1816. Ho var på stølen i Djup saman med svigermora Randi då Tolleiv kom dit og bad om overnatting.
    'Betagne af Frygt torde de ikke udlade sig at spørge ham om noget, hvorimod de troede det rigtigst ved tilsyneladende God-giørenhed i mod ham at afværge dette Overfald de høiligen befrygtede, da der var over 1/2 Miil til nærmeste Sæter og de altsaa ikke kunne vente nogen Hielp, endogsaa om der sammesteds havde været Mandfolk, hvilket i øvrigt er usandsynlig - De gave ham derfore det fornødne Livsophold og da han var kommen om Aftenen tillode de ham at ligge inde i Sæteren Natten over..". Dagen etter reiste Tolleiv vidare.
    Torgeir selde garden til sonen før 1844 og fekk kår.
    På skiftet etter Turid 1859 var der ingen gjeld, - lausøyret var taksert til 56 spd.

{4800} År: 1844

Hermund Torgeirson Stakegard Kvinnegard 14.05. 1807-1875
Foreldre: Torgeir Hermundson Stakegard og Turid Henriksdtr. Huus.
Gm Ågot Persdtr. Thon Stakegard 15.01. 1809-1865
Foreldre: Per Olson Thon og Guri Olsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Torgeir Hermundson Stakegard 28.06. 1838-
Torgeir var tenestgut på Semmen i Ådal i 1865.
2. Ola Hermundson Stakegard Dokk 24.10. 1840-1888
G 1871 m Liv Olsdtr. Dokk, gnr. 67/1.
3. Per Hermundson Stakegard 02.01. 1844-
'Per Hermundson Kvinnegard' var på legd som barn. (1846)
    I 1875 var Per losjerende fehandler på nordre Kvinnegard.
    Barn m/Turid Nilsdtr. nordre Thon: Hermund 1885- , sjå nordre Thon, gnr. 75/1. Truleg reiste Per til Am. i 1886: Hatton, ND.
4. Turid Hermundsdtr. Stakegard Myro 19.01. 1847-1933
G 1878 m Syver Nilsson Lappegardsmyro, gnr. 65/6.
5. Hermund Hermundson Stakegard 23.10. 1850-1879
Ugift inderst. Losjerende dagarbeidar saman med broren Per på nordre Kvinnegard i 1875.

Hermund og Ågot gifte seg i 1837. Hermund kjøpte Stakegarden i 1844, og selde att i 1849. Sidan var han husmann i Kvinnegardjorde, gnr. 96/2.

{4801} År: 1849

Ola Larsson Kvinnegard Kvinnegardjorde 10.05. 1810-1879
Foreldre: Lars Ivarson Kvinnegard og Ragnhild Olsdtr. Rue (Hol). Gm Rangdi Torgeirsdtr. Stakegard.

Ola Larsson kjøpte Stakegarden i 1849. Sjå meir om familien på Kvinnegardjorde. gnr. 96/2.
    I 1862 selde han garden til svogeren Per Ellingson. Og i 1864 selde han frå langstølen i Djup. Den stølsretten vart delt på dei andre stølane i Djup.
    I 1865 var Ola kårmann og enkjemann på Stakegarden saman med ungane Ragnhild, Turid, Rangdi og Henrik. Dei budde i same stugu som Per Ellingson og Anne Torgeirsdatter og deira fire barn!

{4802} År: 1862

Per Ellingson Bekkestad Breieøyen 06.03. 1812-1886
Foreldre: Elling Knutson Bekkestad og Anne Persdtr. Lybekk. G 1836 m Anne Torgeirsdtr. Stakegard 1810-1866.

Per Ellingson var husmann på Breie-øyen fram til Stakegarden kom på sal i 1862. Per vart enkjemann i 1866.
    Døtrene Randi (1841-1873) og Anne (1855-1929) var gifte med fehandlaren Johan Syverson Sundrebråten. Randi og Johan var inderstar på Stakegarden i 1873. Anne og Johan kom til Hansegarden i Gol, og sidan til Amerika. ('Johan Sundre'.)
    Sonen Hermund overtok garden. Sjå meir om familien til Per og Anne i Breie-øyen, gnr. 127/57.

{4803} År: 1874

Hermund Person Breie-øyen Stakegard 18.09. 1849-1945
Foreldre: Per Ellingson Bekkestad Breieøyen Stakegard og Anne Torgeirsdtr. Stakegard.
Gm Sunnev Aslesdtr. Kolbjørnstølen Skalle 02.02. 1849-1945
Foreldre: Asle Håkonson Arnegard Storlien Kolbjørnstølen og Jørand Aslesdtr. Mørk (Hol).

Hermund og Sunnev gifte seg i 1874. Ingen barn. Hermund overtok Stakegarden 1874 for 550 spd og kår til foreldra. Same året kjøpte han stølen Brekkene for 195 spd hjå bonden på søre Ruud.
    I 1875 hadde Hermund og Sunnev Levor Embrikson som tenar. Dessutan budde far hans Hermund der saman med to søner og ei sonekone. Og kårmannen Ola Larsson budde der med 3 ungar.
    Hermund gjekk i skraddarlære hjå 'Kristian-Knut'. (Kvinnegardjordet) Hermund fortalde om gamle klede-skikkar. Og han var skinnfeldmakar. (1644)10
    Hermund gjekk konkurs i 1892 grunna kausjonsansvar for ein handelskar. I 1898 vart garden selt på auksjon for 2220 kr.
    Hermund og Sunnev kjøpte Teigen på auksjon i 1905. Då Hermund hadde brygga brukte han koma ned i vegen med ei ølskål så vegfarande fekk smaka på ølet.
    I 1927 gav Hermund Pederson og Sunnev Aslesdtr. Stakegard eit legat på 200 kr som skulle nyttast til juletrefestar på gamleheimen.
    Hermund og Sunnev døydde med få dagars mellomrom.

{4804} År: 1898

Per Person Breieøyen Stakegard 01.01. 1853-1932
Foreldre: Per Ellingson Bekkestad Breieøyen og Anne Torgeirsdtr. Stakegarden.
Gm Birgit Olsdtr. Skrindo Stakegard 07.10. 1847-1894
Foreldre: Ola Olson Skrindo og Mari Olsdtr. Håkonsgard.
Gm Sigrid Olsdtr. Kvinnegard Stakegard 26.05. 1862-1922
Foreldre: Ola Ivarson Kvinnegard (Teigen) og Rangdi Kristiansdtr. Strand.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Per Person Stakegard Rimeslåtten 18.06. 1875-1918
I 1900 var Per ugift jordbruksarbeidar.
2. Anne Persdtr. Rimeslåtten Medhushaugen 11.01. 1877-1953
G 1903 m Kitil Sanderson Barskrind Medhushaugen, gnr. 21/13. (Kitil arbeidde på Stakegarden i unge år.) Sjå år 1940.
    Anne måtte amputere ein fot i unge år og brukte trefot sidan. Ho var spretten og uforfærd, ho både sykla og sprang som andre, og vel så det. Anne hivde seg gjerne på kjelken då ho skulle til Torpo. Ein gong vart ho spurt: "Ko gjere du på svellkuludn?" Ho svara: "Då heldt eg att augudn!"
3. Ola Person Rimeslåtten 07.08. 1878-1967
Gm Barbro E. Frøysok. Barn: Per 1907- tannlege, gm Barbro Rudningen; Birgit 1908- lærar, gm Arne B. Haugen; Eirik 1914-2000 småbrukar og sag-arbeidar, gm Birgit Engene (1 dotter); Margit 1910- tannlegeassistent; Olav 1922- cand.jur. og sekr. i Komm. dep. (939)
    Ola var lærar, fyrst i Etndalen, så på Gol, han dreiv jordbruk ved sida. Ola kjøpte Kroksviken i 1917 og så Svenkerud i 1934, men den garden vart teken på odel i 1938. Ola fekk kongen fortenestmedalje i sylv.
    Ola var ein ihuga fiskar. På sine gamle dagar leigde han fiske inne på Hein og låg der om sumrane. Ola døydde ved Hein.
4. Torgeir Person Rimeslåtten 1880-
Gm Marie Næss 1878-1965, Snarum. Barn: Birgit 1909- stud. med. gm Sverre Gripsrud, busett på Hinna; Ingeborg 1911- adjunkt, gm Svein Hofset, busett Arendal; Torgunn 1917- gm Hagbart Gripsrud, busett Hillevåg; Per 1922- bonde på Hovde, Sysle, gm Marie Toresen.
    Torgeir var herads-agronom på Modum 1902-14. Sidan var han framhaldskule-lærar 1904-1946 og bonde på Hovde i Snarum frå 1911. (939)
    Sjå Hallingdølen for ca 26. okt 1970. Han har besøkt fire verdsdelar etter at han fyllte 85 år. Australia mangla då han var 90.
5. Ola Person Rimeslåtten 05.10. 1882-1907
Gm Maren Kristine Henriksdtr. 1870-1951. Barn: Peder Adolf 1903- gm Marie Bjerkholdt (4 barn); Birger Emil 1904- gm Agnes ... 1903- frå Fetskog (1 son).
    Ola var dreng på garden Løken i Våler i Østfold i 1900.
6. Mari Persdtr. Rimeslåtten Ødegård 23.10. 1884-1960
Gm Olav Ødegård, busett på Snarum. Barn: Oddvar 1907- bokhandlar, gm Astrid Simensen; Borghild 1908- gm Hans Larsgaard.
7. Elling Person Rimeslåtten 24.06. 1887-1962
G 1910 m Hansine Emilie Gavelstad, Lardal. Barn: Birgit 1910- gm Olav Årdal, Nordfjord; Hjørdis 1910- gm Ole Styrvold (1 dotter); Per 1912- bonde på Sogn, ug.; Hans 1915- dosent v/NLH gm Guri Sando 1916-2000 (1 son); Astrid 1915- ug.; Sigrid 1918- til Am., g 1965 m Carl Fredrik Anker Olsen ; Else 1920- gm Asbjørn Steinsholdt (2 barn); Trygve 1922- gm Odbjørg Thannum (3 barn); Arnfinn 1920- ug. (993)
    Elling og Hansine forpakta prestegarden ..., sidan var han bonde på Sogn i Svarstad.
8. Birgit Persdtr. Rimeslåtten 06.01. 1894-1943
Ugift. Sjå neste hushald.

Per og Birgit gifte seg i 1875. Per vart attgift ... med Sigrid. Dei fekk ingen barn.
    Per kjøpte Rimeslåtta gnr.115/8 i 1877. Dette bruket selde han i 1899 då han fekk kjøpe Stakegarden på auksjon for 2220 kr.
    Per let på langeleik, prillarhorn og lur. (A. Mehlum i 1904.)