Aalberg gnr. 99 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Aalberg gnr. 99 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Aalberg vart frådelt søre Dengerud 1930. Til eigedomen ligg 2/8 av fiskeretten i Rødungen som søre Dengerud held attende då Osestølen vart selt til Rime 1896.
    På Aalberg vart oppbygd våningshus og uthus med pelsdyrfarm kring 1930.
    Areal 1995: dyrka jord 9 mål som vert lånt bort, produktiv skog 15 mål.
    På eigedomen er to våningshus, det eine frå 1930, restaurert og ombygt 1972, det andre frå 1939, låve med fjøs 1932.