Lå, søre gnr. 101 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Lå, søre gnr. 101 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Opphavlege 'Store Lå' var gardane SøreLå og ØvreLå. 'Store Lå' hadde ei samla landskyld på 9 laupsbol, medan 'LilleLå' (noverande nordre Lå) har 3 laupsbol).
    Jfr. Gardsnamna 'Storla' og 'Lisla' i Gol. Alle desse gardane ligg høgt og fritt. Namnet 'La' eller 'Laa' kan koma av 'lå' som på Island tyder 'våt jord', turrare enn myr.
    'Syver Laug' skatta av 2 skinn i 1560. Sidan er garden nemnt utan brukarnamn frå 1577 og framover til 1608. Ein av Lå gardane vert rekna for å vera frå høgmellomalderen, det kan vera 'StoreLå'. (K.O. Solhjell: 1987)
    Både nordre Lå, SøreLå og ØvreLå var såkalla kanonigods, dvs. jordegods som låg til dom-kapitlet. (Her presteskapet ved Maria-kyrkja i Oslo.) Slikt jordegods kan ha vorte gjeve som gåver til Mariakyrkja, eller som betaling for sjelemesser i katolsk tid. (Også Dengerud, Bjella og Helling var delvis kanonigods.)
    Etter reformasjonen vart kanonigods brukt til avlønning av verdslege embetsfolk. Når 'kannik Hans Andersen' vart nemnt så seint som 1616, så kjem det av at domkapitlet overlevde reformasjonen. (Sjå nedanfor.)
    Kjeldene gir ingen sikre haldepunkt for når delinga i 'Store og Lille' Lå fann stad. Heller ikkje den seinare delinga i 'søre og øvre' Lå. Men det sat to brør på SøreLå og ØvreLå fyrst på 1600-talet, kanskje hadde dei kvar sin halvpart? Eller så har delinga funne stad tidlegare. (Ved matrikkuleringa i 1838 vart dei tre Lå-gardane tillagde gnr. 100, 101 og 102.)
    Bonden på søreLå vart sjølveigar i 1697. SøreLå vart skattlagt som øygard, og hadde ei landskyld på 4 1/2 laupsbol. Dvs. det same som ØvreLå, gnr. 102/1.
    Dei gamle tuftene etter tunet ligg ovanfor bygdavegen sunnanfor nordre Lå. Dette kan vera det opphavlege tunet på 'StoreLå'.
    Lå hadde ein heimstøl oppe i bakkane kalla Staugarden. Noko lenger inne på åsen ligg Staugardtjønn. Me kjenner ikkje tydinga til dette namnet, men det virkar gamalt. Me veit heller ikkje kvifor stølsnamnet endar på 'gard.' Liknande stølsnamn finn me fleire av i grannelaget: 'Nilsegard' (nemnt 1656, ligg ovanfor gnr. 104 Bjella) og 'Rosengard' i lia ovanfor Kolbjørnstølen (R. var støl til nordre Leksvol i 1754.)
    Areal 1865: dyrka jord 17 mål, naturleg eng 48 mål, utslått 46 mål. Avling 14 1/2 tunne bygg og 12 tunner potet.
    Stølar. Heimstølar var Veslestølen (nedlagt) og Staugarden (fråselt til Nyheim gnr. 106/7 i 1951). Langstøl var Låstølen på Kuluset (fråselt til nordre Holto 1938.)
    I 1939 vart SøreLå samanslege med Styrkestad 103/1, og nedlagt som eigen bustad. Den gamle stugu, loftet, stolphuset og uthusa vart selde og flytta til Ustaoset, og vert no nytta til hytter. Stallane vart rivne. (1078)

{4886} År: 1771

Levor Olson Lå 26.05. 1748-1830
Foreldre: Ola Olson Lå og Guri Levorsdtr. Dengerud.
Gm Margit Syversdtr. Mørk Lå 1742-1792s
Foreldre: Syver Knutson Mørk og Raghild Johannesdtr. Mørk i Hol.
Gm Birgit Larsdtr. Rime Lå 23.02. 1772-1849
Foreldre: Lars Olson myljo Rime og Turid Toresdtr. Hove.
*Barn i andre ekteskap
1. Margit Levorsdtr. Lå 1795-1851
G 1817 m Ola Olson ØvreLå, gnr. 102/
2. Guri Levorsdtr. Lå Tveito 03.12. 1797-1861
G 1840 m Botolv Nilsson Tveito, gnr. 55/21.
3. Turid Levorsdtr. Lå Sundbrei 14.05. 1801-1874
G 1830 m Eivind Sveinson Sundbrei Tunehagen Kolbjørnstølen, gnr. 98/1.
4. Ola Levorson Lå 24.02. 1805-1896
G 1834 m Guri Jonsdtr. Urden, Hol. Sjå neste hushald.
5. Ambjørg Levorsdtr. Lå Pletten 03.09. 1811-1895
G 1841 m Lars Halvorson Sandelien Pletten, gnr. 123/1.

Levor overtok garden ved skøyte av 1771. Levor gjorde tenest ved Skiløyparkompaniet frå 1768 og var innskrivi som "Strand" på Lå i 1773. (Budde nok hjå bestemorsslekta.)
    Levor og Margit fekk ingen barn. På skiftet etter Margit i 1792 var det 1188 rd å dele. Levor gjorde avtale med syskena hennar om at han overtok heile heile buet mot at dei fekk 300 rd dvs. halve garden. Levor vart attgift med Birgit i 1793.
    Levor vart oppnemnt til lagrettemann i 1780.
    I 1829 selde Levor garden til sonen Ola garden søre Lå for 600 spd og eit vanlegt kår. (1538)2 På skiftet etter Levor i 1830 var buet på 809 spd.

{4887} År: 1829

Ola Levorson Lå 24.02. 1805-1896
Foreldre: Levor Olson søre Lå og 2. g Birgit Larsdtr. myljo Rime.
Gm Guri Jonsdtr. Urden Lå 1804-1886
Foreldre: Jon Syverson Arnegard Urevassbotn Urden og Margit Knutsdtr. Skøro, Hol. (Hol III s 194)
*Barn
1. Margit Olsdtr. Lå 11.04. 1834-1834
2. Birgit Olsdtr. Lå 11.01. 1836-1926
Barn med Håkon Skalle: Guri 1867-1934, sjå barnebarn. I 1896 var Guri heime på garden. I 1891 budde Guri i Leksvolteigen saman med brørne Ola og Jon.
3. Levor Olson Lå 12.06. 1838-1927
G 1875 m Guri Knutsdtr. Leksvol. Sjå neste hushald.
4. Jon Olson Lå 23.03. 1841-1922
Ugift. Ved FT 1891 budde Jon saman med broren Lars og systera Birgit. Yrke: gardbrukar sjølveigar, tømmermann. I 1900 var han tømmermann og murar.
5. Lars Olson Lå 22.02. 1844-1934
Ug. T I 1886 var Lars og broren Ola busett i Hardanger. FT 1891 var han murar, og budde saman med broren Jon og systera Birgit i Ål. Gardbrukar i Leksvolteigen i 1900.
6. Guri Olsdtr. Lå 14.12. 1846-1859
7. Ola Olson Lå Skår 11.05. 1850-1915
Gm Maria Pedersdtr. Skår, Eidfjord 1856- . Barn: Peder 1879-1945 gm Gjertrud Riise. Til USA.; Guri 1881-1961 g 1908 m Ivar Johanneson Trå, Herand. (= foreldra til Olav Traa); Ola 1884-1939 gm Hulda Erickson, Sverige i Am.; Knut 1884-1912 gm Ragnhild Samland, Herand; Jon 1891-1926 ugift til Am.
    Ola og Maria tok over bruket østre Skår etter far til Maria, og busette seg der med 'Skår' som etternamn. På bygda vart han kalla 'SøndreLåen'.
    Der var sju huslydar som livberga seg i brattlendet og skorrene på andre sida av fjorden. Der var det bratt og ulendt og tungdrivi. Folk flytta etterkvart frå gardane, og til slutt var grenda tom. I 1900 var Ola byggmeister og jordbrukar.
*Barnebarn
1. Guri Håkonsdtr. Lå 11.09. 1867-1934
Guri var tenestjente på Gullaug i Lier i 1900. I Leksvolteigen i 1933.
    Foreldre: Håkon Asleson Skalle (ungkar) og Birgit Olsdtr. søre Lå.

Ola og Guri gifte seg i 1834. Han vart kalla SøreLå-guten. (886)
    I 1829 fekk Ola Levorson skøyte på Lå for 600 spd og kår til foreldra. (1538)1b
    I 1835 makeskifte han 1 mål jord med Eivind Styrkestad og fekk att eit stykke av heimstølen Nedrestølen.

{4888} År: 1881

Levor Olson Lå 12.06. 1838-1927
Foreldre: Ola Levorson Lå og Guri Jonsdtr. Urden (Hol).
Gm Guri Knutsdtr. Leksvol Lå 06.11. 1840-1919
Foreldre: Knut Halvorson Leksvol og Torand Levorsdtr. Huus.

Levor og Guri gifte seg i 1875. Levor overtok garden etter foreldra i 1881 for 2000 kr og kår.
    Levor og Guri hadde ingen barn. Men Kristi Eilevsdtr. Bakke f. 1883 vaks opp hjå dei, og ho og mannen overtok garden i 1906.