Styrkestad gnr. 103 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Styrkestad gnr. 103 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Styrkestad er ein av dei gamle gardane i Øvre-Ål. Garden vert rekna for å vera frå mellomalderen. (K.O. Solhjell:1987). Når Styrkestad dukka opp i skattelistene så seint som 1612, så kjem nok det av at garden vart utskilt frå Bjella etter øydetida.
    Det vart gjort eit spennande oldfunn på Styrkestad i 1868. Funnet er tidfest til meroving-tid (7. hundreåret). Under ei lita røys vart det funne ei branngrav. Den inneheld mykje gravgods, som var i god stand ettersom glødeskalet beskytta mot rust. Av godset kan nemnast: ein 3-tinda lyster, beltespenne, høveljern, fleire pilespissar, to sakser og 5 knivar. Alt i alt 32 ting. (Sjå Ål I s 90.)
    Styrkestad vart skattlagt som øygard, og hadde ei landskyld på 6 laupsbol før Kortgarden vart frådelt 1695 med 1 1/2 laupsbol.
    Frådelte bruk: Kortgarden, bnr. 4, nedre Styrkestad, bnr 7. Søljukall-åkeren bnr. 2 og to jordstykke, bnr. 3 vart selt til i 1875 og 1877. (Sjå år 1875.) NB. Både bnr. 2 og 3 ligg no til nedre Styrkestad, bnr. 7.
    Areal 1865: dyrka jord 23 mål, naturleg eng 38 mål, utslått 56 mål. Avling 19 tunner bygg og 15 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 52 mål (det meste vert leigd bort), anna areal 30 mål, produktiv skog 30 mål, bjørkeskog og beite 660 mål, annan utmark 3850 mål.
    Våningshus bygt om 1941 og 2002, uthus frå 1912, loft.
    Stølar. Ein heimstøl opp for garden. Øvrestølen, ein vårstøl inne på åsen og Nedrestølen. Opphavleg langstøl Styrkestadstølen på Kuluset. (Fråselt 1877, ligg til Dengerud.) Noverande langstøl Toviken, gnr. 107/28 vart tilkjøpt frå nordre Hove i 1948.

{4917} År: 1783

Ivar Halvorson Styrkestad 30.01. 1746-1826
Foreldre: Halvor Ivarson Styrkestad og Anne Olsdtr. Halvorsgard.
Gm Margit Eivindsdtr. Holto Styrkestad 07.04. 1760-1804
Foreldre: Eivind Tolleivson Breie Tune og Anne Nilsdtr. Holto.
*Barn
1. Halvor Ivarson Styrkestad 1787-
Død i 1790-åra.
2. Anne Ivarsdtr. Styrkestad Hove 1789-1872
G 1810 m Torkjell Mikkelson søre Hove, gnr. 107/6.
3. Anne Ivarsdtr. Styrkestad Baklien 23.01. 1791-1880
G 1839 m Asle Asleson Baklien, gnr. 41/1.
4. Halvor Ivarson Styrkestad 1793-1819
Overtok garden saman med broren i 1818. Død neste år.
5. Margit Ivarsdtr. Styrkestad Hove 1796-1847
G 1820 m Ola Eirikson Ruud. Sjå Inderstar 'Hove'.
6. Eivind Ivarson Styrkestad 1799-1885
G 1827 m Gunhild Mikkelsdtr. Sundrehagen. Sjå neste hushald.
7. Gro Ivarsdtr. Styrkestad Holshagen 26.09. 1802-1847
G 1832 m enkjemann Ola Asleson Holto Holshagen 1798-. Barn: Asle 1833, Margit 1835, Kari 1843, Kari 1844- .
    Ola kom til Holshagen omlag 1834, men låg i beisk strid med broren Eirik som overtok garden i 1836. I 1838 vart det halde auksjon over Holshagen. Ola kom då til Rue-eie Mjølkedokken. Sjå Hol III s 343 og 366.

Ivar og Margit gifte seg i 1786. Ivar fekk skøyte på Styrkestad 4 1/2 laupsbol hjå faren i 1783 for 480 rd og kår.
    I 1769 vart Ivar dømt til døden for drap på landevernsoldat Ola Bergsgard. Drapet skjedde i ei likferd på Bjella i januar 1768. I retts-protokollen står: "Ole junede hans søster.. " .
    Ola sat på skorsteinskrakken og fortalde om siste ferda si til Eidsvoll, - han hadde 'sett 7 rd' på 7 dagar. (Spelte han om pengar?)
    Då sa Ivar Halvorson Styrkestad: "Det var vel på tausene eller kvinnfolka, det!"
    Ola svara: "No har du siti og pusta på meg i heile kveld!" Dermed vart det eit villt slagsmål. Ola Bergsgard fekk fatale knivstikk, deretter sprang Ivar frå Bjella 'uden hue og Vanter'.
    Faren Halvor Styrkestad vart henta for å stemme blod, men Ola døydde. Vitne fortalde at sist haust hadde Ola sagt at han kunne denge alle Styrkestad-ungane med ein arm på ryggen! (1289) s 33
    Ivar held seg i løynd sumaren 1768 etter råd frå mora. Han sa det slik: "Fær eg ikkje kongeleg leide, så vil eg gå ned til lensmannen. Eg er uskuldig."
    Mora vitna at sonen kom heim att mørbanka, og at ho kunne plukke lausrivne hårdottar av han. Vaksne karar hadde gått på han, og handtert Ivar slik at "han aldri ville blive Karl igien".
    Domen fall i 1769: 'For denne begangne misgjærning, sig selv til fortjent straf og andre onde liige-sindede til Skræk og afsky: at miste sitt hoved ved sverd, og legemet skal begraves uden seremoni udenfor kirkegården ... '. Hoved-luten i buet skulle tilfalle Kongen. Domen vart anka til Over-retten og Ivar vart overført til fengsel i Kr.ania og så frikjent i høgsterett i 1772. (1368) s 6
    I 1788 stevna Ivar grannen Levor Lå for å ha jaga krøter or felles hamn.
    Det var 1347 spd å dele etter Margit på skiftet i 1818. Sønene Halvor og Eivind overtok garden, redskapen og ei stor øltunne i kjellaren. Ivar tok seg vanleg kår.

{4918} År: 1819

Eivind Ivarson Styrkestad 1799-1885
Foreldre: Ivar Halvorson Styrkestad og Margit Eivindsdtr. Tune.
Gm Gunhild Mikkelsdtr. Sundrehago Styrkestad 26.12. 1801-1880
Foreldre: Mikkel Anderson Gudmundsrud Hago og Guri Knutsdtr. Leksvol.
*Barn
1. Margit Eivindsdtr. Styrkestad 21.07. 1827-1858
G 1847 m Lars Larsson Stavehaugen Styrkestad. Sjå neste hushald.
2. Ivar Eivindson Styrkestad 03.01. 1831-1835

Eivind og Gunhild gifte seg i 1827. Eivind overtok garden saman med broren Halvor ved skøyte av 1818. Halvor døydde 1819 og Eivind overtok også hans part i 1825. (Løpenr. 232 og 233 vart slegne saman etterkvart.)
    I 1835 makeskifte han eit stykke av Nedrestølen til søreLå i byte med eit mål jord.
    Eivind var ein av førarane i den religiøse rørsla i Ål i 1850-åra. (Inspirert av Kari Heie.) Han kom gjerne i 'henrykkelse' på Mikkelsmess, og kunne fortelja levande om sine syner på vekkelses-møte.
    Presten Kjelstrup let som ingen ting og 'let kvar fugl synge med sitt nebb'. Då det leid mot slutten for Eivind var han så glad. Han såg fram til å koma "hinsides". (1381)1905/19
    Evind åtte Holshagen 1839-1841.
    Gunhild Larsdtr. gav eit legat på 400 kr i 1870. Det skulle gå til 'Mest trengende uten fattigstøtte i ØvreÅls-fjerdingen'.

{4919} År: 1847

Margit Eivindsdtr. Styrkestad 21.07. 1827-1858
Foreldre: Eivind Ivarson Styrkestad og Gunhild Mikkelsdtr. Sundrehagen.
Gm Lars Larsson Stavehaugen Styrkestad 04.08. 1819-1857
Foreldre: Lars Syverson Stavehaugen og Ågot Olsdtr. Langegardslåtta.
*Barn
1. Ågot Larsdtr. Styrkestad Gudmundsrud 02.11. 1847-1911
G 1867 m Nils Nilsson Gudmundsrud.
2. Gunhild Larsdtr. Styrkestad 21.01. 1850-1866
Gunhild si eige var på 1116 spd. Av dette vart 100 spd gjeve til eit legat til beste for 'mest trengende i Øvre-Ålsfjerdingen'.
3. Eivind Larsson Styrkestad Helling 08.06. 1852-1915
G 1874 m Ågot Torjusdtr. Helling. Sjå neste hushald og søre Helling.
4. Birgit Larsdtr. Styrkestad Strand 11.11. 1854-1913
G 1872 m Tolleiv Asleson Strand Halvorsgarden, gnr. 123/6.

Lars og Margit gifte seg i 1847. Same året fekk han skøyte frå far hennar på Styrkestad, ein skogteig under Stave og Gjerdnes vannfall. Gjelda var 750 spd.
    Då Lars var død i 1857 var det krav i buet på til saman 2007 spd.

{4920} År: 1860

Eivind Larsson Styrkestad Helling 08.06. 1852-1915
Foreldre: Lars Larsson Stavehaugen Styrkestad og Margit Eivindsdtr. Styrkestad.

Eivind Larsson gifte seg med Ågot Torjusdtr. Helling i 1874. Det fortelst at far hennar hadde tenkt å gifte henne bort til ein riking på Torpo. Ågot lova å bli med far sin, men då skulle ho ha taumane. Så styrte Ågot hesten til Styrkestad. (Oppl. A. Styrkestad)
    Eivind Larsson overtok Styrkestad i 1860, 8 år gamal og foreldrelaus. I 1865 budde han og systera Birgit på Styrkestad (14 og 12 år gamle, saman med besteforeldra (kår)), medan Tolleiv Olson Vareberg (1829-1886) var forpaktar.
    Sjå meir om Eivind og Ågot på søre Helling (gnr. 106/8) som dei tok på odel i 1874. I 1875 og 1877 vart fråselt Søljukallåkeren og to jordstykke til Nils Gudmundsrud som var gift med systera til Eivind, Ågot Larsdtr. Styrkestad.

{4921} År: 1875


Asle Olson Bjella Kortgarden (1830-1919) kjøpte Styrkestad i 1875 for 1500 spd. Han delte frå to jordstykke og selde garden att i 1877 til Torstein Mikkelson. Pris 5800 kr. Med i handelen var også rett til fri skjæring på Vest-sagen (?) og halvparten i ein timrelunne på garden.
    Asle dreiv krambu på Kortgarden ei tid. Sidan reiste han til Amerika. Sjå gnr. 103/4.

{4922} År: 1877

Torstein Mikkelson Veslehaugen Styrkestad 11.06. 1847-1934
Foreldre: Mikkel Sevatson Holo Veslehaugen og Sissel Torsteinsdtr. Holo.
Gm Sigrid Larsdtr. Gjeldokk Styrkestad 29.01. 1856-1943
Foreldre: Lars Nilsson Gjeldokk (læraren) og 1.g. Anne Knutsdtr. Myking.
*Barn
1. Anne Torsteinsdtr. Styrkestad Sonsteng 14.02. 1879-1982
G 1905 m Ivar O. Sonsteng, Gudbrandsdalen ....-1945. Barn: Almeda 1908- ug. lærar i Fargo ND.
    Til Am. 1885: Michigan, ND. Dei farma i Walsh Co. ND til 1918. Ho var aktiv i kyrkjelege lag.
2. Mikkel Torsteinson Styrkestad Lillehaugen 04.06. 1881-1972
G 1907 m Helen Sando 1884-1914 (barnebarn til Ola Eirikson S.). Barn: Tollef 1918-1979 ug.; Hilma 1909- gm Marius Jørgenson; Sylvia Beatrice 1911- ug.
    G 1917 m Marie Amanda Moe 1894-1959 (Valdres-slekt). Barn : Nils Manuel 1918-1979 ug.; Edith 1919- gm Earle Lovestrom; Carl Arnold 1922- ; Clara 1926- gm Leroy Knoff; Lynn Meroy 1933- ;
    Til Am. 1884: Walsh Co. ND. Mikkel og Helen farma. Han skreiv seg 'Lillehaugen' og var 'state senator' i North Dakota Legislature i 9 periodar.
3. Lars Torsteinson Styrkestad 25.08. 1883-1902
Lars døde som liten i Am.
   
    Barn i Amerika: Cecelia 1887-1963, g 1910 m Theodor Nelson (6 barn); Clara 1889-1921, gm pastor J. Wulfsberg (1 barn); Theodore 1891-1918 ugift, Nils 1893-1915 vart skadd i præriebrann, omkom under andlet-operasjon etterpå; Sigvald 1895-1988 lærar g 1927 m Hazel Paulson (2 barn); Selma 1897-1992 g 1923 m farmar Martin A. Moe (3 barn); Amanda 1900-1900; Lars 1903-1905. (828) (954)

Torstein dreiv fehandel i fleire år før han kjøpte Styrkestad i 1877. Han gifte seg med Sigrid Larsdtr. Gjeldokk i 1878.
    Det var tronge tider og økonomien bar ikkje, - det gjekk mot konkurs. Etter avtale om tilsyn for familien sin reiste Torstein til Am. våren 1884. Svigerfaren Lars Nilsson Gjeldokk opplyste at 'skyldneren hadde emigrert til Am.'
    Torstein kom til broren Lars i Dexter, MN. Innan neste vår hadde han pengar til billettar for resten av familien, og så tok dei seg land i Michigan.
    Dei farma i Walsh Co., ND frå april 1888. Kjøpte ein farm (i nærleiken av kameraten Lars Skjervheim), og kjøpte innåt ein farm til. Det gamle huset på farmen er nybyggarmuseum i dag. Både uvær, grashopper og præriebrann var prøvelsar dei måtte gjennom. (1438)246
    Torstein var m.a. postmeister. Torstein og Sigrid gav til veldedige formål både heime og i Am.

{4923} År: 1886

Lars Nilsson Holto Styrkestad 05.06. 1853-1912
Foreldre: Nils Sveinson nordre Holto og Guri Larsdtr. Leksvol Rime.

Tolleiv Levorson Vangen Minna (f. 1852) kjøpte Styrkestad på auksjon i 1886 for kr. 3645. Sjå Minna, gnr. 110/57. Tolleiv og familien reiste til Amerika kring 1887.
    Lars Nilsson Holto og familien kom til Styrkestad i 1887.
    Lars og Birgit gifte seg i 1885. Barn fødde i Amerika: Anne Maria 1892- ; Clara 1894- gm Kai Worner (4 barn); Minnie 1896-1964 ug. ; Bertine 1900- gm Jack M. Wilkie (6 barn); Matilde 1903-1928 ug.; Lilly 1905-1913. (1597)s 15
    Lars var handelskar og budde på Halleset (inderst), sidan på Styrkestad. Dei utvandra til Am, i 1892: New York. Lars vart seinare farmar i Atwater, Sasc., Canada.

{4924} År: 1900


Aslak Larsson Helle frå Hol (1858-1942) brukte Styrkestad nokre år kring 1900. Han hadde ikkje heimel. I 1900 var han forpaktar på Underberg. Og i 1905 kjøpte han nordre Sveinhaug. Sjå gnr. 128/1c.