Bjella, søre gnr. 104 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bjella, søre gnr. 104 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Tore Person overtok den søre delen av Bjella kring 1650. Tolleiv, bror hans overtok nordre Bjella omlag 1630. Kanskje var det enkjesetet etter mora som Tore fekk. Det vart nok strid om delinga av garden. Sjå år 1650 og bnr. 1 år 1632.
    Gamle ting. Ei gamal øks og ei kiste frå 1782.
    Underbruk og plassar. a) Bakkane. Knut Sevatson Tune hadde pant i Bjella, han brukte ein plass med åker og eng i Bjella, den heitte Bakkane og låg like ovanfor Bjella. Det var omlag 1640. Sjå om tvisten vedrørande 'Secheset' (Heimstølen Sjauset?) under år 1650.
    b) Oppe i åsen ovanfor garden ligg Nilse-garden. Den er nemnt 1656 som grensepunkt i eit delebrev for Bjellagardane. I 1701 vart den nemnt slik: 'Per Bjella's gaard Nilsegaarden under aasen.' I dag er Nilsegard ein nedlagt heimstøl i skogen til nordre Bjella. Ut frå namnet kan dette vera ein nedlagt gard. NB. Det er to liknande 'stølsnamn' i heimrasta i grannelaget: 'Staugarden' (sjå søre Lå) og 'Rosengard' (sjå søre Leksvol).
    Bonden kjøpte kanonigodset og vart sjølveigar i 1715.
    Søre Bjella hadde kvern i Helling-groven. Kverna reiste i skridene i 1876. Også jordvegen vart så mykje skadd at jordskatten vart sett ned.
    Areal 1865: dyrka jord 25 mål, naturleg eng 90 mål, utslått 20 mål. Avling 22 tunner bygg og 19 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 61 mål, anna areal 15 mål, produktiv skog 600 mål, anna utmark 200 mål. Leigd jord 20 mål. Buskap: 8 mjølkekyr, 4 ungdyr, 20 vinterfôra sauer.
    Gamal stugu, påbygd og utvida 1947, driftsbygning 1937, 2 gamle loft omkr. 1600, gamalt eldhus og badstugu.
    Stølar. Heimstølar Skardet (nedlagt 1935) og Bjellaslåtta (nedlagt etter 1945). Opphavleg langstøl Kuluset vart fråselt i 1789. Langstøl på Beihovd. Ved sida av langstølen ligg ein voll kalla Gamle Beihovd. Her stod ei hytte eller bu som vart leigd ut til jegerar. Den brann.

{4979} År: 1763

Tolleiv Henrikson Huus Bjella 1710c-1788
Foreldre: Henrik Toreson Huus og Turid Torsteinsdtr. Stave. Gm Guri Larsdtr. HolsHagen. Sjå meir om familien på søre Huus, gnr. 112/1.

Tolleiv Huus kjøpte ein del i Bjella for 250 rd i 1756. Seljar var Ivar Olson Bjella. Tolleiv var verge for dottera til Anne Ivarsdtr.
    I 1771 kjøpte Tolleiv garden Bjella i 1771 for 1125 rd på vegne av myntlingen Anne Ivarsdtr. Dessutan hadde Tolleiv forbedra Bjella med bygningar til ein verdi av 275 rd. Tolleiv kjøpte odelsretten hjå Anne i 1772, og hadde då heile garden. (Tolleiv vitna at han brukte halve garden Bjella under Huus i 13 år, sidan heile Bjella i 10 år.) I 1776 vart opplyst at Tolleiv Henrikson Huus hadde brukt Bjella i omlag 13 år.
    I 1775 gjorde sønene Lars og Henrik slik avtale etter å ha rådført seg med faren ( "... der nærmest helder mod graven"): Henrik skulle overta søre Huus (også kalla 'Røyse') mot å løyse ut to systrer. Lars skulle overta søre Bjella og løyse ut 3 systrer. Dessutan skulle Tolleiv få bruke halve Bjella om han ville på livstid.

{4980} År: 1775

Lars Tolleivson Huus Bjella 07.05. 1751-1835
Foreldre: Tolleiv Henrikson Huus Bjella og Guri Larsdtr. Hagen (Hol).
Gm Sigrid Embriksdtr. Kolbjørnstølen Bjella 1739-1828
Foreldre: Embrik Ivarson Gjeldokk Kolbjørnstølen og Liv Knutsdtr. Espegard.
*Barn
1. Guri Larsdtr. Bjella Bergo 1775-1844
G 1807 m Halvor Torsteinson Skjønne, Nore 1784- . Barn: Torstein 1808-1903 g 1830 m enkje Ingebjørg Larsdtr. Sønsterud-Åsberg (5 barn).
    Guri møtte Halvor i bryllaupet til broren. Også dette ekteskapet var tilskipa av Hans Nielsen Hauge. Halvor var haugianar, og Guri held tale når dei hadde samlingar. Dei hadde øvre Bergo i Nore, og tok seg mykje av dei fattige.
    Guri vart attgift 1830 med em Torkjell Halvorson Bergo i Uvdal. Ingen barn.
2. Tolleiv Larsson Bjella 24.01. 1779-
Truleg død i 1790-åra.
3. Tolleiv Larsson Bjella 21.07. 1782-1863
G 1803 m Ingeborg Kitilsdtr. Liverud. Sjå neste hushald.
   

Lars og Sigrid gifte seg i 1775. Som soldat var Lars 166 cm høg.
    Lars overtok garden Huus 1772 for 298 rd. I 1775 bytte Lars garden Huus med broren Henrik og fekk att Bjella.
    Lars og Sigrid fekk kår i 1802 hjå barna Tolleiv og Guri.

{4981} År: 1802

Tolleiv Larsson Bjella 21.07. 1782-1863
Foreldre: Lars Tolleivson Bjella og Sigrid Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Ingeborg Kitilsdtr. Liverud Bjella 13.09. 1783-1870
Foreldre: Kitil Larsson Liverud og Sigrid Halvorsdtr. Kyllesdal, Uvdal.
*Barn
1. Lars Tolleivson Bjella 26.07. 1810-1898
Gm Haldis Olsdtr. Huus. Sjå neste hushald.
2. Sigrid Tolleivsdtr. Bjella Strand 16.01. 1814-1887
Gm Asle Tolleivson Halvorsgarden Strand, gnr. 123/6.
3. Kitil Tolleivson Bjella 18.06. 1817-1892
Ug. Kitil var i legd på Bjella i 1891. Han hadde fattigstøtte dei siste åra.
4. Sigrid Tolleivsdtr. Bjella ØvreLå 01.05. 1821-1898
G 1855 m Ola Olson ØvreLå, gnr. 102/1.
5. Liv Tolleivsdtr. Bjella Espegard 03.04. 1825-1874
G 1840 m Botolv Embrikson Espegard, gnr. 70/1.

Tolleiv og Ingeborg gifte seg i 1803. Tolleiv og systera Guri gav kår til foreldra i 1802. Dvs. Dei hadde overteke garden. Etterkvart har nok Guri vorte utløyst.
    Tolleiv og faren var av venene til legpredikanten Hans Nielsen Hauge. Giftarmålet kom i stand ved hjelp av Hauge. Det vart fortalt at Tolleiv og Ingeborg såg kvarandre for fyrste gong den dagen bryllaupet stod. Då brura kom til gards stod der ein kvek svigerfar og ein noko gamalvoren son i tunet.
    Såleis vart Ingeborg noko i villreie: "E det danan, ell e det danan eg skal ha?" (1379) s 88
    Ingeborg skreiv seg Breie då dei gifte seg. På sine gamle dagar skulle Ingeborg ha sagt om ektefolk: "Det vore bra om dei ha sett korare før dei gifte seg."
    I 1804 selde Tolleiv garden Bjella til Eirik Sevatson (Settungsgard) Sando, og var deretter i Breiehagen fram til 1810. Tolleiv kjøpte Breiehagen på tvangsauksjonen i 1810, men makeskifte seg over til søre Sveinhaugen. Og i 1811 held dei makeskifte slik at Eirik Sevatson kom til Sveinhaugen og Tolleiv kom attende til Bjella. Om Eirik Sevatson, sjå Sando, gnr. 30/2.
    Tolleiv var ute i krigen 1807-14. Han deltok i slaget ved Onstadsund.
    I 1807 vart Tolleiv avhøyrt om sitt samkvem med Hans Nielsen Hauge. Tolleiv var skulda for å ha lånt 1800 rd til H.N. Hauge, men kjende seg utrygg så han nekta. Men lensmannen sat med eit depositionsbevis av 1804 frå Hauge på denne summen. (1388)
    (NB. 1800 rd var ein stor pengesum.)

{4982} År: 1840

Lars Tolleivson Bjella 26.07. 1810-1898
Foreldre: Tolleiv Larsson Bjella og Ingeborg Kitilsdtr. Livrud.
Gm Haldis Olsdtr. Huus Bjella 26.01. 1809-1893
Foreldre: Ola Torsteinson Lå Huus og Ambjørg Aslesdtr. Stave.
*Barn
1. Tolleiv Larsson Bjella 26.09. 1833-1898
G 1859 m Sigrid Sevatsdtr. Thon. Sjå neste hushald.
2. Ola Larsson Bjella Lå 21.12. 1835-1923
G 1859 m Birgit Olsdtr. Opsata. Sjå nordre Lå, gnr. 100/1.
3. Lars Larsson Bjella Styrkestad 01.12. 1838-1926
G 1873 m Birgit Andersdtr. Hove. Sjå nedre Styrkestad, gnr. 103/7.
4. Ingeborg Larsdtr. Bjella 19.06. 1841-1904
G 1882 m Ola Olson nordre Bjella, gnr. 104/1.
5. Ambjørg Larsdtr. Bjella Kvinnegard 22.02. 1844-1915
G 1866 m Halvor Olson Kvinnegard, gnr. 96/4.
6. Torstein Larsson Bjella 21.11. 1846-1923
Torstein var ugift handels-kar. Han gav 1000 kr til gamleheimen i 1921.
7. Asle Larsson Bjella 24.10. 1849-1923
G 1886 m Barbo Torsteinsdtr. Huus. Handelskar på Skeie, sjå eige hushald.
8. Lars Larsson Bjella Kvinnegard 19.03. 1853-1934
Ugift fehandlar. I 1891 dreiv Lars jordbruksarbeid og rypefangst på Kvinnegard. Lars budde hjå bror og syster på Kvinnegard i 1900.
   

Lars og Haldis gifte seg i 1833. Lars var ordførar ei tid. (1419)
    Lars bygde stugu, den står innebygd i noverande stugu.
    I 1865 budde også sonen Tolleiv på Bjella med sin familie. Sidan det var eit bebudd hus på garden, så budde det altså 14 personar i same huset i fylgje folketeljinga.
    Under skridene i 1876 demde Bjella-grove seg opp ovanfor husa på myljo Bjella og fløymde utover Træet før ho skar seg bort i Helling-grove. Etter dette var jordvegen ille faren. Stein og jord måtte fyllast i juvene etter vatnet. (Oppl. L. T. Bjella)

{4983} År: 1884

Tolleiv Larsson Bjella 26.09. 1833-1898
Foreldre: Lars Tolleivson Bjella og Haldis Olsdtr. Huus.
Gm Sigrid Sevatsdtr. Thon Bjella 17.10. 1837-1916
Foreldre: Sevat Embrikson Thon og Mari Tolleivsdtr. Medgard.

Tolleiv og Sigrid gifte seg i 1859. Han var kyrkjesongar og bonde på Torpo 1867-1898. Tolleiv dreiv også noko finsnikkering. Og han var lærar. (Aal II s 339 og 355)
    Sjå meir om familien på Klokkarbråten, gnr. 4/7.
    Sonen Lars skildra ei uvanleg buføring frå Beihovd i 'Hallingen'. Det var kome stor snø ei natt i august 1886. Saman med Lars Gjeldokk gjekk dei inn til Beihovd, kokte prim om natta, og fekk med folk og buskap til bygda att neste dag. "Den hardaste buføring eg har vore med på," sa Lars då dei kom heim att. (1412) s 74
    I 1884 fekk Tolleiv skøyte på Bjella, men det vart dottera Haldis og mannen som dreiv Bjella. Sjå neste hushald.