Slåtta gnr. 105 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Slåtta gnr. 105 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bruket Slåtta eller Gjeldokkslåtta ligg like aust for skiheisen i Svarteberg. Lendet hallar mot nord, og er ikkje særleg bratt. Skogen ligg innved tunet.
    Slåtta vart frådelt som eige bruk 1888. Før den tid var bruket heimstøl under Gjeldokk. Namnet Rasmus-slåtta skal vera nemnt på 1600-talet, det kan vera her.
    Vanleg buskap i 1960-åra: 1 hest, 4 kyr, 2 ungdyr og 12 sauer.
    Areal 1995: dyrka jord 45 mål, anna areal 15 mål, produktiv skog 65 mål, anna utmark 65 mål. Leigd jord 10 mål. Buskap: 6 mjølkekyr, 8 ungdyr, 1 hest.
    Våningshus bygt 1978, kårhus 1911 (nytta til utleige), eldhus, driftsbygning 1915, nytt fjøs 1991.

{5038} År: 1868


Nils Knutson Gudmundsrud Gjeldokk delte frå Slåtta i 1868. Neste år overtok sonen hans Nils Gudmundsrud. Han hadde Slåtta saman med Gudmundsrud fram til salget i 1888. Han hadde minst to forpakterar på bruket.

{5039} År: 1874c


Knut Olson Skrindo f. 1829 var inderst/forpaktar i Gjeldokkslåtta i 1875. Han budde her med kone og tre barn. Sjå Skrindo, gnr. 47/2. Sidan var han husmann i Løkensgardsteigen.

{5040} År: 1881


Knut Larsson Holo på Øygarden gjekk konkurs i 1879. Han forpakta Gjeldokkslåtta i 1881. Knut og familien reiste til Amerika før 1884.

{5041} År: 1888

Asle Asleson Baklien 27.07. 1817-1910
Foreldre: Asle Fingarson Baklien og Anne Aslesdtr. Strand.

I 1888 kjøpte Asle Asleson Baklien bruket Slåtta for kr. 1600. Slåtta fylgde med Baklien utan heimel då dottera Anne og mannen Botolv overtok Baklien. Det vart sonen deira, Nils, som fekk skøyte i 1917.
    Asle var gift med Anne Ivarsdtr. Styrkestad. Sjå meir om familien i Baklien, gnr. 41/1.