Helling, nordre udelt gnr. 106 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Helling, nordre udelt gnr. 106 bnr. 0-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Helling-gardane ligg i hallande lende oppe i Øvre-Ål. Namnet kjem av lendet. Sålangt ein har skriftlege kjelder så har garden vore delt i nordre og søre. Men opphavleg var nok Helling ein gard, og den kan vera av dei eldste gardane i bygda. Her er funne ein spjutspiss og ein pilespiss, båe havna på Nordiska Museet i Stockholm.
    Helling-gardane ligg mellom Hove i aust og Bjella i vest. Helling-grove markerar grensa i vest. Den markerte også dei to bedar-laga i ØvreÅl i gamal tid.
    Nordre Helling er nemnt i jordebøkene frå 1577, men utan namn på bonden. I 1557 skatta Helling av 4 kalvskinn, men me veit ikkje om det gjeld nordre eller søre garden.
    Kanonigods 6 laupsbol (også skrive 6 skinn.), var jordegods som låg til dom-kapitlet. (Her presteskapet ved Maria-kyrkja i Oslo.) Slikt jordegods kan ha vorte gjeve som gåver til Mariakyrkja, eller som betaling for sjelemesser i katolsk tid. Dette godset vart selt som krongods kring 1665 til Jakop Didriksen.
    1595 låg to gardar 'Hellingemund' kvar på 4 skinn i eiga til Mariakyrkja i Oslo. Likeeins Bjella og Lå. Jordeboka 1626, Grågås, nemner at Ål kyrkje hadde 1 sau som årleg innkome frå Helling.
    Helling hadde ei landskyld på 16 laupsbol. 1670: 10 laupsbol og 6 laupsbol kanoni-gods (som bonden måtte betala leige for). Bonden kjøpte kanoni-godset i 1680-åra.
    I 1728 sette retten dele mellom nordre og søre Helling: 1. stein på toppen av Sjausetbakken, til 2. stein ved Sjausetbekken nordre side, til 3. stein midt i Striestølsmyra, 4.stein norda Striestølsgjerdesgarden, til 5. stein sunnanfor Striestølsgjerdesgarden ved ein jordfast stein, til 6. stein på ein høg haug midt over ei tjønn nord for "lilleSetter" til Tor Helling, 7. stein på ein høg haug mellom "lilleSetter" og heimstølen til Torjus Helling, 8. stein, jordfast med innhogd kross, ved heimstølen til Torjus Helling, 9. stein på ein høg haug og jordfast stein øvst i Trangedokken, til 10. stein i Trangedokken ved gjerdesgarden til jordet.
    Så sette dei dele i innmarka. Åkrar utan namn og gamle delesteinar vart beskrivne. (1072) s 55
    Nordre Helling var ein gard fram til delinga i 1787. Myljo Helling vart så samanføyd med nordre Helling att i 1935. Det opphavlege tunet på nordre Helling var tunet til myljo Helling.
    Stølar. Heimstøl er Hellingstølen; tidlegare også 'Ringeteigen' (=?) 'Strige-stølen' (frådelt 1943 til Varaberg). Opphavleg langstøl var truleg Kitilset. Helling og Svarteberg støla også i Skålen ei tid. Skålen vart fråselt 1891 til Ulshagen. I 1912 kjøpte nordre Helling støl i Toviken. Sjå bnr. 1.

{5065} År: 1750c

Eilev Torson Helling 1727-1773s
Foreldre: Tor Eilevson Helling og Ågot Embriksdtr. Skrindo.
Gm Kristi Olsdtr. Gjeldokk Helling 1716-1788
Foreldre: Ola Larsson Lå Gjeldokk og Ågot Sevatsdtr ....
*Barn
1. Ola Eilevson Helling 28.11. 1749-1819
G 1777 m Ragnhild Nilsdtr. Arnegard Noss. Sjå neste hushald.
2. Tor Eilevson Helling Stavehaugen 26.11. 1752-
G 1778 m Astrid Holgesdtr. Gåsterud. Tømmermann. Sjå Stavehaugen, gnr. 114/11.

Eilev og Kristi fekk to barn. Kristi hadde dottera Kristi 1745-1757 saman med soldaten Knut Asleson Stave.
    I 1736 var Eilev nemnt som husmann/handverkar/ledig 'som bør betale skatt'.
    Eilev overtok garden på skiftet etter faren i 1751. Han løyste ut all panten i Helling, men fekk ikkje skøyte, berre det avlyste pantebrevet.
    Eilev lånte 300 rd i 1762 mot pant i 8 laupsbol i Helling. I manntalet 1762 var Jon Knutson Varaberg og kona på garden hjå Eilev. Det heitte at Jon brukte garden mot årleg avgift til 'Ole'.
    På skiftet etter Eilev i 1773 var det 133 rd å dele på enkje og to barn. Garden vart taksert til 420 rd.

{5066} År: 1773

Ola Eilevson Helling 28.11. 1749-1819
Foreldre: Eilev Torson Helling og Kristi Olsdtr. Gjeldokk.
Gm Ragnhild Nilsdtr. Noss Helling 1743-
Foreldre: Nils Olson Villand Arnegard Noss og Margit Syversdtr. Arnegard Noss.
*Barn
1. Margit Olsdtr. Noss Arnegard 22.03. 1772-1778
Margit døydde 6 år gamal.
2. Kristi Olsdtr. Helling Gudmundsrud 19.03. 1775-1856
Ugift. Barn med Knut Olson Sandehuset: Nils 1799-1802; Nils 1803-1883. Barn med Anders Anderson Brenno-Vangen: Ragnhild 1813-1880. Sjå barnebarn.
    Kristi var av 'god ætt' og fekk såleis ikkje gifte seg med han ho ville ha. Men Kristi let seg ikkje kue av ættebyrge foreldre. Ho fekk to barn med 'Sande-Knut', ein av dei likaste karane i bygda, men av husmanns-ætt. Men dei flytta nok ikkje saman.
    Og i 1804 gifte Knut seg med Kari Sevatsdtr. Toplass. Kristi fekk sidan dottera Ragnhild med Anders.
    Kristi gjekk arbeidsledig og vart såleis idømt tukthusarbeid i 1809. (Hallingdølen 18.02.95)
    Kristi var rikt begava og hadde god sangstemme. Kristi tok sonen Nils og Tor Villand i skule, og lærte bort det ho kunne. Kristi måtte ta seg arbeid ute, og vesle Nils fekk noko av oppveksten i legd. Kristi døydde i Gudmundsrud.
3. Eilev Olson Helling 07.09. 1777-1805
Eilev var ugift. I 1801 vart han rekna for 'vanvittig.'
4. Margit Olsdtr. Helling 1781-1813
Margit var ugift. I 1801 var ho rekna for 'vanvittig'.
    I 1786 heitte det om ho og broren: 'Så vanfør at de knapt er lik folk.'
5. Kristi Olsdtr. Helling Toknutplassen 23.11. 1783-1841
G 1814 m em Knut Olson Hove Toknutplassen under Tveito, gnr. 55/6.
6. Nils Olson Helling 16.10. 1785-1801f
*Barnebarn
1. Nils Knutson Helling 14.09. 1799-1802
Foreldre: Knut Olson Sundre Sundrelien (ungkar) og Kristi Olsdtr. Helling.
2. Nils Knutson Helling Gudmundsrud 09.10. 1803-1883
G 1828 m Sigrid Olsdtr. Gjeldokk. Ordføraren. Sjå Gudmundsrud gnr. 110/2 og Seksmålsteigen, gnr. 106/5.
    ''Et av de lyseste hoder Ål har hatt", ifylgje E. T. Bekkestad.
    Foreldre: Knut Olson Sundre Sundrelien (ungkar) og Kristi Olsdtr. Helling.
3. Ragnhild Andersdtr. Gudmundsrud Bekkestad 01.06. 1813-1880
Barn m/Knut Sveinson Reinton: Kristi Knutsdtr. 1839-1925 til Am. gm Svein Sveinson Rydning (Hol).
    G 1850 m Tolleiv Ellingson Bekkestad, sjå gnr. 129/2.
    Ragnhild var ei evnerik kvinne med stor kunnskapstrang. Ho var ein meister i hallingsaum. Ei tid budde ho i Gudmundsrud.
    Ragnhild stod på berget ovanfor Ulshagen og spelte på lur då biskop Sørensen vitja Ål i 1830-åra. "Biskopen blev underlig stemt ved denne mottagelse".
    Foreldre: Anders Anderson Brenno Vangen (ungkar) og Kristi Olsdtr. Helling.

Ola og Ragnhild gifte seg i 1777. Ola var soldat i unge år.
    Ola var med på eit skalkestykke ei natt under haust-tinget 1772. Saman med Johannes Strand kasta dei inn to glasruter hjå lensmannen Torkjell Villand på Sundre. Tolleiv Opsata hadde oppmuntra dei til dåd, og lova at han skulle betala eventuelle krav. Då saka kom opp på neste ting, møtte gubben på Styrkestad opp og fortalde at Ola hadde rive vind-skiene av stugu hans for nokre år sidan. (1370) s 68
    Ola var nok litt uvøren ved fleire høve. Ein augustsundag etter messa i 1775 kom Ola Helling og Torkjell Svarteberg ridande på ein hest til Sundre. Dei var fulle, og reid båe på same hesten.
    Fyrst prøvde dei å ri inn i stugu til lensmann Villand. Då dette vart hindra, reid dei ned til grannen, kaptein Arøe, (kompanisjefen), og prøvde å få hesten inn i gangen der.
    Då kom kapteinen ut og sa: "Du Ole Ellefsen, du skulle ikke drikke dig sådan beskjenket på en helligdag!"
    Ola svara: "Du din skarvefant! Vil du henge på meg no att. Eg måtte springe spissrot for di skuld!"
    Sinnet tok Ola og han "udøste i Vrede mange ublue og utilbørlige Ord mot Hr. Capitainen", medan han hytta med knyttneven oppunder nasen hans. Arøe tok av han bajonetten, og ville arrestere han. Då reiste Ola der i frå. Opptrinnet vart rapportert til generalmajor Schlanbusch, og Ola fekk nok si rikelege 'belønning'. (1374) s 40
    Ragnhild var kårkone på Helling i 1801. Ho er ikkje å finne i dødsfall-listene. Men i 1840 står 'Død Ragnhild Olsdtr. Helling i ØvreÅl, legdskone 82 år.' Dette kan vera Ragnhild Nilsdtr.

{5067} År: 1783

Lars Olson Rime 10.03. 1748-1817
Foreldre: Ola Torson Helling myljo Rime og Sissel Torsteinsdtr. Stave Rime.

Lars Olson myljo Rime kjøpte Helling for 1358 rd og kår til Kristi Olsdatter i 1783.
    Lars var gift med Turid Toresdtr. Hove. Sjå meir om familien på Rime, gnr. 115/16.
    Lars held takst på garden i 1783. Jordvegen var god (1000 rd), husa i måteleg stand (200 rd), og det var nesten ikkje skog anna enn til ved. Lars pantsette garden til Krigshospitalkassa for 300 rd.
    Lars delte garden i 1787, og selde øvre delen (bnr. 1) til svigersonen Ola Skottebøl og nedre delen (bnr. 3) til svigerson Ola Olson.