Helling, mellom gnr. 106 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Helling, mellom gnr. 106 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Helling myljo eller 'Nigarden' vart frådelt nordre Helling i 1787. Dvs. Det vart bygt nytt tun til nordre garden. Tunet på myljo Helling er det opphavlege tunet på nordre Helling før delinga.
    Som skikken var så budde onnejentene oftast i loftet sumarstid. Ein sumar var det slik at onnejenta på Helling hadde ein kjærast. Og difor slapp ikkje andre inn hjå henne.
    Ein laurdag ettermiddag kom det luskande det nokre ungkarar på Helling. Dei smatt bakom loftet, og lyfte opp eit hjørne eit par tommar og sette ein kubbe under. Då mørkret kom og onnejenta fekk besøk, kom karane att. Med eit drivande sleggeslag slo dei kubben bort så loftet sokk i hop. Dei to kjærastane fekk ein støkk!
    I 1935 vart jordvegen til myljo Helling samanføyd med nordre Helling. Tunet er frådelt som feriestad og kjøpt av Per Arne Mørk.

{5079} År: 1787


Lars Olson Rime på Helling bnr. 1 held att denne delen av garden då han delte frå Helling (bnr. 1) til svigersonen Ola Skottebøl.
    I 1799 overtok svigersonen Ola Kvinnegard denne delen i garden (bnr. 3).

{5080} År: 1799

Ambjørg Larsdtr. Rime Helling 17.07. 1774-1822
Foreldre: Lars Olson myljo Rime Helling og Turid Toresdtr. Hove.
Gm Ola Olson Kvinnegard Ellingsgard 27.09. 1772-1839
Foreldre: Ola Olson Arnegard Kvinnegard og Gro Torgeirsdtr. Stakegard.
*Barn
1. Ola Olson Helling Hovdegard 17.04. 1797-1876
G 1840 m enkje Kristi Olbjørnsdtr. Kaslegard Hovdegard. Ingen barn.
    Ola var 43 år, eldst av ungane og inderst på Hovdegard på skiftet etter faren i 1840.
2. Ola Olson Helling 19.04. 1802-
G 1839 m Sigrid Torsteinsdtr. Gurigard. Barn: Tore 1839-1899 gravlagt Vinje Memorial, Wilmar; Ola 1842- ; Knut 1847-; Torstein 1851- . Om barna, sjå Gurigard, gnr. 63/3 år 1807.
    Ola og Sigrid var inderstar på Gurigard, Lappegard og søre Tveito. Til Am. 1871, 69 år gamal.
    Ola reiste til Am. 1866: Wilmar saman med Knut Olson som var 21 år. Busett Feiring Willow, Kandichi Co MN. Sigrid vart verande att heime då Ola reiste til Am. "Dei fær meg aldri ut på fjordane!" (Dølaminne 1983- s 43)
3. Gro Olsdtr. Helling Dokken 25.11. 1804-1860
Gro var ugift og budde 1840 i Toskedokken i Vats, seinare som inderst hjå systera Sissel i Kjellargard. Gro var 'meget fattig' då ho døydde i 1860.
4. Sissel Olsdtr. Helling Kjellargard 28.07. 1807-1882
G 1836 m Sevat Olson Kjellargard, gnr. 77/1.
5. Tore Olson Helling 28.04. 1810-1839?
Tore Olson døde '26 år gammel' i 1839.
6. Halvor Olson Helling 02.01. 1813-1813
7. Lars Olson Helling 02.05. 1814-1844
Ugift. Lars budde hjå Asle Ellingsgard i fem år.
    Det stod eit bryllaup på Langegard i 1844. Lars var drukken og leiken, - han sette seg bakpå ein hest i brureferda gong på gong og vart kasta av. Den tredje dagen kom Lars i eit slagsmål, og så døydde han snart etterpå. Det vart avhøyr om slåstinga, men ingen samanheng vart påvist. (1513)12

Ola og Ambjørg kjøpte 1799 halve nordre Helling for 798 rd hjå foreldra hennar.
    Ola hadde også Ellingsgard frå 1814-1835.
    I 1823 selde Ola ein del av Eitrestølen til Tolleiv Torjusson Helling for 5 spd.
    I 1828-1829 vart det teke tre utlegg hjå Ola for over 1200 spd. Det røynde på å sitja med to store gardar. Garden Helling vart selt på auksjon i 1830. Sjå også Ellingsgard, gnr. 78/2.

{5081} År: 1830


Tolleiv Torjusson på søre Helling kjøpte myljo Helling på auksjon i 1830. Sonen hans fekk skøyte på garden i 1848.

{5082} År: 1848

Ola Tolleivson Helling 03.01. 1827-1883
Foreldre: Tolleiv Torjusson Varaberg Helling og 2.g Anne Andersdtr. Gjeldokk.
Gm Ågot Knutsdtr. Myking Helling 22.02. 1831-1907
Foreldre: Knut Olson Myking og 2.g Ågot Olsdtr. Skrindo.
*Barn
1. Tolleiv Olson Helling Haug 21.01. 1852-1926
G 1879 m Margit Olsdtr. ØvreLå. Sjå nordre Haug, gnr. 59/3.
2. Anne Olsdtr. Helling 20.01. 1854-1854
3. Knut Olson Helling 21.12. 1854-1903
Gm enkje Anne Olsdtr. Myking Pletten. Barn: Carl 1893-1927 g 1918 m May Clara Lynch (2 barn); Alfred 1899-1973 farmar ved Wheelock, ND, g 1925 m Edit Lorranie Difon (2 barn); Andrew 1901-1988 g 1926 m Hazel Jacobsen (2 barn). (1245), (notat Ola Hagen)
    Utvandra 1882: Rock Co, sidan St. Peter MN. Homestead-land i Williams Co. 1902 reiste dei til Benson Co. Men då var det klart at helsa svikta for Knut. Han døydde neste år.
4. Ola Olson Helling 09.05. 1857-1871
5. Helge Olson Helling 24.02. 1859-1947
G 1880 m Mari Knutsdtr. søre Skrindo. G 1904 m Kari Torsteinsdtr. Mørk. Sjå neste hushald.
6. Anders Olson Helling 08.03. 1861-1871
7. Ola Olson Helling 01.07. 1863-1932
G 1898 m Mari O. Remme, Valdres 1877-1956. Barn: Alma 1899- gm Joe Wiegel; Olaf 1901-1965 gm Lillian Marr; Martin 1903- gm Maxime Allen; Elmer 1906-1957 gm Ruth Charlotte Olson; Arthur 1908- gm Zina Buckman; Leonard 1911-1984 gm Carol Hess; Lillian 1916- gm Ray Wolfgram; Alfred 1919- ug. (Hallingen 28 s 521, nr 23 s 163 og nr 31 s 702), (notat Ola Hagen)
    Ola reiste til Am. 1893 med forskotsbetalt billett: St. Peter, farmar i Rock Co., MN. Sidan arbeidde han ved ein kornsilo i Magnolia, Rock Co.
8. Knut Olson Helling 24.03. 1865-1883
Knut var i Minnesota i 1883.
9. Torjus Olson Helling 01.12. 1867-1918
Ugift. Torjus dreiv med handel. Ein traust arbeidskar.
10. Ola Olson Helling __.__. 1868-1869
11. Anne Olsdtr. Helling Kjellargard 19.03. 1871-1924
G 1901 m Sevat Olson Kjellargard, gnr. 77/1.
12. Anders Olson Helling 16.05. 1872-1937
G 1902 m Marit I. Lokreim, Valdres 1881-1938. Barn: Mable Aagot 1904-1994 gm Charles Debates; Anne Marie 1906-1991 gm Arthur Hermannson (1 dotter); Emmet Ingvold 1908-1914; Edvard Nels 1911-1960 Ug.; Alfred Magnus 1919- ug. (1248)
    Til Am. i 1892. Busett Luverne, Rock Co. MN. (1032)
13. Ola Olson Helling 05.06. 1876-1891

Ola overtok garden på skiftet etter faren i 1848. Med i handelen var 5 mål jord frå Hove.
    Ola og Ågot gifte seg i 1851. Ågot selde garden i 1884 til sonen for kr. 600 og kår.

{5083} År: 1884

Helge Olson Helling 24.02. 1859-1947
Foreldre: Ola Tolleivson Helling og Ågot Knutsdtr. Myking.
Gm Mari Knutsdtr. Skrindo Helling 04.09. 1853-1905s
Foreldre: Knut Olson Skrindo Løkensgardslåtta og Margit Knutsdtr. Trintrud.
Gm Kari Torsteinsdtr. Mørk Helling 01.11. 1881-1911
Foreldre: Torstein Olson Mørk og Anne Arnesdtr. søre Grøvo. (Hol IV s 128)
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Helgeson Helling 07.07. 1879-1880
2. Ågot Helgesdtr. Helling 15.06. 1881-1881
3. Ågot Helgesdtr. Helling Holte 06.06. 1883-1915
G 1903 m Hans Sveinson Holto. Barn: Svein Adolf 1903-1903; Marie 1904- gm Carl Angebauer; Sven 1906-1962 ugift; Borghild 1908- gm Louis Hermannson; Helge 1910-1986 gm Amy Olsen; Selma 1912- gm Henry Broten; Alma 1913-1971 vaks opp hjå Ågot Myking Planting, ug. lærar i Montana; Knut 1914-1982 gm Eileen Defrang. (1033)
    I 1883 reiste Ågot til Petersburg, ND i 1904. (BB) Dei tok land i Divide Co. ND.
4. Knut Helgeson Helling 23.05. 1887-1971
G 1915 m Ingeborg Olsdtr. Gjerdnes. (Tremenning) Barn: Melvin Henry 1917- gm Doris Thomas; Arthur Olaf 1919-2005 snikkar, gm Anne Løkken; Bernhard Oscar 1921- gm Mildred Bengtson; Kenneth Irvine 1924- gm Ruth Thorson; Astrid Irene 1926- gm Lawrence Post, g 1963 m Gordon W. Dick; Andrew Norman 1928- gm Marilyn Thorniley; Ernest Theodore 1931- gm Lois Ball. (1234)
    Knut reiste til Am. i 1908: farmar i Wagner i Montana, var på heimebesøk 1914, gifte seg i 1915. Sidan flytta dei til Pyalupp i Washington. Knut dreiv bygningsarbeid, farming og hønse-avl.
5. Margit Helgesdtr. Helling Rudningen 07.04. 1889-1942
Gm Lars Olson Pletten. Barn: 6.
    Margit reiste til Am. 1908: William Co, ND. .
6. Knut Helgeson Helling 09.01. 1889-1956
G 1928 m Randi I. Fausko 1899-1987. Barn: Helge Manley ....- gm ... ... (2 barn); Ruth Marion 1931- lærar, gm Ken Larson; Clare 1934- lærar, gm H. Don Piepkorn; Milo 1936- busett i Lakota, ND; Kenneth 1937-1999 lærar, g 1958 m Joyce Bina, g 1986 m Nancy Taylor, busett i Karlstad, MN (5 barn); Arthur ....- busett i Aitkin, MN; Martha ....- gm Charles Sorenson. (1433)
    Knut utvandra 1914 som farmarb. til slektningar i Petersburg, ND. Dei farma i Nelson Co. ND. Knut var sekr. i Hallinglaget. Omkom i bilulykke.
7. Anne Helgesdtr. Helling 09.04. 1892-1893
8. Anne Helgesdtr. Helling Dokk 12.08. 1894-1974
G 1916 m Mikkel Embrikson Dokk. (Han døde like etter giftarmålet.)
    Anne reiste til Am. i 1925, ho dreiv matforretning i Grand Forks.
9. Tolleiv Helgeson Helling 12.08. 1894-1894
10. Tolleiv Helgeson Helling 14.09. 1896-1958
G 1938 m Gunvor Opedal, Gulen. Sjå eige hushald.
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Helgeson Helling 04.03. 1905-1984
G 1931 m Liv Tolleivsdtr. Stave. G 1948 m Margit Gunnarsdtr. Noss. Sjå eige hushald.
2. Torstein Helgeson Helling 09.07. 1906-1996
G 1937 m Liv Goversen 1908-1978. Barn: Harald Olav 1939- gm Vigdis Løvland; Per Egil 1943- gm Astrid Skaar; Kåre 1948-1948; Kåre Dag 1949- gm Aud Kari Slettvold. Fosterson: Johan Fredriksen 1933- gm Anne Mari Helling. (1235)
    Torstein arbeidde på sagbruk i Saskatchewan, Am. frå 1926 til 1931. Torstein deltok i motstandsarbeid på Sørlandet under krigen, men vart avslørt 1943 og sendt til Tyskland.
    Torstein sat i Natzweiler i Elsass, sidan i utryddingsleiren Dachau. Grunna eit utbrot av tyfus vart turen til gasskammeret utsett litt, inntil freden og dei svenske kvite bussane kom til leiren. (1241) Busett 1996: Lillesand.
3. Mari Helgesdtr. Helling Villandsmoen 02.04. 1908-
Gm Kitil Torsteinson VillandsMoen, Hovet 1898-1969. Barn: Gunn Karin 1952- ; Torbjørn 1955- .
    Mari hadde Helling nokre år. Sjå år 1927. Dei dreiv VillandsMoen i Hovet. Kitil arbeidde ved OL ved sida av bruket.
4. Olaf Helgeson Helling 31.01. 1910-1956
Gm Magnhild Bakkelund. Sjå eige hushald.
5. Kari Helgesdtr. Helling 22.12. 1911-1979
Barn: Sissel 1931- gm Tarald Skår.
    G 1938 m Alf Holtan 1896-1952. Barn: Ingjerd Synnøve 1939-1941. (1245)
    Kari vaks opp hjå Sigrid og Tor Veslegard. Kari og Alf budde på Øyslebø.
*Barnebarn
1. Sissel Helling Skår 12.01. 1931-1988
G 1950 m Tarald Skår. Barn: Aslak 1951- ; Helge 1954- gm Annlaug Mossige; Kai 1956- gm Ann Sigrunn Salvesen; Inger Synnøve 1957- gm Svein Lund; Wenche 1961- gm Oddvar Vintland; Ann Tove 1963- .
    Foreldre: ... ... ... og Kari Helgesdtr. Helling.
    Sissel og Tarald er busett i Øyslebø, V. Agder. (1242)

Holge og Mari gifte seg i 1880. Dei fekk 10 barn. Helge vart attgift 1904 med Kari og fekk fem barn med henne.
    Helge kjøpte Helling 1884 for kr. 6000 og kår til mora.