Helling søre gnr. 106 bnr. 8
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Helling søre gnr. 106 bnr. 8-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sålangt ein har skriftlege kjelder så har garden Helling vore delt i nordre og søre. Men opphavleg var nok Helling ein gard, og den kan vera av dei eldste gardane i bygda.
    Søre Helling vart skattlagt som halvgard og hadde 12 laupsbol i landskyld.
    Kanonigods 1/2 hud. (Sjå innleiinga til nordre Helling udelt.) Landskyld 12 laupsbol, garden vart skattlagt som halvgard. I 1692 vart Helling nemnt som kapellan-gard.
    Tunet ligg truleg på opphavleg stad. Det vart herma kva Torjus Helling sa då han hadde måla loftet raudt: "No skin det som ei gulltånn i ein tannlaus kjaft!"
    Areal 1865: dyrka jord 43 mål, naturleg eng 70 mål, utslått 54 mål. Avling 37 1/2 tunne bygg og 30 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 70 mål, produktiv skog 577 mål, anna utmark 130 mål. Buskap 63 mjølkegeiter, 10 fôringsdyr.
    Våningshus bygt 1948, påbygt 1974, kårhus 1978, hallingstugu omkr. 1800, 2 loft, driftsbygning 1972, reiskapshus 1988, garasje 1974.
    Stølar. Heimstølar Nyehuso (ovanfor garden) og Hellingstølen ligg oppe i ØvreÅlsåsen. Den var i bruk fram til 1920-talet. Opphavleg langstøl var Kuluset fram til 1830. Blomestølen vart overført til Helling i 1821. Nedre Blomestølen vart frådelt 1902. På Øvre Blomestølen har det vore fellesstøl for geiter sidan 1981.
   

{5103} År: 1778

Torjus Olson Helling Varaberg 16.06. 1748-1833
Foreldre: Ola Torjusson Helling og Birgit Holgesdtr. Håheim.
Gm Ambjørg Torsteinsdtr. Skrattegard Barskrind 08.11. 1744-1786
Foreldre: Torstein Sveinson Stave Skrattegard og Margit Aslaksdtr. Hove.
Gm Ambjørg Sevatsdtr. Settungsgard Helling 25.02. 1753-____
Foreldre: Sevat Olson Tveito Settungsgard og Gunhild Knutsdtr. Lappegard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Birgit Torjusdtr. Helling 09.02. 1772-
2. Ola Torjusson Helling 17.07. 1774-1787f
3. Tolleiv Torjusson Helling Varaberg 10.11. 1776-1860
G 1804 m Anne Olsdtr. Myking. G 1815 m Anne Andersdtr. Gjeldokk. Sjå neste hushald.
4. Holge Torjusson Helling 23.05. 1779-1787f
5. Ola Torjusson Helling Svanøe 08.04. 1781-1859
G 1803 m Kirsti Amundsdtr. Korsbøen 1781-1840 frå Modum. Barn: Bertha 1806-1855 gm handverkarmeister i Bergen Endre Olai Johannesen (6 barn); Torgeir 1808-1808; Christoffer 1810-1887 bonde og stortingsmann, gm Lovise Rennord (9 barn); Torgeir 1812-1905 kjøpmann/skipsreiar i Bergen, gm Lina Marie Seglem (3 barn); gm Sara Malen Helland (8 barn);
    Helene Maria 1814-1897 g 1847 m kvalfangar-kaptein Tomas Amlie (4 barn); Anders 1815-1890 kjøpmann i Bergen, gm Karen Ruud (10 barn); Anne Margrete 1817-1817; Hans 1818-1904 ug. kunstmålar, ordførar i Kinn kommune m.m.; Anne Margrete 1821-1876 gm kjøpmann i Bergen, Lars Haaland; Kristine 1826-1839 (1044) (1242)
    Han hadde stor leselyst og vart vekkt under konfirmasjons-undervisinga. Presten i Ål var saktmodig og god til å undervise. Men kring 1800 fekk Ola høyre predikanten Gulbrand Værås på eit møte i Ål, og det vart eit vendepunkt for Ola. Ein gong vart han teken fatt av presten midt i ålmogen, - presten ville at han skulle leva som før. Men Ola hadde vorte haugianar, og fekk snart møte Hauge sjølv. Ola vart ein av venene til Hans Nielsen Hauge.
    Fyrste vekkings-ferda over til Lærdal gjekk dårleg. Han vart spotta og truga med straff, og reiste attende til Ål.
    Ola gjennomgjekk ein sjelestrid med seg sjølv ei tid, så losna det våren 1802. Han gjekk og sådde åkeren på Helling og fekk eit bibelord for seg: "Den som sår med gråt, skal hauste med glede."
    I 1800 kjøpte Ola garden Varaberg hjå faren for 350 rd og kår. Så gifte han seg med Kirsti. Det var etter råd frå Hans N. Hauge. Som også tilrådde kjøp av godset Svanøy i Sunnfjord. Prisen var høg, 12000 rd. Svanøy hadde vore vanskjøtta dei siste åra, men Ola fekk garden på fote. Her sette han i gang sagbruk, skipsverft og saltbrenneri.
    Som så mange av haugianane utvikla også Ola evna til å sameine religiøst livssyn med praktiske oppgåver. Som predikant heldt Ola stutte taler, han uttrykkte seg enkelt, einfoldigt og hjarteleg, men folk vart gripne. (1379) s 199.
    Heimen deira vart ein samlingsstad for haugianarar. Ein gong stoppa Kirsti futen då han ville setja inn ein lekpredikant som var komen til Svanøy.
    I 1812 fekk han borgarbrev som kjøpmann i Bergen, og budde skiftesvis i byen og på Svanøy. Han hadde ein handelsfullmektig i Bergen og ho Kirsti på Svanøy.
    Ola var stortingsmann 1814-1842, var på Eidsvoll i 1814 og fekk borgardådsmedalje i sylv i 1821. Ei av 'hans saker' på tinget var handelslova av 1842,- han åtvara mot fylgjene av lova og fekk ros for dette i ettertid. (810)
    I 1839 gav han ut boka: "Faderlige Raad til mine børn" (eit "åndeleg testamente").
6. Borghild Torjusdtr. Helling 1784-
7. Holge Torjusson Helling Stave 17.12. 1786-1801
Ugift dreng på søre Stave.
8. Torstein Torjusson Helling 17.12. 1786-1787
Tvilling. Han døydde nokre veker gamal i 1787.

Torjus hadde både Helling og Varaberg. Torjus gifte seg med Ambjørg Torsteinsdtr. Skrattegard. Ho var enkje etter Tolleiv Eirikson Rikansrud Barskrind, gnr. 19/1.
    Sjå meir om Torjus og Ambjørg på Varaberg, gnr. 108/1. (Ambjørg arva åsetet i Varaberg på eit skifte etter bestemora Ambjørg Torsdtr. i 1763.)
    Torjus vart attgift 1791 med Ambjørg Sevatsdtr. Dei hadde ingen barn.
    I 1778 fekk Torjus skøyte på halve Helling (6 lb.), i 1779 kjøpte han Varaberg (4 lb.) og stølen "Høllen" (Hollo) samt halve Geitevatnet.
    På skiftet etter Ambjørg i 1787 var det 698 rd å dele på enkjemann og 6 barn i 2 kull.
    I 1789 selde Torjus Helling halve Geitevatnet med to underliggande tjørnar "Bjørnsen kaldet" (Bjønsend) til Ola Skarsgard for 29 rd.
    Ein strid med grannane om beitehogst i 1789 vart løyst med skogdeling i 1790. Torjus fekk utlagt ein rem or felles-skogen slik: på nord- og aust sida av eit dele som frå Sjausetbakken, nord og aust til dei tre stølane Skardstølen, Sjauset og "Ågenmystølen". Med dette var striden "aldeles ophævet" såsant ingen av partane "gjør den anden herudi nogen fornærmelse."
    I 1791 fekk Torjus skøyte på den halvparten i garden som mora hadde hatt for 685 rd og kår.
    I 1793 bygsla han plassen Anfinnlie hjå presten på livstid. Årleg leige 24 skilling, dessutan var det 24 skilling i '3. års take' (ei ekstra bygselsavgift).
    Torjus var gardbrukar på Helling i 1801.
    Torjus og Ambjørg Sevatsdtr. flytta til sonen Ola på Svanøy på sine gamle dagar og fekk kår der.

{5104} År: 1800

Tolleiv Torjusson Helling Varaberg 10.11. 1776-1860
Foreldre: Torjus Olson Helling og Ambjørg Torsteinsdtr. Skrattegard.
Gm Anne Olsdtr. Myking Helling 27.11. 1785-1812
Foreldre: Ola Olson Hove Myking og Birgit Knutsdtr. Myking.
Gm Anne Andersdtr. Gjeldokk Helling 18.07. 1790-1874
Foreldre: Anders Ivarson Gjeldokk og Birgit Sveinsdtr.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Tolleivson Helling 08.09. 1805-1806
2. Ambjørg Tolleivsdtr. Helling Stave 29.03. 1807-1881
G 1827 m Ola Olson søre Strand Stave.
    G 1839 m Knut Olson Larsstugu Strand Leksvol. Ambjørg arva 641 rd på skiftet etter mora i 1814.
3. Torjus Tolleivson Helling 29.11. 1809-1816
Torjus arva 1283 rd på skiftet etter mora i 1814 og døydde som 7 åring i 1816.
4. Ola Tolleivson Helling 02.09. 1811-1811
*Barn i andre ekteskap
1. Anne Tolleivsdtr. Helling Hove 02.07. 1815-1878
G 1839 m Anders Olson Hove, gnr. 107/4.
2. Birgit Tolleivsdtr. Helling 18.03. 1817-1817
3. Torjus Tolleivson Helling 16.10. 1818-1820
4. Torjus Tolleivson Helling 10.09. 1821-1871
G 1842 m Astrid Knutsdtr. Myking. Sjå neste hushald.
5. Birgit Tolleivsdtr. Helling Sando 20.07. 1824-1896
G 1842 m Ola Eirikson Sando, gnr. 32/8.
    G 1844 m Torstein Syverson Skarsgard Helling Hove Skarsgard, gnr. 92/4.
6. Ola Tolleivson Helling 03.01. 1827-1883
G 1851 m Ågot Knutsdtr. Myking. Sjå Helling bnr. 3.
7. Margit Tolleivsdtr. Helling 03.06. 1829-1875
Ugift. Margit var sjukleg og hadde kår på garden.
8. Birgit Tolleivsdtr. Helling Huus 12.10. 1832-1874
G 1856 m Eilev Henrikson Huus, gnr. 112/2.

Tolleiv og Anne Olsdtr. gifte seg i 1804. Dei fekk fire barn. Tolleiv vart attgift med Anne Andersdatter i 1815 og fekk åtte barn med henne.
    Tolleiv hadde fyrst Varaberg frå 1793 til 1800, då kjøpte han søre Helling for 798 rd.
    I 1829 kjøpte Tolleiv Eitrestølen hjå Ola Olson Helling-Ellingsgard. Tolleiv hadde også Leksvol og Stave.
    Tolleiv var haugianar. Han åtte både Helling, Stave og Leksvol og dessutan Knive gard i Lier. Han dreiv med pengeutlån, men skal ha vore romsleg mot dei fattige.
    Tolleiv ville busetja seg på garden i Lier, men då sa Anne stopp, og slik vart det. (1044)
    Tolleiv var forliks-kommisær og medlem i formannskapet. Tolleiv var ein liten mann, stille og ordknapp, og strevsam i arbeidet. (1379) s 88
    Blomestølen låg i Hollo sameige fram til 1821. Då Tolleiv selde Stave i 1830 la han Blomestølen til Helling. Etter delinga sa Tolleiv Torjusson: "No tok eg blomen av Hollo-hamne."
    Tolleiv kjøpte også myljo Helling i 1842 på auksjon for 893 spd. Tolleiv bygde ny stugu på garden.
    Tolleiv og Anne Andersdatter skifta i levande live i 1849. Netto eige var 4192 spd.

{5105} År: 1844

Torjus Tolleivson Helling 10.09. 1821-1871
Foreldre: Tolleiv Torjusson Vareberg Helling og 2.g Anne Andersdtr. Gjeldokk.
Gm Astrid Knutsdtr. Myking Helling 02.02. 1822-1891
Foreldre: Knut Olson Myking og 2.g Ågot Olsdtr. Skrindo.
*Barn
1. Anne Torjusdtr. Helling Gudmundsrud 29.12. 1842-1895
G 1863 m Ola Nilsson Gudmundsrud, gnr. 110/2. Sidan busett i Rock Co.
2. Tolleiv Torjusson Helling 24.09. 1844-1880
Tolleiv reiste til Bergen stift før 1874. Han døydde i Bergen på veg til Am. i 1880.
3. Ågot Torjusdtr. Helling 17.09. 1847-1931
Gm Eivind Larsson Styrkestad Helling. Sjå år 1874.
4. Ambjørg Torjusdtr. Helling 06.09. 1849-1889
G 1882 m Tolleiv Olson Opheimshaugen 'Tollefsen'. Barn: Ole Theodor 1883- ; Carl Albert 1885- ; Louis Alfred 1886- ; Anne Tilda 1888- . (J. Marler)
    Ambjørg reiste til Am. i 1876: Rock Co. Ho skreiv seg Emma Helling før ho vart gift i Blue Mounds, sidan Tollefsen. Ambjørg er gravlagt ved Blue Mounds Luth. Church.
5. Knut Torjusson Helling Torgerson 27.03. 1852-
Ugift? Truleg gm Elisabet Halvorsdtr. Marifjæren frå Luster. (Oppl. Lars Øyane)
    Knut reiste til Am. i 1879 som jernbanearbeidar. Han skreiv seg "Torgerson". Knut gjekk bort kring 1886.
6. Torjus Torjusson Helling 02.11. 1854-1877
Ugift. Arva i 1874. Utvandra i 1876. Busett St. Peter, MN. Truleg gravlagt Blue Mound, Rock Co, MN i 1877. (J. Marler)
7. Anne Torjusdtr. Helling Holto 12.04. 1857-
Gm Tolleiv Nilsson Holto 1858- . Barn: Nils ....- ; Albert ....- ; Teodor ....-; Hanna ....-.
    Anne reiste til Am. i 1879 med forskotsbetalte billett til Luverne, Rock Co MN. Busett Broochings, SD.
8. Ola Torjusson Helling 11.07. 1860-
Ola reiste til Am. som ugift.
9. Ola Torjusson Helling 20.04. 1863-
Gm Mary .... frå Valdres. (1032) Barn: Carl 1895-1917, han fall i Frankrike under 1. v.krigen; ...
    Sjå Hallingen 31 s 702.
    Ola reiste til Amerika 1882 med forskotsbetalt billett. Busett Rosseau Co. MN.

Torjus og Astrid gifte seg i 1842. Han overtok garden for 1600 spd i 1844. I handelen var også eit hellebråt som Tolleiv Torjusson hadde oppdaga.
    Torjus arva mykje etter foreldra, og levde som ein storbonde fyrste tida. Han hadde alle tre Hellinggardane og Stave ei tid. Torjus var godhjarta og lånte ut i aust og vest. Og det vart mykje festing. Fyrste tida gjekk det bra.
    Torjus skal ha bygd steinbua på nedre Blomestølen.
    Etterkvart minka det på eiga, men festinga held fram. Tilslutt måtte Torjus selja garden for gjeld i 1870.
    Torjus vart hardt skadd etter eit drikkelag på Sundre den andre tingdagen i oktober 1871, han fekk eit steinkast i hovudet og døydde like etterpå.
    Gunnar, far til husmannen i Hellinghaugen, hadde arbeidd under tre Helling-bønder. Han gav Torjus slik attest: "mest real". Svirebroren oppe i Hellinghaugen var den einaste som fekk stelle Torjus då han låg på det siste. (1044)

{5106} År: 1870


Svein Knutson Tolleivsgarden Noss kjøpte Helling i 1870. Fire år etter vart garden teken attende på odel.

{5107} År: 1874

Ågot Torjusdtr. Helling 17.09. 1847-1931
Foreldre: Torjus Tolleivson Helling og Astrid Knutsdtr. Myking.
Gm Eivind Larsson Styrkestad Helling 08.06. 1852-1915
Foreldre: Lars Larsson Stavehaugen Styrkestad og Margit Eivindsdtr. Styrkestad.
*Barn
1. Lars Eivindson Helling 27.03. 1875-
Lars levde i 1891, ikkje nemnt i Ft 1900.
2. Margit Eivindsdtr. Helling 13.03. 1877-1903
Ug.
3. Lars Eivindson Helling 17.08. 1879-
Lars reiste til Amerika i unge år. Som dugande skiløypar fekk han vistnok tenest i postverket der borte: ei lang post-rute gjennom øydemarka. Så vart han borte - - - . Lars vart ettersøkt, m.a. gjennom Frelsearmeen, men han vart aldri meir spurt.
4. Gunhild Eivindsdtr. Helling 29.06. 1882-1902
I 1900 var Gunhild sysselsett 'med husgjerning'. Død 21 år gamal.
5. Torjus Eivindson Helling 25.02. 1885-1956
G 1914 m Guri Helgesdtr. Hove. Sjå neste hushald.
6. Tolleiv Eivindson Helling 13.02. 1888-1903
Tolleiv drukna i Damtjørn under skøyteløping i 1903.
7. Astrid Eivindsdtr. Helling 23.05. 1891-1891
8. Lars Eivindson Helling 23.05. 1891-1891

Eivind og Ågot gifte seg i 1874. Eivind kjøpte garden på odel same året for kr. 3175.
    Dei hadde eit stort arbeid for å få garden på fote att. M.a. bygde dei nye uthus. Eivind fortalde at han var bonde i 25 år før han kunne sjå på ein ti-kroning og seie at "Denne har eg ikkje hol til."
    Eivind selde frå nedre Blomestølen og plassen Hellinghaugen. I 1883 brann ei stugu på Helling. Den hadde vore bruka til skulehus ei t id.
    Eivind var med i kommunalt styr og stell. Eivind spelte seljefløyte og laga slåttar. (1044)