Hove, nordre gnr. 107 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hove, nordre gnr. 107 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Hove skatta 6 kalvskinn og 2 album i 1557. Kanonigodset i garden låg øyde før 1600.
    Garden skatta 1670 som fullgard med ei landskyld på 43 laupsbol. Av dette var bondegodset på 28 laupsbol. Resten var kyrkjegods og prestgods som ein eller fleire bønder betalte leige av fram til 1828. Då fekk bonden kongeleg skøyte på garden for 600 spd og vart eineeigar!
    Frådelte bruk: Nedre Hove, bnr. 4 med 18 laupsbol vart frådelt i 1743.
    I 1838 hadde nordre Hove 25 1/3 laupsbol.
    Areal 1865: dyrka jord 17 mål, naturleg eng 23 mål, utslått 22 mål. Avling 15 1/2 tunne bygg og 13 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 135 mål, anna areal 80 mål, produktiv skog 60 mål, bjørkeskog 40 mål. Buskap 14 mjølkekyr, 14 ungdyr.
    Våningshus bygt 1970, driftsbygning 1958, påbygd 1979, reidskapshus 1986.
    Stølar. Heimstølen Jutleskot på Nerset vart fråselt til Svarteberg i 1890. Plassen Hellinghaugen vart tilkjøpt som heimstøl i 1903.
    Opphavleg langstøl var Kitilset som høyrde til kyrkjegodset. Den vart fråselt til Baklien i 1867. Sist på 1700-talet støla Hove i Toviken. Langstølen på Låstølen vart tilkjøpt frå nordre Lå i 1913. Og så vart Toviken fråselt.

{5138} År: 1799

Anders Olson Hove Torsgard 26.07. 1761-1851
Foreldre: Ola Aslakson Hove d.y. og Sigrid Gunnarsdtr. Torsgard.
Gm Anne Sevatsdtr. Thon Hove 26.12. 1772-1872
Foreldre: Sevat Embrikson Viskeplassen Thon og Birgit Olsdtr. søre Thon.
*Barn
1. Ola Anderson Hove 14.07. 1793-1856
G 1815 m Birgit Eiriksdtr. SundreHagen. Sjå neste hushald.
2. Sigrid Andersdtr. Hove Ulshagen-eie 26.02. 1797-
Gm Anders Anderson Gudmundsrud Ulshagen-eie, gnr. ... Sidan til Nærøy.
3. Sevat Anderson Hove Gjeldokksteigen 11.08. 1799-1878
Ugift. Sjå Gjeldokksteigen, gnr. 105/5.
4. Birgit Andersdtr. Hove 05.12. 1802-1883
Ugift. I 1865 var ho tenestjente hjå Tor Torjusson Sandelien. (Enkjemann etter systera.)
5. Astrid Andersdtr. Hove 24.03. 1805-1805
6. Lars Anderson Hove 22.06. 1806-1887
G 1831 m Helga Olsdtr. Gjeldokk 1812-1893. Barn: Anders 1831-1831; Anders 1832-1914 bonde Jektvika, gm Anna Marta Storseløy; Anne 1835-1907 gm Tomas Ivarson Strømsdal; Ola 1838-1839; Ola 1841-1926 lærar og ordførar i Hattfjelldal, gm Maren Ivarsdtr. Strømsdal; Gurine Maria 1843-1867 (barnseng) gm Mathias Ivarson Strømsdal; Lars 1846-1919 bonde Forsdal, gm Dortea Birgitta I. Strømsdal; Hanna Birgitta 1853-1915 ug. (1244)
    Lars var korporal 1831, sidan sersjant. I 1839 flytta dei ein plass i Bud pr.gj. ved Molde. I 1849 til Rødøy i Nordland. Helga og barna kom etter i 1853. Lars og Helge var kårfolk på Forsdal i 1875. Det er 17 brev etter han i Bygdearkivet.
7. Astrid Andersdtr. Hove Hagen 05.01. 1809-1896
Gm Asle Torson Oppsjø Hagen 1804-1890. Barn: Anders 1836-1873; Tor 1839- , Torstein 1840- ; Anne 1842- .
    Sjå Eikrene, gnr. 111/4. Dei kjøpte Holshagen i 1841. Reiste til Am. i 1846, busett Stoughton, Wisc. Sidan farma dei i Dane Co. Wisc.
    Barn i USA: Asle 1848-1909 gm Ellen Erdal, farming, snikkering etc. (9 barn); Ole 1851-1923 farmar gm Anna Marie Roe, Tinn (5 barn); Louis 1853-1922 gm Anna Severina Johnson, 2 barn. (1048)
8. Margit Andersdtr. Hove Sandelien 29.04. 1811-1863
Barn m Anders Anderson Gudmundsrud Ulshageneie: Anders 1836- , sjå barnebarn.
    G 1857 m Tor Torjusson Sandelien, gnr. 52/2.
*Barnebarn
1. Anders Anderson Stave 14.06. 1836-
Anders reiste 1870: til Am. : 33 år og ugift.
    Foreldre: Anders Anderson soldat og Margit Andersdtr. Hove.

Anders og Anne gifte seg i 1792. Anders overtok også morsgarden Torsgard etter skøyte av 1789 for 699 rd og kår.
    Så bygsla Anders farsgarden Hove hjå presten i 1799. Årleg leige 3 bmp smør og 2 ort, og dessutan eit stort kår til foreldra.
    I 1821 kom Lars Asleson Holterudningen til Anders og kravde han for ei tunne korn. (Lars var då tenestgut på Myregarden.) Anders, som hadde betalt tunna, prøvde å minne Lars på korleis oppgjeret skjedde. Men Lars var drukken og hissig, og fata ein kniv som låg på benken. Anders prøvde å verge seg med ei skjærefjøl. (=skomakarverktøy, han sat og vølte skorne sine på hemsen då Lars kom.)
    Då kasta Lars kniven, og den vart ståande inne i høgre øyra på Anders. Då kasta Anders skomakar-hamaren etter Lars før han tok ut kniven.
    Anders vart ikkje seg sjølv att etter dette. Han klaga seg over at 'hans samling og idé-gang var aldeles forvirret.' Og at det var vondt å tygge.
    Sonen overtok ein del i garden i 1820. Etter forlik med sonen Ola skulle denne svare avgifter av 1/4 i garden. Neste år overtok sonen heile bygsla.
    På skiftet etter Anders hadde buet 2 kyr, 4 sauer og 2 lam. Anne hadde kår frå 1825.

{5139} År: 1821

Ola Anderson Hove 14.07. 1793-1856
Foreldre: Anders Olson Hove og Anne Sevatsdtr. Thon.
Gm Birgit Eiriksdtr. SundreHagen 1794-1874
Foreldre: Eirik Anderson Nestegard Sundre nedre Hove og Astrid Larsdtr. Sundre.
*Barn
1. Anders Olson Hove 26.01. 1816-1900
G 1839 m Anne Tolleivsdtr. Helling. Sjå nedre Hove, bnr. 4.
2. Anne Olsdtr. Hove Dengerud 04.11. 1817-1899
G 1838 m Tolleiv Levorson Dengerud, gnr. 99/3.
3. Lars Olson Hove Sundrehagen 27.11. 1821-1859
G 1848 m Kari Henriksdtr. Huus. Sjå Sundrehagen, gnr.
4. Eirik Olson Hove 25.02. 1824-1824
5. Eirik Olson Hove 27.09. 1828-1829
6. Ragnhild Olsdtr. Hove Varaberg 15.06. 1830-1917
G 1849 m Per Halvorson Ulshagen Varaberg, gnr. 108/1.

Ola og Birgit gifte seg i 1815. Ola overtok bygsla etter far sin i 1821. Og i 1828 fekk Ola kongeleg skøyte på garden for 600 spd. Dermed var bonden sjølveigar!
    Ola var ute i krigen 1807-14 og deltok i fleire slag.
    I 1820 kjøpte Ola også 6 laupsbol i nedre Hove, sjå bnr. 4 og sat med to gardar fram til 1846 då sonen Anders tok over nedre garden.
    Ola Anderson var drivkrafta då Hovebøndene skifta den teigblanda innmarka i 1823. Berre to år etter at jordskiftelova kom i 1821!
    Fyrst sette dei dele mellom bondegodset og det benifiserte (kyrkjegodset) i nordre og nedre Hove. Det var 17 hus på gardane, 3 stuguhus, eit stabbur, ei bu med loft over, stallar, fjøs og låvar og smie. Også deling av skogane, heimstølar og langstølar vart beskrive i 1823. Båe gardane skulle ha støl i Toviken og på Nerset, Kitilset derimot høyrde til kyrkjegodset. Tolleiv Helling og Ola Olson Skrattegarden møtte for presten Grøtting og kyrkjegodset.
    Same året vart det utskifta åker og eng (som tidlegare var 'omhinanden') mellom Ola Anderson, Astrid Larsdtr. (Trulsegarden) og Torkjell Mikkelson (nordre Hove). Dei nye grensene vart beskrivne med liner frå nedsette steinar, hus og vegar, røyser og åkerreiner. Men ingen stadnamn vart nemnde anna enn Prestgard-delet. Hamnegangen i utrastene skulle vera felles.
    På skiftet etter Birgit i 1874 hadde buet 1 ku og 2 sauer.

{5140} År: 1839

Tore Olson Helling Hove 28.05. 1798-1860
Foreldre: Ola Olson Skottebøl Helling og Sissel Larsdtr. Rime.
Gm Anne Levorsdtr. Dengerud Hove 04.02. 1811-1902
Foreldre: Levor Tolleivson Dengerud og 2.g Anne Knutsdtr. Kolbjørnstølen.
*Barn
1. Ola Toreson Hove 03.12. 1838-
Ola d.e. overtok garden i 1864. Saman med mora, systera Sissel og broren Levor og to gamle kårkoner dreiv Ola garden i 1865.
    Så selde han garden til Tolleiv Styrkestad i 1866. Broren Levor kjøpte garden attende i 1869. I 1875 står Ola framleis som gardbrukar saman med mora, systera Sissel og broren Levor.
    Ola reiste til Am. 1879: Burlington, Iowa.
2. Haldis Toresdtr. Hove Myking 14.02. 1840-1897
G 1857 m Ola Knutson Myking, gnr. 93/1.
3. Anne Toresdtr. Hove Styrkestad 13.02. 1842-1922
G 1865 m Tolleiv Olson Varaberg Styrkestad 1829-1886. Barn: Anne 1862-1928 g 1888 m Vebjørn Halvorson Hallingstad, farma Grand Harbor, Ramsey Co ND. Sjå Varaberg, gnr. 108/1.
    Anne og Tolleiv slo på seg Syversgarden Rotneim kring 1876 utan heimel.
    Barn på Gol: Birgit 1878-1917 g 1895 m Lars Olson Nestegard, farma Norway tp., Ramsey Co, ND.
    I 1892 var det Anne som pakta bort Syversgarden Rotneim. Anne fekk tilsendt Amerika-billett frå dottera Anne (og Vebjørn), og drog til Am. i 1893 med dottera Birgit. (Som fekk seg ein farm i same distriktet.) (1189) s 282
4. Levor Toreson Hove 29.10. 1844-1844
5. Levor Toreson Hove 27.03. 1846-1924
Ugift. Levor overtok garden i 1869 etter Tolleiv Styrkestad. Levor selde garden til broren i 1875, og reiste til Am. i 1881: Nicollet, MN.
    I 1900 kom Levor kom heim att. I 1900 står det 'Lever af formue'. Død i Ål 1924.
6. Ola Toreson Hove 14.10. 1848-1940
G 1876 m Kristi Persdtr. Varaberg. Sjå neste hushald.
7. Sissel Toresdtr. Hove Sovde 01.08. 1852-1928
Gm Erik D. Søvde, Nord, Walsh Co. ND. Sissel utvandra 1881.

Tore og Anne gifte seg i 1838. Tore kjøpte garden hjå Lars Anderson i 1839.
    Sonen Ola d.e. overtok garden i 1864. Ola fekk juling hjå den hardhendte presten Kjelstrup då han skulle melde at far hans var død i 1860. Presten sa:
    "Du tror vel du er den sterkeste i Ål; men jeg skal lade dig vide, der er høk over hane."
    Så tok Kjelstrup fram børsa si og sa:
    "Du har gått her i Prestgaarden og laget spektakel. Så sandt som der er en Gud i himmelen, og jeg er presten i Ål, så skyder jeg dig, Ole Thoresen, dersom du kommer ind i min gård mer." (Jfr. Klageskriftet mot Kjelstrup.)

{5141} År: 1866


Tolleiv Olson Styrkestad kjøpte Hove for 1000 spd hjå Ola Toreson i 1866. Han selde att i 1869 til Levor Toreson. Tolleiv selde frå stølen Kitilset i 1867.

{5142} År: 1875

Ola Toreson Hove 14.10. 1848-1940
Foreldre: Tore Olson Helling Hove og Anne Levorsdtr. Dengerud.
Gm Kristi Persdtr. Varaberg Hove 22.02. 1850-1900
Foreldre: Per Halvorson Ulshagen Varaberg og Ragnhild Olsdtr. Hove.
*Barn
1. Tore Olson Hove 07.06. 1867-1946
G 1912 m Birgit Larsdtr. Bjella Gurigard. Sjå neste hushald.
2. Per Olson Hove 28.03. 1879-1879
3. Anne Olsdtr. Hove Helling 19.04. 1880-1966
G 1901 m Jon Edvardson Asgrimsplass Helling, gnr. 106/1.
4. Per Olson Hove 20.09. 1882-1904
Per var ugift jordbruksarbeidar i 1900.
5. Ragnhild Olsdtr. Hove Noss 15.08. 1884-1963
G 1910 m Sem Levorson Noss. Var gm Aksel Gundersen. Sjå nordre Stave, gnr. 114/12.
6. Ola Olson Hove 13.10. 1886-
Ola reiste til Am. i 1911: ...
7. Levor Olson Hove 19.08. 1888-1913
8. Sissel Olsdtr. Hove Noss 22.06. 1890-1941
G 1915 Kr.ania m Ola Ivarson Noss. Sjå Holto, gnr. 94/5.
9. Birgit Olsdtr. Hove 24.06. 1892-1958
10. Halvor Olson Hove 16.07. 1894-1894
11. Halvor Olson Hove 19.03. 1896-1900

Ola og Kristi gifte seg i 1876. Dei fekk 11 barn, men mange døydde småe. Kristi var jordmor i 26 år. Ho var stor og sterk, og følte jordmoryrket som eit kall. Stundom reid ho til fjells når barntunge budeier måtte ha hjelp. (Sjå boka 'Kvinner og folkehelse i Ål' av Lilly Teigen. (2001.)
    Ola overtok garden for 1100 spd i 1875 hjå broren Levor. Ola mislykkast med noko krøterhandel og gjekk konkurs i 1887. Fastegodset var Hove, Toviken, heimstølen Veslestølen og 'skovlunden Sveidnlien i Ridalen.'
    I 1890 vart heimstølen Jutleskot frådelt, og resten av garden skøytt over på sonen Tore.

{5143} År: 1890

Tore Olson Hove Hoff 07.06. 1867-1946
Foreldre: Ola Toreson Hove og Kristi Persdtr. Varaberg.
Gm Birgit Larsdtr. Gurigard Hoff 05.11. 1886-1935
Foreldre: Lars Johanneson Skallehaugen Gurigard og Mari Olsdtr. Bjella.
*Barn
1. Ola Hoff 29.05. 1912-1974
G 1941 m Anna Olsdtr. Hagen. Sjå neste hushald.
2. Lars Hoff 09.02. 1915-1915
3. Lars Hoff 16.07. 1916-1994
G 1945 m Anna Borgny Teigen. Byggmeister. Sjå eige hushald.
4. Peder Hoff 07.01. 1919-1939
5. Olaf Hoff 25.09. 1924-1985
Gm Dagny Stiansen, Risør. Barn: John Thore 1957- bankmann gm Mona Fredriksen (2 barn); André 1959- sbm Veronika Garmo (2 barn).
    Olaf dreiv Randsfjorden Mineralvannsfabrikk. Sidan vart han direktør i Univek. Busett i Nittedal.
6. Kristi Hoff Sandin 19.02. 1927-1998
Gm Hans Sandin, Grua 1920- . Barn: Bjørn Tore 1948- gm Berit Børresen (2 barn); Randi Helen 1950- gm Leif Grønvold; Astrid 1952- gm Birger Opsahl; Arne Kristian 1953- var gm Anne Marit Viken (3 barn), gm Liv Rohde; Harald 1955- ug.; Torill 1959- gm ... Sørli, gm Ivar Kleiven; Ragnar 1969- .
    Kristi var kyrkjetenar etter at ungane vaks til, Hans arbeidde ved jernbanen. Dei budde i Grua.

Tore og Birgit gifte seg i 1912. Tore fekk skøyte på garden i 1890, var så 4 år i Amerika, og reiste så heim att for å selja garden.
    Slik gjekk det ikkje. Han vart istaden gift med Birgit og bonde på Hove. Tore selde frå langstølen i Toviken. Tore dyrka mykje jord og køyrde bort røysar.