Hove, Trulsegarden gnr. 107 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hove, Trulsegarden gnr. 107 bnr. 4a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Ved skilsmål i 1801 vart nedre Hove frådelt 1/3 part, dvs. 6 laupsbol. Garden vart kalla 'Trulsegarden', i nyare tid også 'Skilsmissegarden'.
    Til denne nye garden høyrde også tilsvarande 1/3-rettar på Nerset og på Steinstølen.
    Tunet låg 'oppe i hagen', dvs. der noverande bnr. 6 vart liggande etter utskiftinga av Hove innmark i 1952. Mellom husa som Ragnhild fekk med seg til den nye garden var ei stugu som Ragnhild og Lars sette opp i 1775. Den havna på nedre Styrkestad som medgift. Sjå bnr. 4 år 1765.
    I 1861 vart denne garden kjøpt attende til nedre Hove. Heimstølen Ågotset på Nerset (bnr. 14) vart fråselt 1898 til nedre Sundre.

{5156} År: 1801


Ragnhild Torkjellsdtr. Villand Hove fekk 6 laupsbol i nedre Hove (1/3 av garden) då ho og mannen Lars tok ut skilsmål i 1801. (Sjå bnr. 4 år 1765.)
    Ragnhild flytte ned att til Sundre, ho selde garden 1803 til dotterdottera Åse Eiriksdtr. Sjå Gretegarden, gnr. 110/20.

{5157} År: 1803

Åse Eiriksdtr. Sundrehagen SundreBråten 1787-1835c
Foreldre: Eirik Anderson Nestegard Sundrehagen og Astrid Larsdtr. Hove. G 1807 m Torkjell Knutson Juvsjord SundreBråten.

Åse overtok garden etter bestemora i 1803. Fire år etter makeskifte ho garden til mor si og fekk SundreBråten, gnr. 110/8. Sjå der om familien. Sidan reiste Åse og familien til Nærøy i Trondheim stift.

{5158} År: 1807

Astrid Larsdtr. Hove Sundrehagen 24.05. 1767-1837
G 1786 m Eirik Anderson Nestegard Sundrehagen. Foreldre: Lars Larsson Hove Sundre og Ragnhild Torkjellsdtr. Villand.

Astrid og Eirik levde ikkje godt i lag. Ho tok til flaska, og Eirik prøva å avgrense inntaket ved å halde styr på pengane.
    Ragnhild flytta då inn hjå Per Sundre og kona i 1802. Ved skilsmålet fekk Astrid SundreBråten og Eirik fekk Sundrehagen. Så makeskifte Ragnhild Bråten mot ein Hove-gard i 1807. Astrid og Eirik vart skilde ved kommisjonsforlik av 1826 og kongeleg stadfesting.

{5159} År: 1832

Astrid Eiriksdtr. Sundrehagen Hove 18.05. 1800-1885
Foreldre: Eirik Anderson Nestegard Sundre og Astrid Larsdtr. Hove.
Gm Ola Trulsson Randedokken Hove 1801-1858
Foreldre: Truls Vee, Flå (ungkar) og Ambjørg Ivarsdtr. Randedokken Granhagen.
*Barn
1. Ambjørg Olsdtr. Hove Eidal 26.03. 1825-
G 1851 Ål m Halvor Olson Eidal i Nes 1819-.... . Barnlaus.
2. Astrid Olsdtr. Hove SundreBråten 26.11. 1828-1864
G 1848 m Torkjell Torkjellson Opheim SundreBråten.
3. Eirik Olson Hove 05.03. 1833-1856
Eirik døydde i 20-årsalderen av lungefeber/nervefeber.

Ola og Astrid gifte seg i 1824. Astrid fekk skøyte på 6 laupsbol i nedre Hove hjå mora i 1832.
    Ola vart kalla Trulseguten. Han var stor og sterk, og gjekk 'frikar' både i Hallingdal og på Branes-marken. Han skal ha vore vakker, venesæl og godmodig.
    Ola ville ikkje ha ufred og slagsmål, men sidan han var stor og sterk råkte det at sume slåsskjemper ville 'prøve' han. Dei fekk merke kven Trulseguten var.
    "Fri gate for Trulseguten!" ropte han etter å ha ordna opp på Lærdals-marken. Men då han skulle heim att hadde fem slåsskjemper lagt seg i bakhald ovanfor Tønjum. Ola lukta lunta og tok ein annan veg.
    Venene hans hekta ei strofe på verset om Rotneims-Knut: "Det finnst ikkje gut som kasta han ut, utta det kjem ein Trulsegut!"
    Stundom tok Trulse-guten på seg oppdrag for presten. Kjelstrup tykte det vart vel ville tilstandar med nattefrieri i prestgarden laurdagskveldane, så leigde han inn Ola.
    Andre dagen i gravølet etter sonen Eirik gjekk to yngre slåsskjemper frå Dengerud laus på Ola med egling og bråk. "Ølet var ikkje drikkandes!" sa dei og kasta ølbollen på golvet.
    Då sa Ola at dei får vera snille i gravferda etter einaste sonen hans. Men karane held fram: "Å, han Eirik hadde vel vorte sama slaget som far sin! Berre skryt og skrap!"
    "La ein gamal mann i fred!" sa Ola. Men kranglefantane ville ikkje høyre. Då fekk dei kvassare skyss enn dei hadde tenkt! Det vart ein runddans frå vegg til vegg. Slutten vart at karane vart jaga ut som 'vonde hundar'. Stugu såg heller fæl ut, men karane held seg unna Ola etter dette. (1401)
    Ola hadde Sundrebråten frå 1835 til 1838. Då Ola selde Sundrebråten held han attende Steinstølen.

{5160} År: 1859


Svigersonen Torkjell Torkjellson Sundrebråten kjøpte eigedomen for 800 spd i 1859. Han selde vidare i 1861.

{5161} År: 1861


Andres Olson nedre Hove kjøpte eigedomen i 1861 for 1000 spd. Sidan har eigedomen lege til opphavsbruket, nedre Hove, bnr. 4.