Myregarden gnr. 107 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Myregarden gnr. 107 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Frå gamalt var Myregarden og Skrattegarden kalla søre Hove. Namnet Myregard kom i bruk frå midt på 1700-talet. Stundom vart det også skrive Myremanngarden.
    Garden vart skattlagt som øygard med ei landskyld på 6 laupsbol.
    Myregarden var kanonigods, dvs. bøndene måtte betale leige. Sjå innleiinga under Hove udelt. Myregarden skal ha vorte bondens eigedom i 1668.
    Myregarden grensar mot Skrattegarden i sør og mot øvre Hove, bnr. 6 i vest.
    Frådelt: Myrvoll eller øvre Myregarden, bnr. 22 frådelt 1931.
    Areal 1865: dyrka jord 18 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 24 mål. Avling 14 1/2 tunne bygg og 12 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 70 mål, produktiv skog 125 mål, anna utmark 115 mål. Buskap: 90 vinterfôra sauer, 70 revetisper.
    Våningshus bygt 1955, fjøs og låve 1975, påbygd 1985, loft 1920, reidskapshus 1986.
    Stølar. Heimstøl Myregardgjerda på Nerset. Langstølen Steinstølen (gnr. 110/19) på Veståsen (frå nedre Sundre) vart tilkjøpt i 1874. Langstølen Lyserbotn vart kjøpt 1782 og selt 1878 til Ola Hovdegard.
    Til eigedomen ligg ògså Ospelund (gnr. 56/9).

{5185} År: 1767

Margit Olsdtr. Myregarden 1742-____
Foreldre: Ola Halvorson Leksvol Myregarden d.e og Gunhild Syversdtr. ... .
Gm Knut Larsson Rime Myregarden 1739-1805
Foreldre: Lars Eirikson Rime og 2.g Sissel Torsteinsdtr. Stave.
*Barn
1. Sissel Knutsdtr. Myregarden 11.05. 1766-
Det vart fortalt at ei av døtrene til Knut Myregarden omkom som liten i ei ulykke på stølen, truleg var det Sissel. (Gro døydde i februar.)
    Sissel fall opp i ein kjel med kokande myse. Ho vart mykje forbrennt og døydde etter kort tid.
2. Sissel Knutsdtr. Myregarden Tveito 04.09. 1768-1852
Gm Knut Olson Tveito, gnr. 55/4.
3. Ola Knutson Myregarden 24.10. 1773-1859
Gm Margit Olsdtr. søre Tveito. Sjå neste hushald.
4. Gro Knutsdtr. Myregarden 26.12. 1775-1776
5. Lars Knutson Myregarden 1776-1807
Lars hadde desse barna med Guri Olsdtr. Løkensgard: Knut 1803-1847; Lars 1805-1813, sjå Løkensgard, gnr. 58/6.
    I 1805 vart Lars ilagt legemålsbot (48 skilling) saman med Guri Olsdtr. Løkensgard. (Som vart gift 1826 m enkjemann Embrik Asleson Mykinghaugen Kanafetmyro.)
    Ein sundag på vårparten i 1807 var nokre karar på rangel. Dei la vegen innom hjå Nils i Larslien, og han skjenkte dei brennevin. Eit vågemål om kven som kunne drikke mest, vart det ikkje noko av. Verten hadde ikkje nok drikke. I staden vart det slagsmål. Neste morgon vart Lars funnen død i svala i Larslien. Knivstukken og utan pengar.

Knut sleit med å betale konsumpsjonskatten i 1763. Neste år vart Ola Toreson Rime skattlagt for å ha hyst lausgjengaren Knut Larsson Rime.
    Knut og Margit fekk fem barn. Truleg tok dei over garden på skiftet etter far hennar.
    Knut lånte 280 rd hjå broren Torkjell i 1769. Han vart oppnemnt til lagrette-mann i 1772.
    I 1782 kjøpte Knut stølen Lyserbotten med to buer hjå Embrik Botolvson på Eikre i Hemsedal for 48 rd. Men Embrik tok atterhald om at sonen Knut skulle få beite med dei dyra som han kunne føde på Kolbjørnstølen. I 1786 kjøpte Knut nordre Jonstølen.
    Knut selde 1788 arv i Håkonsplassen på Margit sine vegner.
    Knut Myregard døydde i 1805.

{5186} År: 1802

Ola Knutson Myregarden 24.10. 1773-1859
Foreldre: Knut Larsson Rime Myregard og Margit Olsdtr. Myregard.
Gm Margit Olsdtr. Tveito Myregarden 15.09. 1771-1844
Foreldre: Ola Sevatson søre Tveito og Guri Olsdtr. Løkensgard.
*Barn
1. Margit Olsdtr. Myregarden Guroplass 26.12. 1797-1835
G 1820 m Lars Asleson Holto Guroplass, gnr.
2. Knut Olson Myregarden 02.02. 1800-1870
G 1829 m Sissel Ellingsdtr. Løken. Sjå neste hushald.
3. Guri Olsdtr. Myregarden Billehuset 18.10. 1801-1864
G 1824 m Ola Anderson Helling Billehuset, gnr. 23/1a.
4. Sissel Olsdtr. Myregarden 22.01. 1804-
5. Guri Olsdtr. Myregard Glomsletten 1805c-1876
G 1846 m enkjemann Lars Eirikson Glomsletten, gnr. 57/2.
6. Sissel Olsdtr. Myregarden 22.03. 1807-1807
7. Sissel Olsdtr. Myregarden Hellinghaugen 12.07. 1808-1873
Gm Ola Gunnarson Hellinghaugen, gnr. 106/8a.
8. Kari Olsdtr. Myregarden DorteHaugen 28.12. 1815-1895
G 1855 m Anders Embrikson Dortehaugen, gnr. 32/29.

Ola Knutson kjøpte garden 1802 for 789 rd og kår. Sonen Knut fekk skøyte same året som Ola vart enkjemann.

{5187} År: 1844

Knut Olson Myregarden 02.02. 1800-1870
Foreldre: Ola Knutson Myregard og Margit Olsdtr. Tveito.
Gm Sissel Ellingsdtr. Løken Myregarden 03.04. 1803-1883
Foreldre: Elling Olson Løken og Guri Eiriksdtr. Trintrud.
*Barn
1. Margit Knutsdtr. Myregarden Larsstølen 22.12. 1829-1919
G 1874 m enkjemann Ola Olson Hansebråten Ulshagskardet Larsstølen, gnr.
2. Ola Knutson Myregarden 11.04. 1833-1880
Ug. Ola var ikkje heime under FT 1875. Død på Myregarden i 1880.
3. Guri Knutsdtr. Myregarden 26.07. 1835-1925
G 1866 m Ivar Botolvson Gjeldokk Myregard. Sjå neste hushald.
4. Knut Knutson Myregarden 26.09. 1838-1866
Ug.
5. Ola Knutson Myregarden 12.01. 1842-1883
Ug. Ola var skomakar i 1875.
6. Sissel Knutsdtr. Myregarden 18.07. 1844-1845
7. Sissel Knutsdtr. Myregarden 04.11. 1847-1871
Ug. Sissel budde heime på garden.

Knut og Sissel gifte seg i 1829. Knut fekk skøyte på garden 1844.

{5188} År: 1866

Guri Knutsdtr. Myregard 26.07. 1835-1925
Foreldre: Knut Olson Myregard og Sissel Ellingsdtr. Løken.
Gm Ivar Botolvson Gjeldokk Myregard 29.11. 1834-1911
Foreldre: Botolv Botolvson Espegard Gjeldokk og Birgit Olsdtr. Underberg Gjeldokk.
*Barn
1. Margit Ivarsdtr. Myregard 18.12. 1864-1925
Ugift. Margit var budeie på Helgerud i Norderhov 1900. Ho kjøpte Eilevstølen, gnr. 105/7 i 1907. Flytta seinare attende til Myregarden.
2. Botolv Ivarson Myregard Gjeldaker 13.12. 1866-1903
Gm Laura Larsen, Brandval 1877- . Barn: Ivar 1900- ; ... ... .
    Botolv var lærar, busett på Veslebråten i Brandval. Han skreiv seg Gjeldaker.
    Det fortelst at Ivar var iherdig på lærarskulen. Han las gjerne halve natta. For å halde seg vaken, hadde han rigga til med snor i eit vedstykke. Om han sovna, så skulle han vakne av at vedtreet datt i golvet. (1381)1905
3. Knut Ivarson Myregard 21.12. 1869-1957
G 1898 m Guri Larsdtr. Skrattegard. Sjå neste hushald.
4. Ola Ivarson Myregard 17.02. 1872-1895
Ug.
5. Botolv Ivarson Myregard 05.10. 1874-1965
Gm Margit Torsdtr. BreieØyen. Barn: Ivar 1903- farmar, gm Evelyn Visey (4 barn); Borghild 1905-1972 gm ... Reiarson, gm Severt Stene; Gladys 1906- gm Rudolph Anderson (4 barn); Agnes 1910- gm Fred Bieri (4 barn); Marion Blance 1912- gm Lee Kinzie (ingen barn); Lewis 1913- gm Fern Mortenson (1 dotter); Clifford 1919- gm Elsie ... (2 søner); Carl ....-1928; Teodore ....-1933. (1438) 236
    Botolv var handelsbetjent i 1900. Han reiste til Amerika i 1903: Minot, ND. (1434)
6. Birgit Ivarsdtr. Myregard Barstad 25.06. 1877-1972
G 1908 m Tov Barstad, ...Telemark. Barn: Ingvar ....- ; Anne ....- gm ... Swenson; Ingeborg ....- gm Robert Jackson; Signe ....- gm Edward DeCroce; Bertha ....- gm Harold Schwenke; Clara ....- gm ... Anderson. (1438) 240
    Birgit gjekk på Hamar seminaret og var lærar i otte år før ho reiste til Am. i 1906. Ho var lærarinne, busett i Minot, ND. Sidan i Glasgow, Montana.

Ivar og Guri gifte seg i 1866. Ivar kjøpte garden 1866 for 700 spd og kår.
    I 1875 budde mora og broren til Guri på garden. Sissel hadde kår, og Ola var skomakar.
    Det vart noko uvenskap på langstølen, tilslutt sa Guri frå at no fekk det vera nok. Ivar kjøpte ein del i Steinstølen på Veståsen i 1874, og selde Lyserbotn 1878 til Ola Hovdegard. Ivar var viseformann i bankstyret frå 1887.