Sjåmehaugen gnr. 107 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sjåmehaugen gnr. 107 bnr. 9a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sjåmehaugen var husmannsplass under Skrattegarden. Stundom kalla 'Skrattegard-eie'.
    Plassen Sjåmehaugen var i bruk i 1850-åra. Staden er no oppdyrka, men stadnamnet Sjåmehaugen heng att om ein haug øvst på jordet.

{5209} År: 1842c

Knut Solveson Kanafetmyro Sjåmehaugen 29.03. 1808-1894
Foreldre: Solve Knutson Sire - Byggjargarden Kanafetmyro og Ingeborg Oleivsdtr. Bergsgard.
Gm Turid Olsdtr. Ulshagaplassen Sjåmehaugen 15.12. 1799-1888
Foreldre: Ola Guttormson Hellingberget Ulshagaplassen og Kari Olsdtr. ... .
*Barn
1. Kari Knutsdtr. Kanafetmyro Kolbotnen 11.06. 1836-1927
Gm Ola Kitilson Kolbotnen, gnr. 111/
2. Solve Knutson Piperplassen 14.09. 1839-1840
3. Anne Knutsdtr. Kanafetmyrane 14.09. 1841-

Knut og Turid gifte seg i 1835. Turid var enkje, og hadde to barn frå før. Sjå Taraldplassen, gnr. 109/1a. Sonen hennar overtok Sjåmehaugen etter Knut og Turid. Sjå neste hushald.
    Fyrste åra var Knut og Turid hjå foreldra hennar på Kanafetmyro. Så var dei innom i Piperplassen, og frå omlag 1842 budde dei på Sjåmehaugen.
    Knut var landevernsoldat og garnbindar. Han gjekk under namnet Solve-Knut.
    I 1835 rota han seg opp i dårleg selskap på marken i Drammen og på ein gard på Noresund. Det vart arrest og lange avhøyr med 'til dels undvikende svar' etter på. Han vart mistenkt for innbrot hjå kjøpmann Berntsen i Drammen. Sidan Knut var soldat så vart saka overført til kompanisjefen hans.
    I 1850 hadde Knut inderstar hjå seg på Sjåmehaugen. Det var Skruven, kalla. Dvs. Ola Arneson Svartedalen og kone. Sjå neste hushald. (1592)s25
    Knut budde på Holto i 1888. Som gamal mann sat Solve-Knut på Sando ein dag og bøtte garn. Knut let ein gamal lått 'på kjafte' då spelemannen Ola Dekko kom innom på garden. Den låtten har sidan vore kalla Solve-Knut. (1736)s 142
    Dei siste åra budde Knut og Turid hjå dottera i Kolbotnen.

{5210} År: 1860c

Ola Asleson Ulshagaplassen Sjåmehaugen 11.09. 1830-
Foreldre: Asle Torsteinson Bomberud Bøygard Skjervheimshagen Stave og enkja Turid Olsdtr. ....Ulshage-eie.
Gm Gro Larsdtr. Kveno Sjåmehaugen 25.02. 1830-1916
Foreldre: Lars Olson Langeland Kveno og Margit Torsteinsdtr. Sandelien.
*Barn
1. Lars Olson €Kveno Helling 07.05. 1853-1954
Gm ... ..., Voss. (Tine England, Voss?) Vaks opp som fosterbarn på Helling, - skreiv seg Helling. Lars var fråverande i Hardanger eller Bergen under FT i 1875.
    Lars var 25 år i Am. Så kom han heim att og budde på Nerol eit par år. Enkjemann i 1907. (Mehlum 1907/11)
2. Asle Olson €Kveno Sjåmehaugen 14.12. 1855-1958
Gm Malene Tuv, Stavanger. (4 døtre) Attgift med systera til fyrste kona. (4 barn) Stor etterslekt. Busett i Am. og enkjemann i 1907. Han vitja Nerol i 1992.
3. Torstein Olson €Kveno Sjåmehaugen 28.07. 1858-
Ug. Død i Am. før 1907.
4. Turid Olsdtr. Sjåmehaugen 01.06. 1861-
Ug. Til Enebakk 1883. Turid var i Amerika i 1884. Død der før 1907.
5. Margit Olsdtr. Sjåmehaugen Nerol 10.04. 1864-1944
G 1895 Strømsø m em Ola Arneson Nerol, Hol 1836- . Barn: Gunhild 1896-1945 gm Erling Sanderson Løyte Nerol (...); Gunvor 1898-1898.
    I unge år arbeidde ho hjå distriktslækjar Schnitler. Mehlum skreiv 1907/11 at Margit hadde ein onkel/slektning på Voss: Amund Dokken som kosta jordmorskule på henne. (?)
    Medan Margit var på jordmorskule i byen, skjedde det vistnok ein fødsel midt på Vaterland bru. 11 konstablar bar mora på klinikken og den 12. bar barnet i politihjelmen sin. Barnet skulle døypast, men mora hadde korkje namn eller far til barnet. Dermed vart barnet døypt Ellef Hjelm! (Skreiv A. Mehlum)
    Margit var jordmor i Hol fram til 1931. Ho var aktiv i vergerådet, dyrevernet m.m. og fekk Kongens fortenestmedalje for virket sitt. Ola hadde ymse offentlege verv, var styrar for postkontor, dreiv handel , skyssstasjon og reinskompaniet. Han stifta eit legat for småbrukarar som arbeidde godt med jorda.

Ola og Gro gifte seg i 1855. Dei var fyrst i Kveno og frå 1860 i Skjåmehaugen. FT 1875 plasserar familien på Nyehuso under Helling, men det er truleg ei forveksling, båe plassane låg noko høgt oppe i ØvreÅls-bakkane. I unge år budde Ola m.a. i Kitilsplassen.
    Ola Asleson var murar og husmann utan jord.
    Ola var ein allsidig kar. Og han var kompis med Skruven dei kalla, Ola Arneson Svartedalen. I 1840-åra budde desse to og konene saman i Sjåmehaugen. Det var ikkje så heldigt. Sjå meir om Skruven i Skruvedalen under Gullhagen.
    Ola vart beskriven slik: 'Ole Aslesen, almindelig kaldet Meel-musen, 23 Aar gl, 64 Tommer høi, har lysebrunt Haar, blaae øine, er blinxøiet, sped af Bygning og lidt lutrygget, og har et stort Ar paa det ene Axelblad. Var iført almindelig Hallingdragt ved sin Afreise.'
    Lensmannen oppgav dernest Signalement for kameraten Ola Arneson 'Sjaamehougen kaldet i Almindelighed Skruegutten. Var ved sin Afreise iført sedvanlige Hallingkleder og Støvler; samt bar Sølvringe i Ørene'.
    Ola var på 'Skrattegard-eie' i 1848. Dvs. Øvrigheita brukte dette namnet på Sjåmehaugen.
    Den 21. oktober 1851 var det såkalla burgang i Sjåmehaugen. Lensmann og grannar fann mykje rart i kista til kameraten Ola Arneson, tørkle og syljer m.m. Og dessutan bøkene 'Criminal-loven' og 'Geografisk Beskrivelse over Kongeriget Norge'.
    Men i 1870 var Ola Asleson 'Stenarbeider' i Bergen. 1889 var han 'antagelig' i Trondheim. Kanskje på Voss i 1890.
    I 1890 var Gro aleine, det heitte at 'Mannen har vært fraværende i mange år.'
    Gro budde i ei stugu på bygsla grunn på Varaberg. Ho sauma hallingbunad. På sine gamle dagar fekk ho hjelp av dottera Margit med å tre i nålene, gjerne 50 nåler i slengen! Stugu vart seld kring 1890. "Gro Kveno" står det på gravstytta hennar ved Hol gamle kyrkje.