Skrattegarden, søre gnr. 107 bnr. 17
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skrattegarden, søre gnr. 107 bnr. 17-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Skrattegarden vart frådelt Skrattegarden bnr. 9 i 1926 og bygd opp frå botnen av.
    Vanleg buskap i 1960-åra: 6 kyr, 2 ungdyr og 58 geiter.
    Areal 1995: dyrka jord 75 mål, produktiv skog 120 mål. Dessutan 1348 da skog og utmark i Hagaskogen (gnr. 8/14). Buskap 4 mjølkekyr, 3 ungdyr, 60 geiter, 20 killingar.
    Våningshus bygt 1909, restaurert 1959, kårhus 1964, loft bygt 1922, driftsbygning 1922, påbygd og restaurert 1978, reiskapshus og garasje 1985.
    Stadnamn: Fåbrunnen, ei god vassolde. Her fådde dei lin i gamal tid.
    Stølar. Langstøl på Vallo. Garden har fiskerett i Buvatnet på Vallo.