Myrvoll gnr. 107 bnr. 22
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Myrvoll gnr. 107 bnr. 22-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bureisarbruket Myrvoll, eller øvre Myregarden som det heiter i daglegtale, vart bygd opp av Knut Ivarson Myregarden kring 1930. Bruket vart frådelt Myregarden i 1931.
    På bruket er stadnamnet Grøype-stykket. Det skriv seg frå ein mann dei kalla 'Grøypen' som budde her kring 1900. (Grøyp er grovmale korn, gjerne med agner og rusk.) Sjå nedanfor.
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål og anna areal 10 mål som vert leigd bort, produktiv skog 160 da. Kårhus 2001, våningshus 1979, driftsbygning 1930, stabbur 1953, garasje og verkstad 1961. Bruket har heimstølen Veslegjerda på Nerset.

{5217} År: 1885c


Ola Holgeson var fødd på Norderhov kring 1820. Far hans var Holge Olson Holgelien og 'Guro Olsdtr.' ... . Mora er nok ei jente frå Norderhov. Som barn vaks Ola opp i legd i Strand/Breie.
    Ved konfirmasjonen i 1842 vart foreldra oppgjevne til Holge Olson og Guro Olsdtr. ... . NB. Ved eit høve er mora kalla 'Gropa-Guri'. (Guri Torsteinsdtr. Skjervheimshagen Gropa.) Det må vera feil. Men 'Gropa-Guri' var tante til Ola Asleson Ulshagaplasen, sjå plassen Sjåmehaugen.
    Som ungkar "Ola Holgeson Helling" reiste han til Amerika 1877 og kom til Roseau Co, MN. Han tente fyrst hjå 'bror sin Ivar' for å arbeide for billett-pengane. Men 'Ivar Torsteinson' var ikkje bror hans, det var onkelen.
    Sidan var han hjå ymse farmarar og la seg opp pengar til heimreise m.m.
    Det vart fortalt at ein mann dei kalla "Grøypen" som budde i ei liten stugu i ØvreÅl. Han innretta seg noko spesielt. Då vinterkulden sette inn gjekk Grøypen i "hi" i den vesle stugu si. Han kom ikkje utom dørstokken før det vårast. (1703)
    Truleg var det Ola Holgeson som vart kalla Grøypen. Av ein eller annan grunn gjekk også ovannemde Ivar under namnet "Grøip".
    I 1891 var Ola Helgeson husmann utan jord på Myregard, han levde av sin 'kapital'.
    Død som inderst på Myregarden i 1910.