Skardet gnr. 109 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skardet gnr. 109 bnr. 1e

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skardet var ein husmannplass oppe i Ulshagaskardet høgt ovanfor nordre Ulshagen. Her budde Skard-skraddaren og familien frå 1858 til 1878. Ein bygselsetel er datert 1859.
    Husmannen kunne bygge og dyrke som han ville, og nord for plassen hadde han slåtterett. Årleg leige var å skjera 5 mål åker og dessutan 4 spd.
    Stugu frå Skardet vart selt og oppattsett i jordet på Havardsgard kring 2000.

{5269} År: 1859

Ola Olson Hansebråten UlshagaSkardet 29.10. 1824-1905
Foreldre: Ola Olson Hansebråten og Birgit Larsdtr. Jøta.
Gm Karoline Ankersdtr. Richter UlshagaSkardet 23.02. 1829-1868
=Karoline Adolphine. Foreldre: Anker Karlson Richter og Gro Jonsdtr. Sundre.
Gm Margit Knutsdtr. Myregarden Larsstølen 22.12. 1829-1919
Foreldre: Knut Olson Myregarden og Sissel Ellingsdtr. Løken.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Gro Olsdtr. UlshagaSkardet Havardsgard 29.09. 1853-1938
G 1882 m Embrik Olson Havardsgard, gnr. 81/1.
2. Kitil Olson UlshagaSkardet Lien 20.04. 1855-1924
G 1883 m Birgit Bjørnsdtr. Lappegard. Sjå Kapteinstølen, gnr. 110/56.
3. Birgit Olsdtr. UlshagaSkardet 06.02. 1857-
Ugift. Sy-jomfru, utreist 1886 og busett på Hønefoss. Ho hadde sy-forretning i 1900. (1232)
    Barn: Adolfine Jensdtr. 1888- til Am. i 1905.
4. Ola Olson UlshagaSkardet Sundre 28.12. 1858-1935
Gm Petra Andersdtr. Kulland frå Skotselv. Barn: Karl ....- ; Marie ....- gm Nils Ødegård, Fredrikstad; Otilie ....- gm Nils Edderklepp, Hokksund; Birgit ....- gm Hans Kirkevoll; Anders ....- gm Harriet Horne; Anker ....- gm Hilda ... ; Dagny ....- gm Ove Ås; Rakel ....- gm Jakop Jørgensen; Peder ....- gm Greta Skarre; Trygve Olai ....- , død liten. (Oppl. v/Margit Evjen)
    Ola reiste ut som 18-åring og tok seg arbeid på ein skyss-stasjon. Etter ymse jobbar kom han på Nyland Verksted som platearbeidar. Så vart han kjent med Petra som arbeidde på Madam Dahl's Spiseforetning. Også ein pen politikonstabel var ute etter Petra, men madam Dahl greip inn og fekk konstabelen på eit sidespor.
    Etter fleire år i byen flytta dei til Skotselv og foreldra hennar som trong tilsyn. Ved sida av eit mindre jordbruk hadde han arbeid som reparatør på Skotselv Cellulose. Det gjekk bra, lenge. Så ein dag vart det til at han lempa ein brysam verksmeister opp i sponkassa utanfor døra. Deretter var Ola kol-sjauar til tross for fleire tilbod om å koma inn att på verkstaden. (937)
5. Anne Olsdtr. Ulshagaskardet 14.07. 1862-1862
Anne vart berre 22 døgn gamal.
6. Lars Olson UlshagaSkardet 11.07. 1863-1936
Ug. Lars var snikkar og bygde seg hus på Minnehøgda på Sundre. Her hadde han snikkarverkstad. Han hadde også trevarefabrikk ved Ål stasjon.
    Lars Skardet var ein god spelemann. I eit gjestebod på Veslegard dansa dei friskt til utpå morgonsida, men då trødde spelemannen brokk på seg og måtte sendast på sjukehus. Lars laga nokre feler som Aslak Sandestølen rosa. (Oppl. v/N. Gjeldokk)
    Lars interesserte seg for nye tankar i tida, og var ein av dei fyrste sosialistane i bygda.
7. Anne Olsdtr. UlshagaSkardet Bjerke 13.08. 1865-1937
Gm Petter Bjerke frå Sverige. Eit av dei vakraste brudepar som vart vigd i Bakke kyrkje.
    Barn: Emilie ....- ; Harald Arnt ....- ; Karoline Adolphine ....- ; Otilie ....- ; Kristian ....- ; Oskar ....- .
    Busett på Grorud. (937) (Notat M. Evjen)
*Barn i andre ekteskap
1. Sissel Olsdtr. UlshagaSkardet Larsstølen 25.03. 1875-1964
G 1900 m Mikkel Larsson Bomberud Larsstølen.

Ola og Karoline gifte seg i 1854. Ola var skraddar og budde i Hansebråten i 1857, og sidan i Skardet. Ola lånte bort pengar då Ola Trintrud skulle kjøpe Varaberg.
    Karoline måtte ha hjelp til den siste fødselen. Då ingen doktor kunne skaffast, la Ola i veg og henta jordmor frå Hønefoss. Då ho kom fram etter nokre dagar på dårleg føre var både Karoline og barnet døde.
    Ola vart attgift 1874 med Margit Knutsdtr. Myregard og fekk ei dotter med henne.
    Ola kjøpte Larsstølen, gnr. 110/3 i 1878 og flytta dit.