Ulshagen, nedre gnr. 109 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ulshagen, nedre gnr. 109 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Ulshagen er eit mindre bruk som vart delt frå nordre Ulshagen 1889. Bruket grensar mot Sundre i vest, og strekker seg frå Sundrevegen og ned til Hallingdalselva. På engane der nede har det vore drive campingplass frå 1963.
    Den opphavlege stugu i nedre Ulshagen er frådelt som tomt, og nytt tun vart bygd vest for det gamle tunet i 1950-åra.
    Areal 1995: dyrka jord 24 mål, produktiv skog 180 mål. Leigd jord 10 mål. Buskap: 30 vinterfôra sauer, hest.
    Våningshus bygt 1982, låve 1955, påbygt 1986, reidskapshus 1994, campingplass med 12 hytter, kiosk og servicebygning.
    Støl er det ikkje til eigedomen no. Frå 1891 hadde bruket støl på Store-vieren, og frå 1912 til 1928 støla dei på Tormodset.

{5290} År: 1891

Steinar Nilsson Ulshagen 11.01. 1859-1923
=Stener. Foreldre: Nils Olson Finset Ulshagen og Gunhild Steinarsdtr. Jonsgarden Rotneim.
Gm Ågot Håkonsdtr. Opsata Ulshagen 24.11. 1865-1928
Foreldre: Håkon Tolleivson Opsata og Guri Eiriksdtr. Underåsen.
*Barn
1. Nils Ulshagen 14.04. 1895-1900
2. Gunhild Ulshagen 13.09. 1896-
død ung ??? (1044) opplyst av H. Ulshagen. Døv?
3. Håkon Ulshagen 11.03. 1899-1982
G 1936 Oslo m Gudny Pedersdtr. Lundberg. Sjå eige hushald.
4. Guri Ulshagen 17.02. 1903-1972
Gm gullsmed Ola Olson nordre Ulshagen. Barn: Ågot Grete 1941- gm lektor Tor Kleive, busett på Gol (3 barn).
    Guri tok lærarskulen og arbeidde ved skular i Ål, Brekke i Sogn, fylkesskulen i Vestfold. Sidan budde dei i Kristiansand. Ho gav ut diktsamlingane: "Vegane" (1960); "Stigen over stupet" (1966); "Malmen i vårt tre" (1973).
5. Birgit Ulshagen 09.10. 1904-1935
6. Nils Ulshagen 07.10. 1908-1908

Stener og Ågot gifte seg i 1894 på Bragernes. Stener overtok Nedre Ulshagen i 1891. I handelen låg også plassen Skardet. Den vart frådelt 1928 som bnr. 11 og selt til nordre Ulshagen.
    Stener var bonde, smed og hjulmakar. Han kjøpte støl på Tormodset og bygde husa der. Han dreiv nydyrking. Ågot selde garden til systermannen Elling Moslått.
    Guri Nilsdtr. Løstegard frå Gol f. 1821 hadde tent lenge på Oppsata hjå Håkon Tolleivson. Då Ågot vart gift til Ulshagen fylgde Guri med dit. Guri vart kalla "Luve-Guri" avdi ho gjekk med luve i staden for pannelin. Ho dreiv med ymse husflidsarbeid.