Sundre, nedre gnr. 110 bnr. 15
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sundre, nedre gnr. 110 bnr. 15-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Sundre er nemnt i 1350-åra. Sjå innleiinga under Sundre, bnr. 0. Garden skatta som fullgard og hadde ei landskyld på 36 29/52 laupsbol. I 1670 var skylda 32 1/2 laupsbol.
    6 laupsbol i garden Sundre låg under prestgarden frå 1539. I Jordeboka 1626 hadde prestebolet 1 1/2 mæle korn i Sundre. Det vart strid om dette godset i 1615. Det heitte at bonden skulle vera den nærmaste til å leige godset dersom presten sjølv ikkje kom til å bruke det.
    Så var det pånytt strid mellom Sundre-bonden og presten i 1628. Til andre tider kunne det hende at bonden fekk låne pengar hjå presten.
    I 1635 var der to huslende under nedre Sundre (nedre Sundre og Myro/Nigarden) medan det var eit huslende på øvre Sundre.
    Frådelte bruk: Sundrehagen 11 og 19/65 lb.; Myro eller Nigarden Sundre, bnr. 47; Bråten (vestanfor) bnr. 8, 6 lb.; Sundre 'Bygnadluten' 9,7 lb., Gretegarden 9,7 lb. Myrbø vart frådelt i 1914.
    Delingar. I 1798 vart gardparten Sundre med 9,7 laupsbol frådelt. Tingstugu, den tohøgda bygnaden som Torkjell Villand sette opp, fylgde med denne gardeparten. Difor vart denne garden kalla Bygnads-luten, bnr. 15.
    I 1803 selde Per Halvorson resten av Sundre 10 1/4 laupsbol til lensmannsdattera, dette vart etterkvart Gretegarden, bnr. 20. I 1823 vart Åsegarden tilkjøpt nedre Sundre, og samanføyd med bnr. 15.
    Plassar: Smedplassen, bnr. 4; Sandestølen, bnr. 13; nordre Hago, bnr. 6; Trolløyen bnr. 7; Bråten (austanfor), bnr. 44.
    I åra 1909 til 1912 vart halde utskiftning over Sundre innmark.
    Nedre Sundre opphøyrde som gardsbruk sist i 1930-åra. Garden vart oppdelt i underbruk og ei stor mengd med tomter i sentrum.

{5403} År: 1766

Lars Larsson Opsata Hove Sundrehagen 1742-1824
Gm Ragnhild Torkjellsdtr. Villand. Sjå meir om dei på nedre Hove, gnr. 107/4. Foreldre: Lars Aslakson Hove og Birgit Olsdtr. Opsata.

Lars og Ragnhild overtok Sundre kring 1766.
    I 1787 selde Lars Larsson Hove halve Sundre, halve Sundrehagen og halve Steinstølen til svigersonen Eirik Anderson Nestegard for 880 rd.
    Kristen Samuelson Aanstad hadde resten av nedre Sundre, dvs. den parten som Ragnhild skulle ha. Lars held attende rett på livstid til å bruke eit sagbruk under Sundre utan avgift.

{5404} År: 1777c

Birgit Jakopsdtr. Rue Sundre 1728-
Foreldre: Jakop Eirikson Rue og Kari Eilevsdtr. Solheim, Hol.
Gm Kristen Samuelson Aanstad Sundre 1747-1832
Foreldre: Samuel ... Kjerkerud eller Ånstad og ... ... ..., Fåberg.

Birgit vart attgift med Kristen. Ingen barn.
    Kristen var rosemålar og snikkar, og han dekorerte Tingstugu på oppdrag av Torkjell Villand, fyrste mannen hennar. Villand tykte vel om Kristen, og skal ha sagt på sitt siste at om Birgit skulle koma til å gifte seg opp att, så måtte det bli med Kristen.
    Kristen var komen til Ål kring 1765. Utanom Tingstugu på Sundre så laga Kristen skåpa i tingstugu på Leksvol (museet), og han måla stugu på Nestegard i Hol, loftstugu på Rue (Drammen museum), Raunsgardstugu (Hol museum) m.m. Dessutan finnst ei rekke rosemåla bollar og kister etter Kristen. (Breiehagen/Ellingsgard: Rosemåling i Hallingdal s 117.)
    I 1780 delte Birgit Jakopsdatter og Kristen eiga i to delar saman med svigersonen Lars Larsson Hove. Kristen fekk halve Sundre og bruket Hagen. Ragnhild og Lars fekk halve Sundre og Nyhus. Skulle Birgit døy før Kristen, så skulle han beholde Hagen utan noko odelskrav. (1206) s 10b
    Husa stod tett på Sundre. I 1790 hadde Kristen ein disputt med major Arøe. Grunnen var ein låve som hadde skadd 'hr. majorens Væg og tak.' Dei vart forlikte om at gamle grensemerker på Sundre skulle setjast opp att.
    Birgit Jakopsdatter var skrøpeleg og i høg alder i 1790, og Kristen skøytte halve Sundre, samt 'påboende Sundrehagen' til Eirik Anderson mot kår. Kåret var: 2 kyr og 4 småfe framfødd; 3 tunner bygg, varmt hus og oppvartning. Av husa skulle dei få bruke den vesle stugu, eldhuset, forskjykju ved låven. 2 mål engeland nordanfor Fjøsåkeren. Ris og brenneved av vått eller turt virke.
    I 1804 bygsla Kristen Samuelson som kårmann ein plass 'SundreHagen' hjå Ola Eirikson Hagen. Hushalderska Helga Olsdtr. Høgset hadde arbeidd hjå han i 3 1/2 år utan løn. I buet var lausøyre for 80 spd. Buet var visst på omlag 1000 spd. Alle arvingane hans var i Gudbrandsdalen.

{5405} År: 1787

Eirik Anderson Nestegard Sundrehagen 1757-
G 1786 m Astrid Larsdtr. Hove. Foreldre: Anders Olson Rue Nestegard og Åse Steinsdtr. søre Nestegard, Holet.

Eirik Anderson kjøpte halve nedre Sundre og Sundrehagen hjå svigerfar sin i 1787 for 880 rd. Sjå familien hans i Sundrehagen, gnr. 110/1.
    Eirik betalte 600 rd, - resten skulle stå som arv hjå svigermor dersom "jeg og min kone ikke bliver velsignet med flere børn." I motsatt fall skulle svigermora arve saman med barna.
    Då Eirik bygde seg låve på Sundre i 1790 vart den sett så tett innpå grannen Mikkel L. Sundre at åsane til Mikkel vart avhogde og dråpefallet gjekk på veggen hans. Dessutan var det Mikkel si tomt, dvs. tomta etter den 'gamle bygning' på Sundre. Eirik hadde mura att inngangen til søre bua under 'bygningen som kalden loftstuen på nedre Sundre.' Loftstugu flytta han til Sundrehagen. (1673)24
    I 1791 fekk Eirik løyve frå kongen i København til å drive gjestgiveri på Sundre mot ei årleg avgift på 4 rd. (Same løyvet som Torkjell Villand hadde hatt.)
    Reisande skulle ha mat- og drikkevarer for ein rimeleg penge. Øl kunne han brygge sjølv, men brennevin skulle skaffast frå kjøpstadane. Etter forordningane ville han miste løyvet sitt dersom han serverte 'sognets bønder.' Saman med krohaldet kunne Eirik også driva skysshald. (1221) s 294b
    Men krohaldet var ingen enkel geskjeft. I 1795 måtte Eirik fredlyse huset sitt på tinget. Det fantes mange 'urolige mennesker i prestegjeldet', og desse tok seg til rette i hans hus med 'ondskab, uorden, allarm, banden, støyen og endog ruin.' Sume av gjestene kunne finne på å ri like inn i stugu hans. Eirik gav tilkjenne 'sin fortrydelse over sådanne ondskapsfulde mennesker' og ville at dei skulle 'tilskrives al den uleilighed deraf.' (1259) s 59
    I 1793 fekk Eirik og Helge Gjerdnes kongeleg løyve til sagbruk, datert Fridensborg Slott i 1793. Vilkår: omkring-liggande odelsskogar måtte ikkje forringast, vannkant skulle ikkje skjærast av borda og dei skulle berre nyttast innanfor bygda. (1221) s 558b
    Eirik makeskifte Sundre til Per Halvorson og fekk att Olsgard på Nes i 1798.
    Eirik og Astrid vart skilde. Ho flytta inn hjå Per Halvorson og kona etterkvart.

{5406} År: 1798

Per Halvorson Ruud Olsgard Sundre 20.08. 1746-1818
Foreldre: Halvor ... Ruud og ... ... ... i Nes.
Gm Katrine Jørgensdtr. Rasch Sundre 07.12. 1758-1831
=Maren Catarine. Foreldre: Jørgen Peter Christianson Rasch og Maria Bendeke Christiansdtr. Selmer (Nes).
*Barnebarn
1. Maren Katrine Karlsdtr. Sundre Myhre 08.09. 1820-
Katrine. G 1846 m Eirik Sveinson Myhre Majormoen, Nes 1819-1905. Barn: Margit 1847- ; Kari 1849- ; Margit 1852 -7; Svein 1854- ; Ola 1858- ; Maria 1860- ; Ola 1863- ; Kristine 1866-. (Alle ungane født på Nes)
    Katrine og Eirik flytta frå Nes i 1876. Eirik var fehandlar/bonde på Mæhlen i Skoger.
    I 1900 budde dei på Rundtom på Nedre Eiker. Maren vart over 85 år. (1421)
    Foreldre: lensmann Karl Richter (enkjemann) og Mari Persdtr. Olsgard i Nes Sundre.

Per og Maren Catarine gifte seg på Nes i 1780 og hadde desse barna: Georg Petter 1783- ; Kristian Albert 1790-1829 g 1824 m Gro Halvorsdtr. Bjella (sjå år 1813 og Jonset gnr. 111/6); Halvor 1786-ung; Halvor 1794-1844 ; Maria 1781- levde i 1801; Mari 1787-1867 g 1833 m Georg Petter Trondson Sundre; Margrete 1798- til Amerika, g 1820 m Bendik Eivindson Hagale; Åse 1800-1863 g 1822 m Arne Arneson Ankerbråten. (Oppl. Sven Johnsen og BB i Dølaminne 1994.)
    Per makeskifte Olsgard i Nes mot Sundre i 1798. Med Sundre fylgde fiske i Oppsjø, stølane Torkjellset og halve Steinstølen, 'Piperslåtta i Lien', ei halv sag og ei halv kvern og ein foss m.m.
    Per selde halve Sundre matr.nr. 10 til lensmann Saarbye i 1799. Han held att nordre stugu i den raudmåla bygnaden og eit sagbruk. Saga i Kulu selde han til Nils Gjerdnes for 99 rd.
    Per var husbonde og gardbrukar i 1801.
    På skiftet etter Maren i 1831 var det 4 spd å dele. Det ho trong til dagleg bruk hadde ho lånt. Lensmann Pleym skaffa kiste og lik-klede utan kostnad.

{5407} År: 1799

Eivind Olson Saarbye 1766-
Foreldre: truleg Ola Syverson Saarbye og Gunhild Andersdtr. ... , Eiker.
Gm Mari Tryggsdtr. Sundre Saarbye 1772-
Foreldre: Trygg ... ... og ...

Eivind Olson Saarbye og Mari fekk desse barna:
    Maria Elisabet 1800- ; Inger Sofie 1802- ; Ole Nicolai 1804- ; Fredrik Wilhelm 1808- gullsmed i Skien, gm ... ... , g 1849 i Skien m Karen Jensdatter.
    Saarbye var kommander-sersjant ved Sandværske kompani før han kom til Ål. Han var lensmann frå 1797 til 1806.
    Saarbye kjøpte 1799 halve nedre Sundre for 1599 rd. Handelen omfatta også den raudmåla bygningen (=tingstugu), men seljaren Per Halvorson skulle ha eit kammers i andre høgda samt den nordre stugu. Men kammerset skulle vera til rådvelde for kjøparen under tinga kvart år. Han lånte 999 rd hjå presten i tre år for å greie den handelen. (1259) s 354
    I 1797 vart Saarbye utlagt som barnefar av jenta Inger Olsdtr. på Kongsberg. (633)
    Saarbye arresterte legpredikanten Hans Nielsen Hauge då han held møte i Ål i 1800. Det vart fortalt korleis lensmannen prøvde å drive gjøn med arrestanten sin. Saarbye sende 'en løsaktig quinde' inn i arresten, men ho kom gråtande ut att nokså fort.
    Neste dag baud lensmannskona Hauge opp til dans, og spelemannen spelte ein frisk springar.
    "Det skal du få når bare spillemanden vil spille den slått jeg ønsker," sa Hauge. Så song han ein Kingo-salme så intenst at alle stod som lamslegne. Deretter tala han nokre alvorsord som gjekk gjennom 'marg og bein'.
    Det vart stille på Sundre den kvelden. Dansarlaget var brått slutt, og folk gret og sa til Saarbye at Hauge måtte sleppast fri.
    Lensmannen sjølv var ille ved. Same natt køyrde han Hauge til futen Hørbye på Ringerike. Futen kunne ikkje finne noko gale, signerte passet til Hauge og sette han fri. Seinare vart Saarbye ein av dei fremste som forfylgde Hauge.
    I 1802 fekk Saarbye attest for god orden og justis i 'dette vanskelige distrikt.' Saarbye arbeidde særleg hardt mot den ovdrikk og ufred som var ei svøpe i bygda på denne tida. Han jaga etter dei som laga og selde brennevin.
    Med seg sjølv var han ikkje så nøye. Saarbye vart etterkvart ein gjeldsbunden mann som budde på eit kammers i tingstugu. På hausttinget 1803 vart han klaga for å ha både laga og selt brennevin i sitt eige hus. Dessutan hadde fangen Randeguten rømt or arresten då vaktmennene sovna.
    Til sist var Saarbye avsett for m.a. å ha teke mot stikkpengar frå ein som ville sleppe militærtenesta. Saarbye mista embetet ved dom i Høgsterett i 1806 og flytta frå bygda.

{5408} År: 1806


I 1806 vart Sundre taksert etter at Eirik Olson Ruud i Kvinnegardslia hadde kjøpt garden. Garden kunne fø 1 hest, 10-12 kyr, 20-24 sauer. Byggavlinga var på 20-30 tunner. Jorda vart taksert til 1360 rd og skogen 140 rd. Husa vart rekna til 200 rd.
    Eirik var m.a. inkassator for futen Hørbye. Eirik selde garden 1810 til Torkjell Sundrebråten for 2000 rd.

{5409} År: 1810


Torkjell Knutson Juvsjord SundreBråten kjøpte Sundre i 1810 og selde same året.
    Eirik Olson Gullhagen kjøpte Sundre i 1810. Han selde vidare til Kristian Person i 1813.

{5410} År: 1813


Kristian Person Sundre kjøpte garden i 1813. (Sjå år 1798) Same året selde han vidare til Kristian Halvorson Sando som gav kår til Per Halvorson Sundre og kona, og selde garden til Lars Knutson i 1819.
    Kristian Person kom til Jonset, gnr. 111/6.

{5411} År: 1819

Lars Knutson Ulshagen Sundre __.__. 1783-1870
Foreldre: Knut Jonson Vareberg Ulshagen og Birgit Larsdtr. Lien.
Gm Ambjørg Olbjørnsdtr. Dokk Sundre 16.09. 1787-1839
Foreldre: Olbjørn Olson Dokk og Kari Torsdtr. Veslegard.
*Barn
1. Knut Larsson Sundre 06.01. 1812-1892
Gm Maren Antonette Kristoffersdtr. Åserud, Drammen 1816-1886. Barn: Christopher Knudsen 1843-1915 prest (Bragernes og Tønsberg) (skreiv salme 778 i Landstad), stortingsmann og statsråd i regjeringa Mikkelsen i 1905, g 1869 m Marie Charlotte Hermansdorf (3 barn), g 1874 m Ida Regine Lohne (5 barn); Carl Anders 1851-1904 kjøpmann /reisande for Drammen Smørfabrikk gm Anna Sofie Rydgren; August 1858-1922 grosserar 'Aug. M. Knudsen', gm Anne Magrete Hofstad 1858-1905 (2 barn).
    Knut reiste ut for å få seg arbeid i 1834. Ei tid var han malt-mester hjå Joh. Bruun i Drammen. Var 1865 'losser' og busett på Bragernes. Knut var arbeidsformann. Sidan kjøpte han ein bygård i Ørnsgate. (1553)1902
    Maren dreiv kolonialhandelen 'Antonette Grina', og hadde losji for reisande.
    Tranerørsla var Knut si store interesse. Maren fann si i haugianismen. Dersom Knut las for mykje i Trane-bladet på sundagar, kunne Maren hive bladet hans i peisen. (Opsahl, O. K. 1961.)
2. Kari Larsdtr. Sundre Humlebekk 29.09. 1814-
Gm Ole Olsen ... Humlebekk-eie, Eiker 1812-.... . Barn: Andrine 1838- ; Lars 1845- skomakar; Borgine 1852- ; Karen 1858- .
    'Boende på en plass under Humlebæk på Eker.' (Mehlum: 'den fjerde var en datter Kari, gift på Eker.') (1553)
3. Olbjørn Larsson Sundre Ruud 12.11. 1817-
Gm Grete Torine Bjørndalen Ånnestad, Sandsvær 1820-1865. Barn: Gunilda Andrea 1850-1924 gm Tollef Anton Tollefsen, han var skipsførar og busett på Landfalløya i Drammen. (1037)
    Lenge var Olbjørn smed busett i Ekermogaden på Kongsberg. Han kom til Drammen etter 1865.
4. Ola Larsson Sundre Lappegard - Sundre 25.07. 1821-
Gm Ane Marie Endresdtr. ..., Stavanger. Barn: Anbjørgine 1845- ; Laura Andrea 1856- ; Lars 1858- ; Olava Marie 1859- ; Justine 1861- ; Karl Anton 1864- .
    Snikker, han drog til Stavanger. Og sidan har familien ingen ting høyrt. (1553)
5. Lars Larsson Sundre SundreBråten 03.02. 1825-1909
G 1850 m Margrete Persdtr. Sundre. Lars var inderst og lottebrukar i Sundrelien/Torelien før han kom til Sundrebråten kring 1862. Sjå Sundrebråten, gnr. 110/44.

Lars Knutson var ute i krigen 1807-14. Han gjorde tenest som sjukebærar, men kom til skade i slaget ved Matrand.
    Lars og Ambjørg gifte seg i 1811. Lars kjøpte Sundre eller Bygnadsluten i 1819.
    Lars slo stort på, han lånte pengar og kjøpte også Åsegarden. Han sa at
    'Dei skulle koma til å koka i sama gryta alle på Sundre!' Men Lars hadde no kjøpt meir enn han kunne rå med.
    I 1825 var han konkurs, og gardane vart selt på auksjon til panthavaren Ola O. Dokk. Lars Knutson kravde kår hjå lensmann Pleym. Slutten vart at han fekk 60 spd og ei ku.

{5412} År: 1825


Ola Olbjørnson Dokk kjøpte Sundre på auksjon i 1825. Han hadde lånt ut 1400 spd til førre eigar og svoger Lars Knutson Sundre, og så gjekk Lars konkurs.
    No ville Lars ha kår hjå Ola, det vart rettssak og den tapte Ola.
    I 1823 hadde Ola Olbjørnson Dokk kjøpt også Åsegarden Sundre, bnr. 16. I 1830 måtte Ola selja båe gardane på auksjon, og kjøparen vart lensmann Pleym.

{5413} År: 1830

Ulrich Christian Henrikson Pleym 30.01. 1794-1872
Foreldre: Henrich Schow Pleym (fut og bonde på Lilleberre i Overhalla) og Ane Marie Hansdtr. ... .
Gm Inger Henriksdtr. Blyberg Pleym 14.07. 1803-1878
Foreldre: Henrik Mikaelsen Blyberg og Gunhild Trondsdtr. Veien, Ringerike. (1638)
*Barn
1. Hans Andreas Ulrikson Pleym 01.11. 1831-1896
Gm Emmy ... ... . Ingen barn. Hans var amtsdyrlækjar på Toten frå 1870.
    'Han roses for sin store dyktighet, sin uegennyttighet og elskverdighet, der hadde vunnet ham en hengivenhet og aktelse som vistnok ingen annen mann i distriktet.
    Han hadde søkt avskjed fra sin stilling da han var trett etter sitt lange oppslitende arbeide, og dessuten var svak av helbred. Han skulle ha fratrådt sommeren 1896, men vedble å fungere likevel etter anmodning, da hans ettermann ikke kunne tiltrede så snart. Om få dager skulle han bli avløst, da skjebnen innhentet ham.'
    Kommunestyrene i Gjøvik og Vardal bar kista hans til grava står det i "Opplenningen" den 26. november 1896.
2. Christine Ulriksdtr. Pleym Urholt 09.03. 1841-1907
=Christine Marie. G 1869 m Kristian Nilsson Urholt. Sjå neste hushald.

Ulrik Pleym var kontorist hjå futen på Ringerike ei tid. Så var han lensmann i Ål 1826-72.
    Pleym åtte fleire Sundregardar (Åsegarden og Larsgarden) og dessutan Skjerpingmoen og halve Torpo kyrkje.
    Pleym hadde også kjøpt Gamlifossen. ('Vannfall med 1 mål tomt.') Her var kvernhus med tre steinar, kvernhuset var tvihøgda med peis. Møllar var Ola Torsteinson Hagen. Kverna gjekk døgnet rundt i periodar. I november 1844 brann kverna opp.
    Pleym hadde ei boksamling med pedagogisk litteratur som han gav til lærarbiblioteket i 1850. Dei budde i 'Pleymshagen' på Sundre.
    Ein vinterdag møtte Pleym ein skarptunga husmann. "Det er koldt i dag, Ole", sa Pleym. Husmannen svara stutt: "Berre for dei som ikkji har noko å gjera!"
    Inger Pleym selde garden til svigerson i 1874.

{5414} År: 1874

Christine Ulriksdtr. Pleym Urholt 09.03. 1841-1907
=Christine Marie. Foreldre: lensmann Ulrik Kristian Pleym og Inger Blyberg.
Gm Kristian Nilsson Urholt 19.10. 1838-1889
Foreldre: gardbr. Nils Klemetson Urholt og ... ... ..., Modum.
*Barn
1. Christian Kristianson Urholt 18.06. 1871-1916
=Christian Nikolai. G 1897 m Agnes Matilde Hanssen Winnes, N. Eiker. Sjå neste hushald.
2. Ingvar Kristianson Urholt 13.07. 1873-1909
I 1900 var Ingvar ugift student og cand. philos. Han hadde fleire fiskevatn (Mausa m.fl.).
    Barn: Astrid Syvertsen ... busett hjå skomakar Lund i Kr.ania.
3. Aksel Kristianson Urholt 08.07. 1880-1952
G 1906 m Kjersti Trulsdtr. Fyrand. Sjå år 1921.

Kristian og Christine gifte seg i 1869. I 20-årsalderen kom Kristian til Hallingdal som betjent i butikken hjå Lars Meidell på Nes og var der nokre år.
    I året 1866 begynte han eiga forretning på Sundre som vanleg landhandel med 'kolonial, isenkram og klæsvarer, og denne forretning oparbeidet han til en av de største i Hallingdalen i den tid'. ('Hallingdalens historie 1' s. 130 av T. Myhre).
    I 1874 overtok han eigedomen Sundre etter svigermora.
    Kristian dreiv også skyss-stasjon med gjestgiveri og jordbruk. Dessutan handla han med skog og trevirke.
    Kristian kom ut for ei køyreulykke hausten 1889, - hesten hans sprang ut i mørket då han var på heimveg frå Drammen. Han døydde etter å ha lege to veker utan medvit.
    Christine fekk eit bestikk av sylv som kommunen hadde tenkt å gje Urholt som påskjøning for utførte tenester. (854)

{5415} År: 1899

Christian Kristianson Urholt 18.06. 1871-1916
=Christian Nikolai. Foreldre: Kristian Nilsson Urholt Sundre og Kristine Marie Pleym.
Gm Agnes Winnes Urholt 1869-1898.
=Agnes Matilde. Foreldre: Hans (?) Winnes og ... ... , N. Eiker.
*Barn
1. Marie Kristiansdtr. Urholt Stenersen 19.08. 1898-1940
G 1923 m lensmann Kåre Stenersen. Sjå eige hushald.

Christian og Agnes gifte seg i 1897. Dei fekk ei datter og ho vaks opp hjå farbroren Aksel.
    Christian overtok eigedomen etter faren som 18-åring, og dreiv m.m. Urholt hotel på Tingstugu og Sundre Hotell og Landhandel på Sundre.
    Christian selde garden til Tøger T. Kronen i 1914. Kronen gjekk konkurs i 1917, og broren Aksel løyste garden på odel i 1921.