Åsegarden gnr. 110 bnr. 16
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Åsegarden gnr. 110 bnr. 16-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Ørjans Syverson øvre Sundre held att ein part av øvre Sundre på livstid då han selde garden i 1716.
    Garden vart frådelt øvre Sundre med 6 laupbol i 1716. (I 1838 vart landskylda rekna for 3 1/2 laupsbol.)
    Men garden var bebudd av ein annan familie i 1711, truleg var dei her også i 1700.
    Ein gong etter 1788 vart garden kalla Åsegarden etter enkja Åse etter Ola Knutson Sundremyren som vart gift hit, og hadde to ekteskap her før ho gjekk bort i 1818.
    Frå 1823 vart Åsegarden liggande under nedre Sundre samanføyd med bnr. 14 og 15.
    Areal 1865: dyrka jord 12 1/2 mål, naturleg eng 46 mål, utslått 9 mål. Avling 15 tunner bygg og 15 tunner potet. (Merk: eigne tal vart oppgjeve for Åsegarden sjølv om den vart brukt under nedre Sundre.)
    Stølar. Langstølen Bosset vart fråselt til søre Hago i 1864.
    Mange av dei sentrale eigedomane på tettstaden Sundre vart delte frå Åsegarden sist på 1800-talet og fyrst på 1900. Her vart foretningsbygg og bustader. Truleg har gardsdrifta opphøyrt saman med drifta av Nedre Sundre sist i 1930-åra.

{5420} År: 1754

Lars Mikkelson Hove Sundre øvre 1722-1788s
Foreldre: Mikkel Torson Hove og Birgit Larsdtr. Stave.
Gm Ingeborg Rasmusdtr. Sundre Sundremyren 1720c-1758
Foreldre: Rasmus Johanneson Løyte Sundremyren og Kari Knutsdtr. ... .
Gm Ingeborg Endresdtr. ... Sundrelien 1725c-1791f
Foreldre: Endre ... ... og ... ... . (Verge Lars Rime) Barn: Ingeborg 1749- m/Torstein Olson Lå; ... ... ; Margit 1753- m/soldat Knut Halvorson Leksvol. Faddrar 1749: Åse Gjeldokk, Ivar Embrikson Kolbjørnstøl, Ola Olson Lå, Gunhild Embriksdtr., Margit Levorsdtr. Faddrar 1753: Tor Huus, Johannes Myren, Sigrid (?) Arnesdtr. Myren, Guri Huus, Birgit Sveinsdtr. (hennar 3., hans 1. legemål) Ingeborg Huus vart dømt til å betale consumpsjonsskatt i 1752. Fadder 1754 I.E. Huus.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Johannes Larsson Sundre Øvrelå 06.07. 1749-1793s
Gm Turid Tolleivsdtr. Huus Bjella. Sjå Øvrelå, gnr. 102/1.
    Johannes reiste odelssøksmål 1772 mot Ola Knutson Sundre vedrørande øvre Sundre. Johannes trekkte kravet sitt. (1370) s 95
2. Mikkel Larsson Sundre Sundremyren 10.10. 1751-
Barn m/Ambjørg Sevatsdtr. ... : Ingeborg 1775- .
    Gm enkje Åse Olsdtr. ... Sundremyren. Sjå neste hushald.
3. Birgit Larsdtr. Sundremyren Ulshagen Lofthus 23.12. 1753-1834
Gm Knut Jonson Vareberg. Dei flytta mykje: var i Ulshagen omlag 1785, på Holto 1788, i Havardsgard 1789. Sjå Ulshagen, gnr. 109/2.
4. Margit Larsdtr. Sundremyren 23.12. 1753-
Truleg død liten.
5. Kari Larsdtr. Sundre Bekkestad 25.07. 1756-1778
Gm Svein Olson Noss Gunhildgard Bekkestad, gnr. 119/1.
6. Tor Larsson Sundremyren 23.09. 1758-1758

Lars og Ingeborg gifte seg i 1748. Året før hadde Lars fått sonen Mikkel med tremenningen Anne Henriksdtr. Huus.
    Lars Mikkelson Hove kjøpte odelsretten i øvre Sundre 1754 for 367 rd hjå Sindre Sundre.
    På skiftet etter Ingeborg i 1759 var det att 18 rd då gjelda på 440 rd var trekt. Jon Larsson Myren stod fram og påstod at han var odelsmann til garden (Sundre ... 6 laupsbol) som Lars budde på. Til dette svara Lars at Jon var framand for godset med unntak for Jonsplassen, og den ville Lars no legge inn under garden att.
    Lars vitna om brannen i Prestgarden i 1759. Han var åleine i 1762. Han vart attgift med Ingeborg Endresdtr.
    I 1768 selde Lars 1/4 i øvre Sundre (6 lb.) til Ola Knutson Sundre for 500 rd. Lars overtok plassen Lien hjå Ola Knutson SundreMyren i 1771.
    Sumaren 1771 vart Ingeborg Endresdatter skulda for å ha brukt "vunetåte" (rune-?) og trolldom. Ho vart innsett i arresten på lensmannsgarden på Sundre. Lensmannen Torkjell Villand på Sundre fekk ikkje smør då han kinna, og Ingeborg fekk skulda. Han truga henne med bål og brand dersom ho ikkje gjorde han "regnskap for hendes Trolldom."
    Ingeborg vart lagt i jernlenke og fem karar sat vakt. Etter vel eit døgn vart ho sett fri mot kausjon. Då stevna Lars lensmannen for retten for valdeleg framferd. (TB7)
    Saka vart utsett til vintertinget 1772. Der vart Lars og Torkjell forlikte om at "orda som talte, skal være som døde og magtesløse". Om Ingeborg vart det sagt at ho hadde vore trollkone all si tid. (1370) s 5
    Skiftet etter Lars i 1788 vart halde i plassen Lien (Sundrelien). Det var 192 rd å dele på enkja og 4 barn.

{5421} År: 1788

Mikkel Larsson Sundre Sundremyren 10.10. 1751-
Foreldre: Lars Mikkelson Larslien og Ingeborg Endresdtr. ... .
Gm Åse Olsdtr. ... Sundre 1732-1818
Foreldre: Ola ... ... og ... ...

Mikkel gifte seg med Åse som var enkje etter Ola Knutson Sundremyren.
    Mikkel og Åse dreiv gjestgiveri og skyss-stasjon for reisande. Ola Larsson på same stad selde brennevin og øl. Presten Stockfleth klaga over at kvinner og menn frå bygda "hengav seg til ugudeligheder, dobbel løsaktighed, slagsmål etc. Daglige blodige eder og bander at høre, hvorover Gud må vredes og til straf opvækkes ..." (1294)
    Mikkel kjøpte Sundremyren 1788 for 445 rd og dessutan kår til Lars Jonson og kone. I 1787 kjøpte Mikkel 1/4 i Ål stavkyrkje for 98 rd.
    Mikkel kjøpte Sundre (7 1/2 laupsbol ) hjå kaptein Arøe for 810 rd i 1789. Han selde garden til kaptein Juell i 1791 for same pris, men tok unna Loftsåkeren.
    I 1793 vart Mikkel og Åse anklaga for ulovleg handel med brennevin, øl og tobakk. Saman med 5 andre vederheftige menn, måtte Mikkel stille kausjon i 1793 overfor Kongen for 100 rd vedrørande futen sine innkomer i Ål . (1221) s 424
    Mikkel makeskifta 1795 Larslien, Grostølen og 150 rd med Eirik Eivindson Hove og fekk att Jonsplassen med stølar.
    Mikkel har nok gått bort i 1790-åra. Åse vart attgift 1799 med Ola Olson Sundre.
   

{5422} År: 1799

Åse Olsdtr. ... Sundre 1732-1818
Foreldre: Ola ... ... og ... ...
Gm Ola Olson Sundre 1768-1827
Foreldre: Ola ... ... og ... ...

Åse vart attgift for andre gong 1799 med Ola Olson. (Sjå førre hushald og Sundremyren.)
    Ola var av kyrkjeeigarane. I 1799 fall det dom om dei 8 skilling i vinverd som lausgjengerar og handelsfolk skulle betale årleg til kyrkjeeigarane.
    I 1799 vart Ola og Åse innklaga for forlikskommisjonen av Ola Olson Piperplassen. Han ville ha løn for 12-13 års tenest på garden, samt erstatning for at han hadde "mistet sin hilsen (helsa?) i deris tjeneste." Ola og Åse vart skulda for å ha skjenkt han godt før dei fekk han til underskrive ei kontrakt om teneste-løna si. Saka vart vist til retten. (1407) 25
    I 1803 vart Ola anmeldt av lensmannen for ulovleg brennevinshandel, og bøtelagt 10 rd.
    Åsegarden var selt til Tolleiv Nilsson Sundre i 1806, men Åse og Ola held til på kammerset sitt framover.
    Påskenatta 1810 vart Åse overfalle med øks, og eit skrin med pengar vart borte. Dessutan hadde voldsmannen teke eit teppe, 11 alnar vadmål og 4 skinnfeldar.
    Mannen hennar var på Bragernes ein tur då dette hende. Åse overlevde øksehogget, men påtalemakta sleit med å finne den skuldige. "Ikke endog et Glimt av Lys at erholde i denne sag," skreiv lensmannen etter fyrste dag med avhøyr. (1419) s 1

{5423} År: 1806

Tolleiv Nilsson Brunsvoll Torpo 1753-1819s
Foreldre: Nils Tolleivson Hilde Brunsvoll og Guri Eiriksdtr. Brunsvoll, Nes.
Gm Margit Halvorsdtr. OpheimsBråten Sundre 20.12. 1767-1817
Foreldre: Halvor Oleivson Opheim Bråten og Birgit Olsdtr. Blakkestad frå Gol
*Barn i andre ekteskap
1. Knut Tolleivson Rust 1795-1825
Ugift, død på Hago i 1825.
2. Tolleiv Tolleivson Rust Hago 1798-1872
G 1822 m Ingeborg Amundsdtr. Hellinghaugen. Sjå Hago, gnr. 110/26.
3. Birgit Tolleivsdtr. Torpo 08.11. 1801-1874
G 1843 m Anders Olson Sollien Sundre. Sjå inderstar 'Sundre'.
4. Birgit Tolleivsdtr. SundreHago Helgelien 22.07. 1804-1892
G 1845 m Ola Holgeson Helgelien, gnr. 110/36.
5. Boline Tolleivsdtr. SundreHago Smedplassen 11.02. 1807-1903
G 1834 m Tore Larsson Ruud Sundrebråten Smedplassen, gnr. 110/4.
6. Eirik Tolleivson SundreHago Holo 04.08. 1810-1897
G 1834 m Birgit Sevatsdtr. søre Holo, gnr. 51/3
    Eirik var tiggar i oppveksten, men kom til presten Grøtting i Prestgarden og fekk bedre oppdraging enn folk flest.
*Barnebarn
1. Guri Levorsdtr. Hago 21.12. 1832-1898
Foreldre: Levor Larsson Kolbotnen (ungkar) og Birgit Tolleivsdtr. Hago.
2. Margit Levorsdtr. Hago 04.03. 1836-1837
Foreldre: Levor Larsson Kolbotnen (ungkar) og Birgit Tolleivsdtr. Hago.

Tolleiv budde på Gol den tid han var gift med Birgit Steingrimsdatter Hoftun Rust. (Ho var enkje etter Tor Olson Rust, d. 1776.)
    Barn: Tor 1778-1855 til Haugo gm Margit Syversdtr. Helling; Nils 1781-1864 gm enkje Guri Halvorsdtr. Lien; Steingrim 1784-1809; Knut 1787- liten; Guri 1789 g 1819 m Matias Gundersen, Borge Fredrikstad; Margit 1790-1862 g 1816 m Hallstein Kristofferson Ranumseie N. Aurdal; Knut 1792- .
    Tolleiv vart attgift med Margit Halvorsdtr. Opheimsjorde. Dei to fyrste barna i andre ekteskap er fødde i Gol. Tolleiv og Margit hadde søre Torpo frå 1800 til 1806.
    Tolleiv kjøpte Åsegarden Sundre i 1806. Han pantsette garden for eit lån på 200 rd til grev Wedel Jarlsberg.
    Tolleiv selde garden i 1813, men held attende plassen søre Hago og budde der livet ut.

{5424} År: 1813


Lars Knutson på nedre Sundre kjøpte Åsegarden i 1813 hjå Tolleiv Nilsson for 3100 rd.

{5425} År: 1823


I 1823 vart Åsegarden kjøpt som underbruk til nedre Sundre av Ola Olbjørnson Dokk, sjå nedre Sundre, bnr. 15 år 1819 og 1825.