Oppsjøplassen gnr. 110 bnr. 16
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Oppsjøplassen gnr. 110 bnr. 16a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Oppsjøplassen eller Sundreplassen vart også kalla Jonsplassen (Jon Larsson var her frå 1737 og utover.) Plassen har nok lege mellom Oppsjø og Hago.
    Eit stykke rudningsland vart bygsla av Embrik Olson i 1714 hjå Lars Knutson Sundrehagen mot 11 rd i pant og 1 mark årleg skattehjelp. I fylgje skattelistene så var Embrik alt komen dit i 1711.
    Stølar. Heimstøl var søre Grostølslien. Langstøl på Bosset.
    Frå omlag 1802 har nok Oppsjøplassen vorte brukt under Sundrehagen eller søre Hago.

{5429} År: 1759

Guro Jonsdtr. €Oppsjø Sundremyren 1732-1762
Foreldre: Jon Larsson Myren Oppsjø og Ambjørg Ørjansdtr. Kaslegard.
Gm Asle Asleson Stave Oppsjøplassen 1729-
Foreldre: Asle Larsson Stave og Anne Olsdtr. ....
*Barn
1. Asle Asleson SundreMyren Oppsjøplassen 13.01. 1757-
I 1801 var Asle ugift losjerande almisselem busett på Strand.
2. Anders Asleson Oppsjøplassen 29.09. 1759-1799?
Anders hadde truleg barnet Gjertrud f. 1799 med Sunneva Torleivsdatter som var inderst på øvre Lo i Lærdal? I så fall døydde han i 1799. (1015) s 242
3. Anne Aslesdtr. Oppsjøplassen 20.12. 1761-1827
Gm em Eirik Eivindson Strand Sundreplassen. Sjå år 1791.

Asle og Guro gifte seg i 1755. Dei budde fyrst på Sundremyren og så på Oppsjø frå 1759.
    Ved skøyte i 1761 fekk Asle kjøpe Jonsplassen eller Oppsjøplassen hjå svigerfaren for 180 rd.
    Asle lånte 1766 185 rd hjå Ola Embrikson Ulshagen mot 14 års brukeleg pant i Jonplassen. Deretter betalte han ut morsarven til ungane med 94 rd. (1194) s 164
    Det var gardsyn 1767. Husa var: stugu - forfallen; ein treluta stall; låvehus; fehus; eldhus; 1/3 badstugu; eit lauvhus av stein; eit gamalt fjøs og eit fjøs vestanfor Oppsjø. På søre Grosetlien: stølsbu og fehus. På stølen Bosset: ei gamal stølsbu; eit fjøs bygd inntil bua - rote. Åkeren var så steinfull at lagretten ikkje ville setja takst. (1194) s 202

{5430} År: 1791

Eirik Eivindson Nedremyr Strand Oppsjø 1751-____
Foreldre: Eivind Sveinson Nedremyr og Borghild Olsdtr. søre Rue, Hol.
Gm Anne Aslesdtr. Oppsjøplassen 20.12. 1761-1827
Foreldre: Asle Asleson Stave Oppsjø og Guro Jonsdtr. Sundremyren Oppsjøplassen.
*Barn i andre ekteskap
1. Haldis Eiriksdtr. Sundreplassen 13.12. 1789-
2. Guro Eiriksdtr. Sundreplassen 27.11. 1791-
3. Haldis Eiriksdtr. Sundrelien Brenno 19.07. 1795-
Konf. 1815. Utflytt til teneste.
4. Ambjørg Eiriksdtr. Sundreplassen 1799-
Truleg vart Ambjørg konfirmert som A. E. Brenno i 1816. Ambjørg reiste ut på tenest. Ikkje funnen i FT 1865.
5. Anne Eiriksdtr. Strand 09.10. 1803-

Eirik Eivindson budde på Nedremyr i Hol som nygift soldat i 1777. Med fyrste kona Haldis Eivindsdatter kom han til Perplassen Strand.
    Eirik og Anne gifte seg i 1789. Eirik kjøpte Jonplassen 1791 hjå Asle Asleson Jonplassen for 299 rd, og lånte 170 rd hjå Ola Embrikson Ulshagen.
    Eirik og Anne budde på Sundreplassen/Jonplassen frå 1790, var i LarsLien 1794-99 og kom så attende til Sundreplassen/Oppsjøplassen.
    Eirik Eivindson makeskifta 1795 Jonplassen med Mikkel Sundre og fekk att Larslien, Grostølen og 150 rd. Han lånte 199 rd i 1794 mot pant i Larslien og stølen Nedre Grostølsslien.
    I 1801 var Eirik dagarbeidar og husmann utan jord på Sundre. Eirik og Anne var på Strand i 1803. To døtre vart konfirmert som 'Brenno' i 1815 og 1816.
    Anne døydde i legd på Tune i 1827. ('Anne Nedremyr kaldet'.)