Hago, søre gnr. 110 bnr. 26
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hago, søre gnr. 110 bnr. 26-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Hago var kalla Tolleivhago etter Tolleiv som kjøpte bruket i 1825.
    Garden vart frådelt Åsegarden kring 1825 med 2 1/2 laupsbol i landskyld. Og i 1826 vart Tomas-Hago frådelt med 1 1/4 laupsbol.
    Areal 1865: dyrka jord 6 mål, naturleg eng 18 mål, utslått 7 1/2 mål. Avling 5 1/2 tunne bygg 3 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 12 mål som vert leigd bort, produktiv skog 96 mål, annan utmark 175 mål.
    Våningshus bygt 1948, eldhus, loft, gamal låve med fjøs og grisehus, sauestall omkr. 1955.
    Stølar. Grostøllien vart fråselt i 1896. Langstølen Bosset vart tilkjøpt frå Åsegarden i 1864 og selt i 1884.)

{5443} År: 1825c

Tolleiv Tolleivson Hago 1798-1872
Foreldre: Tolleiv Nilsson Rust (Åsegarden) Sundre og 2.g. Margit Halvorsdtr. Opheimsjorde.
Gm Ingeborg Amundsdtr. Noss Hago 25.08. 1793-1875
Foreldre: Amund Jonson Hefte Birgeplassen (Noss) Hellinghaugen og Åse Magnusdtr. Grøvo (Hol).
*Barn
1. Tolleiv Tolleivson Hago 25.11. 1822-
G 1850 m Guri Sveinsdtr. Nihaugen, Hemsedal. G 1857 m Birgit Torkjellsdtr. Dokklien. Sjå neste hushald.
2. Margit Tolleivsdtr. Hago Moen 17.07. 1824-1911
G 1856 m Eilev Eivindson Moen, gnr. 110/9.
3. Knut Tolleivson Hago SundreMyren 02.06. 1826-1902
G 1865 m Ambjørg Olsdtr. Noss. G 1881 m Kari Persdtr. Baklien. Sjå Sundremyren, gnr. 110/37.
4. Åse Tolleivsdtr. Hago Kovestad 24.11. 1828-1879
Gm Hans Evenson Haukelia, Røyken. Barn: Anders 1846- ; Edvard 1851c- ; Toline 1852- ; Johan 1859c- ; ... (Lier III s 133)
    Åse flytta til Røyken. Dei flytta til Lier kring 1858. Hans var bonde og sjølveigar på Kovestad i Lier i 1865.
5. Amund Tolleivson Hago Askestad 25.06. 1830-1917
G 1857 m Karen Helmriksdtr. Aasaker, Røyken 1832-1867. Barn: Johan 1857- truleg køyrekar for ein grosserar i Oslo, gm Pauline ... ; Tilla 1864- ;
    G 1872 m Lisa Nilsdtr. ..., Lier 1845-1928. Barn: Konrad Askestad 1873- gm Antonie ... (5 barn); Ludvig Askestad 1876-1962, til Am., gm Karen D. Olsen; Aksel Amundsen 1883- budde i Oslo, gm Karen ... (3 barn) ; Inga Kristine 1878- gm Paulus Vestby (4 barn); Hanna Lovise 1887-1981 gm Kristian Helgesen (9 barn); Olga 1890- gm Torstein Bottolfs (5 barn). (Med hjelp frå K. Horgen og Marit Andresen)
    Amund var husmann med jord og dagarbeidar på Askestadplass i Røyken i 1865 og i 1900.
6. Ola Tolleivson Hago 03.01. 1835-
Ola var ugift dreng hjå garvar Hans Holter i Drammen i 1865. Ola budde i Røyken 1872, i 1875 var han i Drammen.

Tolleiv og Ingeborg gifte seg i 1822. Tolleiv var inderst i 'Sundrehagen' i 1822. Det står berre 'Hagene' ved barnedåpane framover fram til 1835.
    Tolleiv har truleg fått skøyte på garden kring 1825.
    I 1826 selde Tolleiv frå 1 1/2 laupsbol til Tomas Anderson på nordre Hago for 300 spd. Tolleiv kjøpte stølen på Bosset frå Åsegarden i 1864.

{5444} År: 1867

Tolleiv Tolleivson Hago 25.11. 1822-
Foreldre: Tolleiv Tolleivson Hago og Ingeborg Amundsdtr. Hellinghaugen.
Gm Guri Sveinsdtr. Grøndalen Hago 1800.-1856
Foreldre: Svein Ingvaldson Nihagen Grøndalen og Kari Øyvindsdtr. Hovda, Hemsedal.
Gm Birgit Torkjellsdtr. Dokklien Hago 16.06. 1835-
Foreldre: Torkjell Torkjellson Svarteberg Dokklien og Birgit Andersdtr. Dokklien.
*Barn i andre ekteskap
1. Tolleiv Tolleivson Hago 18.12. 1857-1859
2. Tolleiv Tolleivson Hago 19.05. 1859-1872
Tolleiv var gjætargut hjå ein slektning. Men der var det snautt med mat og ikkje høve til heimlov. Tolleiv vantrivdest på denne garden. I september 1872 vart han funnen død i ei tjørn i hamnehagen. (1016)
3. Torkjell Tolleivson Hago 27.01. 1861-
4. Nils Tolleivson Hago 30.03. 1864-1945
Gm ... ... ....-1943. Barn: Bertha ....- ; ..
    Nils utvandra til Am. som arbeidar i 1881. Busett i Alberta, Canada. Han kalla farmen sin "Sundre." No er der ein liten by med same namn.
5. Margit Tolleivsdtr. Hago 02.10. 1866-
Til Am. i 1882: Hillsboro, ND.
6. Knut Tolleivson Hago 06.01. 1869-
Til Am. i 1882: Hillsboro, ND.
7. Tolleiv Tolleivson Hago 02.12. 1872-1873
8. Tolleiv Tolleivson Hago 31.03. 1874-
Til Am. i 1882: Hillsboro, ND.
9. Jon Tolleivson Hago 21.05. 1877-____

Tolleiv og Guri gifte seg i 1850. Ingen livsarvingar. NB. Systera til Guri, Ambjørg var gift med Anders Anderson Ulshagen. Tolleiv hadde barna Syver 1851-1908 og Tolleiv 1854-1937 med Birgit Syversdtr. Sundre. (Sjå Gretegarden gnr. 110/20 år 1836.)
    Tolleiv kjøpte Hago i 1867 for 120 spd og kår til foreldra.
    Tolleiv vart attgift 1857 med Birgit Torkjellsdtr.
    Tolleiv og Birgit reiste til Am. 1882: Hillsboro, ND. Som enkje budde Birgit i Minot.

{5445} År: 1883


Landhandlar 'E. T. Sorteberg' (Embrik Torsteinson nordre Svarteberg 1853-1908 som var på Heimdal ei tid og sidan på Sundre) kjøpte søre Hago i 1883 for 2500 kr.
    Embrik selde frå heimstølen Grostøllien og noko skog. Så selde han reisten av garden 1897 til Tore Amundson Plassen for 1350 kr.

{5446} År: 1897


Tore Amundson Smedplassen kjøpte Hago i 1897. Han skreiv seg "Hago frå 1898.
    Tore brukte Smedsplassen saman med Hago. Sjå Smedplassen, gnr. 110/4.
    Tore selde Hago for 3500 kr til Tomas Larsson Noss.